2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til proposisjonen.

2.1 Ressursforvaltning

       Komiteen meiner det er viktig at Norge som leiande fiskerinasjon held ein framskoten posisjon når det gjeld utvikling av forvaltningsregimer som tryggjer ressursgrunnlaget i havet.

       Komiteen syner til at Norge har eit omfattande samarbeid med andre land når det gjeld å arbeida for tilfredsstillande kontroll og handheving av fiske både på det åpne hav og av fiske på feltet. Komiteen er merksam på at det i dag ikkje er tilfredsstillande kontroll med utøving av fisket, særleg når det gjeld utkast/neddreping av fisk. Komiteen syner til at utkast er ressursøding og i graverande tilfelle miljøkriminalitet som kan gje misvisande fangststatistikk som i sin tur svekkar grunnlaget for rådgjeving frå forskarhald og forsvarleg forvaltning.

2.2. Satellittsporing

       Komiteen syner til at satellittsporing først og fremst vil vera eit godt hjelpemiddel til å målretta kontrollinnsatsen. Sporing vil også kunna gjera det mogeleg å etablera ordningar som kan betra trygleiken til sjøs både for mannskap og fartøy, særleg ved at høve til raskt å slå fast eit fartøy sin posisjon vert vesentleg betra. Komiteen sluttar seg til Fiskeridepartementet sitt framlegg om å oppretta heimel til ved forskrift å kunna påleggja fiskefartøy å ha satellittsporingsutstyr ombord, slik at fartøyet sin posisjon kan formidlast automatisk via satellitt i staden for manuelt.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, sluttar seg også til at det vert gjeve heimel for å kunna oppretta eit register for opplysningar som er henta inn ved satellittsporingsutstyr. Fleirtalet meiner bruken av dei data som sporingsutstyret hentar inn må regulerast av Datatilsynet i nært samarbeid med Fiskeridepartementet

       Komiteens medlemmer fra Høyre går av prinsipielle grunner mot forslaget om opprettelse av et register for opplysninger som er innhentet ved satellittsporingsutstyr.

2.3 Observatørordninga

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, meiner ordninga med observatør ombord i fiskefartøy er ein god måte å styrkja kontrollregimet på som både Norge som fiskerinasjon og fiskerinæringa vil tena på.

       Fleirtalet sluttar seg også til at det kan opprettast heimel for at det kan bestemmast at fiskefartøy skal ha observatør ombord for å betra kontrollen med utøving av fisket.

       Fleirtalet sluttar seg til framlegget om at departementet kan gje forskrifter som heimlar finansiering av gjennomføring av ordninga med inspektør og observatør ombord på fartøyet.

       Fleirtalet meiner finansieringa av ordninga må utformast slik at den sikrar god kontroll og hindrar overforbruk. Fleirtalet ber departementet leggje dette til grunn for arbeidet med forskriftane som regulerer kostnadsdelinga.

       Komiteens medlemmer fra Høyre går mot forslaget om at det skal kunne bestemmes at fiskefartøy skal ha observatør ombord for å bedre kontrollen med utøvelsen av fisket. En videre utvikling av kontrollfunksjonen må etter disse medlemmers oppfatning først drøftes mellom myndigheter, kontrollverk og partene innen fiskerinæring samtidig som en innføring av inspektørordning må sees i en internasjonal sammenheng.