Innstilling frå næringskomiteen om lov om revisjon av lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 15 (1998-99)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 57 (1997-98).
  • Dato: 19.11.1998
  • Utgiver: Næringskomiteen
  • Sidetall: 10
Til Odelstinget.

1. Samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i lovframlegget

Landbruksdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om revisjon av jordskiftelova.

Departementet gjer framlegg om at kompetansen til å krevje jordskifte i samband med utbyggingstiltak - med eitt unntak - vert utvida til å gjelde for offentlege styresmakter med oreigningsheimel utan omsyn til arten av tiltaket. Unntaket gjeld oreigningstiltak i vassdrag. Etter hovudregelen vert kompetansen geografisk avgrensa til å gjelde i område som i kommuneplanen sin arealdel er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder (LNF-område) til uregulerte område. Vilkåret om at det skal skapast ein privatøkonomisk gevinst innan skiftefeltet, må vere oppfylte.

Det vert gjort framlegg om at jordskifteretten skal kunne halde skjønn som eiga sak etter følgjande lover:

  • gjerdelova § 16

  • servituttlova § 19

  • veglova § 60.

Dei utvidingane av jordskifteretten sine oppgåver som foreslås i proposisjonen må sjåast på bakgrunn av dei gode erfaringane tiltakshavarar og grunneigarar har med grunnerverv gjennom jordskifte i samferdselssaker, jordskiftedomstolanes etablerte plass i rettsapparatet og dei sterke praktiske omsyn som gjer seg gjeldande. Landbruksdepartementet vil førebels ikkje foreslå overføring av ytterlegare oppgåver frå dei alminnelege domstolane til jordskiftedomstolane.

Det vert gjort framlegg om endringar av jordskiftelova sine prosessreglar, mellom anna med sikte på å styrke partane sin rettstryggleik.

Når det gjeld skjønnssaker, vert det gjort framlegg om at jordskifteretten i større grad enn i dag skal følgje reglane i skjønnsprosesslova.

Departementet drøftar i proposisjonen nokre problemstillingar knytt til tilhøvet mellom jordskifteretten og forvaltninga.

Det vert òg gjort andre framlegg til endringar av gjeldande jordskiftelov.

1.2 Bakgrunnen for lovframlegget

Det har gått om lag 25 år sidan arbeidet som førte fram til gjeldande jordskiftelov vart starta. Sidan den tid har det skjedd store endringar i landbruket og i samfunnet elles. Den fysisk/økonomiske planlegginga har gjennom plan- og bygningslova av 1985 fått eit meir heilskapleg lovgrunnlag. I dag baserer ein utbygging og vern på planar som er vedtekne av politiske folkevalde organ. Desse planane gjev rammevilkåra for arealbruken i område som er lagt under jordskifte.

Dei største endringane i perioden frå 1979 og fram til i dag gjeld sakene om samferdselsjordskifte.

I St.meld. nr. 40 (1991-92) «Frå sektoretatar til samfunnsetatar» vart organisasjonsspørsmålet for Jordskifteverket drøfta.

Framlegga til endringar gjeld i all hovudsak utviding av jordskifteretten sin kompetanse til å halde skjønn.

Etter departementet si vurdering har jordskifte alltid hatt til føremål å redusere kostnadene i landbruket. Gjennom jordskifte vil ein ved endringsprosessar med omsyn til eigedomsutforming få samla teigar, betra arronderingstilhøva og såleis få redusert transportlengdene og transportkostnadene.

Noko av bakgrunnen for det store omfanget jordskifte har med omsyn til utbygging og vern ute i Europa, er at jordskifte gjev grunnlag for betre totalløysingar, ein smidigare grunnervervsprosess og at det kan gje vesentlege gevinstar for den einskilde part og for samfunnet.

På grunnlag av den utvikling som har funne stad i landbruket og i samfunnet elles sidan den siste lovrevisjonen, satte Landbruksdepartementet 9. juli 1993 ned ei arbeidsgruppe for mellom anna å vurdere dei framtidige arbeidsoppgåvene til Jordskifteverket.

Arbeidsgruppa la fram ein samrøystes rapport 15. september 1995. Denne rapporten vart lagt til grunn for eit notat som vart send ut på høyring i byrjinga av 1997.

1.3 Tilhøvet mellom jordskifteretten og forvaltninga

Tilhøvet mellom jordskifteretten og forvaltninga har vore mykje diskutert, med fleire ulike vinklingar.

Landbrukskomiteen uttalte under behandlinga av St.meld. nr. 40 (1991-92) «Frå sektoretatar til samfunnsetatar» følgjande om Jordskifteverkets framtidige organisasjonsform:

«Komiteen er av den oppfatning at jordskifteverket bør organiseres som nå også i framtida.»

Departementet legg dette til grunn. Det er likevel slik at det, både under arbeidet med lovrevisjonen og tidlegare, har vorte reist prinsipielle problemstillingar som på ulike måtar rettar søkelyset mot val av organisasjonsform.

Ei problemstilling er om det auka komplikasjonsnivået, med påfølgjande auke i nødvendig samråding etter jordskiftelova § 20 tredje ledd, på sikt kan føre til at kontakten mellom jordskifterett og t.d. kommunale planstyresmakter vert for nær og intim. Ein tenkjeleg konsekvens av dette igjen er at jordskifterettens tenestemenn i for stor grad kan kome til å identifisere seg med forvaltninga, eventuelt at skiljelinene vert uklåre for partar og andre.

Ei anna problemstilling som òg knytter seg til kombinasjon av oppgåver, er jordskifterettens rolle som «gjennomføringsorgan» i landbrukspolitikken.

Det kan reisast prinsipielle spørsmålsteikn ved at jordskifteretten på same tid er eit gjennomføringsorgan for offentlege målsetjingar når det gjeld eigedoms- og bruksrettstilhøve i landbrukspolitikken, dømmer i rettstvistar og er skjønnsrett. Det er først og fremst praktiske årsakar, nærare bestemt rasjonalitets- og effektivitetsomsyn, som ligg til grunn for denne kombinasjonen av arbeidsoppgåver.

Departementet har, trass i enkelte prinsipielle motførestillingar, funne det ønskjeleg å gjere framlegg om utvida skjønnskompetanse for jordskifteretten. Dette er på bakgrunn av at både politiske styresmakter og andre offentlege og private interesser har teke sterkt til orde for auka bruk av jordskifteretten sin kompetanse og jordskiftelova sine verkemiddel mellom anna i tilknyting til offentleg arealerverv.

Offentlege styresmakter si rolle er å regulere tilhøvet mellom private og offentlege interesser - jordskifterettens rolle er, under omsyn til kva det offentlege til einkvar tid har bestemt om arealbruken i området, å regulere tilhøvet mellom dei private interessene i området med sikte på optimalisering av eigedoms- og bruksrettstilhøve.

Utgangspunktet for samrådinga er gjeldande jordskiftelov § 20 tredje ledd, om at jordskifteretten skal «samrå seg» med ulike forvaltningsorgan under arbeidet med skifteplanen.

Det er av grunnleggjande betydning at jordskifteretten forsikrar seg om at dei nødvendige offentlege løyve føreligg før skifteplanen vert vedteke, og om at tiltak i skifteplanen ikkje er i strid med gjeldande eller nært foreståande reguleringar.

Som følgje av den fridomen t.d. kommunale planstyresmakter har til å omregulere i takt med skiftande behov/politiske målsetjingar, vil imidlertid dette i ettertid kunne påføre ein eller fleire partar i jordskiftesaka tap i strid med jordskiftelova § 3 bokstav a.

Det er to framlegg i proposisjonen som er eigna til å løyse denne typen problemer under gjennomføringa av skifteplanen. Det eine er oppattaking av jordskiftesaker på grunn av bristande føresetnader. Det andre er ei innstramming med omsyn til kva slag investeringar som skal kunne vedtakast under eit jordskifte med avgjerande betydning for balansen i skifteplanen. Departementet vurderer det slik at saman med grundig samråding vil desse verkemidla i hovudsak løyse problemet.

1.4 Nærare om oreigningsjordskifte

Departementet konkluderer med at den eksklusive heimelen som nokre av samferdselsstyresmaktene (veg og jernbane) i dag har til å krevje oreigningsjordskifte vert utvida til å gjelde for offentlege styresmakter reint generelt. Departementet gjer likevel unntak for oreigningstiltak i vassdrag.

Departementet legg til grunn at jordskifteretten sin kompetanse i oreigningsjordskifte skal vere avgrensa til område som vert eller skal verte nytta til landbruks-, natur - og friluftsområde, såkalla LNF- område, jf. plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2.

Departementet legg vidare til grunn at det skal liggje til rette for ein skiftegevinst innanfor skifteplanområdet, jf. jordskiftelova § 1 bokstav b. Dette er eit vilkår for å kunne fremme eit oreigningsjordskifte etter gjeldande rett, og vilkåret vert vidareført gjennom lovrevisjonen.

1.5 Avtaleskjønn

Gjennom lovarbeidet har departementet teke opp spørsmål om det bør innførast ein heimel som gjev partane høve til å avtale at jordskifteretten held skjønn når jordskifte blir halde samstundes eller i samband med oreigning eller regulering av eigarrådvelde.

Departementet gjer framlegg om at partane kan avtale at jordskifterettane held skjønn i samband med oreigning og regulering av eigarrådvelde.

Departementet gjer vidare framlegg om at partane kan avtale at jordskifteretten kan halde oreigningsskjønn og skjønn ved offentleg regulering av eigarrådvelde som eiga sak i slike områder, utan eit samstundes jordskifte.

1.6 Skjønnskompetanse etter andre lover

Problemstillingane gjeld om jordskiftedomstolen skal få kompetanse som skjønnsrett etter gjerdelova § 16, veglova § 60, jf. § 53 og servituttlova § 18 første ledd jf. §§ 5-7 og 13.

Departementet sitt utgangspunkt er at slike skjønn er rettspleie som bør utførast innanfor ei domstolsramme. Departementet gjer framlegg om at jordskifteretten får heimel til å halde slike skjønn som eiga sak (utan at det ligg føre ei eiga jordskiftesak).

Framlegget inneber ikkje at kompetansen skal vere eksklusiv. Partane skal ha valfridom mellom lensmannsskjønn og jordskifteretten.

1.7 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovframlegget

Departementet meiner at dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovframlegget òg må vurderast i høve til den samfunnsøkonomiske nytten lovframlegget kan skape.

Departementet reknar med at vidareføringa av samferdselsjordskifta åleine krev 10 nye stillingar.

Den nye lovheimelen om oreigningsjordskifte vil i særleg grad vere innretta mot reguleringsplanar. Reguleringsføremåla kan variere frå bustadar, industri, friområder m.v. På bakgrunn av erfaringar krev dette 14 nye stillingar.

Jordskifte i samband med barskogvern, åleine, krev seks nye stillingar. Lovframlegget gjev jordskifteretten skjønnskompetanse i eiga sak etter ein del ulike lover. Ein reknar med at arbeidet vil krevje ei ny stilling.

Den stadlege kompetansen til å halde bruksordningssak vert utvida. Ein reknar med at endringane vil krevje fem nye stillingar. Dei andre framlegga reknar ein ikkje med vil føre til nemnande konsekvensar.

Den samla verknaden av lovframlegget med omsyn til nye stillingsheimlar er 36 årsverk. I tillegg kjem verknaden av dei nye oppgåvene ein har fått i tilknyting til reindriftsnæringa med 2 årsverk. Dette utgjer til saman 38 årsverk, som svarar til ei årleg meir­utgift på 22,8 mill. kroner. Departementet legg til grunn at det må brukast 2 mill. kroner årleg til kompetanseoppbygging som følgje av lovframlegget. Den samla årlege meirkostnad vil difor vere på omlag 24,8 mill. kroner.

Det er ein føresetnad for lovframlegget at tida som går med frå det tidspunkt ei sak vert krevd for jordskifteretten, og til den vert avslutta, skal liggje innafor aksepterte normer for rettstryggleik. Dette inneber at ventetida/sakshandsamingstida for tradisjonelle jordskiftesaker må gjerast vesentleg kortare enn i dag.

Departementet viser vidare til dei store nytteverdiane som oreignings- og vernejordskifta kan gje, og meiner at dette må vurderast opp mot utgiftssida.

Innføring av ei eventuell ordning med tiltaksgebyr vil gjere det lettare å tilpasse dei årlege budsjetta til etterspurnaden av oreignings- og vernejordskifte.

2. Komiteen sine merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mimmi Bæivi, Bjarne Håkon Hanssen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til forslaget frå Regjeringa om lov om revisjon av lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover. Komiteen viser til at landbruket dei seinare åra har blitt stilt ovafor nye krav til omstilling, bl.a. når det gjeld berekraft, kostnadsnivå og miljøvennligheit. Sentralt i ei slik omstilling står ei vidareutvikling av jordskifteretten. Det framlagde forslaget til endringar i jordskifteloven har til hovudhensikt å leggje til rette for ei vidareutvikling og effektivisering av landbruket. Komiteen legg til grunn at dei berørte par­tane framleis skal kome like godt ut av eit jordskifte som tidlegare. Komiteen har merka seg at mange av dei som er høyrd i tilknyting til departementet sitt arbeid med Ot.prp. nr. 57 (1997-98) uttalar seg positivt om dei erfaringane ein har med jordskifte. Det vert lagt stor vekt på både private og samfunnsøkonomiske verknader.

Komiteen vil peike på at ein grunneigar med landbrukseigedom nesten alltid vil vere opptatt av jordskifte framanfor ekspropriasjon. Dette fordi arealet er grunnlaget for grunneigaren si næringsverksemd. Samtidig kan det hevdast at dette avhengig­heits­tilhøvet reiser spørsmålet om grunneigaren si rettslege stilling. Dersom ein ikkje lukkast med eit jordskifte, så vil alternativet ofte vere ekspropriasjon.

Komiteen har merka seg dei gode erfaringane med å skaffe grunneigarane, som mister grunn, nytt areal i staden for pengeerstatning. Komiteen vil i denne samanheng generelt peike på at staten på ein aktiv måte må sørgje for å skaffe seg høveleg og naudsynt erstatningsareal i god tid før gjennomføringa av jordskiftesaker der forholda ligg til rette for dette. Samstundes viser komiteen til at jordskifte kan opne opp for effektiv nytting av skogsressursar og redusere driftskostnadene for grunneigarar og drivere gjennom meir rasjonelle einingar. Komiteen er kjent med at departementet har iverksett ei evaluering av korleis Statskog opererer etter omdanninga til statsforetak. Dette sett i høve til dei måla Stortinget trakk opp ved denne omdanninga. I denne samanhangen vil komiteen finne det interessant om departementet også vurderer korvidt, og eventuelt korleis, Statskog i framtida skal agere i jordskiftesaker der staten har betydelege interesser. Det same vil òg vere tilfelle for ein institusjon som Opplysningsvesenets Fond, og eventuelt andre statlege instansar.

Komiteen har spesielt merka seg dei erfarin­gane som er gjort ved medverknad frå jordskifteverket i høve til utbygginga av Gardermoen flyplass og Gardemobanen.

Komiteen har vidare merka seg den retten det offentlege no får til å krevja jordskifte i saker som gjeld landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område).

Komiteen har merka seg at organiseringa av jordskifteretten vert drøfta i proposisjonen. Komiteen er spesielt merksam på at kontakten mellom jordskifterett og offentlege planstyresmakter kan verta for nær, noko som i sin tur kan føre til at det oppstår uklare skiljeliner mellom forvaltninga og jordskifteretten. Komiteen vil derfor be departementet om å følgje utviklinga på dette område.

Komiteen har merka seg innvendingane frå Den norske dommerforening og Den norske advokatforening. Desse einingane er særs betenkt over rolla til jordskifteretten sett i høve til prinsippet om domsto­lane si uavhengigheit. Einingane er særleg betenkt over det ein opplever som ei binding mellom jordskifteretten og den aktuelle planmyndigheita.

Komiteen har merka seg desse utsegnene. Samtidig vil komiteen peike på alle dei høyrings­instansane som har stilt seg positive til korleis jordskifteretten sitt arbeid verkar i praksis. Desse utsegnene kjem både frå organisasjonar som representerar eit stort tal grunneigarar, og òg frå fleire fylkesmannsembete. Desse utsegnene viser at systemet i tilknyting til jordskifteretten fungerer bra ut frå brukarane sitt perspektiv. Komiteen ser difor fram til å få vurderin­gane frå Domstolkommisjonen og Domstolstrukturutvalget når det gjeld desse prinsipielle sidene av jordskifteretten.

Likevel vil komiteen ikkje avvente desse utgreiingane før Ot.prp. nr. 57 (1997-98) vert handsama. Dei utvidingane som ligg i Ot.prp. nr. 57 (1997-98) synast som ein naturleg følgje av samfunnsutviklinga, forutsett at ein framleis har det systemet vi har i dag med ein eigen jordskifterett.

Komiteen vil også understreke at det offentlege sine interesser i areal blir stadig meir omfattande. Dette ikkje minst sett i høve til dei auka miljøinteressene som staten ynskjer å ivareta. I den samanhangen er det etter komiteen si meining klart at jordskifte ofte kan fungere konfliktdempande, og auke det lokale engasjementet for den aktuelle miljøutfordringa. Ikkje minst i høve til det relativt omfattande barskogvernet ein no gjennomfører vil komiteen streke under kor viktig jordskifte er som eit instrument til å ivareta både miljø- og næringsmessig viktige forhold.

Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringen om endringar i jordskifteloven.

3. Komiteen si tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og råder Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lovar.

I.

I lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven) vert det gjort følgjande endringar:

§ 1 skal lyde:

Eigedomar som det er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve, kan leggjast under jordskifte etter denne loven.

Det same gjeld når tilhøva vil bli utenlege som følgje av:

  • a) gjennomføring av tiltak, byggjing, utbetring, vedlikehald og drift av anlegg, herunder nedleggjing av private jernbaneovergangar.

  • b) offentleg regulering av eigarrådvelde.

§ 2 skal lyde:

Jordskifte kan gå ut på å:

  • a) løyse opp sameigetilstanden når grunn eller rettar ligg i sameige mellom bruk.

  • b) forme ut eigedomar på nytt ved ombyting av grunn og rettar.

  • c)

    • 1. gi reglar om bruken i område der det er sam- bruk mellom eigedomar.

    • 2. gi reglar om bruken i område der det ikkje er sambruk mellom eigedomar, når jordskifteretten finn at det ligg føre særlege grunnar.

    • 3. gi reglar om bruken i område der det går føre seg reindrift etter lov 9. juni 1978 nr. 49 om reindrift § 2. Retten kan ikkje regulere tilhøva mellom dei som utøver slik reindrift.

    • 4. gi reglar om bruken i personleg sameige i skogeigedom og i fjellstrøk som for storparten ligg over barskoggrensa når det ligg føre særlege grunnar.

  • d) avløyse bruksrettar som er nemnde i § 36.

  • e) skipe slike sams tiltak som er nemnde i § 34 a og lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene § 31.

  • f) forme ut og dele eigedomane når grunn og rettar skal avhendast i samsvar med formålet i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord.

  • g) dele ein eigedom med tilhøyrande rettar etter eit bestemt verdiforhold.

Ei jordskiftesak kan omfatte eitt eller fleire av desse tiltaka.

§ 5 nytt femte ledd skal lyde:

Offentlege styresmakter med heimel for oreigning til tiltak og anlegg eller regulering av eigarrådvelde etter § 1 andre ledd, kan krevje jordskifte.

§ 5 sjette ledd vert oppheva.

§ 5 noverande sjuande og åttande ledd vert det nye sjette og sjuande ledd.

§ 6 skal lyde:

Blir jordskifte halde samtidig eller i samband med offentleg oreigning for gjennomføring av tiltak, byggjing, utbetring, vedlikehald og drift av anlegg og tiltak, jf. § 1 andre ledd bokstav a, held jordskifteretten oreigningsskjønnet som del av jordskiftesaka.

Blir jordskifte halde samtidig eller i samband med offentleg regulering av eigarrådvelde, jf. § 1 andre ledd bokstav b, og det er rettskraftig avgjort av dei ordinære domstolane at det skal ytast erstatning for råderettsavgrensing, eller vedkomande offentlege styresmakt sjølv legg dette til grunn, kan jordskifteretten halde erstatningsskjønnet som del av jordskiftesaka.

Blir jordskifte halde samtidig eller i samband med friviljug avståing til føremål det er oreigningsheimel for, eller samtidig eller i samband med at det friviljug blir avtala avgrensingar i eigarrådvelde, kan partane avtale at jordskifteretten skal halde skjønn som del av jordskiftesaka.

I andre høve enn nemnt i første til tredje ledd, kan partane avtale at jordskifteretten som eiga sak held oreigningsskjønn eller erstatningsskjønn ved offentleg regulering av eigarrådvelde.

Jordskifteretten sin kompetanse til å halde skjønn etter denne paragraf er avgrensa til å gjelde for areal som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder i medhald av § 20-4 nr. 2 i plan- og bygningslov 14. juni 1985 nr. 77 eller er regulert til slik bruk eller vern, eller i uregulert område. Jordskifteretten kan likevel halde skjønn etter første, andre og tredje ledd når det er nødvendig av omsyn til jordskiftet, når dei interesser som vert berørt gjeld landbruk, naturvern eller friluftsliv eller når det ligg føre særlege grunnar.

Denne paragraf gjeld ikkje for oreigning og regulering av eigarrådvelde i vassdrag.

§ 6 a skal lyde:

Jordskifteretten kan i særskild sak eller i samband med jordskifte halde skjønn etter lov 9. juni 1978 nr. 49 om reindrift. Reglane for jordskifte gjeld på tilsvarande måte i desse sakene så langt dei høver. Med unntak for § 6 b gjeld reglane i denne lov for handsaminga av desse sakene samt § 26 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker. Ved anke til jordskifteoverrett gjeld dessutan § 32 fjerde ledd og § 35 i skjønnsloven for overskjønnet.

Ny § 6 b skal lyde:

Skjønn jordskifteretten held som eiga sak med heimel i § 6 fjerde ledd eller i anna lov følgjer reglane for rettslege skjønn i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

I saker etter § 6 første, andre og tredje ledd gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker §§ 4, 8, 20 a, 26, 27, 42, 48, 50, 52, 53, 54-54b, 55, 57 og 58. For handsaminga elles gjeld føresegnene i denne lova så langt dei høver.

I saker etter § 6 første, andre og tredje ledd der både skjønsmenn frå skjønnsmannsutvalet og jordskiftemeddommarar frå jordskiftemeddommarutvalet tek del, jf. § 9 siste ledd første, andre og tredje punktum, skal alle ha godtgjersle etter reglane for skjønsmenn, jf. lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonsaker § 20 a.

Ved krav om skjønn etter § 6 første, andre og tredje ledd gjeld lov 13. august 1915 nr. 6 om rettargangs­måten for tvistemål §§ 63 og 64.

§ 7 andre ledd skal lyde:

I kvart jordskiftedøme skal det vere ein eller fleire jordskifteoverdommarar, og i kvar jordskiftesokn ein eller fleire jordskiftedommarar. Når saksmengda krev det, kan det tilsettast jordskiftedommarar utan fast tenestekrins, og det kan nemnast opp ein jordskiftedommar til å styre einskild sak.

§ 9 skal lyde:

I den einskilde saka er jordskifteretten samansett av ein jordskiftedommar som formann og 2 oppnemnde jordskiftemeddommarar, og jordskifteoverretten av ein jordskifteoverdommar som formann og 4 oppnemnde jordskiftemeddommarar.

Såframt jordskiftedommaren finn det ubetenkeleg, kan jordskifteretten settast utan jordskiftemeddommarar dersom ein part gjer framlegg om det og ingen andre partar protesterer innan ein frist som jordskifteretten fastset. Jordskifteretten kan settast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar når ein part gjer framlegg om det og retten ut frå sakas omfang eller karakter finn det ønskjeleg.

Blir ei sak som har gått utan jordskiftemeddommarar i jordskifteretten, anka til jordskifteoverretten, blir jordskifteoverretten sett med to oppnemnde jordskiftemeddommarar. Jordskifteoverretten skal likevel settast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar dersom ein part krev det eller jordskifteoverdommaren sjølv finn det ønskjeleg.

Rettsformannen nemner opp jordskiftemeddommarane frå dei utvala som er nemnde i § 8, ubunden av kommunegrensene. Domstollova § 88 gjeld tilsvarande for jordskiftesaker. Det skal nemnast opp varamedlemmer for jordskiftemeddommarane.

Så langt råd er, skal det nemnast opp personar som er særleg kunnige i det som jordskiftet i hovudsaka gjeld. Til gransking av minneleg jordskifte, og til overjordskifte bør det om mogleg nemnast opp personar som før har vore med på offentleg jordskifte.

Når nokon av dei oppnemnde ikkje møter, eller ikkje kan gjere teneste, og heller ikkje nokon av dei oppnemnde varamedlemmer kan kome tilstades på rimeleg tid, kan rettsformannen nemne opp andre for møtet. I slike høve kan det oppnemnast personar som ikkje står i utvalet, om det er uråd på rimeleg tid å få tak i nokon som står der.

I saker etter § 6 første, andre og tredje ledd skal retten setjast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar. Lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 11 første ledd siste punktum og andre til fjerde ledd gjeld tilsvarande. Halvparten av jordskiftemeddommarane ved jordskiftet skal oppnemnast frå utvalet etter § 14 i same lova. I saker etter § 6 a skal meddommarane til vanleg oppnemnast frå dette utvalet. § 12 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker gjeld tilsvarandre i desse sakene.

§ 12 tredje ledd første punktum skal lyde:

Kravet skal forkynnast for dei som er nemnde i kravet så snart som råd.

§ 13 første ledd andre punktum skal lyde:

Innkalling påført namna på jordskiftemeddommarane skal forkynnast for alle eigarar, bruksrettshavarar, grannar og andre som skiftet vedkjem, med varsel på minst 3 veker.

§ 14 første ledd skal lyde:

Jordskifteretten blir sett til fastsett tid og på fastsett stad. Først avgjer retten om saka skal fremmast. Vedtak om dette skal grunngivast i samsvar med reglane i § 17 b. Saka kan fremmast endå om ein part ikkje møter, men er det ikkje gitt lovleg varsel, må det ikkje takast avgjerd i noko som gjeld hans interesser.

§ 17 skal lyde:

Tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna innan skiftefeltet eller med utanforståande skal jordskifteretten, om det trengst av omsyn til jordskiftet, avgjere ved dom.

Tvist i rettsutgreiingssak og grensegangssak skal avgjerast ved dom.

Dersom det i sak som nemnt i andre ledd, eller i skjønnssak etter § 6 første ledd til tredje ledd, er tvist om eit underliggjande rettshøve som nemnt i første ledd, og som det er nødvendig å taka stilling til for at saka skal kunne avgjerast, skal jordskifteretten etter krav frå ein part avgjere dette ved dom.

Dommen skal grunngivast i samsvar med § 144 i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål.

Retten bør først prøve mekling i saka og kan reise spørsmål om partane vil leggje tvisten under voldgift.

Ny § 17 a skal lyde:

Når retten skal ta avgjerd som gjeld grenser, rettar eller plikter for ein eller fleire partar, skal det nyttast vedtak dersom det ikkje skal avseiast dom. Vidare skal det nyttast vedtak ved avgjerd etter § 14 om å fremje jordskiftesak.

Når vedtaket går ut på verdsetjing eller regulering, skal dei partane som vedtaket gjeld, få høve til å uttale seg om spørsmålet. Retten skal deretter utarbeide eit framlegg som skal leggjast skriftleg fram for partane. Partane skal ha ein frist som ikkje skal vere kortare enn to veker for å kome med merknader, og skal gjevast høve til å uttale seg om dei merknadene som har kome inn. Etter dette skal vedtak fattast så snart som råd. Dersom partane er samde om det og retten samtykkjer, kan retten i einskilde høve gjere vedtak om verdsetjing og regulering utan slik handsaming som følgjer av andre og tredje punktum. I kombinerte saker etter § 6 kan vedtak om bonitering, verdsetjing og skifteplan utstå til hovudforhandlinga for skjønnet dersom partane er samde om det.

Når vedtaket er rettsfastsettande eller gjeld avgjerd etter § 14 om fremjing av jordskiftesak, skal dei partane som vedtaket gjeld, få høve til å uttale seg om spørsmålet, og til dei merknadene som kjem inn. Etter dette skal vedtak fattast så snart som råd.

Når vedtaket er rettsfastsetjande og byggjer på at partane er samde, skal retten forkynne utkastet for partane og gje dei ein frist til å seie frå dersom det inneheld feil eller mistydingar eller det likevel ikkje er semje. Når fristen er ute, skal vedtak fattast så snart som råd.

Når eit vedtak om verdsetjing eller regulering er fatta, kan det berre endrast dersom særlege grunnar gjer at vedtaket ikkje kan bli ståande. Rettsfastsetjande vedtak kan ikkje endrast.

Ny § 17 b skal lyde:

Eit vedtak skal innehalde:

  • a) namnet på retten, namna på dommarane og opplysning om kva tid og stad vedtaket vert gjort,

  • b) kven som er partar og eventuelt prosessfullmektigar, og registereininga til eigedomane,

  • c) opplysning om kva slag vedtak det er og heimelen for vedtaket,

  • d) ei kort framstilling av kva vedtaket gjeld, kva partane i hovudsak har lagt fram og eventuelt kva påstander dei har lagt ned,

  • e) dei vurderingane som retten har gjort som ligg til grunn for resultatet, og dei faktiske og rettslege tilhøva som desse vurderingane i hovudsak byggjer på,

  • f) slutning,

  • Reglane om dommar, orskurder og andre rettslege avgjerder i kap. 12 i lov13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (tvistemålsloven) gjeld tilsvarande for vedtak, med unntak av §§ 152 og 154.

§ 20 skal lyde:

Når alt førebuande arbeid er gjort, skal jordskifteretten lage utkast til skifteplan som skal leggjast fram til drøfting med partane i rettsmøte. § 17 a andre ledd tredje til sjette punktum gjeld tilsvarande.

Det skal gjerast greie for det rettslege grunnlaget, faktiske omstende og andre tilhøve som har hatt mest å seie for skifteplan, skjønn og takstar.

§ 20 tredje ledd vert ny § 20 a og skal lyde:

Jordskifteretten skal samrå seg med offentlege styresmakter dersom skifteplanen har verknad for tilhøve som ligg under slike organ. Det same gjeld når tilhøve som krev vedtak av offentlege styresmakter, har verknad for skifteplanen.

§ 22 første ledd skal lyde:

Partane skal få melding om avgjerder under saka i samsvar med reglane i kap. 12 i lov av 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål, slik at § 154 første ledd gjeld for dommar og vedtak som vert sett til påanke, § 164 andre ledd for orskurder og § 165 andre ledd for andre avgjerder.

§ 24 første ledd fjerde punktum skal lyde:

Etter tinglysinga skal utdraget oppbevarast på jordskiftekontoret.

§ 24 første ledd femte punktum vert oppheva.

§ 25 første ledd andre punktum vert oppheva.

§ 25 nytt andre ledd skal lyde:

Jordskifteretten kan sette ein frist for framsetting av krav om utviding av skiftefeltet. Krav som vert sett fram etter denne fristen, skal avvisast. Jordskifteretten kan likevel ta kravet til følgje dersom han finn at gode grunnar talar for det. Det skal mellom anna takast omsyn til korleis dei andre partane stiller seg til utvidingskravet og til om saka vil bli mykje forseinka.

§ 25 noverande andre ledd vert nytt tredje ledd.

§ 26 første ledd nytt tredje punktum, skal lyde:

§ 25 andre ledd gjeld tilsvarande.

§ 28 nytt andre ledd skal lyde:

Dersom det framtidige verdiforholdet mellom eigedomane ikkje blir endra på avgjerande måte ved skifte i skog og det er mindre tenleg å skifte på grunnlag av grunnverdien åleine, kan verdien av standskogen dragast inn i skiftegrunnlaget eller ein kan skifte på grunnlag av samla bruksverdi.

§ 29 første og andre ledd skal lyde:

Utforming av eigedom og omforming av bruksrett skal vere tenleg etter tida og tilhøva.

Når eigar og jordleigar er samde og leigetida er ti år eller meir når saka blir fremja, kan leigejord inngå i driftseininga til jordleigar. Eigar kan krevje at eigedomen hans blir utforma for bortleigeføremål i landbruksnæring.

§ 29 noverandre andre ledd vert nytt tredje ledd.

Ny § 29 a skal lyde:

Det skal takast omsyn til at naturressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov. Forvaltninga av naturressursane skal vere miljøforsvarleg og mellom anna ta omsyn til vern av jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel for menneske, dyr og planter.

§ 30 noverande andre ledd vert oppheva. Noverande tredje ledd vert andre ledd.

§ 34 a skal lyde:

Jordskifteretten kan skipe sams tiltak i samband med utnytting og bruk av eigedomar i område som er lagt ut etter § 20-4 nr. 2, 3 og 5 i plan- og bygningslov 14. juni 1985 nr. 77 eller som er regulert til slik bruk eller vern eller i uregulert område. Utanfor områder som nemnt, kan jordskifteretten berre skipe sams tiltak som er nødvendig av omsyn til jordskifte, når interessene som blir berørt er landbruk, naturvern eller friluftsliv eller når det ligg føre særlege grunnar.

Jordskifteretten kan òg skipe sams tiltak som gjeld tilhøva mellom reindrifta og grunneigarar eller bruksrettshavarar.

Ny § 34 b skal lyde:

Jordskifteretten skipar dei lag som er nødvendig for å kunne ordne bruk og sambruk innan skiftefeltet.

Kvar av deltakarane i laget svarar i høve til tredjemann etter sitt høvetal, jf. §§ 27, 28 og 42 tredje ledd.

Tiltak som kan innebere stor risiko, kan berre gjennomførast av eit driftsselskap. Laget tek avgjerd om gjennomføring ved fleirtalsvedtak. Kvar av deltakarane har rett til å vere med i driftselskapet så langt det svarar til høvetalet. Om nokon vil vere med som ikkje røysta for, skal det seiast frå så snart råd er og seinast 3 veker etter at han har fått skrifleg melding om vedtaket med opplysning om denne fristen. Driftsselskapet skal svare vederlag for utnyttingsretten til laget, som fordelar dette til deltakarane etter høve­talet deira.

Når partane er samde, kan andre tiltak enn nemnt i tredje ledd første punktum gjennomførast av eit driftsselskap. Tredje ledd tredje og femte punktum gjeld tilsvarande. Jordskifteretten skal setje ein frist for partane til å leggje fram slik avtale. Fristen kan ikkje setjast kortare enn tre veker.

Jordskifteretten fastset vedtekter for det einskilde lag. Departementet kan gi nærare føresegner om normalvedtekter.

§ 35 bokstav h skal lyde:

fastsette reglar for sams bruk av sand- og grustak, vassrettar, og sams bruk i samband med rekreasjons- og turistformål i område som er lagt ut etter § 20-4 nr. 2, 3 og 5 i plan- og bygningslov 14. juni 1985 nr. 77 eller som er regulert til slik bruk eller vern eller i uregulert område. Utanfor områder som nemnt kan jordskifteretten berre fastsette slike reglar når det er nødvendig av omsyn til jordskiftet, når interessene som blir berørt er landbruk, naturvern eller friluftsliv eller når det ligg føre særlege grunnar.

§ 58 andre ledd andre punktum skal lyde:

Retten kan ta avgjerd om å utsette varig grensemerking og tilhøyrande grensebeskrivelse til etter at jordskiftet har rettskraft, der han finn at særlege grunnar talar for det.

§ 59 andre ledd får nytt andre og tredje punktum, som skal lyde:

Det skal ikkje settast lengre fristar enn det som er nødvendig for å gjennomføre avgjerdene, og berre i serlege høve kan ein frist settast til meir enn 5 år. Ikkje i noko høve kan det settast lengre frist enn 10 år.

§ 61 andre ledd skal lyde:

Dom etter § 17 og rettsfastsettande vedtak etter § 17 a kan ankast til lagmannsretten. Rettsforlik kan ankast til lagmannsretten i samsvar med § 286 andre ledd i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål. Vedtak etter § 87 første punktum i saker etter § 6 første til tredje ledd kan ankast til lagmannsretten når det gjeld rettsbruk og sakshandsaming. Det same gjeld for vedtak etter § 62 femte og sjette ledd. I saker som nemnt i § 6 første til fjerde ledd kan rettsbruken, sakshandsaminga og erstatningsutmålinga ankast til lagmannsretten. For øvrig kan jordskifterettens avgjerder i saker som nemnt i § 6 første til fjerde ledd berre påkjærast etter tredje ledd.

§ 62 skal lyde:

Med dei unntak som denne paragrafen nemner, er det ikkje høve til å bruke rettsmiddel før jordskiftet er slutt.

Dom etter § 17 og rettsfastsettande vedtak etter § 17 a kan påankast straks av granne og av nokon som verken er godkjent som eigar eller som bruksrettshavar i skiftefeltet. Jordskifteretten kan ta avgjerd om at det same skal gjelde for andre som har ankerett. Slik avgjerd må takast inn i dommen eller vedtaket.

Rettsforlik kan påankast straks.

Avgjerder som nemnt i § 61 tredje ledd kan påkjærast straks. Opplysning om dette, om frist etter § 63 andre ledd og at avgjerda ikkje kan ankast seinare, skal takast inn i avgjerda.

Når jordskifteretten finn det tenleg, kan vedtak om fremme av jordskifte, jfr. § 14 første ledd andre punktum, stillast til påanking straks.

Er det mykje om å gjere å kome i gang med eit tiltak før skiftet er slutt, kan jordskifteretten ta avgjerd om at vedtak om dette skal stillast til påanking til jordskifteoverretten straks.

§ 69 første ledd første punktum skal lyde:

For overjordskifte gjeld reglane for jordskifte så langt dei høver, men om loven krev at ei avgjerd i jordskifteretten skal vere samrøystes, trengst det likevel berre vanleg fleirtal i jordskifteoverretten til stadfesting av ei slik avgjerd.

§ 70 siste ledd skal lyde:

Det kan ikkje brukast rettsmiddel mot avgjerd frå jordskifteoverretten om å vise ei sak tilbake til jordskifteretten. Orskurdene som har ført til vedtak om tilbakevising, får rettskraft om dei ikkje blir påkjæra innan fristen er ute.

§ 73 skal lyde:

Avgjerder teke av jordskifteretten eller jordskifteoverretten i dom, vedtak eller skjønn kan takast opp att etter dei reglar som gjeld for oppattaking av dommar i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten i tvistemål kap. 27. Orskurder kan takast opp att etter reglane for oppattaking av orskurder i same lov.

Vidare kan eit jordskifte takast opp att dersom føresetnader som er lagde til grunn for skiftet, blir endra på ein slik måte at avgjerande tiltak i skifteplanen ikkje kan gjennomførast og det er tvillaust at vilkåret i § 3 bokstav a ikkje er oppfylt for minst ein part. Det kan likevel ikkje krevjast oppattaking etter dette leddet når fristen etter § 59 for gjennomføring av tiltaket er ute.

Jordskifteretten utfører dei endringar som oppatttaking etter første og andre ledd fører med seg. Det skal ikkje gjerast større endringar enn det som trengst for å rette opp mishøvet. Gjeld det endringar av grenser o.l. der kostnadene ikkje vil stå i rimeleg høve til det ein oppnår, kan endringar gjerast opp heilt eller delvis i pengar, skog eller andre verdiar.

§ 74 nytt tredje ledd skal lyde:

For skjønn jordskifteretten held etter lov 5. mai 1961 om grannegjerde § 16 andre ledd, veglov 21. juni 1963 nr. 23 § 60 andre ledd og lov 29. november 1968 om særlege råderettar over framand eigedom § 19 andre ledd skal ein betale 2 ganger rettsgebyret for grenser eller gjerder pr. påbegynt 0,5 km. Første ledd gjeld tilsvarande for skjønn jordskifteretten held etter § 6 tredje ledd.

§ 74 noverande tredje til niande ledd vert nye fjerde til tiande ledd.

§ 75 nytt fjerde ledd skal lyde:

Blir krav om oppattaking tatt til følgje, skal kostnadene utliknast på partane etter nytten av heile skiftet. Det skal takast omsyn til kostnadsfordelinga i den tidlegare saka. For øvrig gjeld reglane i kap. 10 tilsvarande så langt dei høver.

§ 80 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Retten kan òg ta avgjerd om at det skal svarast rente av andre krav som kjem av skiftet.

§ 81 andre ledd skal lyde:

Er jordskifte kravt i samband med oreigning eller offentleg regulering av eigarrådvelde etter §§ 6 første eller andre ledd, 43 andre ledd eller 44 tredje ledd, skal oreignaren til vanleg bere jordskiftekostnadene, men det er og høve til å leggje slike kostnader på dei andre partane i skiftet dersom dei får netto nytte i høve til tilhøva før jordskiftet. Det same gjeld saker etter § 6 tredje ledd om avtale om at jordskifteretten skal halde skjønn. I sak etter § 6 første, andre eller tredje ledd gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og eks­pro­priasjonssaker §§ 42, 54-54 b og 58 ved avgjerd i jordskifteretten og ved anke eller kjæremål jf. § 61.

§ 86 nytt andre ledd skal lyde:

Når partane i eit avtaleskjønn etter § 6 fjerde ledd er samde om det, held jordskifteretten eigedomsdeling.

§ 87 andre punktum skal lyde:

Ved anke gjeld reglane i § 61.

Kap. 11 overskrift skal lyde:

Grensegang, rettsutgreiing m.m.

§ 88 skal lyde:

Eigar kan krevje at jordskifteretten i særskild sak skal klarleggje, merkje av og beskrive eigedomsgrenser og grenser for alltidvarande bruksrett. Dette gjeld og slike grenser som er nemnde i lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene § 2, § 3 og § 4.

Når det gjeld grenser for alltidvarande bruksrett, kan og bruksrettshavar krevje grensegang. I område der det går føre seg reindrift etter lov 9. juni 1978 nr. 49 om reindrift § 2, kan og leiar av reinbeitedistrikt krevje grensegang. Er distriktsstyre ikkje oppretta, kan utøvar av reindrift krevje grensegang. I tilfelle som nemnt i § 5 andre ledd, kan departementet krevje grensegang.

Grensegang kan også krevjast etter lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom § 2-2 siste ledd. I slike høve kan jordskifteretten fastsette grenser for festa grunnareal når festetida er meir enn 10 år.

Kravet om grensegang skal nemne kva for grenser retten skal taka stilling til. Retten kan ikkje gå utanfor dette. Dersom ein part krev utviding av saka, skal retten i vurderinga av kravet mellom anna leggje vekt på omfanget av den kravde utvidinga, samanhangen med resten av kravet og korleis dei øvrige partane stiller seg til utvidinga.

Ulaglege grenser prøver retten å få regulert ved minneleg makeskifte. Kjem ein ikkje fram til semje, kan jordskifteretten regulere grensene på den måten han meiner er mest tenleg for dei eigedomane det gjeld. Dersom det ikkje er landbrukseigedom på nokon av sidene, kan jordskifteretten berre regulere ulaglege grenser etter krav frå ein part.

Ny § 88 a skal lyde:

Eigar eller innehavar av alltidvarande bruksrett kan krevje at jordskifteretten skal klarleggje og fastsette eigedoms- og bruksrettstilhøva i sameiger og i andre område der det er sambruk mellom eigedomar eller går føre seg reindrift etter lov 9. juni 1978 om reindrift § 2, når dette er nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området.

§ 88 andre, fjerde og femte ledd og § 89 første ledd gjeld tilsvarande.

§ 89 første ledd andre punktum skal lyde:

Men § 3 bokstav a gjeld berre når grensene skal regulerast.

§ 89 andre ledd skal lyde:

Dersom det i grensegangssak eller rettsutgreiingssak blir sett fram krav om jordskifte, og retten godtar kravet, kan slik sak fremmast med dei jordskiftemeddommarane som er oppnemnde i grensegangssaka eller rettsutgreiingssaka. Det same gjeld om grensegang eller rettsutgreiing blir kravt på staden etter at jordskifte er nekta fremma.

§ 97 skal lyde:

Etternemnde reglar i lov av 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål gjeld i jordskifte-, rettsutgreiingssaker og grensegangssaker, enten

  • a) på tilsvarande måte så langt dei høver, for § 22, kap. 3, kap. 4, § 64, § 70, § 75, § 76, § 77, § 78, § 79, § 85, § 86, § 87, § 88, § 91, § 97, § 98, § 99 jfr. § 285, § 286, § 287 kap. 12, § 169, § 170 heile andre delen, §§ 327-354, § 338 andre ledd, § 361, § 369, § 467, § 468, § 469, § 470, § 471 jfr. § 472, eller

  • b) slik det er vist til i ymse paragrafar i loven her, for kap. 9, kap. 11, § 144, § 154 første ledd, § 164 andre ledd, § 165 andre ledd, kap. 13, kap. 15, § 286 andre ledd, § 301, § 335, kap. 25, § 398 a - 404 og kap. 27.

For rettsutgreiingssak og grensegangssak etter kap. 11 gjeld også § 63.

II.

I lov av 5. mai 1961 om grannegjerde skal § 16 lyde:

Skjøn etter denne lova (gjerdeskjøn) skal i lennsmannsdistrikt styrast av lensmannen. Det skal i alle gjerdeskjøn vera to skjønsmen.

I områder som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern eller i uregulert område, held jordskifteretten skjønet dersom rekvirenten set fram krav om skjøn for jordskifteretten. Når partane er samde om det, utfører jordskifteretten nødvendig oppmålingsarbeid som del av saka. Lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte §§ 58, 61 d og 74 tredje ledd gjeld tilsvarande.

Kostnaden ved skjøn om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling etter §§ 7 og 8 ber partane i høve til den nytta kvar av dei har av gjerde, såframt ikkje skjønet finn grunn til ei anna deling. Om skjønskostnaden elles gjeld det som er fastsett i kapittel 13 i lova om rettargangsmåten for tvistemål.

III.

I veglov av 21. juni 1963 nr. 23 skal § 60 nytt andre ledd lyde:

I områder som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern eller i uregulert område, held jordskifteretten skjønn etter kap. VII dersom rekvirenten set fram krav om skjønn for jordskifteretten. Når partane er samde om det, utfører jordskifteretten nødvendig oppmålingsarbeid som del av saka. Lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte §§ 58, 61 d og 74 tredje ledd gjeld tilsvarande.

IV.

I lov av 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom vert det gjort følgjande endringar:

§ 18 andre ledd vert oppheva. Noverande § 18 tredje ledd vert nytt andre ledd.

§ 19 skal lyde:

Skjøn etter denne lova skal i lensmannsdistrikt styrast av lensmannen. Det skal vera to skjønsmenn i alle skjøn.

I områder som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområder i medhald av plan- og bygningslova § 20-4 nr. 2 eller er regulert til slik bruk eller vern eller i uregulert område, held jordskifteretten skjønet dersom rekvirenten set fram krav om skjøn for jordskifteretten. Når partane er samde om det, utfører jordskifteretten nødvendig oppmålingsarbeid som del av saka. Lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte §§ 58, 61 d og 74 tredje ledd gjeld tilsvarande.

Kostnaden ved skjøn etter denne lova skal leggjast på den parten som krev skjøn, når ikkje skjønet finn grunn til anna. Er omskipnaden til gagn for båe partar, kan kostnaden delast med ein høveleg sum på kvar.

V.

Loven trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.

Oslo, i næringskomiteen, den 19. november 1998.

Odd Roger Enoksen, Modulf Aukan, Kjell Opseth,
leiar. ordførar. sekretær.