Innstilling frå justiskomiteen om lov om endring i lov av 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

Dette dokument

Til Odelstinget.

Samandrag

Proposisjonen inneheld framlegg til lov om endring i bilansvarslova § 10 andre leddet som gjeld skadebot ved skade gjort av ukjend motorvogn.

Bilansvarslova § 10 andre leddet gjeld i dag berre skade på folk, gangklede og medbrakte vanlege bruksting, samt på fast eigedom. I proposisjonen gjer departementet framlegg om å utvide skadebotvernet til òg å dekkje dyr, med unntak av lause hundar.

I eit høyringsbrev vart det foreslått å utvide skadebotregelen til å omfatte husdyr. Ingen av høyringsinstansane går direkte mot dette framlegget, og fleire instansar stør framlegget fullt ut. Fleire av høyringsinstansane har likevel merknader til kor langt ei utviding bør gå (kva for dyr som skal omfattast) og til korleis lova bør formast ut. I proposisjonen er utdrag av høyringsuttalene attgjevne. Nokre meiner at framlegget kan skape avgrensingsvanskar i praksis, og at det bør vurderast om ikkje all skade valda av ukjend motorvogn bør vere omfatta av bilansvarslova § 10 andre leddet. Andre meiner at ein ikkje bør skilje mellom kjend og ukjend motorvogn som skadevaldar når det gjeld skade på dyr.

Justisdepartementet meiner at ein ved utforminga av reglar om ansvar for ukjend motorvogn må leggje stor vekt på bevisomsyn, og vil difor ikkje gjere framlegg om ein allmenn rett til skadebot ved tap årsaka av ukjend motorvogn. Dei økonomiske konsekvensane for Trafikkforsikringsforeningen ville truleg bli store, og departementet har ikkje greidd ut saka på så brei basis at det er tilrådeleg med ei så omfattande endring.

Departementet meiner at ei utviding av skadebotvernet vil vere særleg velgrunna for dyr som tradisjonelt beiter i utmark utan stadig tilsyn frå eigaren, men at det ikkje er vesentlege omsyn som talar mot å gje skadebotvern også til eigarane av andre dyr. Departementet er samd med Den norske Advokatforening i at verkeområdet for § 10 andre leddet bør vere det same som for § 5 bokstav c. Denne lovføresegna gjeld skade som blir dekt når motorvogna er kjend, og det einaste som her er unnateke er «hund som går laus».

Departementet legg til grunn at lovendringa ikkje vil gje særleg auke i trygdepremiane, men den vil kunne gje ein viss auke i talet på saker til handsaming i Trafikkforsikringsforeningen. For staten vil lovendringa ikkje ha nemnande økonomiske og administrative konsekvensar.

Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til forslaget om at bilansvarslova § 10 om ansvar for skade gjort av ukjend motorvogn vert utvida til å omfatte skade på dyr, med unnatak av lause hundar. Komiteen viser til at reglane om erstatning ved skade på dyr dermed blir like, uavhengig av om skaden er forårsaka av kjend eller ukjend motorvogn.

Komiteen har merka seg at Norges Automobil-Forbund meiner ansvaret etter § 10 bør utvidast til å gjelde alle typar formuesgoder, ikkje berre dyr. Komiteen har vidare merka seg at departementet peikar på bevisvanskar som eit særleg problem ved skade gjort av ukjend motorvogn, og at departementet meiner vanskane ved bevisvurderinga gjer at ansvaret ikkje bør utvidast generelt til alle formuesgoder. Når det gjeld dyr, vil dei ytre skadene og andre tilhøve oftare seie noko om årsaka til skaden, og bevisvanskane er derfor ikkje eit så vektig omsyn at ikkje omsynet til den som har lidd tap bør vege tyngre. Departementet viser òg til at ein ikkje har greidd ut konsekvensane av eit generelt erstatningsansvar på så brei basis at det er tilrådeleg med ei meir omfattande endring av lova.

Komiteen er einig i dei vurderingane departementet gjer om dette, men finn det naturleg at departementet ved eit seinare høve vurderer meir omfattande endringar i § 10, dersom ein meiner det ligg føre eit behov for å utvide ansvaret til fleire typar formuesgoder.

Komiteen si tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endring i lov av 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

I.

I lov av 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova) blir det gjort slik endring:

§ 10 andre leddet tredje punktum skal lyde:

Regelen i første punktum i leden her gjeld tilsvarande for skade på fast eigedom og dyr med unntak for lause hundar.

II.

Denne lova trer i kraft straks. Lova gjeld ikkje for skadar som er valda før ho trådte i kraft.

Oslo, i justiskomiteen, den 11. februar 1999.

Kristin Krohn Devold, Jan Petter Rasmussen, Jan Simonsen,
leiar. ordførar. sekretær.