Til Odelstinget
Kulturdepartementet har lagt fram ein odelstingsproposisjon med
framlegg om endringar i lov av 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting.
Bakgrunnen for framlegget er for det første å klårgjere
heimelen for Norsk rikskringkastings høve til å engasjere
seg i forretningsmessig verksemd. For det andre er målet
med framlegget å opne for at NRK skal kunne engasjere seg
i andre typar forretningsverksemd enn det selskapet kan med gjeldande
reglar. Etter dei reglane som gjeld no, kan ikkje NRK engasjere
seg i anna forretningsverksemd enn den som har å gjere
med allmennkringkasting.
Departementet legg til grunn at framlegget vil medverke til å styrkje
NRK si rolle som den sentrale allmennkringkastaren i Noreg.
I proposisjonen gjer vi òg framlegg om nokre mindre
endringar i film- og videogramlova.
NRK har vore organisert som statleg 100 pst. eigd aksjeselskap
sidan 30. april 1996. Då departementet gjorde framlegg
om å omorganisere NRK frå statleg stifting til
aksjeselskap la departementet vekt på at det må vere
ei «...overordnet mediepolitisk oppgave å sikre
NRK gode rammevilkår.» Bakgrunnen for dette var
eit ønskje om å styrkje rammevilkåra
for allmennkringkastinga i Noreg. Departementet streka samstundes
under behovet for «...å sikre at beslutninger
av vesentlig mediepolitisk betydning også i fremtiden underlegges
politisk behandling og kontroll.»
Omorganiseringa til aksjeselskap vart også grunngjeve
i at det var behov for å kunne tilpasse seg mediesituasjonen.
Fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen slutta
seg i Innst. O. nr. 16 (1995-96) til framlegget om å omorganisere
NRK til aksjeselskap, og streka m. a. under at
«...de styringsredskaper som i dag regulerer
virksomheten ved NRK vil videreføres. …..Det understrekes
videre den klare politiske styringen som etableres gjennom generalforsamlingens
behandling av saker slik det er presentert i Ot.prp. nr. 69 for
1994-95. Som A/S vil NRK innenfor de opptrukne rammer få den
nødvendige handlefrihet til å treffe beslutninger
som den raske mediautviklingen krever, samtidig som aksjeloven gir
klare ansvarsforhold.»
Den forretningsmessige verksemda i NRK blir i dag i det store
og heile drive av det heleigde dotterselskapet NRK Aktivum AS.
Etter gjeldande rett er NRKs høve til å drive
forretningsverksemd avgrensa til føremål som har
med allmennkringkasting å gjere.
Det er ein allmenn tendens i heile Europa til at allmennkringkastarane
får høve til å engasjere seg i kommersiell
verksemd, m. a. har BBC gjennom dotterselskapet BBC Worldwide i
fleire år satsa aktivt på å utnytje eigne
produksjonar og rettar i mange distribusjonskanalar og innhaldsformat.
I nabolanda våre ser vi òg ei utvikling der
dei lisensfinansierte allmennkringkastarane driv utvida kommersiell
verksemd.
I Innst. O. nr. 16 (1995-96) uttalte fleirtalet i familie-, kultur-
og administrasjonskomiteen at det merka seg
«...at opprettelsen av datterselskaper kan gi
NRK mulighet til å generere nye inntekter gjennom salg
av programmer, drift av tekniske anlegg m.v. NRK må også kunne
gå inn med eierandeler i slike selskaper.»
Føremålsparagrafen må lesast i samanheng
med §6-4 i kringkastingslova som fastlegg dei generelle rammene
for finansieringsgrunnlaget til NRK:
«Virksomheten i Norsk rikskringkasting AS finansieres
ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Den kan ikke finansieres
ved reklamesendinger. Kringkastingsavgift fastsettes av Stortinget.»
Etter departementets vurdering gir gjeldande rett ikkje grunnlag
for at NRK kan gå inn i andre typar forretningsmessig verksemd
enn det som følgjer av føremålsparagrafen.
Eit notat om denne saka har vore på allmenn høyring.
Reint allment sluttar det store fleirtalet av høyringsinstansane
seg til framlegget frå departementet. TV 2 AS, Kringkastingsringen
og Norsk Forbund for Lokal-TV er negative til framlegga i høyringsnotatet.
Utviklinga på kringkastingsområdet gjer det naudsynt å klårgjere
NRK si rolle som kringkastar i det nye medielandskapet. Dei forretningsmessige rammene
som blir lagde til grunn for NRK, vil vere svært viktige
for det høvet selskapet har til å ta vare på si
oppgåve som allmennkringkastar i framtida.
Den teknologiske utviklinga peikar mot ei allmenn omlegging til
digital produksjon og distribusjon av radio og fjernsyn. Digital
kringkasting utnyttjer kapasiteten betre, samstundes som det blir
høve til fleire kanalar og nye tenester. Digitaliseringa
gir vidare grunnlag for å transportere fleire ulike typar
tenester i det same nettet. Digitaliseringa gir også grunnlag
for å nytte felles brukarutstyr til ulike formål,
t.d. integrerte fjernsynsapparat og PC-ar. Digitaliseringa gjer det
mogleg å nytte dei same transportvegane for ulike tenester
fram til det same mottakarapparatet anten dette er fjernsyn, PC
eller telefon.
Departementet har i ei eiga melding tatt opp spørsmålet
om val av teknologi for spreiing av digitalt fjernsyn i Noreg.
For tida er det sterk konkurranse nasjonalt og internasjonalt
om senderettar. Ein må rekne med at den auka konkurransen
reint allment vil føre til strukturendringar i mediebransjen.
Særleg for kringkastingssektoren må ein rekne
med at det vil skje ein konsentrasjon av rettar til programinnhald,
og at det vil oppstå nye alliansar innan produksjon og
distribusjon. Dette vil skje parallelt med den digitale utviklinga.
NRK har høve til å «kunne danne datterselskaper som
kan ivareta virksomhet av kommersiell karakter, som f.eks. salg
av programmer, drift av tekniske anlegg m.v.» , jf. Ot.prp.
nr. 69 (1994-95), Norsk rikskringkasting som aksjeselskap. Føresetnaden
er at verksemda har tilknyting til allmennkringkasting.
NRK kan drive kommersiell verksemd saman med andre aktørar.
Selskapet kan også vere deleigar i andre selskap med kommersiell
eller marknadsretta verksemd. Det var ein føresetnad då NRK
vart omorganisert til aksjeselskap at andre typar verksemd enn allmennkringkasting
skulle organiserast på «..en slik måte
at det ikke vil skje noen form for subsidiering av datterselskaper
gjennom kringkastingsavgiften».
NRK oppretta våren 1997 dotterselskapet NRK Aktivum
AS etter samtykke frå generalforsamlinga. Føremålet
med selskapet er å utvikle forretningsmessig verksemd med
grunnlag i morselskapets potensial.
Hovudutfordringa for NRK Aktivum AS har vore å utvikle
strategi- og forretningsplanar med analysar av mediemarknaden. Det
har òg vore arbeidd med å identifisere nye forretningsområde.
Departementets prinsipielle utgangspunkt i høyringsnotatet
var at NRKs primære funksjon som lisensfinansiert allmennkringkastar
framleis må vere å produsere og sende reklamefrie
radio- og fjernsynskanalar.
Det er eit faktum at det alt i dag er sterk konkurranse om rettane
til programmateriale.
Det er ein aukande konkurranse mellom medieselskapa om kvalitetsinnhald,
t. d. når det gjeld rettar til idrettsarrangement. For å kunne
oppretthalde eit breitt allmennkringkastingstilbod er det viktig
at NRK får tilgang på slike produkt.
Styret for NRK har synt til at organiseringa som aksjeselskap
har gitt NRK eit friare spelerom for m.a. forretningsverksemd. NRK
Aktivum AS vart oppretta for å skilje ut forretningsverksemd
i dotterselskap. Samstundes set føremålsparagrafen
i vedtektene og dei politiske føresetnadene - jf. kap.
1.4 - visse grenser for kor smidig NRK kan te seg i den noverande
mediesituasjonen. Særskilt vil NRK ha trong til å kunne utvikle
strategiar og gå inn i alliansar med andre aktørar
både med omsyn til distribusjon, innhaldsproduksjon og
rettar.
Mediebransjen er i dag prega av raske strukturendringar med internasjonale
forgreiningar. Dette inneber m.a. alliansar og oppkjøp,
hand i hand med utvikling av ny teknologi. NRK risikerer å havne
på sidelinja i høve til denne utviklinga dersom
selskapet ikkje kan posisjonere seg raskt og rett i høve
til den kommersielle medieverda.
Departementet konstaterer at langt dei fleste høyringsinstansane
stør departementets framlegg. Grunngivinga frå dei
fleste av instansane er at ei liberalisering i høvet til
forretningsmessig engasjement vil medverke til å styrkje
allmennkringkastinga i Noreg.
Det er nokre høyringsinstansar som stør hovudprinsippa
i framlegget, men som er kritiske til delar av det.
Departementet meiner at NRK gjennom dotterselskap bør
få høve til å engasjere seg i forretningsmessig
verksemd på lik line med det konkurrentane har. Samstundes
må det vere ein absolutt føresetnad at NRKs allmenne
programtilbod til lyttarar og sjåarar i Noreg blir halde
reklamefritt. Departementet legg vidare til grunn at det ikkje kan
vere aktuelt for NRK å drive, eige eller vere deleigar
i radio- eller fjernsynskanalar som er finansierte med reklame og
som har Noreg som primært målområde.
Vidare må det vere ein absolutt føresetnad at
det ikkje skal vere høve til å kryssubsidiere
den forretningsmessige verksemda med lisensmidlar. Departementet
legg samstundes til grunn at overskott i den forretningsmessige
verksemda skal nyttast til å finansiere auka programproduksjon
og programinnkjøp, noko som vil styrkje allmennkringkastinga
i Noreg. Departementets framlegg vil i røynda ikkje endre
konkurransesituasjonen på denne marknaden i Noreg. NRK
vil etter framlegget ikkje kunne drive reklamefinansiert kringkasting
i Noreg eller særskilt retta mot Noreg utan at spørsmålet
har vore handsama av Stortinget. Det er først og fremst
på andre område enn tradisjonell kommersiell kringkasting
at NRK gjennom dotterselskap vil konkurrere med private aktørar;
t.d. på område som tekstfjernsyn, plateutgiving,
sal av program og eventuelt betalingsfjernsyn.
I høyringsnotatet gjorde departementet greie for at det
må vere ein absolutt føresetnad for å opne
for utvida forretningsmessig engasjement for NRK at det ikkje må skje
noka form for subsidiering av denne verksemda frå lisensmidlar.
Høyringsinstansane stør dette. Samstundes peikar mange
høyringsinstansar m. a. på at det i praksis kan vere
vanskeleg å få til system som effektivt kan hindre alle
former for kryssubsidiering.
Departementet peiker på at subsidiering frå lisensmidlar
reint allment kan skje ved disposisjonar som ope tilsiktar overføring
av verdiar frå den lisensfinansierte allmennkringkastinga;
t.d. konsernbidrag og eigenkapitalinnskott mot aksjar.
Subsidieringa kan òg vere skjult i transaksjonar som
ikkje synest å innebere noka verdioverføring, men
som i røynda gjer det ved dei prisane som blir fastsette.
Innskott av eigenkapital kan òg innehalde skjult verdioverføring
i høve til medeigarar.
I høve til andre transaksjonar enn innskott og uttak
av eigenkapital, skal departementet her peike på at lov
av 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskap gjeld for Norsk rikskringkasting
AS. Departementet legg i utgangspunktet til grunn at regelen § 3-9
nr. 1 i aksjelova bør gi grunnlag for den naudsynte kontrollen
med at transaksjonane innanfor NRK-konsernet skjer på forretningsmessige
vilkår.
Departementet har etter høyringsrunden bede Norsk rikskringkasting
AS gjere nærmare greie for dei prinsippa som skal gjelde
for transaksjonar mellom selskapa. NRK uttaler følgjande:
«Formålet med etableringen av Aktivum
er i første rekke å kommersielt utnytte NRKs programmer og
utvikle potensielle produkter relatert til programvirksomheten.
Det er et grunnleggende prinsipp for NRK og Aktivum at midler fra
kringkastingavgiften ikke skal benyttes til å subsidiere
kommersiell virksomhet. Selskapene legger således til grunn
at enhver transaksjon mellom selskapene skal baseres på allminnelige
forretningsmessige vilkår og prinsipper i tråd
med bestemmelsen i aksjeloven § 3-9. Denne grunnregel kan
igjen deles i tre delprinsipper:
1. Alle
transaksjoner skal skje basert på et armlengde prinsipp.
Dvs at transaksjoner mellom NRK og Aktivum i prinsippet skal skje
til samme vilkår som overfor tredjeparter NRK ikke har eierinteresser
i.
2. Åpen handel. Dvs. at Aktivum betaler for de
varer og tjenester NRK leverer.
3. Reell prising. Dvs. at prisene skal reflektere reelle kostnader
og markedsbetingelser.
I tråd med
ordensregelen i aksjeloven § 6-13 tredje ledd vil NRK og
Aktivum også sørge for at avtaler mellom de selskaper
blir nedtegnet skriftlig. Det er således inngått
en avtale mellom Aktivum og NRK som regulerer forholdene ved salg
og annen utnyttelse av radio- og fjernsynsprogram m.v. Avtalen følger
allminnelige forretningsmessige vilkår og fastsetter at Aktivum
skal betale vederlag til NRK for all utnyttelse på lik
linje som overfor andre opphavsmenn. Aktivums fortrinn er kun at
selskapet har førsterett til salg og utnyttelse av NRKs
produksjoner og programmer. NRK beholder eiendomsretten til programmene.»
Departementet legg til grunn at dette er tilfredsstillande, men
vil likevel følgje utviklinga i NRK på dette området
nøye, eventuelt vurdere å gi nærmare reglar.
Departementet gjer framlegg om eigen lovheimel for å sikre
dette.
Føresetnaden om forbod mot kryssubsidiering er viktig
også i høve til dei pliktene Noreg har etter EØS-avtala
m.o.t. reglar om statsstøtte og konkurranse.
Artikkel 61 i EØS-avtala slår som hovudprinsipp fast
at statsstøtte i EØS er forbode når slik
støtte verkar konkurransevridande på samhandelen
mellom landa. Også det å gi gunstige vilkår
for einskilde selskap blir råka av denne regelen.
Departementet gjer framlegg om at NRKs rammer for forretningsmessig
verksemd blir utvida i høve til kva det noverande regelverket
opnar for. Departementet grunngir dette med behovet for å oppretthalde NRK
som ein sterk norsk allmennkringkastar. Kultur- og mediepolitisk
er dette svært viktig i ein mediesituasjon som meir og
meir vil bli prega av auka konkurranse om sjåarar og lyttarar.
Samstundes kan mangelen på programmateriale med høgt
kvalitetsinnhald føre til einsretting av det samla programtilbodet.
Kulturdepartementet gjer framlegg om at §6-1 tredje
ledd i kringkastingslova blir endra, slik at NRK gjennom dotterselskap
reint allment kan ta del i forretningsmessig verksemd utan at dette
er avgrensa til føremål som har med allmennkringkasting å gjere.
I høyringsnotatet gjorde departementet greie for at §6-4
i kringkastingslova set forbod mot at verksemda i NRK kan finansierast
med reklamesendingar. Departementet gjorde framlegg om at dette
forbodet skulle opphevast for anna verksemd enn allmennkanalane
(NRK1, NRKTO og P1, P2 og P3 i radio). Departementet la til grunn
at desse kanalane - som i dag - må haldast reklamefrie.
Ut over dette la departementet til grunn at NRK med visse avgrensingar
måtte kunne engasjere seg i verksemd som inneheld reklame.
Av høyringsinstansane er det berre TV 2 AS, Norsk Forbund
for Lokal-TV og Kringkastingsringen som er negative til dette.
NRK uttaler m.a. følgjande:
«NRK reiser således spørsmål
om det er hensiktsmessig å formulere en eksplisitt plikt
for generalforsamlingen til å forelegge for Stortinget
spørsmålet om tillatelse - alene eller i samarbeid
med andre medieaktører til - å etablere reklamefinansierte
kanaler i Norge. Selv om en slik fremgangsmåte må antas å være
den naturlige ordning, kan det forekomme tilfeller der dette ikke
ville være hensiktsmessig. Det må etter NRKs syn
kunne legges til grunn at statsråden selv vil foreta en
forsvarlig vurdering av hvorvidt man i det enkelte tilfelle bør
forelegge saken for Stortinget før Generalforsamlingen
fatter sin beslutning.»
Departementet held oppe framlegget om at forbodet mot å reklamefinansiere
NRK blir oppheva for anna aktivitet enn allmennkanalane (NRK1, NRKTO og
P1, P2 og P3 i radio). Desse kanalane må - som i dag -
haldast reklamefrie.
Den lovendringa departementet gjer framlegg om, opnar i prinsippet
for at NRK kan eige, drive eller ha eigarpartar i fjernsyns- eller
radiokanalar som er finansierte med reklame og blir sende frå norsk
territorium og retta mot den norske marknaden. Departementet held
fast på at generalforsamlinga ikkje skal kunne gi løyve
til dette utan at saka har vore lagd fram for Stortinget. Departementet
legg òg til grunn at generalforsamlinga ikkje skal godkjenne
at NRK eig, driv eller har eigarpartar i fjernsyns- eller radiokanalar med
reklame som rettar sendingane sine mot den norske marknaden frå utlandet.
Det same vil gjelde såkalla telekjøpskanalar.
I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at
det burde opnast for å sende reklameinnslag i NRKs tekstfjernsyn,
også i tekstfjernsyn som er knytta til NRKs allmennkanalar.
Departementet la til grunn at tekstfjernsyn må reknast
som ei tilleggsteneste der føresetnaden er at sjåaren
aktivt oppsøkjer tenesta, og meinte såleis at
tekstfjernsyn ikkje kan reknast som ein del av NRKs allmennkanalar.
Av dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette
spørsmålet nemner departementet at Forbrukarombodet
vil gå i mot departementets forslag i kringkastingsloven § 6-4
om å åpne for reklame i NRKs tekstfjernsyn.
Etter Barne- og familiedepartementets mening bør også tjenester
som retter seg til barn være skjermet mot reklame.
«Barne- og familiedepartementet vil derfor be Kulturdepartementet
om å vurdere om det er hensiktsmessig å tillate
reklame på tekstfjernsyn generelt. Alternativt bør
Kulturdepartementet vurdere hvordan en gjennom forskrift best kan
regulere reklame i tekstfjernsyn når tekstfjernsynet har
barn som målgruppe.»
TV 2 AS er negative til departementets framlegg på dette
punktet.
Departementet held oppe framlegget om å tillate annonsar
i tekstfjernsynet i NRK. Departementet gjer framlegg om at dette
blir presisert i lovteksten. Departementet meiner også det
bør presiserast at Kongen i forskrift skal kunne gi nærmare
reglar om utsending av reklame i NRKs tekstfjernsyn, m.a. slik at
dei omsyna Barne- og familiedepartementet nemner kan ivaretakast.
Stortinget handsama 7. mai 1998 Ot.prp. nr. 8 (1997-98), Om lov
om endringar i film- og videogramlova og straffelova (Ot.prp. nr.
78 (1996-97), jf. Innst. O. nr. 40 (1997-98).
§ 4 i lova gir reglar om førehandskontroll
av film eller videogram som skal synast fram i næring.
Etter siste lekken i paragrafen kan Kulturdepartementet «i forskrift
gjere unntak frå kravet om førehandskontroll og
betaling av gebyr.» For å kunne gjennomføre
ordninga med førehandskontroll effektivt, er det naudsynt
for Statens filmtilsyn å få inn ulike opplysningar
om filmane. Etter gjeldande forskrift kan det krevjast inn slike
opplysningar. Etter departementets vurdering er det noko tvilsamt
om den noverande formuleringa i lova gir den naudsynte heimelen
til å gi forskrift om å krevje inn slike opplysningar.
Departementet gjer difor framlegg om ein klårare forskriftsheimel
i film- og videogramlova § 4.
Før lovendringa hadde § 12 i lova denne ordlyden:
«Statens filmtilsyn kan etter nærmare
reglar gjere vedtak om strykningar i registeret i tilfelle brot
på lov eller forskrifter givne med heimel i lov.»
Med grunnlag i denne regelen er det i forskrifta til lova fastsett
reglar om at Statens filmtilsyn ved brot på reglane i lova
kan suspendere eller stryke importørar, produsentar eller
forhandlarar frå Filmtilsynet sine register. Dette inneber
at importøren, produsenten eller forhandlaren medan det
ulovlege tilhøvet pågår, ikkje kan få registrert
eller førehandskontrollert nye filmar eller videogram.
Då Stortinget handsama saka, vart denne regelen oppheva.
Dette er ikkje drøfta i forarbeida til lovendringa. Kulturdepartementet
legg til grunn at regelen fall ut ved ein feil.
Departementet gjer framlegg om at Statens filmtilsyn etter nærmare
reglar gitt av departementet får høve til å nekte å motta
filmar eller videogram frå distributørar som bryt
lova eller forskriftene til lova.
I Innst. O. nr. 40 (1997-98) uttalte Stortingets familie-, kultur-
og administrasjonskomite følgjande om framlegget om å utvide
verkeområdet for straffelova § 382 om
valdsskildringar:
«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene
fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vil understreke at filmklubber,
som ikke viser filmer i næring, må unntas fra
denne bestemmelsen. Det forutsettes at departementet tar hensyn
til dette ved utforming av forskriftene.»
Det vart ikkje vedteke nokon heimel til å gjere slikt
unnatak som fleirtalet ønskte, korkje i straffelova eller
i film- og videogramlova. Departementet har såleis ikkje
høve til å ta omsyn til fleirtalet sitt ønskjemål
ved utforming av forskrifter. Dette gjeld både i høve
til film- og videogramlova og straffelova.
Kulturdepartementet kan ikkje tilrå at det blir fastsett
lovendringar som fritek filmklubbar som gir offentlege framsyningar
frå forbodet mot framsyning av ulovlege valdsskildringar
i straffelova §382.
Departementet kan ikkje sjå at det er mogleg å gi ei
avgrensing av ein slik regel som samstundes er klår og
eintydig og ikkje vil rekkje vidare enn ønskjeleg. Kulturdepartementet
ser det ikkje som aktuelt å innføre ei særordning
som berre gjeld medlemmene i Norsk filmklubbforbund.
Departementets framlegg vil ikkje innebere administrative eller økonomiske
konsekvensar for det offentlege.
For Norsk rikskringkasting vil framlegga på sikt kunne
innebere auka inntekter. Departementet vil orientere Stortinget
om nivået på inntektene frå dei kommersielle
aktivitetane i dei årlege budsjettproposisjonane.
Departementets framlegg om at det skal opnast for kommersielle
innslag i NRKs tekstfjernsyn vil føre til auka konkurranse
om annonseinntektene i dette mediet. På den norske marknaden
er det i dag TV 2 som er den viktigaste aktøren.
Departementets framlegg til endringar i lov om film og videogram
får korkje konsekvensar for private eller det offentlege.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, er av den oppfatning
at det er viktig å avklare rammene rundt den fremtidige
forretningsmessige virksomheten til Norsk Rikskringkasting AS. Flertallet mener
i likhet med departementet at det for det første er viktig å klargjøre
det lovmessige grunnlaget for denne virksomheten og flertallet vil
i denne sammenheng vise til at dagens lovverk ikke har vært
presist nok på dette området. Flertallet vil
også vise til at NRK i de senere år har engasjert
seg innenfor forretningsområder som de tidligere ikke har
vært engasjert i og at det i den anledning har oppstått
et behov for å trekke opp klare grenser for hvilken forretningsmessig
profil NRK skal ha i fremtiden. Flertallet vil spesielt peke
på den konkurransesituasjon som NRK har kommet i ved at
virksomheten i dag er utsatt for langt større konkurranse
enn det som var tilfellet for kun noen år siden.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet
og Kristelig Folkeparti og Senterpartiet mener det derfor
fremover vil være viktig at NRK skal kunne ha adgang til å engasjere
seg i andre typer forretningsvirksomhet enn det selskapet kan med
gjeldende regler. Flertallet vil påpeke
at å tillate en slik utvikling vil være med på å styrke
NRKs posisjon som en ledende allmennkringkaster i årene
fremover.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
vil vise til at NRK i dag har en meget spesiell finansieringsordning
gjennom fjernsynslisens ordningen. Dette medfører at NRK
har et stort konkurransefortrinn fremfor alle andre kringkastere
som selv må sørge for sine inntekter. Disse medlemmer finner
det derfor ikke riktig at NRK i fremtiden skal ha adgang til å engasjere
seg i andre former for forretningsvirksomhet enn det selskapet kan
med gjeldende regelverk. Disse medlemmer mener at å tillate
en utviklingen hvor NRK i større grad enn i dag deltar
på et konkurranseutsatt marked vil føre til skjevheter
i konkurransen på kringkastingsmarkedet. Disse medlemmer vil
også vise til Fremskrittspartiets prinsipale syn på at
det offentlige ikke skal ha eierandeler i mediebedrifter og fremmer derfor
følgende forslag :
«Stortinget ber Regjeringen om å fremme sak
for Stortinget med en plan for en snarest mulig privatisering av
NRK.»
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er
enig i at det er viktig å avklare rammene rundt den forretningsmessige
virksomheten i NRK. Dette medlem er opptatt av å forsvare NRK
som lisensfinansiert, reklamefri allmennkringkaster med de forpliktelser
det innebærer i forhold til kultur, språk, minoriteter,
ytringsfrihet og demokrati. Dette medlem er klar
over at NRK som følge av utviklingen i media er utsatt
for stor konkurranse og derfor har behov for inntekter utover lisensen. Dette
medlem vil peke på at innføring av konsesjonsavgift
på reklamefinansierte allmennkringkastere vil kunne skaffe
inntekter til NRKs produksjoner, og til film- og TV-produksjoner. Dette
medlem vil ut fra en helhetsvurdering støtte departementets
forslag til utvidelse av NRKs forretningsdrift. Dette medlem forutsetter
da at overskudd i den forretningsmessige virksomheten skal brukes
til å finansiere programproduksjon og programinnkjøp
og dermed styrke allmennkringkastingstilbudet. Dette medlem vil
likevel be departementet vurdere de mulighetene som ligger i å innføre en
konsesjonsavgift på reklamefinansierte allmennkringkastere,
slik at NRKs forretningsmessige engasjement kan avgrenses.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg det
arbeidet som skjer i NRK Aktivum AS. Å skille ut konkurranseutsatte
virksomheter i egne selskaper vil bidra til at NRK fremover kan
få en fleksibilitet i den daglige virksomheten som vil
være helt avgjørende for at selskapet skal kunne
lykkes i årene som kommer med å tilby en programprofil
som seerne er fornøyde med. Flertallet vil
videre påpeke at det i årene fremover vil bli
viktig for NRK å satse aktivt på å utnytte egen
kompetanse, egne rettigheter og satse på egne produksjoner. Flertallet er
av den oppfatning at det i årene fremover også vil
være viktig for NRK å sikre seg et samarbeid med
andre produsenter av programmer for dermed å styrke sin
posisjon på markedet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
er av den oppfatning at den virksomheten som er lagt inn under NRK
Aktivum AS er en virksomhet som drives i konkurranse med andre aktører
på kringkastingsmarkedet. Disse medlemmer er
av den oppfatning at så lenge lisensfinansieringen består
må NRK ikke opprette egne selskaper som drives i konkurranse
med andre. All virksomhet i NRK aktivum som drives i konkurranse
med andre må derfor avvikles. Disse medlemmer vil
bemerke at mye av det som ligger i denne virksomheten er opp igjennom
tidene bygd opp av lisensmidler. Dette innebærer at NRK
har fått et helt annet grunnlag til å bygge opp
sin virksomhet enn alle andre aktører på dette
markedet.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er
klar over at en ved i hovedsak å slutte seg til departementets
forslag til utviding av forretningsvirksomheten, aksepterer at NRK
skal kunne engasjere seg i betal-TV. Dette medlem viser
i den forbindelse til at departementet i brev datert 19. november
1999 er klar over at oppstart av betalingskanaler i regi av NRK
kan tenkes å føre til en kvalitativ utarming av
tilbudet i allmennkanalene. Denne problemstillingen blir også påpekt
av Senter for Medieøkonomi, Handelshøgskolen
BI og av konvergensutvalget (NOU 1999:26, s. 167). Dette
medlem mener at departementet må avklare prinsipper
på hvordan balansegangen mellom NRKs ordinære
allmennkringkastingstilbud skal håndteres.
Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemane
frå Fremskrittspartiet, meiner det er ein absolutt føresetnad
at lisenspengar ikkje skal brukast til forretningsmessig engasjement.
Det skal ikkje være høve til å kryssubsidiera
den forretningsmessige drifta med lisenspengar.
Fleirtalet sluttar seg til departementets merknadar.
Komiteens medlemmer fra Høyre støtter
departementets syn på at det må være
en absolutt forutsetning for utvidet forretningsmessig engasjement
for NRK at det ikke må skje noen form for subsidiering
av denne virksomheten fra lisensmidler. Disse medlemmer viser
til uttalelsene fra bl.a. Konkurransetilsynet, og ber departementet
følge utviklingen i NRK på dette området
nøye.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, slutter seg til departementets forslag.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Sosialistisk
Venstreparti er av den oppfatning at NRK ikke skal kunne
reklamefinansiere allmennkanalene. Disse medlemmer viser
til at også kanaler som Alltid Nyheter og Alltid klassisk
må omfattes av reklameforbud, i tillegg til de kanaler
som er nevnt i proposisjonen. Disse medlemmer støtter
departementet i at Stortinget må få seg forelagt eventuelle
tillatelser til reklamefinansierte kanaler i Norge eller spesielt
rettet mot Norge.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er
av den oppfatning at NRK ikke skal ha eierandeler i reklamefinansierte
kringkastingsselskaper så lenge lisensfinansieringen består.
Komiteen vil påpeke at kringkastingsavgiften
i dag er NRKs hovedinntektskilde i tillegg til mindre inntekter
fra sponsing. Det er komiteens oppfatning at så lenge
kringkastingsavgiften består er det viktig at eventuelle
inntekter fra datterselskaper som arbeider på kommersielt
grunnlag holdes adskilt på en slik måte at det
vil være uproblematisk å se hvor de forskjellige
midlene blir benyttet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil
videre påpeke at dersom det vil vise seg at NRK igjennom
datterselskaper får egne inntekter av betydning, vil det
være grunn til å se på om kringkastingsavgiften
skal opprettholdes på sitt nåværende
nivå. Det er disse medlemmers oppfatning
at dersom man ser eksempler på at kommersielle inntekter
blir sammenblandet med midler som stammer fra kringkastingsavgiften
så vil Stortinget på nytt bli tvunget til å se
på de rammene som er gitt rundt den forretningsmessige
virksomheten.
Disse medlemmer er av den oppfatning at kringkastingsavgiften
må avskaffes og fremmer derfor følgende forslag
:
«Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget
med en plan hvor kringkastingsavgiften avskaffes i løpet
av en tre-års periode.»
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, registrerer at
tekstfjernsyn har blitt en viktig kanal for formidling av informasjon og
det er en tjeneste som også i økende grad blir
utsatt for konkurranse. Flertallet ser det som meget
viktig at også NRKs tekstfjernsyn får rammevilkår
som gjør at det kan hevde seg i den økende konkurransen på dette
området. Flertallet stiller seg derfor positive
til at NRKs tekstfjernsyn ikke skal regnes som en del av allmennkanalene.
Flertallet støttar forslaget om at det
kan opnast for å senda reklameinnslag i NRK sitt tekstfjernsyn, også i
tekstfjernsyn som er knytt til NRK sine allmennkanalar. Flertallet meiner
dessutan at det må gjevast nærare reglar om utsending
av reklame i NRK sitt tekstfjernsyn, m.a. slik at dei omsyna Barne-
og familiedepartementet nemner kan ivaretakast.
Flertallet slutter seg til departementets forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Sosialistisk Venstreparti vil advare mot en utvikling
der NRK, med departementets godkjennelse, stadig flytter grensene
for hva som skal unntas fra allmennkringkastingsbegrepet. En uthuling
av hva dette begrepet innebærer vil svekke kringkastingslisensens
legitimitet, og vil føre til et press mot en full kommersialisering
av NRK.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
§ 6-4 skal lyde:
«Virksomheten i Norsk Rikskringkasting AS finansieres
ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Virksomheten kan ikke
finansieres ved reklame i NRKs allmennkanaler. Kringkastingsavgift
fastsettes av Stortinget.»
Komiteens medlemmer fra Høyre og Sosialistisk
Venstreparti vil gå i mot forslaget om å gi
adgang til reklame på tekst-TV. Disse medlemmer er
uenig med departementet i at tekst TV ikke er en del av NRKs allmennkanaler,
tvert i mot mener disse medlemmer at tekst TV oppfattes
som en integrert del av allmenkringkastingstilbudet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter
ikke forslaget om at det skal åpnes for reklame i tekstfjernsyn.
NRKs tekstfjernsyn er oppbygd med lisensmidler. Det vil derfor føre
til en betydelig konkurransevridning dersom det åpnes for reklame
i NRKs tekstfjernsyn.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser
for øvrig til høringsuttalelser fra Forbrukerombudet
og Barne- og familiedepartementet. Dette medlem mener
at en ved å tillate reklame på tekstfjernsyn er
med på å øke reklame- og forbrukspresset
generelt. Spesielt er det uheldig at presset vil øke overfor
barn og unge.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene
fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til Innst. O. nr.
40 (1997-98) om å utvide virkeområdet for straffelovens § 382
om voldsskildringer der det ble uttrykt.
«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene
fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vil understreke at filmklubber,
som ikke viser filmer i næring, må unntas fra
denne bestemmelsen. Det forutsettes at departementet tar hensyn
til dette ved utforming av forskriftene.»
Flertallet vil holde fast ved sitt
opprinnelige utgangspunkt om at visninger som skjer i regi av filmklubber,
satt i en helt annen ramme enn tradisjonelle kino- og filmvisninger,
skal unntas fra definisjonen «i næring».
Det er også viktig å holde fast ved at film er
et åndsverk på linje med annen kunst, og i denne
rammen må behandles som et kunstverk da dette ikke er kommersielle
visninger som faller inn under definisjonen «i næring». Flertallet vil
derfor fremme følgende forslag:
«Stortinget pålegger Regjeringen å utarbeide forslag
til regler for visning av filmer som omfattes av straffelovens § 382,
slik at disse kan fremføres som et åndsverk når
dette ikke skjer i næring.»
Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti
og Senterpartiet syner til siner merknader i Innst. O. nr.
40 (1997-98) der dette mindretalet m.a. uttala:
«Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og
Senterpartiet legger på sin side til grunn at straffelovens
offentlighetsbegrep, slik regelen i dag gjelder for fremvisning
av pornografisk film, må legges til grunn også mht.
visning av voldsskildringer i filmklubbene.»
Desse medlemene er ikkje samde i at det blir fastsett
lovendringar som gir filkmklubbar som gir offentlege framsyningar
fritak frå forbodet mot framsyning av ulovlege voldsskildringar
i straffelova § 382.
Komiteen viser til behandlingen av
Innst. S. nr. 190 (1994-95) der det ble fattet følgende
vedtak:
«Alle nærradioer med konsesjon skal
ha høve til å sende program mellom kl. 06.00 og
kl. 18.00 også i område med berre ein frekvens.»
Dette var et vedtak som må sees i lys av komiteens merknader
i samme innstilling, der det fremgår at dette ikke skulle
føre til en endring av den sendetidspraktisering som hadde
funnet sted. Derimot må dette tolkes som en presisering
av at gjeldende praksis skulle fortsette slik at ingen radioer skulle
være forbeholdt en bestemt sendeflate slik forslaget fra
regjeringen i St.meld. nr. 24 (1994-95) Nærkringkasting
innebar. Komiteen er kjent med at dette forslaget
har vært benyttet til å frata nærradioer
sendetid. I tråd med tidligere vedtak er komiteen opptatt
av at lokalradioer må sikres stabile rammer for driften,
der en innarbeidet sendetid med opparbeidet marked er det viktigste
for å sikre en etablert virksomhet videre drift. På denne
bakgrunn er det galt å benytte dette vedtaket til å frata
eksisterende nærradioer sendetid, hensikten var faktisk å sikre
at ingen ble fratatt sendetid de hadde innarbeidet. Derfor slås
det nå fast at ingen skal kunne fratas sendetid mellom
konsesjonsrundene med mindre det oppstår tilfeller der
dette er naturlig, f.eks. ved konkurs og opphør av sendinger eller
ved fratagelse av konsesjon.
Komiteen vil derfor fremme følgende forslag:
«Stortinget ber Regjeringen iverksette at ingen lokalradio
skal fratas sendetid i konsesjonsperioden, med unntak av særskilte
tilfeller.»
Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre og
Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
§ 6-4 skal lyde:
Virksomheten i Norsk Rikskringkasting AS finansieres ved
kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Virksomheten kan ikke finansieres
ved reklame i NRKs allmennkanaler. Kringkastingsavgift fastsettes av
Stortinget.
Forslag fra Fremskrittspartiet
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringen om å fremme sak for Stortinget
med en plan for en snarest mulig privatisering av NRK.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget med en plan
hvor kringkastingsavgiften avskaffes i løpet av en tre-års
periode.
Komiteen har ingen ytterlige merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slike
vedtak:
A
Vedtak til lov
om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram
I
I lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting blir det gjort følgjande endringar:
§ 6-1 tredje ledd skal lyde:
Norsk rikskringkasting AS har til formål å drive allmennkringkasting og virksomhet som har sammenheng med dette. NRK kan gjennom datterselskap delta i annen virksomhet. Kongen kan i forskrift gi nærmere regler om regnskapsmessige forhold mellom Norsk rikskringkasting AS og datterselskap.
§ 6-4 skal lyde:
Virksomheten i Norsk rikskringkasting AS finansieres ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Virksomheten kan ikke finansieres ved reklame i NRKs allmennkanaler. NRKs tekstfjernsyn regnes ikke som en del av allmennkanalene. Kongen kan i forskrift gi nærmere regler om reklame i NRKs tekstfjernsyn. Kringkastingsavgift fastsettes av Stortinget.
II
I lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram blir det gjort følgjande endringar:
§ 4 siste ledd skal lyde:
Departementet kan i forskrift gi nærmare reglar om førehandskontroll og betaling av gebyr.
§ 12 skal lyde:
§ 12 Administrative sanksjonar
Departementet kan gi forskrift om høve for Statens filmtilsyn til å nekte førehandskontroll eller registrering av film eller videogram frå distributørar som bryt reglane i denne lova eller i forskrifter gitt med heimel i denne lova.
III
Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.
B
Stortinget pålegger Regjeringen å utarbeide forslag til regler for visning av filmer som omfattes av straffelovens § 382, slik at disse kan fremføres som et åndsverk når dette ikke skjer i næring.
C
Stortinget ber Regjeringen iverksette at ingen lokalradio skal fratas sendetid i konsesjonsperioden, med unntak av særskilte tilfeller.
Kulturdepartementet viser til brev av 16. november 1999 fra Stortingets
familie- kultur- og administrasjonskomite. Komiteen stiller følgende
spørsmål:
«I høringsnotatet fra Senter for Medieøkonomi, Handelshøgskolen
BI står det:
«Dersom NRK har eierinteresser i betal TV-kanal,
eller på annen måte samarbeider med andre om slikt
foretak, vil det være inntektsmaksimerende for NRK å tilby
attraktive programmer over et betal TV-system før det blir
vist på allmennkanalene. Resultatet kan dermed bli at allmennkanalene
blir en form for annenrangs tilbud til de seerne som av forskjellige årsaker
kun ønsker, eller makter, å betale lisensavgiften.»
Deler departementet bekymringen om at muligheten for at de mest
attraktive programmene først vil kunne vises i betal TV-kanal
som NRK har eierinteresser i, vil føre til at allmennkanalene
på sikt vil kunne bli et annenrangs tilbud? Hvilke strategier har
i så fall departementet for at allmennkanalene skal kunne
opprettholdes som fullverdige tilbud med attraktive programforsyninger?
Departementet er oppmerksom på problemstillingen som
reises i brevet om et mulig spenningsforhold mellom betalingskanaler
i regi av NRK og selskapets ordinære allmennkringkastertilbud.
Problemstillingen er også påpekt av Konvergensutvalget (NOU
1999:26 s. 167):
«Oppstart av betalingskanaler i regi av NRK kan tenkes å føre
til en kvalitativ utarming av tilbudet i allmennkanalene. Det vil
være en risiko for at NRK, for å maksimere inntektene,
vil tilby de mest attraktive programmene som betalingstjenester.
Resultatet kan bli at kvaliteten på gratistilbudet i allmennkanalene svekkes,
noe som isolert sett vil være uheldig. Samtidig ser utvalget
det som nødvendig at NRK gis rammebetingelser som setter
selskapet i stand til å konkurrere mest mulig på lik
linje med andre kringkastere. Utviklingen av for eksempel PPV kan ventes
føre til ytterligere stigning i prisene for kjøp
av senderettigheter til populære programmer. Dersom NRK
fortsatt skal kunne tilby slike programmer, er det sannsynligvis
helt nødvendig at de også gis anledning til å operere
med betalingstjenester. Utvalget legger imidlertid til grunn at
behovet for å sikre at publikum fortsatt skal ha tilgang
til et bredt utvalg av gratisprogram kan tilsi at Kulturdepartementet
på et senere tidspunkt utvikler nærmere prinsipper
for hvordan NRK skal håndtere denne balansegangen.»
Departementet kan gi sin tilslutning til disse synspunkter, og
vil følge utviklingen nøye, bl.a. via Allmennkringkastingsrådets årlige
rapporter.
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 23. november 1999
Ågot Valle |
Per Roar Bredvold |
Grethe G. Fossum |
fung.leder |
ordfører |
sekretær |