8. Administrative og økonomiske konsekvensar av lovforslaget

8.1 Samandrag

Lovendringa vil innebere at det vert lettare å finne fram i lovverket. Overføring av ansvaret for godsløyve til fylkeskommunen vil føre til ei viss auka arbeidsmengd i fylkeskommunane, ettersom fylkeskommunen då òg vil måtte handsame klagesakene om godsløyve.

Som følgje av forslaget om at løyvehavarar skal måtte leggje fram oppdatert politiattest etter ein viss tidsperiode, vil det føre til ei viss auke i arbeidsmengda i fylkeskommunen og for politiet som utferdar attestar.

Hovudføremålet med å gje høve til bruk av anbod ved tildeling av ruteløyve også i ferjedrifta, er at meir konkurranse om løyva vil kunne spore reiarlaga til meir kostnadseffektiv drift. Høvet til å bruke anbod kan òg ha ein effekt sjølv om anbod ikkje vert nytta. Røynsler frå andre sektorar syner at eit trugsmål om anbod kan verke disiplinerande på reiarlaga. Høvet til å bruke anbod vil truleg ikkje i stor grad påverke arbeidsmengda i Statens vegvesen og fylkeskommunane som administrerer ferjedrifta.

Innføringa av ein rett for transportselskapa sine kontrollørar til å halde tilbake reisande utan gyldig billett i § 33 andre ledd, vil føre til ei viss auke i det administrative arbeidet i departementet. Arbeidet vil omfatte godkjenning av vilkår i transportvedtektene om å halde reisande utan gyldig billett tilbake. Departementet meiner at meirarbeidet vil kunne verte utført med dei ressursane som allereie er i departementet.

8.2 Merknader frå komiteen

Komiteen har ingen merknader.