Vedlegg 2: Brev frå Nærings- og handelsdepartementet v/statsråden til næringskomiteen, dagsett 5. juni 2002.

Stortingets handsaming av Ot. prp. nr. 62 (2001-2002) om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Eg viser til Dykkar brev av 4. juni i år.

Med den tida eg har hatt til rådvelde har eg ikkje sett det som formålstenleg å ta kontakt med ESA. Eg har derimot hatt samtalar med Regjeringsadvokaten og UD si rettsavdeling om spørsmåla som er tekne opp i brevet.

Eg vil innleiingsvis presisere at ervervslova er foreslått oppheva på anna grunnlag enn forholdet til EØS-avtalen. Forslaget er derfor ikkje grunngjeve med at lova er i strid med dei pliktene Noreg har teke på seg etter EØS-avtalen.

Vurderingane frå advokatfirmaet BAHR, slik dei går fram av det oversendte notatet, er summariske og konkluderande, og inneheld lite drøftingar knytt til dei enkelte punkta. Eg har og merka med at notatet som er oversendt er eit samandrag av eit større notat.

Dei konkrete problemstillingane i høve dei tilsette har ikkje vore direkte tatt opp med ESA. Det diskusjonen med ESA gjekk om var om ervervslova i det heile og om ho var i strid med EØS-avtalen. At ESA konsentrerte seg om kjernepunkta tyder ikkje at dei andre punkta, til dømes rettane til dei tilsette, er "frikjend" i høve til EØS-avtala.

Generelt vil eg òg peika på at det ikkje er tvil om at omsynet til dei tilsette i det høve å bli informert vil vere eit omsyn det er lov å ta. Krav som kan knytast til dette vil likevel vere avgrensa av at dei ikkje kan gå lenger enn det som er nødvendig. Dette må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Generelt vil krav om at dei tilsette skal informerast og konsulterast etter mitt syn ikkje vere eit problem. Meir tvilsamt blir det om det òg er knytt ei meldeplikt til styresmaktene.

Arbeidstakarrettane er ein del av eit større kompleks som høyrer heime i og vil bli utgreidd grundig i arbeidslivslovutvalets arbeid.

Til pkt. 1. Eg er samd i at ei informasjons og konsultasjonsplikt nemnd her, ikkje vil vere i strid med EØS-avtalen.

Til pkt. 2. Det vert foreslått ei meldeplikt for å sikre at rettane til dei tilsette vert overheldt. Med ei vidareføring av føresegnene i ervervslova § 8 første ledd bokstav b, c, d, e samt andre ledd, er det tvilsamt om slik meldeplikt vil vere i samsvar med EØS-avtalen. Det kan og stillast spørsmål om ei meldeplikt i seg sjølv er i samsvar med EØS-avtala så lenge sjølve reguleringsbehovet (informasjons og konsultasjonsplikta) allereie er dekka i lova.

Til pkt. 3. Som til pkt. 2 vil det også her vere eit spørsmål om ei innføring av sanksjonar er nødvendig for sikre rettane til dei tilsette. Eg viser til at arbeidsmiljølova allereie har sanksjonsføresegner dersom føresegnene i lova ikkje vert følgde. Uansett er omgrepet "rettvirkningere av eventuelle negative konsekvenser" i beste fall uklart og lovteknisk uheldig.

Til pkt. 4. Ei vidareføring av innhaldet i ervervslova § 23 er ikkje i samsvar med EØS-avtalen. Dette vart særleg trekt fram av ESA når ervervslova var oppe til diskusjon.

Til pkt. 5. Vilkår om til dømes vidareføring av opparbeidde rettar vil allereie vere teke vare på andre stader i lovgjeving og avtaleverk. Følgjeleg vil det verte vanskeleg å grunngi trongen for slike vilkår sett i lys av EØS-avtala. Eg vil tru at dette vil vere i strid med proposjonalitetsprinsippet som ligge til grunn for kva som er tillete etter EU-retten.

Til pkt. 6. ESA har i diskusjonane hevda at ei eventuell meldeplikt, om den skulle kunne godtakast, berre kunne vere ei rein informasjonsplikt. Ei moglegheit til å nekte ervervet vil derfor vere i strid med EØS-avtala, i det minste slik ESA oppfattar ho.

Avslutningsvis vil eg nemne at det etter mi vurdering ikkje vil vere trong for å innføre meldeplikt som omtale i pkt. 2-6 i notatet frå BAHR. Rettane til informasjon og konsultasjon for dei tilsette vil vere ivaretatt gjennom pkt. 1.