Til Odelstinget
Proposisjonen gjeld lov om statleg varekrigsforsikring. Utkastet
til lov inneber ei omlegging av heimelsgrunnlaget for staten sitt
tilbod om varekrigsforsikring. Lovframlegget inneber at varekrigsforsikring
vert etablert som eit beredskapssystem, som gjer det mogleg med
risikodekning ved krise og krig. Lova kjem i staden for lov av 3. desember
1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring. Statens varekrigsforsikring
under leiing av det eksisterande styret vil såleis avvikle
verksemda etter ein overgangsperiode.
Det er i proposisjonen gjort greie for bakgrunnen for lovframlegget,
for gjeldande rett i Noreg og i utlandet og for den internasjonale
merknaden for varekrigsforsikring.
Statens varekrigsforsikring er skipa ved lov av 3. desember
1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring. I § 1
i lova blir det slått fast at staten "overtar transportforsikring
mot krigsfare". Departementet meiner det i denne ordlyden synest å liggje
ei plikt for staten til å tilby varekrigsforsikring for
nærare avgrensa risikosituasjonar.
Det er departementet si vurdering at det ikkje er behov for eit
statleg tilbod om varekrigsforsikring i normale situasjonar der
ein legg til grunn at eit privat forsikringstilbod ligg føre.
Samanlikna med andre land er den norske modellen med eit tilbod
både i fredstid og krigstid særeigen. Departementet
legg til grunn at den private forsikringsbransjen vil kunne tilby
varekrigsforsikring dersom det statlege tilbodet fell bort i fredstid.
Ved krig vil alle varetransportar vere utsette for krigsfare
frå transporten startar. Verdien av varer og frakt sett
i høve til den auka risikoen vil vanskeleg kunne bli dekt
gjennom private assurandørar. Truleg vil den samla risikoen
vere så stor og så vanskeleg å fastsetje
at varetransportar ikkje kan dekkjast etter vanlege forsikringsprinsipp.
Private krigsassurandørar sikrar seg derfor med
klausular for oppseiing i tilfelle Noreg skulle komme i krig. Tilsvarande
omsyn gjer seg gjeldande ved stormaktskrig, då det er truleg at
reassuransemarknaden vil bli sterkt avgrensa.
Det er departementet si vurdering at høvet til å kunne
teikne krigsforsikring av varetransport i krigstid ville bli avgrensa
utan ei eiga norsk ordning for teikning av krigsforsikring. Eit
privat tilbod vil truleg falle bort ved alvorleg krise eller krig.
Det er derfor naturleg at staten, av beredskaps- og næringsomsyn, kan
gje eit tilbod til norsk næringsliv under ein eventuell
krig, ved krigsfare eller alvorleg krise i Noreg eller andre delar
av verda ("ekstraordinære kriseforhold") der norske interesser
kan bli påverka. Departementet meiner derfor at ei løysing
basert på eit privat tilbod i normale situasjonar og eit
statleg tilbod i situasjonar med krise eller krig vil vere tilfredsstillande,
både med tanke på beredskapen og økonomisk sett.
Innafor forsyningsberedskapen er det eit viktig mål å leggje
til rette for maksimal utnytting av industri- og varehandelsressursane
i landet med sikte på å dekkje behovet for varer
og tenester ved krise og krig. Dette femner m.a. om viktige matvarer,
industriråvarer og -komponentar, og varer og
tenester og bygg-/anleggsressursar til Forsvaret. Tilsvarande
vil det vere viktig for norsk næringsliv og allierte interesser å oppretthalde
forsyning/eksport av viktige råvarer som til dømes
fiskeprodukt, petroleum og andre industriprodukt. Departementet
meiner det er viktig å ha eit system for varekrigsforsikring
som gir brukarane tryggleik for at det ligg føre eit tilbod
i ein krigs- og krisetilstand. Uvisse rundt dette kan verke hemmande
på handelsstraumane i situasjonar der forsyninga kan vere
vanskeleg.
Noreg har lange forsyningsliner, noko som gjer at behovet for å sikre
forsyningar til landet i ein krisesituasjon er større enn
for land på kontinentet. Transport er ein sentral faktor,
og norsk sjøtransport vil i ei tryggingspolitisk krise
vere viktig for nasjonal og internasjonal varehandel, for innanlands
varedistribusjon langs kysten, for flytting av ressursar (t.d. frå Sør-Noreg
til Nord-Noreg) og for støtte til Forsvaret innafor totalforsvarskonseptet.
I tillegg til sjøtransport er også luft- og landbasert
transport viktig for distribusjons- og støttesystema.
Den tryggingspolitiske situasjonen i dag tilseier at Noreg i
ein beredskaps-/krigstilstand kan kjøpe dei viktigaste
varene på normal måte, men at ein i planlegginga
må ta omsyn til mogleg mangel på enkelte varer.
Verksemder søkjer i dag å redusere lagra og basere
seg på produksjons- og distribusjonssystem der tidsfaktoren
er viktig. Trekk ved situasjonen i dag og utvikling innan industrien
er internasjonalisering, spesialisering, utstrekt bruk av underleverandørar
og "just in time"-prinsippet. Med nokre få unntak er det små lager
av viktige matvarer og andre viktige varer i landet. Det er departementet
sitt syn at fråvere av krigsrelaterte forsikrings-/erstatningsordningar
vil kunne svekkje tryggleiken for forsyning. Varekrigsforsikring
er derfor i krigs- og krisesituasjonar eit viktig verkemiddel for å sikre
tilførselen av forsyningar til heile landet og sikre norske
interesser innan varetransport.
Statens varekrigsforsikring er knytt til beredskapssystem gjennom
lov av 17. juli 1953 nr. 2 om erstatning for krigsskade
på eigedom og interesse (krigsskadelova). I føresegna
om iverksetjing, § 36 andre ledd nr. 4, er det
vist til Statens varekrigsforsikring. Det går fram av føresegna
at føresegnene i lov om Statens varekrigsforsikring gjeld
uendra til Kongen fastset noko anna. Med framlegg om ei ny lov om statleg
varekrigsforsikring må tilvisinga til den gamle lova frå 1948
i § 36 andre ledd nr. 4 takast ut. Departementet
kan heller ikkje sjå at det er naudsynt at det blir vist
til den nye lova om statleg varekrigsforsikring i krigsskadelova.
Mot slutten av 1940-talet og 1950-talet fekk ein eit sett av
beredskapslover, som i krigstid eller når krig trua, men
også i fredstid, gav styresmaktene fullmakt til å sette
i verk planlegging av beredskapstiltak, t.d. gjennom forsyningslova
av 1956. Sjølv om varekrigsforsikring ikkje direkte kan
samanliknast med tiltak etter desse beredskapslovene, er det viktig at
styresmaktene har eit sett av verkemiddel, som til saman skal sikre
eit forsvarleg beredskapsnivå, ut frå den tryggingspolitiske
situasjonen som ligg føre.
Statens varekrigsforsikring fell inn under EØS-avtalen,
men er unntatt frå forsikringsverksemdslova. Departementet
har bedt om vurderingar når det gjeld den føreslegne
ordninga i høve til lover og forsikringsdirektiv.
Etter dei råda som ligg føre, kan ein konkludere med
at forsikringsverksemdslova ikkje gjeld, etter som statleg varekrigsforsikring
som foreslått i ny lov er ei ordning som er styrt av staten,
jf. forsikringsverksemdslovas § 13-1.
Varekrigsforsikring fell i prinsippet inn under m.a. EØS-avtala,
men tryggingsunntaket i EØS-avtalas artikkel 123 c og dei
relevante frihandelsavtalene gir høve til å treffe
tiltak som annars vil kunne vere i strid med avtalene. Ein legg
til grunn at tryggingsunntaket dekkjer dei situasjonar som varekrigsforsikringa
tek sikte på.
Departementet kan ikkje sjå at tilbodet om statleg varekrigsforsikring
vil fortrengje andre private forsikringstilbod. Departementet
konkluderer såleis med at forsikringsdirektiva heller ikkje
gjeld. Ordninga vil såleis ikkje vere undergitt tilsyn
frå Kredittilsynet. Beredskapsordninga vil først
bli aktivert når eit privat forsikringstilbod ikkje ligg
føre eller ikkje er tilstrekkeleg, slik at den føreslegne
ordninga truleg ikkje vil vere mogleg å forsikre i den
private marknaden.
Vi legg til grunn at forsikringsavtalelova ikkje gjeld med mindre
anna vert fastsett i medhald av § 5 i lova.
I val av organisasjonsform for eit nytt beredskapssystem er det
teke omsyn til ei effektiv utføring av dei oppgåvene
som er lagt til beredskapssystemet og som gjer det mogleg å få ei
rask og fleksibel administrativ tilpassing til ein situasjon med
høg risiko.
Eit godt beredskapssystem kan ein få ved at det blir
etablert ein beredskapsorganisasjon i form av eit forsikringsforum
i regi av Nærings- og handelsdepartementet. Forumet vil
inkludere representantar med forsikringsfagleg kompetanse. Det er òg
viktig med omsyn til dei interessene næringslivet (brukarane) har.
Forumet vil i normale situasjonar ha som oppgåve å vere
oppdatert om utviklinga på forsikringsområdet
generelt og for varekrigsforsikring spesielt. Ei anna oppgåve
vil vere å overvake marknaden i situasjonar med krise eller
krig og gi råd til departementet om å setje i
verk ei ordning med statleg varekrigsforsikring dersom utviklinga
i den private marknaden skulle tilseie det.
Den nye beredskapsorganisasjonen vil ha eit eige sekretariat
og vil inngå i den totale kriseorganisasjonen i departementet.
Sekretariatet vil m.a. ha til oppgåve å halde
ved like det som blir kravd for å etablere varekrigsforsikring
i statleg regi.
Beredskapsforumet vil ha ei rolle som rådgjevar overfor
departementet og vere ein del av den samla kriseorganisasjonen i
departementet. Departementet vil få ei sterkare rolle i
takt med eit aukande krisenivå, og spesielt dersom den
private marknaden for varekrigsforsikring ikkje kan halde fram med
normal verksemd.
I tilfelle der Kongen vedtek å etablere eit tilbod om
statleg varekrigsforsikring ut frå framlegget til lov,
bør det etter departementet sitt syn utnemnast eit styre
som byggjer på eit førebudd opplegg og med fullmakt
til å leie den daglege verksemda. Styret må og
ha forsikringsfagleg kompetanse og ha basis i beredskapsforumet.
Styret vert utnemnt ved kgl. res. fremja av Nærings-
og handelsdepartementet, men slik at departementet fastset samansetjinga
av styret. Styret skal sjå til at forvaltninga av verksemda
er tilfredsstillande organisert og syte for den daglege drifta av
statleg varekrigsforsikring. Styret skal melde frå til
departementet om dei økonomiske tilhøva knytte
til verksemda og utføre oppgåver på vegner
av departementet. Det faste sekretariatet skal òg vere
sekretariat for styret.
Det er departementet sitt ansvar å trekkje styret og
sekretariatet inn i kriseorganisasjonen i departementet når
det er naudsynt.
Eit spørsmål er behov for å gje ei
føresegn om plikt til å la seg oppnemne i styret
til varekrigsforsikringa, ut over heimel i lov av 14. desember
1956 nr. 7 om forsynings- og beredskapstiltak. Departementet har
vurdert det slik at det ikkje vil vere føremålstenleg å nytte
heimel for utskriving t.d. i ein situasjon der det ikkje er krig
eller krise i Noreg.
Ved vurdering av om ein skal tilrå å aktivere
eit tilbod om statleg varekrigsforsikring bør ein etter
departementet si vurdering leggje vekt på:
om krig, krigsfare eller alvorleg
krise kan hindre varetransport og varehandel og omfatte norske interesser,
om det private forsikringstilbodet kan komme til å falle
bort, ut frå vurderingar i så vel norske som utanlandske
verksemder.
Departementet vil i si vurdering òg ta omsyn til generelle
risikovurderingar og konsekvensar for viktig næringsverksemd.
Det er såleis ikkje utan vidare slik at ein vil tilrå å aktivere
eit tilbod om statleg varekrigsforsikring sjølv om det
er vesentlege endringar i det private forsikringstilbodet. Departementet må gjere
ei brei vurdering . Ut frå same vurdering vil ein tilrå å avslutte
tilbodet om statleg varekrigsforsikring dersom dei vilkår
som er nemnde ikkje lenger er til stades.
I lovframlegget er omtalt krig, krigsfare eller ekstraordinære
kriseforhold som eit vilkår som må vere oppfylt
for å tilrå vedtak om aktivering av statleg varekrigsforsikring.
Etter departementet sitt syn er det ikkje mogleg med presise definisjonar
av desse omgrepa, men det er viktig med tilstrekkeleg fleksibilitet
i forhold til moglege situasjonar nasjonalt og internasjonalt, t.d.
også "asymmetrisk krigføring", samtidig som ein
ikkje tek sikte på å utvide verkeområdet
for varetransportforsikring
Høyringsnotat om lov om statleg varekrigsforsikring
vart sendt ved brev av 25. februar 2003.
Det er i proposisjonen gjort nærare greie for høringa.
Departementet legg vekt på at det ved iverksetjing av
lova må finne stad ei vurdering og tilråding der
også andre departement kan fremje synspunkt.
Framlegget til lov gir nye rammer for forvaltninga av eit statleg
tilbod om varekrigsforsikring, og angir ansvars- og styringsforhold
for ei slik verksemd. Departementet meiner at framlegget til modell
gjer det mogleg å aktivere ei effektiv ordning i ein situasjon
med krig eller krise. Samstundes vil administrasjonen av den nye
modellen i fredstid gi mindre kostnader sidan verksemda vil vere
avgrensa til ei ordning i beredskap.
Etter statsbudsjettet 2003 er det att likvide midlar på om
lag 160 mill. kroner under ordninga. Det er lagt til grunn at utgiftene
med å etablere det nye beredskapssystemet blir dekte av
midla i fondet i 2003. Etter at Statens varekrigsforsikring i si
noverande form er avvikla, vil restmidla med unntak av 10 mill. kroner
bli førte til inntekt i statsbudsjettet.
Det nye systemet inneber at plikter som er inngått under
Statens varekrigsforsikring vil bli avvikla etter dei avtaler som
gjeld for polisane. Departementet legg til grunn at pliktene som
er inngått i all hovudsak vil vere avslutta innan utgangen
av 2003. Om det likevel er plikter i 2004 skal krav behandlast av
sekretariatet for den statlege varekrigsforsikringsordninga på vegner
av departementet.
Innføring av lov om statleg varekrigsforsikring fører
med seg risiko for at staten kan pådra seg erstatningsutbetalingar
utover det som blir dekt gjennom premieinnbetalingar. Regjeringa
vil i samband med statsbudsjettet for 2004 be om fullmakt frå Stortinget til
at Kongen i 2004 kan inngå avtaler om forsikringsansvar
under beredskapsordninga for varekrigsforsikring innafor ei totalramme
for nytt og gamalt ansvar på 1 000 mill. kroner
(fullmakt om "dekning av forsikringstilfelle"). Nivået
på ei slik fullmakt er sett ut frå at uteståande
forsikringsansvar pr. dag under gjeldande ordning med varekrigsforsikring
- ved drift i fredstid - kan vere på denne storleiken.
Ein må vente at Regjeringa vil be om ei slik fullmakt i
samband med dei årlege statsbudsjetta under Nærings-
og handelsdepartementet.
Dersom det blir behov for utbetalingar i samband med forsikringsavtaler
som er inngått under beredskapsordninga, vil Regjeringa
i samsvar med § 11 i Løyvingsreglementet
fremje forslag om tilleggsløyving, om mogleg før
utgifta blir pådregen. Dersom saka hastar slik at ein ikkje
kan vente med betaling til stortingsvedtak ligg føre, vil
det bli fremja kongeleg resolusjon med samtykke til at utgifta blir
pådregen og dekt. Regjeringa vil i etterhand leggje fram
saka i proposisjon til Stortinget.
GIEK er i dag sekretariat for Statens varekrigsforsikring. Departementet
vil vurdere korleis sekretariatsfunksjonen bør organiserast økonomisk
og administrativt, men legg til grunn at det skal vere eit fast sekretariat
for statleg varekrigsforsikring i fred så vel som i krise
og krig. Det skal liggje føre ei avtale mellom departementet
og sekretariatet. Departementet legg til grunn at utgifter til drift
av det nye beredskapssystemet i fredstid vil bli dekte av dei årlege renteinntektene
av fondet på 10 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Morten Lund, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at Stortinget ved behandling av statsbudsjettet for 2003 har sluttet seg til at tilbudet i Statens varekrigsforsikring i sin nåværende form skal avvikles, men at det fortsatt skal være en statlig varekrigsforsikring som et beredskapssystem.
Komiteen slutter seg til at lov om Statens varekrigsforsikring av 3. desember 1948 blir erstattet av en ny beredskapslov.
Komiteen vil vise til at et utkast til lov har vært ute på vanlig høring, og at det i løpet av komiteens behandling ikke er kommet henvendelser som angår det framlagte lovforslag.
Komiteen har 21. oktober 2003 mottatt brev, med kopi til nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen, fra Norges Rederiforbund, hvor det bes om at behovet for beredskapsordning for skip tilsvarende den som nå er foreslått for varer, blir vurdert. Komiteen antar at Regjeringen om nødvendig vil komme tilbake med en vurdering av dette.
Komiteen har merket seg at det etter statsbudsjettet 2003 er tilbake om lag 160 mill. kroner under ordningen, og at kostnadene ved å etablere det nye beredskapssystemet vil bli dekket av disse midler. Komiteen har videre merket seg at det som del av statsbudsjettet for 2004 skal behandles en fullmakt til at Kongen kan inngå avtaler om forsikringsansvar under beredskapsordningen for varekrigsforsikring.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Odelstinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om statleg varekrigsforsikring
§ 1 Iverksetjing og avslutting av tilbod om statleg varekrigsforsikring
Kongen kan fastsetje at staten skal tilby varetransportforsikring mot krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold i Noreg eller utlandet («varekrigsforsikring») for så vidt det får følgjer for norske interesser og slike omstende kan hindre forsyning og varetransport dersom det private forsikringstilbodet opphøyrer, kan kome til å opphøyre eller ikkje dekkjer ein slik situasjon.
Kongen kan avslutte tilbodet om statleg varekrigsforsikring dersom dei vilkår som er fastlagde i første ledd ikkje lenger er til stades.
§ 2 Verkeområde
Staten kan tilby varetransportforsikring ved krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold av:
1. varer som blir sende til, frå eller innafor norsk område, og når det er norske interesser som blir dekte, også av varer som blir sende mellom stader i utlandet.
2. norske reiarar og tidsbefraktarar si frakt på reisebasis, befraktingskommisjon og havaripengar i risiko for norske forsikringstakarar.
Kongen eller den han gir mynde kan fastsetje at også andre interesser kan bli dekte.
§ 3 Organisering
Ved iverksetjing av statleg varekrigsforsikring som fastlagt i § 1 kan Kongen bestemme at det blir oppretta eit styre med leiar og så mange medlemmer som departementet fastset. Styret skal ha ansvaret for den daglege leiinga og drifta av varekrigsforsikringsordninga. Det skal òg vere eit eige sekretariat.
§ 4 Forskrifter
Kongen kan gi nærare forskrifter om gjennomføring av denne lova.
§ 5 Oppheving av og endringar i andre lover
Lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring vert oppheva.
Forsikringsavtaler som er inngått etter lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring gjeld inntil dei blir terminerte og plikter etter forsikringsavtalene er gjort opp.
I lov av 17. juli 1953 nr. 2 om erstatning for krigsskade på eigedom og interesser vert § 36 andre ledd nr. 4 oppheva.
§ 6 Iverksetjing
Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
Oslo, i finanskomiteen, den 30. oktober 2003
Siv Jensen |
Morten Lund |
leder |
ordfører |