2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Ivar Kristiansen, Michael Momyr og Erlend Nornes, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Andersen Eide og Olaf Gjedrem, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til at ehandelslova trådte i kraft 1. juli 2003 og gjennomfører "direktivet om elektronisk handel" unntatt bestemmelsene om tjenesteytande mellommann sin ansvarsfridom regulert i artiklane 12 til 15. Lovforslaget i denne proposisjonen gjennomfører desse artiklane ved forslag til ei endringslov til ehandelslova.

Komiteen viser til at artiklane gir ansvarsfridom for overførings- og tilgangstenester, for mellomlagring (caching) og for nettvertstenester (hosting). Komiteen er einig i at det vert gjeve ansvarsfridom for tilbydarar av ovannemnde tenester, under dei føresetnadene som vert nemnt i lovframlegget.

Komiteen viser også til at Sverige, Danmark og Finland har gjennomført avgjerende om ansvarsfridom tilnærma ordrett frå direktivet.

Komiteen har også merka seg at ein iht. lovframlegget ikkje kan pålegga tenesteytar ein generell plikt til å overvaka informasjon, og er einig i dette.