2. Verdigrunnlaget for lovforslaget

2.1 Samandrag

Det blir vist til at Regjeringa i St.prp. nr. 1 (2002-2003) har lagt eit føre-vãr-prinsipp til grunn for bruk av ny bio- og genteknologi og utviding av verkeområdet i dagens reguleringar på dette området. Det blir uttala at når det gjeld framstilling av klona dyr, inneber dette prinsippet at der det er rimeleg tvil om kor vidt bruk av kloningsteknikkar kan ha ein mogeleg overføringsverdi for utvikling av metodar for reproduktiv kloning av menneske, eller kan ha negative konsekvensar for miljø, menneske- og dyrehelse eller andre forhold, bør tvilen komme enkeltmennesket, naturen og samfunnet til gode.

Regjeringa tek utgangspunkt i konsekvensetiske vurderingar når bruken av kloningsteknikkar på dyr skal regulerast. Dette inneber ei etisk restriktiv linje, men avgrensingane på bruken av teknologien skal vegast opp mot mogelege positive bruksmåtar for menneske og dyr.

Det blir understreka at verdien av andre livsformer enn mennesket er uavhengig av kva nytte mennesket kan ha av desse, og at enkeltdyr, artar og økosystem har ein ibuande verdi utover den verdien vi som menneske tilkjenner dei. Regjeringa meiner at eit grunnleggjande verdisyn som krev respekt for alt liv må liggje til grunn for styringa med bruken av nye teknologiske metodar.

Regjeringa har erklært at dyr skal behandlast på ein måte som er etisk forsvarleg, noko som inneber at framstilling av klona dyr ikkje skal medføre utilbørlege lidingar og problem for dyra.

2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, merkar seg at Regjeringa byggjer sin argumentasjon på eit grunnleggjande verdisyn som krev at respekt for alt liv må ligge til grunn for styringa med bruken av nye teknologiske meto­dar.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, vil understreka at verdien av andre livsformer enn mennesket er uavhengig av kva for nytte menneske kan ha av desse, og at enkeltdyr, artar og økosystem har ein ibuande verdi utover den verdien vi som menneske tilkjenner dei.

Dette fleirtalet har òg merka seg at Regjeringa i St.prp. nr. 1 (2002-2003) har lagt eit føre-var-prinsipp til grunn for bruk av ny bio- og genteknologi og i samanheng med utvidinga av verkeområdet i dagens reguleringar på dette området. Regjeringa peikar i Ot.prp. nr. 84 (2002-2003) på at når det gjeld framstillinga av klona dyr, så fylgjer det av dette prinsippet at der det er rimeleg tvil om i kor stor grad bruk av kloningsteknikkar kan ha ein mogleg overføringsverdi for utvikling av metodar for reproduktiv kloning av menneske, eller kan ha negative fylgjer for miljø, menneske- og dyrehelse eller andre forhold, så bør tvilen komme enkeltmennesket, naturen og samfunnet til gode.

Dette fleirtalet meiner dette prinsippet veier mykje i samanheng med denne saka. Det er etter dette fleirtalet si meining stor utryggleik kring dei økologiske og helsemessige konsekvensane av kloning av dyr. Når det gjeld korleis kloninga påverkar helsa til dei involvera dyra, så ligg det føre mellom anna ein rapport frå National Academy of Sciences. Denne slår fast at berre ein liten prosent av embryooverføringane hos kveg, sau, geiter, katter, mus og kaninar har ført til levande avkom. Vidare går det fram av rapporten at i meir enn 90 prosent av kloningsforsøka som har blitt utførde med forskjellige pattedyr, så har dei overførte embryoa ikkje utvikla seg normalt eller enda som spontanabortar. Til dømes var det rundt 300 forsøk av kloning av sauen Dolly før det lykkast å få fram eit livskraftig lam, og det vart mange fleire deformerte og daudfødde dyr seinare òg. I tillegg peiker rapporten på ein rekkje helseproblem hos dei klona dyra som har vorte fødd. Mellom anna er det påvist at kalvar framstilla ved kjernetransplantasjon vert ekstremt store. Normal fødevekt for ein kalv er rundt 40 kilo, mens ein klona kalv veier 90 kilo. Årsaka til at kalvane vert så store er ikkje kjend. Det er mellom anna stor utryggleik omkring langtidsverknaden av denne typen kloning på grunn av aldringsprosessen som er starta i genmaterialet. Det er òg stor utryggleik rundt spørsmålet om kjernetransplantasjon frå ei kroppscelle tatt frå eit vaksent individ kan føre til auka sjukdomsmengde eller liknande seinare i livet hos dei klona individa.

Dette fleirtalet vil i tråd med eit føre-var-prinsipp vidare peika på at vi veit lite om korleis desse nemnde forholda kan slå ut vidare i det økologiske systemet, blant anna i næringskjeda og i forhold til genforureining, nedsett motstandskraft mot sjukdommar og utarming av artsmangfaldet.

Komiteen sin medlem frå Senterpartiet meinar dette er område som er for dårleg utreda i dag, og som òg må vegast opp mot dei fordelane ein eventuelt kan rekna med i samanheng med medisinsk forsking og utvikling.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderparti viser til at en rekke høringsinstanser setter spørsmålstegn ved om det er forsvarlig å forby kloning når dette kan gi bedre behandlingsmetoder for syke mennesker. Disse medlemmer viser bl.a. til høringsuttalelsen fra Norges teknisk naturvitenskapelige universitet der det heter:

"Medisinsk biologisk forskning basert på kloning av forsøksdyr og bruk av kloning for utvikling av celler, vev og dyr brukt til medisinske formål (Xenotransplantasjon, produksjon av medisinske preparat) innebærer muligheter for så stor gevinst for menneskelig helse at det vil være etisk problematisk å ikke ta disse metodene i bruk, når en har kontroll over risiki i den grad som gjelder for kloning."

Disse medlemmer deler disse synspunktene og er glad for at slike synspunkter også kommer til uttrykk i departementets vurderinger:

"Kloning av dyr kan være av avgjørende verdi for forskning på forebyggende og terapeutisk tiltak i samband med ei rekke sjukdommar som er utbreidt i befolkningen. Medisinsk-biologisk forskning basert på kloning av forsøksdyr, og bruk av celler, vev og dyr til medisinsk formål, byr på så store potensielle helsefordeler for menneske og dyr at det kan være etisk problem å ikke ta disse metodene i bruk." (s. 22)

Disse medlemmer vil i tillegg til de over­nevnte etiske avveiingene peke på at også andre etiske avveiinger må gjøres, og vil i den forbindelse vise til følgende merknad til lovens formålsparagraf (s. 30):

"Naturen sin integritet og eiegenverdi generelt er eit vesentleg argument ved etiske vurderingar som skal gjerast etter lova. Vidare skal vurderingane ha element av pliktetikk, der det mest opplagde vil vere argument mot å la virveldyr lide i utrengsmål."