Forslag fra Høyre, Fremskrittspartiet og
Kristelig Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen utrede og fremme forslag til full
avgiftsmessig likebehandling av forvaltningstjenester som boligbyggelagene
yter til tilknyttede borettslag og mellom frittstående
borettslag og sameier.
Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk
Venstreparti:
Forslag 2
I lov om endringer i lov 6. juni 2003 nr.
39 om burettslag (burettslagslova) mv. gjøres følgende
endringer:
§ 2-13 andre ledd
andre punktum skal lyde:
Før buretten blir overteken, skal avtalen om rett til
bustad i laget registrerast i burettsregisteret.
Ny § 6-16 skal lyde:
Skadebotansvar
(1) Registereigaren skal bøte tap som nokon lir utan
eiga skyld ved:
1. å lite på ein attest om registrering
eller sletting eller på ei attestert registerutskrift,
2. at eit rettserverv ved ein feil ikkje blir registrert eller
blir registrert eller endeleg registrert for seint,
3. at eit rettserverv må stå attende etter § 6-12
for eit erverv som er registrert seinare, eller
4. at registrering er skjedd på grunnlag av eit
dokument som nemnt i § 6-13 andre ledd, og nokon
i god tru har fått registrert ein rett som byggjer på avtale,
i tillit det registrerte.
(2) Registereigaren er elles ansvarleg for tap som nokon
lir ved aktløyse frå registereigar eller registerførar
eller nokon som registereigar eller registerførar er ansvarleg
for etter skadebotlova § 2-1. Dette gjeld også aktløyse
eller mangelfull oppfølging og/eller sikring mot
at registeropplysningane heilt eller delvis blir øydelagd.
§ 14-9 nytt åttende og
niende ledd skal lyde:
(8) Beslagsforbod i andel i burettslag og råderettsband
etter dekningslova § 3-2 i slik andel har rettsvern
utan registrering i burettsregisteret, dersom rettsvernet er sikra
før kapittel 6 i lova her er sett i verk.
(9) Er det i medhald av § 14-17 avtalt
innskrenking i røysteretten etter § 7-10,
kan innskrenkinga halde fram så langt det følgjer
av dei tidlegare reglane.