Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om lov om endring i barnevernloven (opplysningsplikt mv. for krisesentre til barnevernstjenesten)

Til Odelstinget

1. Sammendrag

1.1 Proposisjonens innhold

Barne- og familiedepartementet la 2. september 2005 fram for Stortinget Ot.prp. nr. 111 (2004-2005) Om lov om endringer i barnevernloven (opplysningsplikt mv. for krisesenter til barneverntenesta). Det framsatte forslaget ble ikke behandlet av det forrige storting. I henhold til Stortingets forretningsorden § 33 tredje ledd må odelstingsproposisjoner som ikke er ferdigbehandlet av Odelstinget og Lagtinget i den valgperiode de er overbrakt i, framsettes på ny for å bli tatt under behandling. Barne- og familiedepartementet legger fram forslaget om endringer i barnevernloven på ny. Forslaget er i samsvar med forslaget i Ot.prp. nr. 111 (2004-2005).

1.2 Sammendrag av Ot.prp. nr. 111 (2004-2005)

1.2.1 Innleiing

Departementet legg med dette fram forslag til endringar i barnevernlova. Tiltaket er eit ledd i arbeidet for å verne barn mot overgrep.

Departementet foreslår at dei private krisesentra får ei lovpålagd opplysningsplikt til barneverntenesta på linje med andre organisasjonar og private som utfører oppgåver for det offentlege. Departementet foreslår at opplysningsplikta blir skilt ut i ei eiga føresegn i barnevernlova, som også gir pålegg om teieplikt om forhold krisesentra får kjennskap til i samband med at barneverntenesta hentar inn opplysningar.

1.2.2 Vurderingar og forslag frå Barne- og familiedepartementet

1.2.2.1 Behovet for at krisesenter får opplysningsplikt til barnevernet

Kvinner med barn som oppsøkjer eit krisesenter, flyttar i ein del tilfelle tilbake til overgriparen med barna. Det kan innebere at barna kjem tilbake til eit tilvære der dei blir utsette for vald og overgrep, anten direkte eller ved at dei blir vitne til vald. I somme tilfelle er det ikkje andre instansar enn krisesenteret som kjenner til forholda i heimen.

Det kan føre til alvorlege skadar for barn å bli utsette for vald og overgrep, anten direkte eller ved at dei er vitne til vald. Departementet meiner at det er viktig av omsyn til barnet at krisesentra melder frå til barnevernet dersom dei i denne situasjonen har grunn til å tru at barnet blir utsett for alvorleg omsorgssvikt. Ein slik situasjon er så alvorleg at ein ikkje kan overlate til private å handsame dette. Det er viktig at barneverntenesta med sin spesialkompetanse får nødvendige opplysningar, slik at barnet blir sikra nødvendig hjelp og omsorg. Etter departementet si meining må krisesentra, på same måten som alle andre som har opplysningsplikt til barnevernet etter gjeldande rett, ha opplysningsplikt både av eige tiltak og etter pålegg frå barneverntenesta. På denne måten oppfyller ein behovet for at barneverntenesta både blir sikra opplysningar i dei tilfella der dei er uvitande om situasjonen i familien, og i dei tilfella der barneverntenesta har behov for tilleggsopplysningar utover dei barneverntenesta alt sit inne med.

Departementet ser at det er viktig at ei kvinne som oppsøkjer eit krisesenter, kan kjenne seg trygg, også på at opplysningar ho gir, ikkje blir vidareformidla utan samtykke frå henne. Belastninga for tillitsforholdet er likevel vurdert i andre samanliknbare situasjonar, til dømes i lov om helsepersonell, lov om familievernkontor og meklingsmenn i ekteskapssaker (jf. lov om ekteskap), og omsynet til vern av barna har også i desse situasjonane fått avgjerande innverknad. Lovgivaren har med dette sett omsynet til barnet framfor behovet for å kunne ta vare på tillitsforholdet i eit behandlar/klient-forhold. Departementet er derfor einig i arbeidsgruppa si vurdering om at omsynet til barnet må vege tyngre, og viser her til drøftinga i rapporten frå arbeidsgruppa.

Departementet går også ut frå at det kan vere positivt for mor til barnet at ho sjølv blir fråteken ansvaret for å melde frå til barneverntenesta. Press frå samlivspartnaren kan gjere dette vanskeleg. Det kan også vere ein fordel for dei som arbeider ved krisesentra, at dei kan vise til at dei har ei opplysningsplikt i ein slik situasjon. I dialogen mellom krisesenteret og brukaren kan då merksemda rettast mot korleis barnevernet skal informerast, og eit samarbeid om korleis dette skal gjerast, framfor eit spørsmål om barnevernet skal kontaktast eller ikkje.

Departementet ser heller ikkje at avverjeplikta etter straffelova § 139 er tilstrekkeleg til å gi barnet godt nok vern og viser til at denne føresegna ikkje nødvendigvis kan brukast ved til dømes det å vere vitne til vald.

Det må også vurderast som uheldig at krisesentra er underlagt ulike reglar om teieplikt og opplysningsplikt, avhengig av eigarskap og organisering, og avhengig av om ein meiner at dei behandlar personopplysningar og såleis kjem inn under personopplysningslova eller ikkje.

Departementet vil derfor foreslå at krisesentra får ei opplysningsplikt til barnevernet på lik linje med offentlege styresmakter og organisasjonar og private som utfører oppgåver for det offentlege.

1.2.2.2 Nærmare om lovfesting av ei opplysningsplikt for krisesenter til barnevernet

Innføring av ei slik opplysningsplikt krev ein klar lovheimel. Opplysningsplikt for krisesenter til barnevernet føreset derfor ei lovendring.

Departementet har vurdert kva for ei lov ei slik opplysningsplikt bør heimlast i. Det finst inga særlovgiving der det er naturleg å regulere opplysningsplikta. Barnevernlova er ei generell lov, men omhandlar spesifikt spørsmålet om opplysningsplikt i slike tilfelle. Departementet meiner derfor at ei opplysningsplikt for krisesenter til barnevernet bør regulerast i barnevernlova.

Dersom krisesenterverksemda skal ha opplysningsplikt til barneverntenesta, er det etter departementet si meining behov for å sikre at denne plikta korresponderer med ei lovpålagd teieplikt når det gjeld opplysningar som kjem fram i samband med dei undersøkingane barneverntenesta gjer. Dersom barnevernet får opplysningar om alvorleg omsorgssvikt overfor eit barn, kan barnevernet ha behov for å be om fleire opplysningar. Ein slik førespurnad frå barneverntenesta vil i seg sjølv vere ei sensitiv opplysning og bør kome inn under teieplikta.

Den lovpålagde teieplikta for dei private krisesentra bør likevel ikkje være meir vidtrekkjande enn at ho omfattar opplysningar som kjem fram i samband med at barneverntenesta innhentar opplysningar. Det er ikkje ei målsetjing å lovregulere meir av verksemda i krisesentra enn det som er nødvendig i samband med innføring av ei opplysningsplikt. Teieplikt utover dette blir regulert etter gjeldande reglar og retningslinjer, i form av sjølvpålagd og avtalebasert teieplikt, retningslinjer for statstilskot, personopplysningslova og retningslinjer frå Datatilsynet.

Departementet foreslår at opplysningsplikta for krisesenterverksemda blir skild ut i ei eiga føresegn, som ny § 6-4 a. På denne måten kan spørsmål om teie­plikt regulerast særleg, men avgrensa til det aktuelle området.

På bakgrunn av at krisesenterverksemda ikkje er lovregulert, finst det heller ingen legaldefinisjon av kva som er eit krisesenter. Når det skal påleggjast ei plikt, er det nødvendig med ei klar avgrensing av kven som skal vere omfatta av plikta, for å sikre at det ikkje oppstår tvil om verksemda er pålagd opplysningsplikt. Departementet foreslår at det i lova blir vist til krisesenter som får driftskostnadene dekte av det offentlege, og at det i forskrift blir spesifisert kva for krisesenter som er omfatta, slik det er foreslått i lovutkastet første og fjerde punktum.

Det er vidare behov for å presisere kven som skal omfattast av ei eventuell opplysningsplikt knytt til krisesentra. Departementet meiner at alle medarbeidarar ved krisesentra bør vere omfatta av opplysningsplikta.

Det kan også oppstå behov for ei nærmare utdjuping av opplysningsplikta og teieplikta, sidan dette ikkje er regulert i særlovgiving for krisesenter. Departementet vil derfor foreslå ein forskriftsheimel som også omfattar desse spørsmåla, jf. lovutkastet femte punktum.

Forsettleg eller aktlaust brot på den lovpålagde teieplikta som følgjer av teneste eller arbeid for eit statleg eller kommunalt organ, blir straffa etter straffelova § 121 med bøter eller fengsel inntil seks månader. Private krisesenter er ikkje omfatta, fordi ein ikkje vurderar det slik at dei utfører arbeid for noko statleg eller kommunalt organ. Brot på den sjølvpålagde, avtalebaserte teieplikta for krisesentra er ikkje straffesanksjonert, og kan ikkje få større konsekvensar enn at det ikkje vil bli gitt statstilskot. Brot på personopplysningslova kan føre til tvangsmulkt og straff.

Når krisesentra i denne samanhengen får ei lovpålagd teieplikt om forhold dei får kjennskap til i samband med at barnevernet hentar inn opplysningar, vil teieplikta ha liten verdi dersom konsekvensane av brot på denne plikta ikkje er adekvate. Departementet meiner derfor at brot på teieplikta må straffesanksjonerast på same måten som for dei som utfører arbeid for eit statleg eller kommunalt organ.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hild­eng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, fra Senterpartiet, Erling Sande, og fra Venstre, Trine Skei Grande, viser til at forslaget ble fremmet første gang av regjeringen Bondevik II. Forslaget innebærer at krisesentrene skal ha opplysningsplikt til barnevernet. Dette vil bringe krisesentrene på linje med andre offentlige virksomheter.

Komiteen viser til at intensjonen med forslaget er at krisesentrene skal melde fra til barnevernet hvis en kvinne flytter tilbake med barna sine fra krisesenteret til overgriper. Dette kan utsette barna for alvorlig omsorgssvikt.

Komiteen viser til at regjeringen Bondevik II mener at barnevernet skal ha melding hvis barn bringes tilbake til en situasjon, hvor de er utsatt for overgrep og vold enten direkte eller ved å være vitne til slike handlinger mot andre.

Komiteen vil understreke at det er helt uakseptabelt at noen utøver vold mot andre, og finner det også helt forkastelig at barn blir utsatt for vold enten direkte eller indirekte.

Komiteen viser til at det finnes en rekke ulike instanser som skal fange opp barn som opplever omsorgssvikt, her kan nevnes helsesøster, barnehage og skole. Alle disse har meldeplikt overfor barnevernet.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, merker seg at et flertall av høringsinstansene støtter forslaget om en opplysningsplikt for krisesentre til barnevernet. Kvinner med barn som oppsøker et krisesenter, flytter i mange tilfeller tilbake til overgriper med barna. Dette kan bety at barna kan komme tilbake til en alvorlig livssituasjon der de selv kan bli utsatt for vold og overgrep eller være vitne til slike handlinger. Flertallet vil vise til at en livssituasjon for barn som enten direkte eller indirekte er utsatt for grove voldshandlinger kan føre til alvorlige skader på barnet. Flertallet mener en slik situasjon representerer en alvorlig omsorgssvikt som fordrer at krisesentrene bør ha opplysningsplikt til barnevernet, slik at barnevernet til enhver tid kan sikre hjelp, omsorg og eventuelle tiltak rettet mot barnets egne behov. Flertallet ser dilemmaet mellom hensynet til det å ta vare på tillitsforholdet mellom bruker og krisesenter og hensynet til barnets beste. Flertallet vil peke på at det ikke foreligger konkrete holdepunkter for at kvinner faktisk lar være å bruke de krisesentrene hvor det i dag foreligger en opplysningsplikt til barnevernet. Flertallet vil likevel vise til våre internasjonale forpliktelser gjennom FNs barnekonvensjon art. 3 og 13 hvor vi er forpliktet til å prioritere barns beste. Dette må også være avgjørende i denne saken. Flertallet vil også vise til at straffeloven § 139 ikke gir tilstrekkelig vern overfor barn som er vitne til vold.

Flertallet støtter Regjeringens forslag om at krisesentre får opplysningsplikt til barnevernet på lik linje med offentlige styresmakter og organisasjoner og private som utfører oppgaver for det offentlige.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er bekymret for at en lovhjemlet opplysningsplikt bidrar til at kvinner vegrer seg for å oppsøke krisesentrene. Det er viktig å huske på hva krisesentrene er, nemlig et sted som er en "trygg havn", et sted hvor ingen stiller krav og hvor ingen trusler om verken vold eller annet henger over hodet på den som oppsøker senteret. Disse medlemmer er bekymret for at kvinner som vender tilbake til en voldsmann, med en slik lovendring ikke vil oppsøke krisesentrene. Det betyr at man ikke lenger vil kunne fange opp alle de kvinner dette gjelder. Dette kan bli et stort problem da størsteparten av de kvinnene som kommer til krisesentrene vender hjem til voldsmannen.

Disse medlemmer ønsker ikke å pålegge krisesentrene å være "tyster" - å melde sine medsøstre til barnevernet.

Disse medlemmer er av den oppfatning at med et velfungerende barnevern, og mindre tette skott mellom ulike offentlige institusjoner, så er det ikke nødvendig å stille krisesentrene i en slik vanskelig klemme mellom tillit og plikt.

Disse medlemmer viser til at Kommunenes Sentralforbund, Krisesentersekretariatet og andre organisasjoner mener at en slik lovendring er uheldig, og at denne lovparagrafen kan bidra til at kvinner holder seg borte fra krisesentrene. Det vil ikke være ønskelig. Disse medlemmer viser også til at Krisesentersekretariatet har vedtatt en felles uttalelse om taushetsplikt, som regulerer melderett, og som dermed også ivaretar utsatte barn.

Disse medlemmer slutter seg på bakgrunn av ovennevnte ikke til forslag om endring i lov om barneverntjenester.

3. Komiteens tilråding

Komiteen viser til sine merknader og til proposisjonene og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endring i barnevernloven (opplysningsplikt mv. for krisesentre til barneverntjenesten)

I lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester blir det gjort følgende endring:

I

Ny § 6 4 a skal lyde:

Medarbeidere ved private krisesentre som får driftskostnadene dekket av det offentlige, har opplysningsplikt som nevnt i § 6 4 annet ledd. Medarbeiderne har taushetsplikt om de forhold de får kjennskap til i forbindelse med barneverntjenestens innhenting av opplysninger.

Overtredelse av taushetsplikt etter denne bestemmelsen kan straffes etter straffeloven § 121 dersom vedkommende er gjort oppmerksom på at overtredelsen kan få slik følge.

Departementet skal gi forskrift om hvilke krisesentre og medarbeidere som omfattes av bestemmelsene i denne paragraf. Departementet kan videre gi forskrift med nærmere bestemmelser om innholdet i opplysningsplikten og taushetsplikten.

II

Loven gjelder fra den tid Kongen fastsetter.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 8. desember 2005

May-Helen Molvær Grimstad Karin S. Woldseth
leder ordfører