Ved lov 10. desember 2004 nr. 77 blei skattelova § 4-12
endra. Som ei følgje av endringane blei tilvisingane i
arveavgiftslova § 11 A første ledd feil.
Departementet foreslår at dette blir retta opp.
Departementet viser til forslag til endring i arveavgiftslova § 11
A. Departementet foreslår at endringane blir sett i kraft
straks.
Ved lov 17. juni 2005 nr. 71 blei følgjande
endring gjort i likningslova § 3-13 nr. 6:
"§ 3-13 nr. 6 skal lyde:
6. Taushetsplikten
er ikke til hinder for at opplysninger om fødselsnummer
for personlig skattyter eller organisasjonsnummer for upersonlig
skattyter, navn, adresse, skatteklasse , den fastsatte nettoformue
og nettoinntekt, skatter og avgifter kan gis til finansinstitusjoner
(jf. lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet),
forsikringsvirksomhet (jf. lov 10. juni 1988 nr. 39 om
forsikringsvirksomhet) og kredittopplysningsvirksomhet. Med kredittopplysningsvirksomhet
menes virksomhet som består i å gi meddelelse
som belyser kredittverdighet og økonomisk vederheftighet.
Disse virksomhetenes bruk av opplysningene skal følge reglene
i lov 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysninger. Departementet
kan gi forskrift til utfylling av denne bestemmelsen."
Endringa tredde i kraft straks.
Ved lov 10. desember 2004 nr. 77 blei følgjande endring
gjort i likningslova § 6-11 nr. 4:
"§ 6-11 nr. 4 skal lyde:
4. Bestemmelsene
i nr. 1-3 gjelder tilsvarende for sparebanker, gjensidige forsikringsselskaper,
kreditt- og hypotekforeninger og selveiende finansieringsforetak
som har utstedt grunnfondsbevis, jf. sparebankloven § 2
annet ledd, lov om forsikringsvirksomhet § 4-2
annet ledd og lov om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner
og for selskaper og sammenslutninger der medlemmene har begrenset
ansvar og som noen eier formuesandeler i eller mottar inntektsandeler
fra, unntatt boligselskaper hvor andelshaverne lignes etter skatteloven § 7-3
."
Endringa tredde i kraft straks med verknad frå og med
inntektsåret 2006.
I lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper,
pensjonsforetak og deres virksomhet mv. (forsikringsloven) § 17-3
nr. 4 er det bestemt at likningslova § 3-13 nr.
6 første punktum og § 6-11 nr. 4 skal endrast,
slik at tilvisingane til lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet
og lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet
og finansinstitusjoner skal lyde "forsikringsloven" og "finansieringsvirksomhetsloven".
Forsikringslova er førebels ikkje tredd i kraft.
Då ein i arbeidet med forsikringslova formulerte forslaget
til endringar i likningslova, tok ein utgangspunkt i likningslova
slik ho lydde før vedtakinga av dei to endringane som er
sitert over. Desse endringane er derfor ikkje komme med i den nye
lovteksten.
Departementet foreslår at forsikringslova blir endra,
slik at ikkje § 17-3 nr. 4 gjer om dei siterte
endringane i likningslova. Departementet viser til forslag om endring
i forsikringslova § 17-3 nr. 4.
Departementet foreslår at endringslova til den nye forsikringslova
trer i kraft straks. Endringa blir då ein del av ny forsikringslov
med det same, men ho får først verknad når
forsikringslova trer i kraft i samsvar med § 17-1.
Reglane om skattlegging av deltakarar i ansvarlege selskap, kommandittselskap
mv. blei tidlegare regulert i skattelova §§ 10-40-10-45.
Desse reglane blei endra ved lov 17. juni 2005 nr. 74 og
lov 9. desember 2005 nr. 116. Reglane er no teke inn i skattelova §§ 10-40
- 10-48. Departementet foreslår difor opprettingar i likningslova § 4-9
nr. 1 og § 8-6 nr. 5 og 6.
I samband med at reglane om prosentlikning av eigen bustad eller
fritidseigedom blei oppheva, blei mellom anna skattelova § 7-12
oppheva ved lov 10. desember 2004 nr. 72. Samstundes blei
nokre av reglane om likning av partseigarar i bustadselskap vidareført
i skattelova § 7-3. Departementet foreslår
difor at tilvisinga i likningslova § 4-9 nr. 1
til skattelova § 7-12, endrast til § 7-3.
Ein viser til forslag til endring av likningslova § 4-9
nr. 1 og § 8-6 nr. 5 og 6.
I samband med at ny bokføringslov blei vedtatt ved lov
19. november 2004 nr. 73, blei det også vedtatt
endringar i skattelova §§ 4-31 tredje
ledd og 6-91 tredje ledd med verknad frå og med 1. januar
2006. Føresegnene gjeld fordeling av gjeld og frådrag
for gjeldsrenter mellom Noreg og utlandet. Føresegnene avgrensar
retten til frådrag for utanlandske gjeldsrenter og utanlandsk
gjeld når skattytaren har fast eigedom eller driv eller
deltar i verksemd i utlandet eller har formue i slik fast eigedom
eller verksemd, og inntekta frå og/eller formuen
i desse er unntatt frå skattlegging i Noreg etter skatteavtale.
Før lovendringa regulerte §§ 4-31
andre ledd og 6-91 andre ledd avgrensinga i retten til frådrag
for skattytarar som var fullt ut rekneskapspliktige etter då gjeldande
rekneskapslov § 1-2 første ledd. Føresegna
i §§ 4-31 tredje ledd og 6-31 tredje
ledd regulerte avgrensinga for alle andre skattytarar, utan omsyn
til om dei hadde avgrensa rekneskapsplikt etter då gjeldande
rekneskapslov kapittel 2 eller var unntatt frå rekneskapsplikt.
Ved ein inkurie blei §§ 4-31 tredje ledd
og 6-31 tredje ledd endra, slik at avgrensinga i retten til frådrag
etter disse føresegnene nå berre gjeld for "bokføringspliktige,
men ikke regnskapspliktige ". Med dette falt skattytarar som verken har
rekneskapsplikt eller bokføringsplikt ut av føresegnene.
Dette har ikkje vore meininga. Departementet gjer derfor framlegg
om endring av disse føresegnene slik at dei omfattar alle
skattytarar som ikkje har rekneskapsplikt etter rekneskapslova.
Ein viser til forslag til endring av skattelova §§ 4-31
tredje ledd og 6-91 tredje ledd.
Frå 1. januar 2006 blei reglane om regulering
av aksjars inngangsverdi med tilbakehaldt skattlagt kapital (RISK-reglane)
oppheva. Skattelova § 10-37 regulerer skattlegging
ved likvidasjon av aksjeselskap og innløysing av enkeltaksjar.
Det følgjer av tredje ledd første punktum at "Gevinst
eller tap fastsettes etter reglene i §§ 10-31
til 10-36 så langt de passer". Føresegnene i tredje
ledd andre og tredje punktum gjeld RISK-regulering i samband med
likvidasjon av aksjeselskap. Departementet foreslår derfor
at desse føresegnene opphevast.
Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 10-37
tredje ledd. Departementet foreslår at endringa blir sett
i kraft straks, med verknad frå og med inntektsåret
2006.
I samband med departementet sin gjennomgang av reglane for skattemessig
tidfesting for skattytarar med plikt til å føre
rekneskap, vart det i Ot.prp. nr. 26 (2005-2006) foreslått
fleire endringar i skattelova § 14-4. Tidlegare
var skattelova § 14-4 heimel for rekneskapsprinsippet
for skattytarar med plikt til å føre rekneskap.
Som følgje av forslag om å oppheve rekneskapsprinsippet
og å få realisasjonsprinsippet som hovudregel
for skattemessig tidfesting for alle skattytarar med plikt til å føre
rekneskap, blei skattelova § 14-4 reservert for
einskilde særlege reglar for skattytarar som har plikt
til å føre rekneskap i følgje lov eller
med heimel i lov, jf. forslag til skattelova § 14-1
første ledd i Ot.prp. nr. 26 (2005-2006). Desse endringane
i skattelova § 14-4 fekk verknad frå og med
2005.
Det blei ved dette høvet ikkje teke omsyn til at skattelova § 14-4
første ledd òg vart endra då lov om bokførsel
av 19. november 2004 nr. 73 blei vedteken, med verknad
frå 1. januar 2006. Den sistnemnde endringa gjer
eit skilje mellom skattytarar med plikt til bokføring og
skattytarar med plikt til rekneskapsføring. Dette skiljet
er no blitt unødvendig etter at reglane i skattelova § 14-4
berre gjeld for skattytarar med plikt til rekneskapsføring.
Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 14-4
første ledd.
Ved lov av 17. desember 1999 nr. 94, jf. Ot.prp. nr.
1 (1999-2000) punkt 18.1, fekk skattelova § 14-70
eit nytt anna ledd. Samtidig blei det også vedteke oppretting
slik at dåverande anna til sjuande ledd blei nye tredje
til åttande ledd. Dei to tilvisingane i paragrafen sitt
sjuande ledd første og anna punktum til respektive femte
og anna ledd blei ikkje retta opp samtidig. Rett tilvising i skattelova § 14-70
sjuande ledd skal vera til respektive sjette og tredje ledd i paragrafen.
Departementet viser til endring i skattelova § 14-70.
Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks.
Komiteen sluttar seg til framlegget
frå Regjeringa om endring i arveavgiftslova § 11
A første ledd, forsikringslova § 17-3
nr. 4, likningslova § 4-9 nr. 1 og § 8-6
nr. 6 og skattelova §§ 4-31 tredje ledd, 6-91
tredje ledd, 10-37 tredje ledd, 14-4 første ledd og 14-70. Komiteen har
slutta seg til framlegget om endring av likningslova § 8-6
nr. 5 ovanfor under punkt 11.2.