2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, frå Høgre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, støttar framlegget om at innkalling til soning og soningsutsetjing vert overført frå politiet til kriminalomsorga.

Komiteen er samd i at ei slik overføring vil gjeva ei meir effektiv straffepleie, og vil ha stor betydning for at kriminalomsorga kan planlegge og dermed utnytte soningskapasiteten på ein meir effektiv måte enn i dag. Det same gjeld vedrørande å effektivisere sakshandsamingsrutinane. Komiteen ser òg fordelen ved å samle alt i ein etat, og viser til at overføringa av kompetanse alt har skjedd vedrørande fullbyrding av nordiske dommer, vedrørande narkotikaprogram med domstolskontroll, og program mot ruspåvirka køyring.

Komiteen har òg merka seg at dei aller fleste av høyringsinstansane støttar framlegget. Motforestillingane går på skepsis til om samarbeidet og informasjonsflyten mellom politiet og kriminalomsorga vil virke tilfredsstillande for eksempel vedrørande gjengangere. Komiteen delar ikkje denne bekymringa, då vi ikkje finn årsaker til at dagens gode informasjonsflyt og samarbeid skal opphøyre. Komiteen forutset òg at politiet sin kjennskap til den enkelte domfelte også i framtida vert vektlegt både vedrørande prioritering av innkalling og soningsutsetjing, og at politiet gjev kriminalomsorgen melding om slike forhold, og at kriminalomsorgen innhentar slik informasjon frå politiet der det er behov for det.

Komiteen ønskjer også å presisere at politiet på eiga hånd, utan begjæring frå kriminalomsorga framleis har høve til å etterlyse og pågripe ein rømd soningsfange.

Komiteen viser til at dagens praksis med at kva sakshandsamingsreglar som vert nytta, straffeprosessloven eller forvaltningsloven sine reglar, hittil har variert alt etter om søknaden kjem inn før eller etter at domfelte har påbegynt soningen. Komiteen er samd med departementet i at det er behov for sams sakhandsamingsreglar som er ryddige å praktisere, og at det er forvaltningsloven sine reglar som i hovudsak skal følgjast, då med dei unntaka som følgjer av straffegjennomføringslova § 7. Klageadgangen vil følgje dei vanlige reglane i forvaltningslova, dvs. neste ledd uavhengig av organisering.

Ved usemje vedrørande om vilkåra for soningsutsejing er tilstades eller ei viser komiteen til at dagens straffeprosessuelle spor vil halde fram. Domfelte vil då ha høve til å gå til sivilt søksmål. Domstolsprøving forutset imidlertid at kriminalomsorgen kan påkjære rettens kjennelse og har møterett ved rettsmøta i domstolen. Denne presiseringa kjem fram i endring i straffeprosesslova § 76 og komiteen har ingen ytterlegare merknader til dette.

Komiteen har merka seg at forhold som proposisjonen berører i lita grad er dei som er for sjuke for å sone i fengsel. Komiteen er kjend med at det vert ei heilskapleg gjennomgang av dette i samband med den bebuda kriminalomsorgsmeldinga som kjem no i vår.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet understreker at det ved omleggingen er viktig å videreføre dagens strenge praksis med hensyn til å gi soningsutsettelse.

Disse medlemmer viser til at det på sikt kan være hensiktsmessig å overføre fullbyrding av alle reaksjoner til kriminalomsorgen. Disse medlemmer mener likevel det vil være naturlig å vinne erfaring med delvis overføring før en vurderer å overføre ytterligere myndighet til kriminalomsorgen.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen foreta en evaluering av endringene i straffeprosessloven om overføring av kompetanse til å innkalle til soning og behandle søknader om soningsutsettelse, etter 2 år og komme tilbake med saken til Stortinget på egnet måte."