5.1 Samandrag

I dag vert petroleumsskatt (terminskatt) betalt inn to gonger i året. Innbetalingane er no særs store, og dei var på om lag 94 mrd. kroner i oktober 2007, og omlag 96 mrd. kroner i april 2008. Betaling av skatt trekkjer inn likviditet frå det norske banksystemet. Dei høge innbetalingane av petroleumsskatt fører til at banksystemet må få tilført likviditet frå Noregs Bank dei første to til tre månadene etter forfall av petroleumsskatten. Banksystemet bør ha eit visst overskot av likviditet (det vil seie at dei samla sett bør ha netto innskot i Noregs Bank) for at rentesetjinga til Noregs Bank skal få gjennomslag i rentemarknaden. Noregs Bank tilfører likviditet gjennom såkalla sikra F-lån. Når behovet for tilførsel av likviditet er så stort som ved betaling av petroleumsskatten, har Noregs Bank problem med å vite kor store F-lån banken bør gje. Dette kan skape uvisse i marknaden. Særleg utanlandske bankar ser på uvissa som stor, i og med at dei ikkje kan ta opp lån i Noregs Bank. Difor har det vore ein tendens til at pengemarknadsrentene har gått opp rundt forfall for terminskatten.

For å vere sikre på å kunne gjere opp for seg også i fall noko uventa skjer, ønskjer gjerne bankane å ha meir likviditet enn dei normalt treng til betalingsoppgjera. Difor tek bankane opp dagslån i tillegg til F-låna frå Noregs Bank. I slike tilfelle fungerer lånemarknaden mellom bankane mindre godt. Då er det vanskeleg for Noregs Bank å sjå kor store ekstraordinære tilførslar som er naudsynte for at ein skal unngå store utslag i rentene i marknaden.

Sidan i fjor sommar har uroa i finansmarknadane både internasjonalt og i Noreg forsterka uvissa som storleiken på petroleumsskattane er opphav til. Departementet ønskjer å unngå at skattesystemet har slike uheldige utslag.

På denne bakgrunn foreslår departementet å auke talet på betalingsterminar frå to til seks terminar, med forfall jamt fordelt utover året. Forfall for terminane vert 1. august, 1. oktober og 1. desember i inntektsåret, og 1. februar, 1. april og 1. juni i det etterfølgjande året. Ordninga er meint å vere tilnærma lik gjeldande ordning, berre med ein auke av talet på innbetalingar. Beløpet som vert betalt inn skal vere likt for dei tre første terminane, og også likt, men eventuelt på eit anna nivå, for dei tre siste terminane. Dette inneber at det berre er mogleg å endre storleiken på utskriven terminskatt før fjerde termin med verknad for dei tre siste terminane. Skattytar kan ved forfall for andre termin med verknad for dei tre første terminane (og ved femte termin med verknad for dei tre siste terminane), betale inn tillegg til terminskatten dersom terminskatten er venta å bli høgre enn utlikna terminskatt. Departementet meiner ei slik avgrensing sikrar ei enkel handtering av utrekning av renter.

På denne bakgrunn foreslår ikkje departementet ei tilpassing av ordninga i tråd med utsegna frå OLF. I tillegg vert endringa av betalingsordninga tilnærma provenynøytral.

Departementet kjem også til å endre dei utfyllande føresegnene til lova for å samordne dei med endringane i betalingsordninga. Dette gjeld særleg reglane om rentebetaling. Vidare vil departementet gjere naudsynte tilpassingar i skattebetalingslova 2005 § 10-22, som er venta å gjelde frå 2009.

Departementet viser til forslag til endring av petroleumsskattelova § 7.

5.1.1 Økonomiske og administrative følgjer

I pkt. 5.5 i proposisjonen er det gjort greie for dei økonomiske og administrative følgjene av forslaget. Det vert vist til proposisjonen.

5.1.2 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringane skal gjelde for terminskatt for inntektsåret 2008 og seinare år. Siste innbetalinga etter dei gamle reglane var då 1. april 2008, og første innbetaling etter dei nye reglane vert 1. august 2008.

5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa om endringar i petroleumsskattelova § 7.