Innstilling frå samferdselskomiteen om endra løyvingsvedtak m.v. for 1994 under Samferdselsdepartementet og om tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 1994 under Fiskeridepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 52 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 14 (1994-95),St.prp. nr. 12 (1994-95)
  • Dato: 05.12.1994
  • Utgiver: samferdselskomiteen

1. Kap. 1066 Lostenesta

Anka etterspurnad etter lostenester

       Fiskeridepartementet legg fram forslag om å auke utgiftene under kap. 1066 Lostenesta, postane 01 og 11 med til saman 12 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i inntektene på kap. 4066, post 01 Særskilt kystgebyr. Saka skuldast auke i losaktiviteten langs kysten.

       Endringane for 1994 er så store at dei ikkje kan dekkast av dei fullmakter Fiskeridepartementet har.

       Komiteen har ingen merknader.

2. Administrasjon

Kap. 1305 Gardermo-prosjektet, lån

       I 1995-budsjettforslaget er det lagt opp til at NSB Gardermobanen AS skal betale full meirverdiavgift. For 1994 er det behov for ei løyving som er rekna til 30 mill. kroner, jf. post 70 (ny) Refusjon av merverdiavgift.

       Med bakgrunn i det reviderte budsjett for Luftfartsverket kan kap. 1305, post 90 Oslo hovedflyplass AS reduserast med 100,0 mill. kroner. Vidare kan lånebehovet elles for 1994 reduserast med 200,0 mill. kroner. Kap. 1305, post 90 kan dermed reduserast med totalt 300,0 mill. kroner.

       Vidare kan låneramma på kap. 1305, post 91 NSB Gardermoen AS reduserast med 60,0 mill. kroner.

       Komiteen har ingen merknader.

3. Sivil Luftfart

Kap. 2450 Luftfartsverket (jf. kap. 5450)

       Luftfarsverket reknar no med ein gjennomsnittleg volumvekst i luftfartsavgiftene og gebyrer i 1994 på om lag 8 % samanlikna med 1993, medan løyvingane for 1994 under kap. 2450 Luftfartsverket var basert på ein volumvekst på 1,9 %.

       Samferdselsdepartementet legg med denne bakgrunn fram revidert budsjett for 1994 for Luftfartsverket, jf. utkast til vedtak. Dei totale inntektene aukar med 207,8 mill. kroner.

       Driftsutgiftene aukar med 114,4 mill. kroner, som fordeler seg med 49,8 mill. kroner på personalutgifter og 64,6 mill. kroner på materiell m.m. Auken i personalutgiftene gjeld:

mill. kroner


Lønsoppgjeret 1994 5,6

Særskilte avtalar med flygeleiarane 14,0

Ekstra opplæringskostnader kontrollsentralen i Røyken 8,2

Intensivert flygeleiarutdanning 7,0

Lågare personellavgang enn rekna med 15,0


Sum 49,8




       Den sterke trafikkveksten gjev vidare rom for å auke avsetjinga til investeringsformål med 112,9 mill. kroner.

       Komiteen viser merknader under luftfartsformål i B.innst.S.nr.14 (1994-1995).

       Komiteen har ellers ingen merknader.

4. Vegformål

Kap. 4320 Vegadministrasjon (jf. kap. 1320) - Mindreinntekter

       På statsbudsjettet 1994 ser det ut til å bli mindreinntekter på kap. 4320 Vegadministrasjon, post 2 Diverse gebyr og post 4 Kontrollgebyr, med høvevis 20,4 mill. kroner og 24,3 mill. kroner.

       Mindreinntektene har si årsak i at nye ordningar er/blir iverksett seinare enn planlagt.

       Departementet foreslår at mindreinntekter m.a. blir dekka opp ved å redusere kap. 1320 Vegadministrasjon, post 01 Løn og godtgjerdsle, med 24,3 mill. kroner og kap. 1323 Drift av statens vegar m.v., post 23 Vedlikehald og drift, med 20 mill. kroner.

Myrlandshaugen ferjeleie i Troms

       Departementet orienterer om at det i St.prp. nr. 1 (1993-1994) er ein føresetnad at Myrlandshaugen ferjeleie blir lagt ned som ordinært ferjeleie (i riksvegferjesambandet Hamnvik-Sørvik-Myrlandshaugen) samtidig med opninga av Mjøsundbrua hausten 1994 og at ferjerutene sluttar. No vil Vegdirektoratet at ferjeleiet blir halde ope med to daglege ferjestopp også i tida etter bruopninga 8. oktober 1994 og fram til 30. april 1995, for at politietaten skal få noko lengre tid til betre tilpassing av tenesta i området. Departementet har ikke nokon merknader til dette.

       Komiteen har ingen merknader.

5. Vegformål/Sivilt beredskap

Kap. 1309 Samferdselsberedskap - omdisponering til kap. 1325 Statens veganlegg

       For 1994 er det ønskjeleg å kjøpe reservebrumateriell for om lag 2,0 mill. kroner. Av dette vert 0,6 mill. kroner foreslått dekka av den del av løyvinga på kap. 1325 Statens veganlegg, post 30 Riksveganlegg, som er sett av til rådvelde for departementet. Resten - 1,4 mill. kroner - gjer departementet framlegg om blir dekka ved å auke løyvinga på kap. 1325, mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 1309 Samferdselsberedskap, post 71.

       Komiteen har ingen merknader.

6. Jernbaneformål

       På bakgrunn av framlegg frå NSB foreslår Samferdselsdepartementet fleire endringar i vedteke jernbanebudsjett for 1994.

1. Endringar i vedteke jernbanebudsjett

Kap. 1351 Overføringar til Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 4350)

       Forslag til endringar utgjer ein auke på 40 mill. kroner under post 74 (ny) Tilskot til dekking av ekstraordinære utgifter pga. driftsuhell, jf. at staten er sjølvassurandør.

       Til dekking av ekstrakostnader NSB har hatt så langt som følgje av Nordstrandulykka 3. oktober 1993 (24,3 mill. kroner) og togavsporinga ved Ål 1. mai 1994 (15,7 mill. kroner), foreslår departementet ei tilleggsløyving på til saman 40 mill. kroner til dekking av fysiske skadar og utbetaling av erstatninger pga. ansvar for personskadar.

       Departementet legg vidare opp til at ei løyving på 9,5 mill. kroner på post 70 til reisemoderasjonsordning som ikkje blei vedteke av Stortinget, blir frigjeven og at NSB i staden kan bruke midlane til å dekke auka kostnader i persontrafikken som inngår i ordninga med kjøp av persontrafikktenester.

2. Endringar av vedteke driftsbudsjett for Statsbananes trafikkdel

Kap. 2451 Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 5451, 5491 og 5603)

Post 24 Driftsresultat

       Departementet framstiller situasjonen og utviklinga i NSB slik:

       NSB rekna i juli med at det var naudsynt med kostnadsreduserande tiltak på om lag 200 mill. kroner for å kome i balanse. Med eit budsjettert overskot på vel 85 mill. kroner, gav dette ei forverring på om lag 285 mill. kroner. Det var då rekna med tapping av reguleringsfondet med vel 145 mill. kroner, slik at brutto resultatforverring eigentleg var på 430 mill. kroner. Seinare kom NSB fram til ei ytterlegare forverring med om lag 200 mill. kroner. I sum ville dette ha gitt ei resultatforverring på om lag 630 mill. kroner dersom ein ikkje iverksette resultatbetrande tiltak.

       På bakgrunn av eit endeleg framlegg frå NSB 20. oktober 1994 foreslår departementet diverse endringar i forhold til vedteke driftsbudsjett for 1994, jf. proposisjonen når det gjeld endringar i forhold til vedteke budsjett 1994 og framlegg til vedtak når det gjeld nytt framlegg 1994.

       Ut frå framlegg til nytt driftsbudsjett utgjer driftsresultat, underskot, 194,6 mill. kroner.

       Den negative utviklinga i driftsøkonomien skriv seg i stor grad frå den vanskelege driftssituasjonen som oppstod sist vinter på grunn av stort vedlikehald på lokomotiv og anna jernbanemateriell. Dette medførte mellom anna behov for innleige av lokomotiv i eit monaleg omfang. Den negative utvikliga blei dessutan forsterka sist sommer på grunn av ekstrem hjulslitasje som førte til store kostnader til reparasjonar og skifting av hjul.

       I forslag til revidert driftsbudsjett for 1994 er det teke omsyn til ein venta reduksjon i trafikkmengda samanlikna med talet som låg til grunn i vedteke driftsbudsjett for 1994.

       Samla er driftsutgiftene auka med 973,2 mill. kroner i forhold til vedteke driftsbudsjett for 1994, der 492,7 mill. kroner har samanheng med rekneskapsteknisk omlegging som også inngår i driftsinntekter med same beløp, og difor ikkje påverkar driftsresultatet. Netto reell auke utgjer etter dette 480,5 mill. kroner.

3. Inndekking av budsjettunderskotet

       Departementet foreslår at dei ekstraordinære utgifter i 1994 knytta til Nordstrandulykka og togavsporinga ved Ål, blir dekte ved ei tilleggsløyving på 40 mill. kroner.

       Ved inngangen av 1994 står det 49,8 mill. kroner til rådvelde på reguleringsfondet utover dei midlane som er øyremerka NSBs Personalsenter. Midlane blir foreslått brukt til å dekkje opp ein del av auka driftsutgifter og er inntektsført frå reguleringsfondet. Reguleringsfondet vil etter dette vere tomt ved inngangen til 1995.

       Oppdekkinga av budsjettunderskotet på 194,6 mill. kroner blir foreslått løyvd i form av eit langsiktig, renteberande lån frå staten, basert på same rentevilkåra som for langsiktige statslån til investeringar i NSBs trafikkdel. Dersom det i løpet av 1994 viser seg at underskotet blir mindre enn budsjettert, legg departementet opp til at redusert lånebehov kan nyttast til investeringar utover vedteke løyving på kap. 2451, post 30 Investeringar ved jernbanedrifta og kap. 1350 Statsbananes køyreveg, postane 23 og 30.

       Departementet foreslår at 147,6 mill. kroner av løyvinga på kap. 2451, post 30 Investeringar ved jernbanedrifta, i staden blir brukt til å dekkje opp foreslått lån til drift av NSBs trafikkdel for 1994.

       Om lag 70 mill. kroner av innsparingane gjeld prosjekt med seinare framdrift enn budsjettert, eller der utbetalingane først skjer i 1995, medan resten gjeld prosjekt der framdrifta blir endra pga. naudsynt innsparing i 1994.

       Konsekvensane av omdisponeringsforslaget er mellom anna:

- Forseinka ombygging av ekspresstogmateriell, rekna til ca 30 mill. kroner.
- Utsett ombygging av Trondheim driftsbanegard, rekna til ca 30 mill. kroner.
- Utsett kjøp av reservedelar til elektriske lokomotiv og godsvogner, samt utsett fornying av lokaltogsett, rekna til ca 46 mill. kroner.
- Forseinka stasjonsutvikling og utvikling av godsterminalar (bl.a. Fauske og Bodø), rekna til ca 20 mill. kroner.
- Forseinka omstilling i verkstadsektoren, spesielt knytta til hovudverkstadene Grorud, Sundland og Marienborg, rekna til ca 22 mill. kroner.

       Omdisponeringsforslaget inneber ikkje at NSB må reforhandle kontraktar med eksterne leverandørar.

4. Avtale mellom Noregs Statsbaner og Aust-Agder fylkeskommune, Arendal kommune, Froland kommune, Grimstad kommune og Åmli kommune om forskotering av utgifter ved elektrifisering av Arendalsbanen

       Samferdselsdepartementet har gitt NSB høve til å inngå ein avtale med Aust-Agder fylkeskommune og kommunane Arendal, Froland, Grimstad og Åmli om forskotering av arbeidet med elektrifisering av Arendalsbanen med inntil 12 mill. kroner i 1994 mot tilbakebetaling - utan renter - i 1996, med atterhald om at Stortinget ikkje har merknader til avtalen.

Komitémerknader til jernbaneformål

       Komiteen vil vise til de forskjellige fraksjonenes merknader under jernbaneformål i B.innst.S.nr.14 (1994-1995), og i denne forbindelse bl.a. til merknader vedrørende nødvendigheten av å legge opp til en gjennomgang av mål og strategier for hele bedriften.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti mener at departementets forslag om å dekke inn NSBs budsjettunderskudd i 1994 ved å redusere drift og vedlikehold samt investeringsbudsjettet, vil bidra til en ytterligere svekking av jernbanen.

       Disse medlemmene ønsker å styrke jernbanen som trafikktilbud, og vil derfor foreslå at budsjettunderskuddet blir dekka inn ved salderingen av statsbudsjettet.

       Disse medlemmene viser til behandling av St.prp. nr. 21 (1994-1995), ny saldering for budsjettåret 1994, hvor disse partiene vil fremme forslag om å øke bevilgningene til NSB med 194,6 mill. kroner.

       Komiteens medlemmer fra Høyre mener resultatforverringen i NSB understreker at selskapet er i en dramatisk vanskelig situasjon. Disse medlemmene vil peke på at det åpenbart er for høye driftsutgifter innen selskapet og at det er en feilslått politikk å redusere investeringssiden for å dekke underskuddene på et driftsbudsjett som er ute av kontroll.

       Disse medlemmene mener det nå er mer påkrevet enn noen gang at NSB får frihet til selvstendig å kunne fatte vedtak som kan redusere virksomhetens underskudd. Slike beslutninger må kunne omfatte hvilke tilbud som skal ytes, hvilke deler av virksomheten som skal være en del av selskapets kjerneområder, samt hvilken bemanning det er forsvarlig for selskapet å opprettholde.

       Disse medlemmene mener at selskapet derfor snarest bør omdannes til et statlig eiet aksjeselskap. Disse medlemmene understreker at selskapets styre i en slik situasjon sorterer direkte under samferdselsministeren. Dersom styret ikke makter sin oppgave, bør statsråden erstatte det med et nytt.

       Disse medlemmene konstaterer at statsråden pr. i dag ikke er i nærheten av å oppfylle de mål for virksomhetens drift som Stortinget har fastsatt. Disse medlemmene vil for øvrig vise til sine budsjettmerknader i B.innst.S.nr.14 (1994-1995).

7. Post

Kap. 2452 Postverket, post 24 Driftsresultat. Sluttavrekning gebyr i Postgiro 1993

       Det vert foreslått at kap. 2452, post 24 Driftsresultat vert redusert med 7,5 mill. kroner. Dette er ei sluttavrekning gebyr i Postgiro 1993. Jf. elles St.prp. nr. 17 (1993-1994).

       Komiteen har ingen merknader.

8. Telekommunikasjonar

Kap. 1370 Statens teleforvaltning (jf. kap. 4370)

       På bakgrunn av bruken av løyvingane for Statens teleforvaltning (SFT) for 1994 pr. utgangen av september 1994 foreslår departementet at det blir gjort endringar i SFTs budsjett for 1994. Kap. 1370 vert foreslått redusert med 10 mill. kroner og kap. 4370 redusert med 7 mill. kroner.

       Komiteen har ingen merknader.

9. Dok.nr.8:65 (1993-1994) Forslag frå stortingsrepresentant Anneliese Dørum om at det gis billighetserstatning til husstander som må flytte frå egen bolig på Gardermoen i forbindelse med utbygging av ny hovudflyplass.

    I Dok.nr.8:65 (1993-1994) frå stortingsrepresentant Anneliese Dørum til Stortinget, oversent Regjeringa til vurdering i brev av 17. juni 1994, er det gjort slikt framlegg:

       « Det gis billighetserstatning på 150.000 kroner til alle husstander som må flytte fra egen bolig på Gardermoen i forbindelse med utbygging av ny hovedflyplass. Dette må gjelde både for boliger innenfor området og i vei- og jernbanetraseen. Dessuten bør slik erstatning tilkjennes husstander med bolig i det nære naboskap til flyplassen som vil bli tilbudt innløsning. »

       Grunngjevinga frå stortingsrepresentant Anneliese Dørum for at det skal bli gitt velferdsvederlag (billighetserstatning) til alle husstander som må flytte frå eigen bustad på Gardermoen er i hovudsak knytta til følgjande påståtte forhold:

- «Lokalsamfunnet går i oppløsning»
- «Bruktboligmarkedet i distriktet fungerer ikke»
- «Hovedflyplassen gir staten betydelige fremtidige inntekter»

       I proposisjonen kommenterer Samferdselsdepartementet kvar av desse påstandane.

       Når det gjeld påstand om at lokalsamfunnet går i oppløysning, kan ikkje departementet sjå at dei vanskane som blir påførte den einskilde på Gardermoen er større enn i andre tilfelle der det blir skaffa grunn til offentlege utbyggingsføremål. Departementet vil i denne samanheng også nemne at det på Gardermoen blir gitt eit betre servicetilbod enn det som er vanleg i andre saker der det offentlege skaffar seg grunn for utbyggingsføremål. Døme på dette er gjennomføring av ei rask innløysning med spesiell prioritering av utsette grupper (familiar med skuleborn, helsemessige forhold m.v.), samt erstatningsbustadprosjektet, medrekna informasjonstenesta.

       Når det gjeld påstand om at marknaden for brukte bustadar i distriktet ikkje fungerer, opplyser departementet om at i dei innleiande prinsippforhandlingane om erstatningar kom partane til at uvissa ved å basere erstatningsoppgjeret på marknaden for brukte bustader kunne bli for stor. På denne bakgrunn har Luftfartsverket under forhandlingane teke utgangspunkt i prisane på nye, likeverdige bustader, basert på Luftfartsverkets erstatningsbustader.

       Med eit slikt utgangspunkt er tilgangen på brukte bustadar mindre interessant i erstatningssamanheng. Departementet kommenterer i proposisjonen det forholdet at erstatningsoppgjeret er basert på kjøp av ny, likeverdig bustad, og kommenterer vidare påstanden om at marknaden for brukte bustadar i området ikkje fungerer.

       Når det gjeld prisane for brukte bustader på Romerike og kjøp av brukte bustader, har Byggbransjenes kompetansesenter, OPAK AS, gjort undersøkingar for Luftfartsverket.

       Undersøkingar syner at prisane i marknaden for brukte bustader ikkje har gått opp. Tvert imot har prisane gått ned med 6 % i perioden frå Stortinget sitt vedtak i oktober 1992 til september 1994.

       For kjøp av brukte bustader er det på grunnlag av undersøkinga av 170 bustadeigarar, registrert at 82 har kjøpt brukt bustad. Av desse har OPAK skaffa fram konkrete opplysningar frå 71 bustadeigarar. OPAK har på denne måten kunna samanstille areal og oppgjer frå fråflytta bustad mot areal og kostnad ved kjøp av brukt bustad.

       Samla sett har dei 71 bustadeigarane i gjennomsnitt oppnådd følgjande:

- Arealet på brukte bustader som er kjøpt er i gjennomsnitt ca 15 % større enn arealet på dei fråflytta bustadene.
- I gjennomsnitt har bustadeigarane betalt ca 17 % mindre for dei nye bustadane enn den erstatning dei fikk.
- Bustadeigarane har kjøpt bustad som i gjennomsnitt er ca 20 år nyare enn fråflytta bustad.
- For dei nye, brukte bustadene er tomtearealet i gjennomsnitt ca 23 % mindre enn fråflytta tomteareal.

       Når det gjeld staten sine framtidige inntekter på hovudflyplassen og erstatningar til grunneigarar, blir dette i proposisjonen drøfta i forhold til jernbanelovgivinga, reglar i vassdragslovgivinga og lov om grunnavståing til mineralutvinning.

Samferdselsdepartementet konkluderer med og tilrår følgjande:

       Både faktisk og rettsleg er Gardermoutbygginga ei vanleg ekspropriasjonssak som må handsamast etter vanlege reglar for ekspropriasjon. Velferdsvederlag i dette tilfellet vil utan tvil måtte få konsekvensar for all framtidig ekspropriasjon. Spesiallovgivinga for utbygging av vasskraft og mineralutvinning kan ikkje tene som grunngiving for velferdsvederlag.

       Det er eit hovudprinsipp i norsk rett at avtalar skal haldast. Det dreier seg her om 170 bustadeigarar, som alle har hatt fagleg hjelp av erfarne ekspropriasjonsadvokatar, og som staten har betalt for. Alle har hatt full rett til å velje å få si sak avgjort ved skjønn. Luftfartsverket har ikkje pressa nokon til å inngå avtaler, tvert imot er det dei busette som har bedt om å få avtalar. Fleire har på dette grunnlag fått si sak handsama « utanom tur ».

       Etter ei samla vurdering kan ikkje departementet sjå at det er grunnlag for å gje bustadeigaraene på Gardermoen ei anna handsaming enn det som har vore vanleg i andre ekspropriasjonssaker.

       Departementet vil og syne til at det for Gardermoprosjektet er sett i verk avbøtande tiltak i samband med ekspropriasjonen:

- Luftfartsverket tilbyr nye bustader på Luftfartsverket sitt erstatningsbustadsområde.
- Luftfartsverket har i forhandlingar med bustadeigarane teke utgangspunkt i at bustadeigarane skal få ei erstatning som gjer dei i stand til å kjøpe ein ny bustad, om ikkje identisk bustad, på Luftfartsverket sitt bustadsområde. Dette gjer at tilgangen på brukte bustader er mindre interessant i erstatningssamanhang.
- Luftfartsverket har gjennom erstatningsbustadprosjektet gitt dei busette på Gardermoen tilbod om å slå seg saman i naboskapgrupper, slik at dei kan oppretthalde fellesskapet om dei ønskjer det.

       Samferdselsdepartementet sin konklusjon er difor at ein ikkje kan tilrå at det blir gitt velferdsvederlag for busette som må flytte frå Gardermoen i samanheng med utbygging av ny hovudflyplass.

Komiteens merknader

       Komiteen er enig med departementet i at Gardermoutbyggingen er en ekspropriasjonssak som må behandles etter vanlige regler for ekspropriasjon.

       Komiteen ser positivt på at det er lagt opp til erstatningsoppgjør basert på kjøp av « ny » likeverdig bolig, og at det er etablert erstatningsprosjekt og informasjonstjeneste, for å gi et best mulig servicetilbud.

       Komiteen viser til at svært mange har måttet flytte fra heimene sine på grunn av utbygging av hovedflyplass på Gardermoen.

       Komiteen vil vise til at Grunnlovens § 105 garanterer at den som blir gjenstand for ekspropriasjon skal ha « full erstatning fra statskassen ». Komiteen anser det som en selvfølge at dette rettsprinsipp ligger til grunn for Regjeringens håndtering av de grunneiere som berøres av Gardermoenutbyggingen. I den utstrekning ovennevnte rettsprinsipp skulle være krenket, vil komiteen peke på at det påligger Regjeringen å sørge for at de som ikke måtte ha oppnådd en erstatning på det nivå loven foreskriver - snarest mottar den aktuelle merkompensasjon.

       Komiteen vil vise til at billighetserstatning bare kan gis på individuelt grunnlag og kan derfor ikke gå inn for at disse som gruppe får slik erstatning slik det er fremmet i Dok.nr.8:65 (1993-1994).

       Komiteen finner derfor - i likhet med departementet - ikke å kunne tilrå at det gis generell billighetserstatning til boligeiere på Gardermoen.

       Komiteen forutsetter at Stortinget blir orientert på en egnet måte om erstatningsoppgjøret når saken er avsluttet.

10. Komiteens tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       I løyvingane på statsbudsjettet for 1994 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.  1066

Lostenesta:
01 Løn og godtgjersle, blir auka med kr 6.300.000
frå kr 151.350.000 til kr 157.650.000
11 Varer og tenester, blir auka med kr 5.700.000
frå kr 55.770.000 til kr 61.470.000

Kap.  1305

Gardermoprosjektet, lån:
70 (ny) Refusjon av meirverdiavgift, blir ført opp
med kr 30.000.000
90 Oslo Hovedflyplass AS, blir redusert med kr 300.000.000
frå kr 805.000.000 til kr 505.000.000
91 NSB Gardermobanen AS, blir redusert med kr 60.000.000
frå kr 350.000.000 til kr 290.000.000

Kap.  1309

Samferdselsberedskap:
71 Beredskapslagring, kan overførast, blir redusert
med kr 1.400.000
frå kr 2.900.000 til kr 1.500.000

Kap.  1320

Vegadministrasjon (jf. kap. 4320):
01 Lønn og godtgjersle, blir redusert med kr 24.300.000
frå kr 941.500.000 til kr 917.200.000

Kap.  1323

Drift av statens vegar m.v. (jf. kap. 4323):
23 Vedlikehald og drift, kan nyttast under post 24, kan overførast,
blir redusert med kr 20.000.000
frå kr 3.779.200.000 til kr 3.759.200.000

Kap.  1325

Statens veganlegg (jf. kap. 4325):
30 Riksveganlegg, kan overførast, blir auka
med kr 1.400.000
frå kr 4.236.600.000 til kr 4.238.000.000

Kap.  1350

Statsbananes køyreveg (jf. kap. 4350):
23 Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast
under post 30, blir redusert med kr 39.000.000
frå kr 1.686.100.000 til kr 1.647.100.000
30 Investeringar i lina, kan overførast, blir redusert med kr 8.000.000
frå kr 775.000.000 til kr 767.000.000

Kap.  1351

Overføringar til Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 4350):
74 (ny) Tilskot til dekking av e.o. utgifter pga driftsuhell
blir ført opp med kr 40.000.000

Kap.  1370

Statens teleforvaltning (jf. kap. 4370):
01 Lønn og godtgjersle, blir redusert med kr 8.000.000
frå kr 57.100.000 til kr 49.100.000
11 Varer og tenester, blir redusert med kr 2.000.000
frå kr 72.100.000 til kr 70.100.000

Kap.  2450

Luftfartsverket (jf. kap. 5450, 5491 og 5603):
24 Driftsresultat:
  Driftsinntekter -2.248.100.000
  Inntekter ikkje-statlege
      flyplassar -50.200.000
  Driftsutgifter
      overslagsløyving 1.177.800.000
  Refusjon militære transportar 11.600.000
  Avskrivingar 360.000.000
  Renter av statens kapital 64.600.000
  Kostnader ikkje-statlege
      flyplassar 48.400.000
  Til investeringsformål 605.600.000
  Til reguleringsfondet     20.900.000 kr -9.400.000
30 Flyplassanlegg, kan overførast, kan nyttast under post 94,
blir auka med kr 167.800.000
frå kr 727.700.000 til kr 895.500.000
91 Tilbakebetaling av statslån, blir redusert med kr 49.900.000
frå kr 120.000.000 til kr 70.100.000

Kap.  2451

Statsbanenes trafikkdel (jf. kap. 5451, 5491 og 5603):
24 Driftsresultat:
  Driftsinntekter (herunder
      vinst frå sal) -7.430.200.000
  Frå reguleringsfondet -145.200.000
  Driftsutgifter,
      overslagsløyving 4.995.800.000
  Avskriving 2.450.800.000
  Avskrivingar vedr. bildrift 48.000.000
  Renter av statens kapital     275.400.000 kr 194.600.000
30 Investeringar ved jernbanedrifta, kan overførast,
blir redusert med kr 147.600.000
frå kr 1.023.300.000 til kr 875.700.000

Kap.  2452

Postverket (jf. kap. 5452, 5491 og 5603):
24 Driftsresultat, blir redusert med kr 7.500.000
frå kr -1.000.000 til kr -8.500.000

Kap.  4066

Lostenesta:
01 Særskilt kystgebyr, blir auka med kr 12.000.000
frå kr 216.850.000 til kr 228.850.000

Kap. 4320

Vegadministrasjon (jf. kap. 1320):
02 Diverse gebyrer, blir redusert med kr 24.400.000
frå kr 113.500.000 til kr 89.100.000
04 Kontrollgebyr, blir redusert med kr 24.300.000
frå kr 32.300.000 til kr 8.000.000

Kap.  4370

Statens teleforvaltning (jf. kap. 1370):
01 Diverse avgifter og gebyrer, blir redusert med kr 7.000.000
frå kr 167.200.000 til kr 160.200.000

Kap.  5450

Luftfartsverket (jf. kap. 2450):
35 Til investeringsformål (overført frå kap. 2450, post 24
Driftsresultat), blir auka med kr 112.900.000
frå kr 492.700.000 til kr 605.600.000

Kap.  5451

Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 2451):
31 Avskrivning vedr. bildrift, blir redusert med kr 2.000.000
frå kr 50.000.000 til kr 48.000.000

II.

       Stortinget samtykkjer i at:

1. Statsbanane i 1994 kan overskride løyvingane på kap. 1350 og kap. 2451, post 30, i den utstrekning lånebehovet på kap. 2451, post 24 Driftsresultat, blir lågare enn budsjettert, og om naudsynt rekne mindreforbruk på post 24 med overføring til 1995 av unytta løyvingar på kap. 1350 og kap. 2451, post 30.
2. Statsbanane kan inngå avtale med Aust-Agder fylkeskommune og kommunane Arendal, Froland, Grimstad og Åmli om at fylkeskommunen og kommunane i 1994 forskoterer elektrifisering av Arendalsbanen med 12 mill. kr mot tilbakebetaling - utan renter - i 1996.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 5. desember 1994.

Magnus Stangeland, Johan M Nyland, Solveig Torsvik,
leiar. ordførar. sekretær.