Innstilling frå forsvarskomiteen om visse organisasjonsendringar m.v. i Forsvaret.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 182 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 50 (1994-95)
  • Dato: 01.06.1995
  • Utgiver: forsvarskomiteen

1. Innleiing

    Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag til følgjande endringar i Forsvaret sin fredsorganisasjon

- Omorganisering av Forsvarets bygningsteneste
- Omorganisering og nedlegging av sanitetsmagasin i Forsvaret, og
- etablering av Forsvarets kompetansesenter for internasjonal verksemd.

       Departementet gir samstundes en utgreiing om visse sider ved nedlegginga av Lista flystasjon.

2. Bakgrunn

   Tiltaka er ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 16 (1992-1993) - den såkalla Langtidsmeldinga for Forsvaret for perioden 1994-98 - på line med andre omorganiseringar i Forsvaret i dei seinare åra. Eit av prinsippa for omorganiseringane er å oppretthalde kompetansemiljø gjennom å slå saman avdelingar der det er driftsøkonomisk og rasjonelt. Den såkalla « Ostehøvel-metoden » er rekna som lite føremålstenleg.

3. Omorganisering av forsvarets bygningstjeneste (FBT)

3.1 Generelt

       Departementet gjer framlegg om å omorganisere FBT ved å slå saman regionane Viken (Oslo) og Hamar til ein ny region Austlandet lokalisert til Hamar, og slå saman regionane Bodø og Harstad til ein ny region Nord-Noreg lokalisert til Harstad. Samanslåinga av regionar skal fullførast innan 1. januar 1997.

       I dag har Sentralleiinga i Forsvarets bygningsteneste (FBT, i Oslo) 6 regionkontor: I Viken (Oslo), Stavanger, Hamar, Trondheim, Bodø og Harstad.

       Den omfattande omstillinga i Forsvaret medfører redusert aktivitet også for Forsvarets bygningsteneste (FBT). I framtida vil det bli vesentleg mindre byggje- og anleggsarbeid i Forsvaret. NATO-finansierte prosjekt er sterkt reduserte også i Noreg. Dette gjer det naturleg å rasjonalisere organisasjonen i FBT fordi det er mengda oppgåver som skal avgjere storleiken til organisasjonen. Det er gjennomført analysar for å klarleggje kva for regionkontor som vil ha tilstrekkelege oppgåver i åra framover. Analysane syner at det er rasjonelt å redusere talet på sjølvstendige regionkontor for å utnytte personellressursane meir effektivt. Det er lagt til grunn at FBT skal vere ein desentralisert organisasjon også etter omorganiseringa. Departementet meiner likevel at det er naudsynt med ei sterk sentralleiing, som mellom anna er ein føresetnad for å kunne følgje opp dei vedtak Stortinget gjer. Etter den føreslåtte omorganiseringa vil FBT ha 4 regionkontor: I Stavanger, Hamar, Trondheim og Harstad.

3.2 FBT/Austlandet

       Hamar er føreslått som lokaliseringsstad for FBT/Austlandet fordi det mellom anna gjev samarbeidsfordelar ved at Distriktskommando Austlandet og Forsvarets relokalisering Gardermoen (FrG) ligg på Hamar. Dersom Hamar vert vald, vil FBT vurdere å etablere eit underkontor i Viken (Oslo). Samanslåing av FBT/Viken og FBT/Hamar vil kunne spare inn 7 årsverk. Drifta vil årleg kunne bli redusert med 2,6 mill. kroner.

3.3 FBT/Nord-Noreg

       Harstad er føreslått som lokaliseringsstad for FBT/Nord-Noreg på grunn av at Harstad er eit mykje større kontor enn Bodø. I dag brukar FBT/Harstad 68 årsverk, medan FBT/Bodø brukar 27 årsverk. Difor er konsekvensane for personellet mindre ved ei lokalisering til Harstad. Dersom Harstad vert vald, vil FBT vurdere å etablere eit underkontor i Bodø. Samanslåing av FBT/Bodø og FBT/Harstad vil og kunne spare inn 7 årsverk. Driften vil årlig kunne bli redusert med 1,5 mill. kroner.

3.4 FBT sin bruk av konsulenttenester

       Dei seinare åra har FBT nytta store ressursar til kjøp av konsulenttenester. Dette har vore rekna for lønsamt i ein overgangsfase med store investeringsoppgåver. Når mengda oppgåver no vert redusert, vil og bruken av konsulenttenester verte redusert. Departementet sin retningsline er at bruken av konsulenttenester skal vere restriktiv og at dei ikkje skal bøte på generelt for få fast tilsette. Konsulenttenester skal primært nyttast til arbeidsoppgåver som krev ein kompetanse som FBT ikkje har, eller ikkje finn rekningssvarande å skaffe seg.

Komiteens merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Brenden, Eriksen, Hauglid og Skaug, fra Senterpartiet, Galtung og Jakobsen, fra Høyre, Godal og Hernæs, fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn, fra Kristelig Folkeparti, Næss, og fra Fremskrittspartiet, lederen, viser til at et overordnet mål i omstillingsarbeidet er å nå størst mulig innsparing på driftsutgiftene i Forsvaret. Dette gjelder også for Forsvarets bygningstjeneste (FBT).

       Komiteen viser til at oppgavemengda på investeringssiden for institusjonen vil bli redusert, noe som vil få størst virkning for regionkontorene. Komiteen er enig i at mest mulig av FBT sin aktivitet bør legges ut til de ytre etatene.

       Komiteen forusetter at delingen av stillinger mellom sentralledelsen og regionale ledd ikke svekker desentraliseringen av FBT, og at oppgavene i størst mulig grad skal utøves i regionene.

       Komiteen har merka seg FBT's utstrakte bruk av konsulenttjenester de seinere åra. Komiteen vil understreke at det skal føres en restriktiv linje for bruk av konsulenttjenester som det også framgår av proposisjonen. Komiteen viser i denne sammenheng til de utfordringer Forsvaret står overfor med hensyn til overtallighet.

       Komiteen viser til at departementet som en prøveordning har fullmakt til å opprette og nedlegge stillinger. Komiteen er enig i at opprettelse og nedleggelse av stillinger i FBT skal styres av departementet.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, slutter seg til departementets forslag om å redusere antall regionkontorer fra seks til fire.

       Flertallet, slutter seg også til at regionene Bodø og Harstad blir slått sammen til en ny Region Nord-Norge i Harstad.

       Et annet flertall, alle unntatt medlemmet fra Fremskrittspartiet og Godal fra Høyre, slutter seg også til departementets forslag om å slå sammen regionene Viken og Hamar til en ny Region Østlandet plassert på Hamar.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Kristelig Folkeparti har merket seg at innsparingspotensialet ved en sammenslåing av FBT/ Bodø og FBT/Harstad er ventet å bli 1,5 mill. kroner pr. år. Disse medlemmer kan ikke se at reisekostnader og tidstap ved reiser er beregnet. Bemanningsbehovet i FBT er heller ikke utredet.

       Når avstander og kommunikasjonsforhold tas med i betraktning og når en vet at investeringsoppgavene for FBT/Bodø de nærmeste årene er i størrelsesorden 100-160 mill. kroner pr. år, mener disse medlemmer at det ikke er tilstrekkelig økonomisk og driftsmessig begrunnelse for å slå sammen FBT/Bodø og FBT/Harstad.

       Disse medlemmer vil derfor foreslå å opprettholde både FBT/Bodø og FBT/Harstad. Disse medlemmer vil fremme følgende forslag:

       « FBT/Bodø og FBT/Harstad opprettholdes. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet og Godal fra Høyre har merket seg at Forsvarssjefen går inn for at den sammenslåtte Region Østlandet lokaliseres til Oslo. Disse medlemmer har også merket seg at denne løsningen er i tråd med de økonomiske vurderinger FBT har gjort. Disse medlemmer finner derfor ikke grunn til å plassere FBT Region Østlandet på Hamar av distriktspolitiske grunner slik Forsvarsdepartementet foreslår. Disse medlemmer vil derfor fremme følgende forslag:

       « FBT Region Østlandet lokaliseres til Oslo-området. »

4. Omorganisering og nedlegging av sanitetsmagasin i Forsvaret

    Departementet går inn for å legge ned Sanitetsmagasinet Sørlandet og Sanitetsmagasinet Vestlandet i løpet av 1997 og setje Sanitetsmagasinet Trøndelag på mobiliseringsstatus i løpet av 1998.

       Dette inneber at talet på sanitetsmagasin i Forsvaret vert redusert frå 5 til 2. Dei attverande er dei to største sanitetsmagasine, Sanitetsmagasinet Austlandet og Sanitetsmagasinet Nord-Noreg. Omorganiseringa og nedlegginga av sanitetsmagasin i Forsvaret er gjort på grunnlag av utgreiingar frå Forsvarets overkommando. Sanitetsmagasin Austlandet vil endre namn til Sanitetsmagasinet Sør-Noreg. Sanitetsmagasinet Sør-Noreg skal framleis vere en del av Forsvarets sanitet. Tidligare i vår vart det gjort framlegg om å integrere Sanitetsmagasinet Nord-Noreg med Intendanturmagasinet Nord-Noreg (sjå St.prp. nr. 34 (1994-1995)).

       Omorganiseringa vil totalt kunne spare inn ca 12 årsverk. Då har ein rekna med at høgare aktivitet ved Sanitetsmagasinet Sør-Noreg vil føre med seg eit behov for ca 7 årsverk samt ei investering på ca 15 mill. kroner. Dei årlege driftsutgiftene vil kunne bli redusert med ca 3 mill. kroner.

Komiteens merknader

       Komiteen viser til at Regjeringa på grunnlag av utredninger fra Forsvarets overkommando kommer med forslag om å redusere tallet på sanitetsmagasin fra fem til to, Sanitetsmagasinet Østlandet og Sanitetsmagasinet Nord-Norge.

       Komiteen gir sin tilslutning til dette forslaget.

5. Etablering av kompetansesenter for internasjonal verksemd (FOKIV)

    Departementet gjer framlegg om å etablere Forsvarets kompetansesenter for internasjonal verksemd (FOKIV) sentralt i Austlandsområdet. Det er planlagt å etablere ein interimsorganisasjon alt i 1995 og ein fullt oppbygd organisasjon i 1998.

       Bakgrunnen er den store vekt som i dei seinare åra er blitt lagt på Forsvaret sitt internasjonale engasjement, først og fremst gjennom FN, men og gjennom deltaking i NATO sine utrykningsstyrkar.

       Når det gjeld FN, deltek i dag 1.720 norske befal og meinige i fem ulike fredsbevarande operasjonar rundt om i verda. Dette har ført til eit behov for å samle røynsle og utvikle høgare kompetanse innan internasjonale forhold. Dessutan har mandata til FN-operasjonane endra karakter i dei seinare åra, og fleire FN-operasjonar har fått utvida mandat og meir komplisert samansetting og organisering. Samstundes går det internasjonalt føre seg ei rivande utvikling av doktrinar og konsept for fredsoperasjonar. Dette set stadig strengare krav til kompetansen til dei einskilde deltakarar.

       Departementet meiner difor det er viktig å etablere eit kompetansesenter som kan arbeide med, evaluere og utvikle kompetanse på FN-relaterte, folkerettslege og andre internasjonale emne, herunder utvikle og forvalte kunnskap om medisinske, psykologiske og kulturelle forhold m.v.

       Kompetansesenteret skal først og framst tilby personell på alle nivå i Forsvaret grundig utdanning og trening for deltaking i internasjonale operasjonar, gjennom kurs, seminar og konferansar. Det vil og kunne støtte undervisning og rettleie militære skolar og institusjonar. I tillegg vil ein del av verksemda vere retta mot sivile deltakarar i internasjonale fredsoperasjonar, til dømes polititenestemenn og tilsette i humanitære organisasjonar, samt samarbeide med eit eventuelt FN-institutt i Noreg for framtida.

       I tillegg er behovet for utdanning av sivilt personell blitt større då det er blitt eit viktig trekk ved fleire nye FN-operasjonar at militært personell samvirker med sivilt personell. Dette gjeld til dømes FN-styrken i det tidlegare Jugoslavia, UNPROFOR. Departementet meiner at kompetansesenteret bør bli etablert eom ein såkalla fellesinstitusjon i Forsvaret, underlagt Forsvarets overkommando.

       På grunnlag av direktiv og retningsliner vil kompetansesenteret i tillegg kunne yte hjelp med å utvikle nasjonale og evaluere internasjonale konsept og manualar. Det vil og kunne etablere og utvikle utdanningssamarbeid med FN, NATO, OSSE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) og andre internasjonale og regionale organisasjonar i samråd med Utanriksdepartementet, samarbeide med og støtte sivile, akademiske institusjonar og humanitære organisasjonar m.v.

       Årlege driftskostnader er rekna ut til ca 10 mill. kroner. Etableringskostnadene er enno ikkje utgreidd. Regjeringa vil kome attende til Stortinget når nærare utgreiingar er gjorde.

Komiteens merknader

       Komiteen viser til at Regjeringa bl.a. i St.meld. nr. 14 (1992-1993) tok initiativ til å opprette et internasjonalt kompetanse- og treningssenter for deltakelse i internasjonale fredsoperasjoner.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Fremskrittspartiet, slutter seg til forslaget om å etablere et Forsvarets kompetansesenter for internasjonal virksomhet, forkorta FOKIV. Flertallet viser til at institusjonen vil bli etablert med en interimsorganisasjon i løpet av 1995, og at kompetansesenteret skal være operativt fra 1998.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er i utgangspunktet positivt innstilt til å utvikle et kompetansesenter for internasjonal virksomhet og viser i denne sammenheng til Innst.S.nr.135 (1992-1993). Dette medlem viser imidlertid til at forslaget på det nåværende stadium synes å være dårlig utgreid, bl.a. mangler lokalisering og etableringskostnader.

       Dette medlem viser til at liknende senter er opprettet/planlagt opprettet i flere land, også de nordiske. Dette medlem støtter prinsippet om at et fremtidig kompetansesenter for internasjonal virksomhet organiseres som en fellesinstitusjon underlagt Forsvarets overkommando (FO). Dette medlem forutsetter videre at potensielle sivile brukere finansieres gjennom egne organisasjoner slik at Forsvaret ikke belastes med utgifter for slik virksomhet.

       Dette medlem fremmer derfor følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen legge fram for Stortinget konkrete planer for Forsvarets kompetansesenter for internasjonal virksomhet der relevante investerings- og driftskostnader fremgår sammen med lokaliseringsforslag. »

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil vise til at Forsvaret i dag har stor aktivitet i Nord-Norge og legger beslag på store øvingsområder. Derimot er Forsvarets befalsskoler og kompetansesentra stort sett plassert i det sentrale østlandsområdet. For å skaffe arbeidsplasser innenfor Forsvaret, også utenom slike som har med opplæring og øvelser å gjøre, er det nødvendig å utrede plassering av FOKIV i Nord-Norge.

       På denne bakgrunn fremmes følgende forslag:

       « Departementet bes utrede en plassering av FOKIV lagt til Nord-Norge. »

6. Orientering om Lista flystasjon

     Stortinget har tidligare vedteke å leggje ned Lista flystasjon frå 1. juli 1996, jf. St.prp. nr. 27 (1993-1994) og Innst.S.nr.141 (1993-1994). Grunnlaget for Stortinget sitt vedtak var at det ikkje lenger er militært behov for Lista flystasjon, korkje nasjonalt eller i høve til våre allierte.

       I samband med nedleggingsvedtaket ba forsvarskomiteen departementet om å kome attende til Stortinget med ei nærare utgreiing om bruk i framtida av eksisterande flystripe, bygningar og Marka skyte- og sprengningsfelt i løpet av vårsesjonen 1995.

       Departementet har i samarbeid med Forsvarets overkommando nøye vurdert alle forhold knytta til ei eventuell avvikling av installasjonane ved Lista flystasjon og Marka skyte- og sprengningsfelt. Fem alternativ er vurdert, inkludert det såkalla « møllposealternativet ».

       På grunnlag av dette tilrår departementet at ein beheld Marka skyte- og sprengningsfelt, og at ein søkjer å utnytte flyplassen og dei best eigna bygningane ved flystasjonen til sivile føremål. Dette inneber at ein i inntil 10 år vedlikeheld dei delar av etablissementet Lista flystasjon som kan nyttast til næringsføremål og legg tilhøva til rette for best mogleg bruk.

       Under vedlikehaldperioden bør det gjennomførast ei opprusting/oppgradering av dreneringsanlegga, og det bør setjast i verk fleire undersøkingar av deponia.

       Dette alternativet vil over ein tiårsbolk koste ca 50 mill. kroner, noko som vil seie ei reell innsparing på 108 mill. kroner i forhold til drifta slik ho er i dag. Framlegget vil difor i stor grad vere i samsvar med utrekninga som låg til grunn for St.prp. nr. 27, nemleg ei innsparing etter noverdimodellen på ca 110 mill. kroner over 10 år.

Komiteens merknader

       Komiteen viser til tidligere vedtak der det er lagt til grunn at det ikke lenger er et militært behov for Lista flystasjon, hverken nasjonalt eller i forhold til våre allierte. Komiteen gir sin tilslutning til Regjeringens forslag om at en beholder Marka skyte- og sprengningsfelt og at en forsøker å utnytte flyplassen og de best egna bygningene ved flystasjonen til sivile og eventuelt militære formål.

       Komiteen ber Regjeringa komme tilbake med økonomiske og administrative konsekvenser ved forslagene i denne proposisjonen. Komiteen ber også om at departementet i samarbeid med de berørte kommunene som er eller vil bli berørte av omorganiseringstiltakene, drøfter omfang og vilkår for avhending av bygg og anlegg til næringsformål.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre, henviser til flertallets merknader i Innst.S.nr.141 (1993-1994) hvor det heter:

       « Flertallet vil peke på den usikkerhet som er knyttet til en eventuell avvikling av eksisterende flystripe, bygninger og Marka skyte- og spregningsfelt. Flertallet har merket seg at departementet tar sikte på et samarbeid med Farsund kommune når det gjelder disse forholdene. Flertallet ber departementet vurdere disse forholdene nøye, herunder « møllposealternativet », og forutsetter at departementet kommer tilbake til Stortinget med en nærmere redegjørelse om dette i løpet av 1. halvår 1995. »

       Flertallet konstaterer at disse merknadene nå blir innfridd.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti viser til sine merknader og forslag i Innst.S.nr.141 (1993-1994) der det ble lagt vekt på å få en konsekvensanalyse der de forsvarsmessige, økonomiske og samfunnsmessige forhold vedrørende nedlegging og avhending av Lista flystasjon ble klargjort før et eventuelt nedleggingsvedtak ble fattet.

       Disse medlemmer viser videre til at departementet i orienteringssak 6 har endret standpunkt i forhold til St.prp. nr. 27 (1993-1994) både når det gjelder bruk av Marka skyte- og sprengningsfelt og andre anlegg og etablissement ved Lista flystasjon.

       Disse medlemmer har merket seg at Forsvaret nå har et behov for Marka skyte- og sprengningsfelt som et verktøy innenfor krisehåndtering.

7. Forslag frå mindretall

Forslag fra Senterpartiet og Kristelig Folkeparti:

Forslag 1

       FBT/Bodø og FBT/Harstad opprettholdes.

Forslag fra Fremskrittspartiet og Godal fra Høyre:

Forslag 2

       FBT Region Østlandet lokaliseres til Oslo-området.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 3

       Departementet bes utrede en plassering av FOKIV lagt til Nord-Norge.

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 4

       Stortinget ber Regjeringen legge fram for Stortinget konkrete planer for Forsvarets kompetansesenter for internasjonal virksomhet der relevante investerings- og driftskostnader fremgår sammen med lokaliseringsforslag.

8. Komiteen si tilråding

      Komiteen har elles intet å bemerke, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å fatte slikt

vedtak:

       Stortinget samtykker i at:

I.

       Forsvarets bygningsteneste vert omorganisert og delar av verksemda slått saman, slik det framgår av kapittel 3 i proposisjonen.

II.

       Forsvarets sanitetsmagasin vert omorganisert og delar av verksemda lagt ned, slik det framgår av kapittel 4 i proposisjonen.

III.

       Forsvarets kompetansesenter for internasjonal verksemd vert oppretta slik det framgår av kapittel 5 i proposisjonen.

IV.

       Forsvaret opprettholder bruken av Marka skyte- og sprengningsfelt, herunder eksisterende ammunisjonsområde. Etter nedleggelsen av Lista flystasjon pr. 1. juli 1996 vedlikeholder Forsvaret de deler av etablissementet som kan nyttes til nærings- og eventuelle militære formål som beskrevet i proposisjonens kapittel 6.3

Oslo, i forsvarskomiteen, den 1. juni 1995.

Hans J Røsjorde, Odd Eriksen, Are Næss,
leiar. ordførar. sekretær.