4. Komiteen si tilråding

   Komiteen har elles ikkje andre merknader, syner til meldingane og dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Stortinget ber Regjeringa sjå til at der det ligg til rette for det, bør det kunne skipast minst to frekvensar for at kommersielle radioar og organisasjonsradioar kan få tilfredsstillande sendevilkår på kvar sin frekvens.

II.

       Dok.nr.8:38 (1994-1995) - forslag frå stortingsrepresentant Jan Simonsen om å gi lokal-TV-selskap adgang til videreformidling av norske og utenlandske satellittsendte TV-program - vert avvist.

III.

       St.meld. nr. 42 (1993-1994) om kringkasting og dagspresse 1993 m.v., St.meld. nr. 24 (1994-1995) om nærkringkasting, St.meld. nr. 31 (1994-1995) om eierskap i nærkringkasting Tillegg til St.meld. nr. 24 (1994-1995) om nærkringkasting - vert vedlagt protokollen.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 6. juni 1995.

Grethe G Fossum, Hallgrim Berg, Eli Sollied Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.