Innstilling frå næringskomiteen om dei årlege fiskeriavtalene Noreg inngår med andre land.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 23 (1995-1996)
  • Kildedok: St.meld. nr. 49 (1994-95)
  • Dato: 26.10.1995
  • Utgiver: næringskomiteen

1. Samandrag

       Regjeringa gir i meldinga ein oversikt over kvoteavtalene for 1995 og ein omtale av i kva grad Noreg og dei partane som vert tildelte kvotar i norsk jurisdiksjonsområde utnytta desse kvotane i 1993 og 1994. Meldinga omtalar også kva slags fartøy som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.

       I åra før og under etableringa av det nye havrettsregimet på syttitallet, inngjekk Noreg rammeavtaler om fiskerisamarbeid med ulike land som utvidinga av Noreg sitt jurisdiksjonsområde fekk verknad for. I tråd med regjeringa sin politikk freista ein å finne fram til ordningar som skulle ta vare på interessene både til norske og utanlandske fiskarar.

       I tråd med dei ulike rammeavtalene fører Noreg årlege forhandlingar om kvoteavtaler og forvaltingssamarbeid med kyststatar som Noreg deler fiskebestandar med.

       Når det gjeld utnyttinga av kvotar har norske fartøy nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord for 62°N fullt ut dei siste åra. I Nordsjøen vart også dei norske kvotane på fellesbestandane torsk, sei, makrell og sild oppfiska i 1993 og 1994. Meldinga inneheld ein omfattande gjennomgang av korleis norske fartøy har utnytta norske kvotar i utanlandske farvatn.

       Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar, er det òg eit generelt trekk at kvotane av torsk og hyse nord for 62° N er godt nytta av dei landa som har kvoterettar i området.

       Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen er konsumfisk som sild og makrell og industrifisk. Dei siste åra har EU fiska om lag 1/5 av totalkvotane sine for torsk og hyse sør for 62° N i norsk sone av Nordsjøen, medan dei fiskar om lag ein tredjedel av seikvoten sin i norske farvatn. EU fiska i gjennomsnitt meir enn 80 % av sin makrellkvote i Nordsjøen i norsk økonomisk sone i 1993 og 1994.

       Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak er gjennomgåande høg for EU (Sverige og Danmark). Færøyane sin seikvote i Nordsjøen har vore godt utnytta dei siste åra. For Sverige gjeld at dei utnyttar makrell-, sild- og rekekvotane sine i norsk sone av Nordsjøen fullt ut, men også konsumartane vert godt utnytta av svenske fiskarar.

       Grønland har sidan inngåinga av kvoteavtalene i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen.

2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg og er nøgd med den grundige gjennomgangen Regjeringa gjer av dei ulike fiskeriavtalene Noreg har med andre land. Komiteen har merka seg dei omfattande endringane og utvidingane den nasjonale fiskerijurisdiksjonen har vore gjennom sidan syttitalet.

       Regjeringa strekar under at kyststatane har suverene rettar til å nytte ut ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene etter FN sin havrettskonvensjon av 1982. Komiteen er samd i dette og i at kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvalting som kan leggje grunnlaget for ei berekraftig utvikling av fiskerinæringa.

       Komiteen har merka seg at dei avtalene Noreg har inngått med andre land om fiske i norske havområde, er gjort med ein rimeleg balanse i det gjensidige fisket mellom avtalepartane. Komiteen har òg merka seg at fiskeriavtalene med EU og Russland om dei fiskeartane som vandrar over sonegrensene også omfattar reglar for samarbeid om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen og Barentshavet.

       Komiteen har merka seg at Noreg og EU i samband med EØS-avtala har inngått ei avtale om ei vidare utvikling av det tosidige fiskerisamarbeidet. Denne avtala gjev EU ei totalkvote på norsk-arktisk torsk i Noreg si økonomiske sone på 2,9 % i 1993 og ein tilleggskvote stigande til 11.000 tonn i 1997. Etter det skal denne kvoten utgjere ein del som er lik gjennomsnittet av EU sin årlege del av totalkvoten dei same åra. Dei torskekvanta som EU er gitt gjennom brevveksling, skal balanserast av kvotar frå EU til Noreg.

       Komiteen har merka seg at det noverande fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Færøyane, Noreg og Grønland, Noreg og Island og mellom Noreg og Russland vert basert på tidsavgrensa avtaler inngått mellom partane. Desse avtalene vert fornya for avgrensa periodar dersom partane ikkje seier opp avtalene innan sette tidsfristar.

       Når det gjeld avtalen med Russland har komiteen merka seg det omfattande vitskaplege samarbeidet ein har i fiskerisektoren. Komiteen er særs tilfreds med dette samarbeidet.

       Det omfattande arbeidet som ligg bak dei årlege fangsttilrådingane frå ACFM er for dei nordlege bestandane i vesentleg grad basert på norsk og russisk forskingsinnsats. Komiteen vil difor understreke at verdien i dette forskingsarbeidet kan verte redusert i monaleg grad når aktørar i dei ulike sonene ikkje opptrer korrekt i høve til gjeldande forvaltingsreglar. Komiteen ser det difor som naudsynt at det norsk-russiske forskingssamarbeidet så langt råd er, kan danne grunnlag for tilsvarande forpliktande samarbeid med dei andre avtalepartane på fiskerisektoren.

       Komiteen har merka seg forskjellen i korleis fiskeriforvaltinga i Nordsjøen vert praktisert av EU og av Noreg. Dette gjeld særskilt reglane om utkast av fisk under minstemål, sildefisket og makrellfisket. For dei to første områda gjev den ulike praksisen grunnlag for totalt ulike oppfatningar av korleis ressursstoda faktisk er. Påbode utkast av fisk under minstemål vil gi eit feil grunnlag for anslag over bestanden. Det same vil skje i høve til Nordsjøsilda ut frå det omfattande fisket på ungsild som går føre seg i Nordsjøen. Komiteen vil understreka kor viktig det vil vere å kome fram til ei felles og forvaltingsmessig riktig handsaming av desse to områda, og finna fram til felles reglar som kan gjere det mogleg å oppnå ei berekraftig forvalting. Når det gjeld makrellen vil det etter komiteen sitt syn vere særs viktig at ein opprettheld ein høg norsk kvoteandel. Komiteen stør Regjeringa sitt arbeid for å halde denne delen på eit riktig nivå i høve til utbreiinga av makrellbestanden i Nordsjøen.

       Fisket i dei internasjonale havområda som ikkje er lagt under noka form for nasjonal eller fleirnasjonal forvalting og kontroll, er av stor tyding for Noreg. Vår økonomiske sone grensar til to store og viktige internasjonale havområde kor det i dag er stor usemje om korleis dei ulike bestandane skal forvaltast. Komiteen er nøgd med det arbeidet som har gått føre seg, og går føre seg, i regi av FN på dette området. Komiteen vil streke under kor viktig det vil vere at ein raskt får verkeleg kontroll med det fisket som går føre seg i dei internasjonale havområda som grensar opp til farvatn under norsk jurisdiksjon.

       Både med omsyn til norsk-arktisk torsk og norsk vårgytande sild vil det vere av stor nasjonal verdi at ein når fram til avtaler som gjev den einskilde kyststaten kontrollplikt og kontrollansvar for det fisket som til ei kvar tid går føre seg i desse havområda. I samband med dette merkar komiteen seg at FN-avtalen gjev pålegg til alle som fiskar i internasjonale havområde om å rette seg etter dei forvaltingsvedtak som gjeld for regulerte fiskebestandar gjennom dei forvaltingsorganisasjonar som er etablerte, og at alle deltakarar har plikt til å opprette forvaltingsorganisasjonar for internasjonale farvatn, der slike ikkje finst. Komiteen merkar seg vidare at FN-avtalen inneheld klare retningsliner om tvisteløysing ved usemje om forvaltinga. FN-avtalen gjev medlemer av ein forvaltingsorganisasjon inspeksjonsrett med omsyn til alle deltakarar i fisket i eit internasjonalt område. Dersom flaggstaten ikkje handhevar forvaltingsvedtak i samsvar med korte tidsfristar, kan kyststaten eller andre deltakarar i organisasjonen ved ulike kontrolltiltak og sanksjonar handheve forvaltingsreglane.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil likevel stille spørsmål om ein er komen langt nok i FN-regi.

       Desse medlemene er av den oppfatning at ein berre kan oppnå naudsynt kontroll dersom dei kyststatane som grensar til desse havområda får - og vil ta på seg - verkeleg kontroll, og rett til sanksjonar og straffeutmåling andsynes dei aktørane som opptrer i strid med forvaltingsreglane i dei ulike områda. Desse rettane og pliktene må bygge på historiske rettar og sonetilknyting.

       Desse medlemene vil understreke at gjennomføringa av FN-reglane for fiske på ope hav vil gjere det mogleg å innføre reglar for fisket og kvoteordningar som tar i vare omsynet til ei forsvarleg forvalting samt forvaltingsansvaret og rettane som kyststatane har til fiskebestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene og ope hav. Desse medlemene vil likevel peike på at det kan ta lang tid å opprette forvaltingsregimer, og at reglane for handheving og straffereaksjonar overfor regelbrot, er eit svakt punkt ved avtalen. Kontroll med fisket og effektive straffereaksjonar overfor regelbrot er viktige føresetnader for å lukkast med gjennomføringa av ei berekraftig forvalting av ressursane. Desse medlemene føreset derfor at det blir lagt særleg vekt på at kontroll- og handhevingsreglane gir kyststatane høve til å gjennomføra tiltak som sikrar at reglane for fisket blir etterlevd. Like så bør det i FN-avtalen arbeidast vidare med å styrkje kyststatane sitt forvaltingsansvar og styringsmakt i dei opne havområda.

       Desse medlemene vil peike på at det internasjonale fisket i Smottholet, som i første rekkje har vore dreve av islandske fiskarar, til nå har ført med seg eit stort overfiske av torskebestanden i Barentshavet. Desse medlemene ser det derfor som viktig at det forskingsmessige og fiskeripolitiske samarbeidet mellom Noreg og Russland vert bygd ut med sikte på ei rask gjennomføring av forvaltings- og reguleringsmessige tiltak i Smottholet. Like så at ein styrkjer den forskingsmessige overvakinga av spesielt torske- og hysebestanden i Barentshavet, slik at strakstiltak mot overfiske kan bli sett i verk av omsyn til fiskebestandane og fiskerisamfunna i Noreg og Russland.

       Komiteen vil på bakgrunn av det som er sagt ovanfor, be om at det i dei framtidige meldingane om dei årlege fiskeriavtalene vert gjort greie for dei kontrollordningane som vert sette i verk for å sjå til at fisket skjer i tråd med inngåtte avtaler og reguleringsbestemmelser. Dette gjeld både frå norsk og avtalepartane si side, da dette vil gi betre grunnlag for å vurdera korleis forvaltinga av fiskeressursane skal gjennomførast.

3. Komiteens tilråding

       Komiteen har elles ikkje merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 49 (1994-1995) Om dei årlege fiskeriavtalene Noreg inngår med andre land, vert lagt ved møteboka.

Oslo, i næringskomiteen, den 26. oktober 1995.

Svein Ludvigsen, Reidar Johansen, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.