2. Komiteen sine merknader

Komiteen viser til at etter omveltinga i Aust­ Europa, har det blitt ein internasjonal diskusjon om domstolane sitt  sjølvstende, og om den administrative organiseringa av desse. Sjølv om det ikkje har vore tilsvarande omveltingar her til lands, er det mange som no meiner at det er på tide med  ein omfattande gjennomgang av domstolane og organi­seringa av desse. Mellom anna Den norske Dommerforening har gitt uttrykk for eit slikt syn.

Som det  kjem fram i grunngjevinga for  forslaget, har det vore retta ein viss kritikk mot rekrutteringa av dommarar, og fleire har fremma ynskje om å endra dagens tilsetjingsprosedyrar. Som eit svar på dette vart det i 1990 oppretta eit rådgjevande organ for  dommarutnemningar. Dette innstiller overfor Justisdepartementet.

I dag er det tenestemannslova som regulerer den disiplinære makta som finnest overfor dommarar. Denne er svært avgrensa, og verkar i praksis berre i samband med administrativ forsømming og straffbare handlingar. Det har vore fremma kritikk mot dei avgrensingar som finnest på dette området. Forslag om eit eige disiplinærutval for dommarar har vore oppe, men dette er ei vanskeleg sak  i høve til spørsmålet om dommarane sitt sjølvstende. Komiteen ser behovet for å sjå nærare på spørsmål knytta til den måten domstolane er organiserte på. Komiteen har og merka seg kritikken mot dagens tilsetjingsordning av dommarar, og ynskjemå­let om andre disiplinærordningar overfor domma­rar. Komiteen støttar difor forslaget om å oppretta ein kommisjon til mellom anna å sjå  på organiseringa av domstolane. 

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Ar­beidarpartiet og Høgre, vil peika på at den norske Grunnlova byggjer på prinsippet om sjølvstendige og uavhengige domstolar. Ei sjølvstendig domsmakt er ein garanti for rettstryggleiken. Fleirtalet vil understreka at prinsippet om domstolane sitt sjølvstende er grunnleggjande i ein rettsstat, og at dette prinsippet har lange historiske tradisjonar i Noreg. Fleirtalet viser til at det er brei semje om dette prinsippet i det norske samfunnet. I eit demokrati vil maktfordelingsprinsippet vera basis for tilhøvet mellom dei ulike statsmakte­ne. Det er viktig at ein har  merksemda stendig retta mot dette tilhøvet, og at dei  politiske styresmaktene ser til at domstolane sin  sjølvstendige stilling vert  respektert.  Korkje Regjeringa, justisministeren eller andre kan gi domstolane instruks eller på anna vis påverka domstolane i konkrete saker.

Det er likevel berre som dømmande organ dom­stolane etter Grunnlova er suverene. Domstolane i Noreg har administrativt og budsjettmessig vore underlagt Justisdepartementet sidan 1814. Det er såleis lang praksis for at prinsippet om uavhengig­het for domstolane ikkje gjeld administrasjonen av dei. Prinsippet om uavhengige og sjølvstendige domstolar vert ikkje rekna for  å vera til hinder for at Regjeringa kan ta avgjerder om dei ytre reglane for rettergangen. Reglar for når og kvar rettsmøte skal haldast, korleis rettslokale skal utstyrast osb. er forvaltningsoppgåver. Etter Grunnlova § 3 ligg slike oppgåver i utgangspunktet til Kongen, dvs. Regjeringa. Etter  Grunnlova § 21 er det Kongen som vel alle embetsmenn, mellom anna dommarane. Ynskjer ein å endra dette og t.d. overføra tilsetjingsoppgåver til eit frittståande tilsetjingsråd, krev dette grunnlovsendringar.

Fleirtalet syner til brev frå justisministeren av11. oktober 1995, jf. vedlegg l, som syner at det alt er sett i verk eit arbeid for å oppretta ein uavhengig og brei samansett domstolskommisjon. Kommisjonen vil mellom anna ta for seg dei spørsmåla som er fremma i Dokument nr. 8:67. Fleirtalet  støtter dette arbeidet. 

Komiteen sine medlemer frå Senterpar­tiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, meiner at det er nyttig at spørsmålet om domstolane sin organisasjon og tilhøvet mellom domstolane og Regje­ringa blir teke opp til vurdering. Desse medlemene seier seg i prinsippet einige med  forslagsstillaren om at Stortinget bør setja ned ein domstolkommisjon for å foreta ein brei analyse og på denne bakgrunnen setja fram eventuelle framlegg til end­ringar.

Desse medlemene vil streka under at domsto­lane sitt tilhøve til Regjeringa og forvaltninga bør klargjerast. Eit  klarare skilje mellom domstolane og Regjeringa vil avklara på ein betre måte skiljet mellom statsmaktene. Ein av dei modellane som ein domstolkommisjon bør utgreia er eiorganisering med eit klart skilje mellom domstolane og Regje­ringa slik det går fram av forslaget. Dette vil ta bort all tvil om domstolane er heilt uavhengige eller ikkje. Desse medlemene vil likevel streka under at ein domstolkommisjon må stå fritt i kva for framlegg dei vil fremja. 

Desse medlemene vil peika på at både dom­stolane og politiet er lagde under den same  admini­strative leiinga og den same statsråden. Eit klart skilje, også administrativt, mellom domstolane og Regjeringa, vil difor ta bort einkvar tvil om noko bevisst eller ubevisst bindingsforhold mellom dom­stolane og Justisdepartementet.

Desse medlemene viser til at den noverande organisatoriske oppbygginga av domstolane og dei­ra administrative tilknyting til Regjeringa har ek­sistert slik sidan Grunnlova trådde i kraft i 1814. Sjølv om dette har fungert utan store problem, er det ingen grunn til å la vera å sjå på mogelege endringar som kan gi klarare skilje og oppgåvedeling mellom statsmaktene.

Desse medlemene finn det rett at det er ein komite oppnemnt av Stortinget som bør utføra utgreiinga av Domstolane sin organisasjon. Alternativet til dette er at Regjeringa kunne oppnemna ein slik kommisjon. I og med at det spørsmålet som skal drøftast er i kva grad domstolane bør få ein meir uavhengig stilling i høve til departementet, finn desse medlemene det  mest  naturleg at  det  er Stortinget som oppnemner kommisjonen. Stortinget sitt presidentskap får fullmakt til å oppnemna domstolkommisjonen med  representantar frå dei politiske partia, Regjeringa, domstolane, Den nors­ ke Dommerforening, og forsvararane ved Den norske Advokatforening.

Desse medlemene meiner at denne kommisjonen bør få i oppdrag å gjennomføra ein grundig analyse og utgreiing av fordelar og ulemper ved den måten dei norske domstolane er organiserte på og deira administrative tilknyting. Kommisjonen må i tillegg  vurdera dei konstitusjonelle tilhøva og vur­dera om endringar av dette er ynskjeleg. Dessutan bør kommisjonen undersøka korleis organiseringa av, og tilhøvet mellom domstolane og andre statsmakter er i land det er naturleg å samanlikne Noreg med. Dersom kommisjonen finn at endringar i tilhøvet mellom domstolane og Regjeringa kan vera ein fordel, bør  kommisjonen greia ut framlegg til endringar- gjerne i alternative løysingar. Kommi­sjonen bør også vurdera tilsetjings- og utnemningsprosedyrer i domstolane og også sjølve spørsmålet om tilsetjingsmynde og utnemningsmynde. Finn kommisjonen at det er grunn til å gjera endringar bør kommisjonen leggja fram framlegg om dette. Kommisjonen bør  og vurdera korleis kvaliteten i alle ledd i domstolapparatet kan sikrast m.a. gjennom korleis ei disiplinærmynde bør vera organisert og virka. Desse medlemene meiner kommisjonen sitt arbeid bør vera avslutta innan 2 år etter opp­ nemninga.

Desse medlem ene fremmer følgjande forslag:

  1. Det vert oppnemnt ein kommisjon som vert gjeven i oppdrag å vurdera dagens organisering av domstolane og fremma forslag om andre måtar å organisera domstolane på, herunder ein meir sjølvstendig organisering med eit eiga «domstolsstyre».
  2. Stortinget sitt presidentskap får fullmakt til å oppnemna kommisjonen i tråd med retningslinene i Innst. S. nr.  72 for  1995-96.