1. Samandrag

       Dette framlegget vert fremja i dokumentet:

       « 1. Stortinget ber Regjeringen utarbeide forslag til lovgivning for etter- og videreutdanning, der alle arbeidstakere får rett til utdanningspermisjon med lønn. Det endelige mål bør være tilsvarende 10 % av arbeidstiden.

       2. Stortinget ber Regjeringen ta kontakt med partene i arbeidslivet med sikte på å utvikle fondsordninger for etter- og videreutdanning, som skal bidra til å finansiere lønn og sosiale ytelser i utdanningspermisjonstiden. Utgangspunktet skal være et tredelt ansvar for finansiering; mellom stat, arbeidsgiver og arbeidstaker.

       3. Det nedsettes en kommisjon som skal kartlegge omfang og kostnader ved dagens etterutdanningstilbud i bedrifter og offentlig sektor, kartlegge fordeling mellom yrkesgrupper, kjønn og utdanningsnivå og tilrettelegge for gjennomføring av etterutdanningsreformen. »

       Bakgrunnen for framlegget er at dei med lågast utdanning og som arbeider på lågast nivå i verksemder, i liten grad får ta del i etter- og vidareutdanning. Fordelinga av dette godet er skeiv. Kompetansen kan òg bli skeivt fordelt mellom kjønna. Dette stiller krav til ein heilskapleg og forpliktande politikk på området.

       Framlegget vert grunngjeve med å betre den einskilde sin livskvalitet, styrke demokratiet og sikre at ein ikkje får eit nytt klasseskilje mellom dei som har og dei som ikkje har utdanning og kompetanse. Lovfesta rett til etter- og vidareutdanning kan òg vere ledd i ein strategi for deling av arbeid.

       Ny teknologi stiller nye krav til utdanning og oppdatering. M.a. blir maskinar og verkty i einskilde bransjar bytta ut etter berre 3-4 år. Manglande kunnskap og dugleik leier til ujamn kvalitet på varer og tenester og dårlegare tryggleik på arbeidsplassar og ved installasjonar. Ein gjennomgåande høg kompetanse i arbeidsstokken er ein føresetnad for å kunne utnytte ny teknologi. Generelt høg kompetanse gir ein konkurranseføremon i ein internasjonal økonomi.

       I dokumentet vert det vist til ILO-konvensjon nr. 140 frå 1974 om betalt utdanningspermisjon, som ikkje er ratifisert av Noreg. Det norske lovverket seier ikkje noko om arbeidstakarane sin rett til permisjon for å delta i organiserte opplæringsopplegg.

       Etter framlegget må det etablerast eit lovverk som sikrar rett til permisjon for opplæringsføremål for arbeidstakarar, jf. NOU 1986:23 om livslang læring. Føremålet må vere å fremje vaksne si deltaking i opplæring og å sikre alle arbeidstakarar same høve til å delta i opplæring. Lovverket må fastsetje arbeidstakarane sin rett til permisjon frå arbeidet i eit tidsrom, jf. LO sitt framlegg om permisjon tilsvarande 10 % av arbeidstida. Arbeidstakarane kan sjølv velje om dei vil ta ut retten under eitt eller over fleire år. Den einskilde skal kunne bruke permisjonstida til å halde seg oppdatert i eigen jobb, til å følgje med i utviklinga innafor eige fag eller yrkesutdanning, eller til vidareutdanning. Organiserte opplæringstilbod er ein føresetnad. Arbeidstakarane må vere sikra rett til å få tilbake jobben eller stilling på same kvalifikasjonsnivå og med tilsvarande tilsettingsvilkår. Det bør vere reglar for kor lenge ein må vere tilsett for å få rett til permisjon.

       Når det gjeld finansieringa av ordninga, blir ein mogleg modell for arbeidsdeling mellom styresmakter, arbeidsgjevar og arbeidstakar skissert i dokumentet. Arbeidsgjevar bør ha ansvar for å kartleggje behov, leggje kompetanseplanar og etablere et arbeidsgjevarfond til utdanningsføremål. Styresmaktene bør ha eit tredelt ansvar, for utdanningstilbodet for alle, for utdanningsvikariat og som arbeidsgjevar for statstilsette. Utdanningsplassar må stillast til disposisjon for etterutdanningsføremål, også lærekrefter. Frå arbeidstakarane si side bør ei ordning med individuelt eller kollektivt bidrag til ordninga vurderast nærare. Spørsmål om finansiering og fordeling bør drøftast og planleggjast i nær kontakt med partane i arbeidslivet.