1. Samandrag

     Regjeringa legg i meldinga fram sitt prinsipielle syn på framlegga om bygging og drift av gasskraftverk i Norge.

       Naturkraft AS søkte om konsesjon for bygging av gasskraftverk på Kollsnes og Kårstø 23. februar 1996. Naturkraft AS er eigd av Norsk Hydro, Statkraft og Statoil med ein tredel kvar. Søknadene skal handsamast av Norges vassdrags- og energiverk (NVE).

       Departementet syner til St.meld. nr. 44 (1994-1995) om Norge som gassnasjon - bruk av naturgass, der gasskraftverk vart drøfta i eit eige kapittel, jf. òg Innst.S.nr.149 (1995-1996).

       Det er i meldinga om gasskraftverk gjort greie for:

- Naturkraft sitt opplegg for bygging av gasskraftverk i Norge.
- Gasskraft i den nordiske kraftforsyninga.
- Energiutnytting og miljøkonsekvensar av gasskraftproduksjon.

       Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar syner departementet til at Regjeringa har drøfta dei samfunnsøkonomiske sidene ved å byggje gasskraftverk i Norge. Regjeringa meiner at dei rammevilkåra som gjeld, gjev same vilkår som for anna industriverksemd, og at dette sikrar ei samfunnsøkonomisk lønsemd for gasskraftverka. Den bedriftsøkonomiske lønsemda av gasskraftverka er vurdert av eigarane av Naturkraft AS som søkjer om konsesjon. Krafta skal seljast på forretningsmessige vilkår i den nordiske kraftmarknaden.

       Departementet syner vidare til at gasskraftverk i Norge ikkje er pålagt CO2-avgift etter det nogjeldande avgiftssystemet. Naturkraft må sjølv vurdere den kommersielle risikoen knytt til moglege framtidige miljøavgifter. Avgiftsspørsmåla vil bli drøfta på bakgrunn av innstillinga frå Grøn skattekommisjon.

       Etablering av gasskraftverk i Norge vil ikkje krevja auka ressursar i NVE eller i forvaltninga elles.

Verdiskaping og miljø

       Departementet syner til at følgjande element er sentrale i Naturkraft sine planar for bygging av gasskraftverk:

- To produksjonseiningar, ei på Kollsnes og ei på Kårstø, som båe skal yta 350 MW og som kvar kan gjeva ein el-produksjon på 2,8 TWh i året.
- Gasskjøpsavtale med Trollgruppa og kraftsalavtalar med svenske og finske kjøparar.
- Auka brutto CO2-utslepp på om lag 2,1 millionar tonn i året. Med avsetning av kraft og varme til gassbehandlingsanlegg er det mogleg å redusere utsleppa med 0,4 millionar tonn på Kårstø eller med 0,15 millionar tonn på Kollsnes alt etter kvar naturgassen frå Åsgard-feltet blir ført i land. På Kårstø kan det vera grunnlag for ytterlegare avsetnad av varme og reduksjon av CO2-utsleppa ved integrasjon med eksisterande anlegg.
- Prosjekta utløyser i seg sjølve ikkje nettutbyggingar, og anlegget på Kollsnes gjer at det til så lenge ikkje er turvande å forsterka ledningsnettet inn mot Bergen.

       Regjeringa er positiv til gasskraftverk etter det opplegget som Naturkraft AS søkjer om, av di:

- Gasskrafta vil gjeva inntekter og sysselsetjing og inneber vidareforedling av norske naturressursar.
- Norsk gasskraft er eit alternativ til kol-, olje- og kjernekraft i Norden og kan såleis medverka til eit betre miljø.

       Departementet syner til at lønsam foredling av gass i Norge medverkar til å redusere vår utsette stilling andsynes råvareprisane på naturgass, og såleis til å redusere uvissa med omsyn til petroleumsinntektene i framtida. Gasskrafta skal byggja på den best tilgjengelege teknologien, og krafta skal gå til å dekkja den auka etterspurnaden etter elektrisk kraft i Norden. Departementet syner vidare til at utsleppa av klimagassar ikkje er påverka av om det ligg gasskraftverk i Norge eller andre stadar så lenge teknologien for energiutnytting er den same. Lokaliseringa kan likevel ha noko å seia for utsiktene for varmeutnytting. Å seia nei til lønsam gasskraft i Norge og å akseptera gasskraft i andre land, er å gi slepp på verdiskaping og ei tryggare energiforsyning for Norge utan å få nokon gevinst for klimautsleppa.

       Departementet syner til at gasskraftprosjekta av Naturkraft er vurderte til å vera bedriftsøkonomisk lønsame og tilfredsstiller etter departementet si vurdering krava til samfunnsøkonomisk lønsemd. Prosjekta medverkar i tillegg til å auka verdien av gassressursane på den norske sokkelen. I tillegg til at gasskraftverka skal vera lønsame og medverka til eit betre miljø i Norden, er det òg eit krav at gasskraftverka skal ha den best moglege utnyttinga av energien i naturgassen. Gasskraftverka vil gjeva inntekter for eigarane, gassleverandørane, dei tilsette og det offentlege. Kvart gasskraftverk vil sysselsetja 30-40 personar. Den totale sysselsetjingseffekten i etableringsperioden er av Naturkraft utrekna til 6.000 årsverk.

       Innanlandsk bruk av naturgass er i dag friteken for CO2-avgift. Departementet syner til at dersom eit gasskraftverk skal handsamast likt med annan innanlandsk bruk av gass, skal det ikkje påleggjast CO2-avgift.

       Naturkraft AS må sjølv vurdere den kommersielle risikoen knytt til moglege miljøavgifter i framtida, t.d. i samband med ei harmonisering av avgiftene i Norden eller Europa. Avgiftsspørsmåla vil bli drøfta på bakgrunn av innstillinga frå Grøn skattekommisjon. Også i det nordiske samarbeidet blir det gjort utgreiingar som vurderer dei miljømessige rammeføresetnadene og utsiktene for å setja i verk klimatiltak på tvers av landegrensene.

       Departementet syner til at dei gasskraftverka det er søkt konsesjon for vil auka dei nasjonale CO2-utsleppa med 5-6 % utover det som er lagt inn i utsleppsframskrivinga i samband med klimameldinga. Men gasskraftverka vil berre sleppa ut om lag halvparten så mykje CO2 som eit kolkraftverk. Det vil innebera at dersom minst halvparten av gasskrafta kjem i staden for kolkraft, vil CO2-utsleppa gå ned. Gasskraft gjev ikkje utslepp av svovel, og vesentleg mindre utslepp av NOx enn kolkraft. I tillegg kan gasskraft redusera avhegnaden av kjernekraft, og på denne bakgrunnen syner departementet til at gasskrafta vil medverka til eit betre miljø i Norden.

       Naturkraft AS har inngått langsiktige avtalar med kjøparar i Sverige og Finland for ytterlegare å sikra utsiktene for at gasskrafta kjem i staden for kolkraft eller kjernekraft.

       Regjeringa går inn for bygging av gasskraftverk i Norge dersom konsesjonshandsaminga syner at dette stettar normale konsesjonsvilkår, og kan inngå i ein heilskapleg miljø- og energipolitikk. Viktige føresetnader og element i ein slik politikk er:

- Norsk gasskraft må medverka til å redusere forbruket av kolkraft og kjernekraft. Dette kan sikrast ved at krafta vert eksportert, og ved at kjøparlanda brukar gasskraft frå Norge til å avgrensa bruken av anna fossilt brensel eller kjernekraft.
- Halda fram med arbeidet for forpliktande avtalar om avgrensing i utsleppa av klimagassar. Norge må vera ein aktiv pådrivar for at fleire land kan gå saman om dette.
- Framlegg om innføring av ei sams CO2-avgift på all kraftproduksjon i Norden.
- Moglege norske gasskraftverk må byggjast med den best tilgjengelege og miljøvenlege teknologien, slik at den totale energiutnyttinga minst blir på høgde med den som ein oppnår i annan kraftproduksjon med fossilt brensel.
- Gasskraftverk skal ikkje subsidierast gjennom låg gasspris.
- Arbeida for ein sams nordisk energipolitisk strategi med forpliktande mål om å skapa ei berekraftig utvikling.
- Medverka til å klårgjera kva som kan gjeva grunnlag for å byggja ein gassleidning for eksport av naturgass til Finland og Sverige.
- Nye tiltak for å redusera energiforbruket og å trappa opp innsatsen for energiøkonomisering monaleg.
- Innsatsen for å utvikla fornybare energikjelder skal styrkast (m.a. bio-energi, og utbygging av norsk vasskraft i ikkje-verna vassdrag).

Konsesjonshandsaming av gasskraftverk

       Departementet syner til at NVE mottok konsesjonssøknaden med konsekvensutgreiinga 23. februar 1996. Søknaden er kunngjort og lagt ut til gjennomsyn i dei distrikta det vedkjem. Offentlege organ og andre som tiltaket direkte gjeld, har fått søknaden til uttale.

       Konsekvensutgreiinga omhandlar i hovudsak dei samfunnsmessige og miljømessige konsekvensane prosjektet har. Det skal m.a. leggjast vekt på konsekvensane når det gjeld sysselsetjing, kommunal økonomi, regional kraftforsyning og leveringstryggleik, utslepp til luft, utslepp til sjø, støy og landskapspåverknad.

       Departementet syner til at kompetansen til å fatta vedtak etter energilova § 2-3 om å gjeva konsesjon til eit mogleg gasskraftverk, er delegert til NVE, og energilova sine sakshandsamingsreglar og vilkår for godkjenning av elektriske anlegg gjeld for konsesjonshandsaming av gasskraftverk.

       Departementet syner vidare til at løyve til utslepp til luft og vatn frå eit gasskraftverk skal gjevast av Statens forureiningstilsyn (SFT) på grunnlag av føresegnene i forureiningslova. SFT og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern (DBE) vil gjeva endeleg løyve etter at NVE har gjeve ein mogleg konsesjon eller ei klagesak er klårgjort i departementet. For slutthandsaminga av sjølve konsesjonssøknaden må NVE ha minst tre månader etter at høyringsfråsegnene er komne inn. Fastsetjing av plasseringa av gasskraftverket skal skje etter føresegnene i plan- og bygningslova og energilova, og anleggsarbeida kan difor ikkje byrja før nødvendig klårgjering er gjort etter båe lovverka.