Vedlegg 11

Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråd Kjell Opseth til kontroll- og konstitusjonskomiteen, datert 15. oktober 1996:

Dok.nr.8:49 (1995-1996) og den opne høyringa i komiteen 20. september 1996

       Eg viser til brev frå kontroll- og konstitusjonskomiteen av 11. oktober 1996. Av mitt brev til komiteen av 25. september 1996 framgår m.a.:

       « Av referatet går det fram at eg ved nokre høve knytta denne argumentasjonen til dei råd vi har fått frå strafferettsleg ekspertise i samband med denne saka. Desse råda var imidlertid knytt til ei vurdering av den rettslege status til våre politimeldingar etter at statsadvokaten påla Oslo politikammer å etterforske heile sakskomplekset. Dei var ikkje, slik nokre av utsegnene i høyringa framstod som, ei vurdering av om det skulle vere formelle hindringar i vegen for ei eventuell attendetrekking av meldingane. »

       I sitt brev viser komiteen til fleire utsegn under høyringa 20. september 1996, der spørsmålet om attendetrekking var tema. Det er desse utsegna eg med det som er sitert ovanfor viser til i brevet av 25. september 1996. Eg har ikkje, slik brevet frå komiteen av 11. oktober 1996 kan oppfattast, vist til mistydingar. I brevet av 25. september 1996 gjer eg greie for korleis nokre av utsegnene framstod, og eg gjer samstundes greie for kva som kan bli ståande som mitt syn.

       I tidlegare korrespondanse har eg gjort greie for kva motiv Samferdselsdepartementet har hatt for ikkje å trekkje meldingar attende. Det er i brevet av 25. september 1996 også gjort greie for at meldinga av Norske 4H er trekt. Komiteen har også fått kopi av vårt brev til Oslo politikammer av same dag, der vi gjer greie for kva som sette denne organisasjonen i ei særstilling, og kvifor vi kunne trekkje denne meldinga utan at det av nokon kunne oppfattast som inngrep i etterforskinga.

       Det skulle med dette vere klart for komiteen kva for utsegner under høyringa som kan bli ståande som mitt syn.