Innstilling frå justiskomiteen om rettferdsvederlag av statskassa.

Dette dokument

1. Innleiing

       Etter at St.prp. nr. 89 (1995-1996) om rettferdsvederlag vart fremma for Stortinget har Rettferdsvederlagsutvalet handsama 248 søknader. 156 søknader er avslått, medan det i 92 saker er tilstått vederlag. I ei sak har utvalet kome med tilråding overfor Stortinget. Utvalet har gitt rettferdsvederlag med til saman kr 7.285.000. Dei einskilde vederlaga ligg mellom 30.000 og 250.0000 kroner.

       Utskrift av vedtaka i Rettferdsvederlagsutvalet og dokumenta i sakene er lagt ved proposisjonen som utrykte bilag.

2. Søknad som skal leggjast fram for stortinget til endeleg avgjerd

Sak nr. 1

       NN, fødd 1927, har søkt om rettferdsvederlag etter at han vart skadd då han som 12-åring vart behandla for stivkrampe. Frå 1962 har han brukt rullestol og han har hatt ei lang rad sjukehusopphald. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde vore særleg uheldig i sitt møte med helsestellet fordi sjukehuset nytta ei uprøvd og eksperimentelt prega behandlingsform. Tilsynet tilrådde rettferdsvederlag med kr 150.000. Justisdepartementet slutta seg til denne vurderinga. Rettferdsvederlagsutvalet innvilga vederlag med kr 150.000 som var den høgaste summen utvalet kunne tilstå. Utvalet tilrår at det vert gitt ytterlegare vederlag med kr 100.000.

       Komiteen stør framlegget frå utvalet og tilrår at rettferdsvederlag vert innvilga med totalt kr 250.000.

3. Klagesaker

       Fem av klagene gjeld tidlegare lobotomerte. I St.prp. nr. 44 (1994-1995) er det gjort nærmare greie for dei retningslinene som har vært fylgt ved vurderinga av om rettferdsvederlag skal tilkjennast lobotomerte. Dei rettleiande kriteria refererer seg til uvanlege diagnosar eller indikasjonar for inngrepet, kort observasjonstid eller manglande forsøk på annan behandling eller ung alder. I tillegg er det gjort særskilde vurderingar om kva som er rimeleg mellom anna ut frå dei faktiske konsekvensane inngrepet har fått for søkjaren. Kriteria har noko ulik utforming for lobotomi utført i ulike tidsperiodar. Det vert elles vist til vedtak i Stortinget av 17. juni 1996 om at det skal utbetalast ei generell erstatning på kr 100.000 til kvar av dei lobotomerte.

Sak nr. 2

       NN, fødd 1925, lobotomert i 1949. Helsetilsynet har lagt til grunn at søkjaren var alvorleg sinnssjuk. Før inngrepet var søkjaren på sjukehus til observasjon i til saman 4 år og 8 månader. Alternativ behandling vart prøvd utan vesentleg verknad, og alderen ved inngrepet var 24 år. Helsetilsynet fann at vilkåra for å yte rettferdsvederlag ikkje var oppfylt. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget. Helsetilsynet uttaler mellom anna at samtykke frå pasienten eller pårørande ikkje var nødvendig og at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar. Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 3

       NN, fødd 1925, lobotomert i 1956. Helsetilsynet har lagt til grunn at diagnosen schizofreni var godt underbygd. Søkjaren var til observasjon i til saman 8 år før inngrepet. Alternativ behandling vart prøvd utan vesentleg verknad, og alderen ved inngrepet var 31 år. Helsetilsynet fann at vilkåra for å yte rettferdsvederlag ikkje var oppfylt. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget. Helsetilsynet uttaler at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 4

       NN, fødd 1922, lobotomert i 1951. Helsetilsynet har lagt til grunn at søkjaren hadde ei alvorleg sinnsliding. Før inngrepet var søkjaren til observasjon i ca 3 år. Alternativ behandling vart prøvd utan vesentleg verknad, og alderen ved inngrepet var 29 år. Helsetilsynet fann at vilkåra for å yte rettferdsvederlag ikkje var oppfylt. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsuvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har klaga over avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 5

       NN, fødd 1929, lobotomert i 1951. Helsetilsynet har lagt til grunn at diagnosen schizofreni var godt underbygd. Før inngrepet var søkjaren til observasjon i til saman 8 månader. Alternativ behandling vart prøvd utan vesentleg verknad, og alderen ved inngrepet var 22 år. Helsetilsynet fann at vilkåra for å yte rettferdsvederlag var oppfylt og det vart vist til den korte observasjonstida på sjukehuset. Vederlaget vart foreslått sett til kr 80.000. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart tilkjent med kr 80.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Helsetilsynet opprettheld sin tidlegare tilråding, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 6

       NN, fødd 1934, lobotomert i 1953. Helsetilsynet har lagt til grunn at diagnosen og dermed indikasjonen for lobotomioperasjonen synest noko svakt grunngjeve. Før inngrepet var søkjaren til observasjon i til saman 14 1/2 månad. Alternativ behandling vart prøvd utan vesentleg verknad. Alderen ved inngrepet var 19 år. Helsetilsynet fann at vilkåra for å yte rettferdsvederlag var oppfylt. Det vart lagt vekt på at indikasjonen var noko svak. Tilsynet foreslo eit vederlag på kr 75.000. Justisdepartementet slutta seg til denne vurderinga, medan Rettferdsvederlagsutvalet tilkjende vederlag med kr 100.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Helsetilsynet uttalar at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 7

       NN, fødd 1957, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho har fått store komplikasjonar etter eit beinbrot i 1968. Helsetilsynet la til grunn at behandlinga ikkje kunne kritiserast og at sluttresultatet var godt. Komplikasjonane låg innafor kva som var pårekneleg, og tilsynet tilrådde ikkje vederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 8

       NN, fødd 1952, har søkt om rettferdsvederlag som følgje av problem ho har hatt etter at mannen hennar tok livet sitt i 1991. Helsetilsynet uttalte at rettferdsvederlag som hovudregel kun blir gitt til den som sjølv har kome uheldig ut av sin behandlingssituasjon. Tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet uttalte at det ikkje var ført fram kritikkverdige tilhøve ved det offentlege. Søkjaren kunne ikkje seiast å ha kome spesielt uheldig ut i høve til andre som mister ektefellen sin under liknande omstende. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 9

       NN, fødd 1950, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av kroniske ryggsmerter med utstråling til venstre bein. Søkjaren hevdar at smertene skuldast ei epiduralbedøving han fekk i 1983. Helsetilsynet uttalte at det mest sannsynleg ikkje var årsakssamanhang mellom inngrepet og smertene, og fann ikkje grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 10

       NN, fødd 1953, har søkt om rettferdsvederlag etter at ho i 1983 kutta seg i venstre peikefinger og måtte amputere fingeren. Søkjaren hevdar at det skuldast mangelfull behandling at kuttskaden gjorde amputasjon nødvendig. Helsetilsynet fann at søkjaren hadde fått ei forsvarleg og adekvat behandling. Søkjaren hadde motsett seg eit treningsopplegg som sannsynlegvis ville gitt godt resultat. Helsetilsynet fann på denne bakgrunn ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 11

       NN har søkt om rettferdsvederlag etter at far hans døydde som følgje av feilbehandling på sjukehus i 1990. Dette har ført til ei økonomisk tyngsle for søkjaren som hadde kausjonert for eit lån faren hadde tatt opp. Saka har tidlegare vore handsama i Rettferdsvederlagsutvalet men vart avvist då saka fall inn under Norsk pasientskadeerstatning. Norsk pasientskadeerstatning har tilkjent søkjaren kr 90.000. Helsetilsynet fann ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag. Det var ikkje dokumentert at søkjaren var komen særskilt uheldig ut i høve til andre i same situasjon. Justisdepartementet viste til at rettferdsverderlag ikkje omfattar tap som blir dekt gjennom andre ordningar, og rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget og bedt om eit vederlag på kr 150.000. Helsetilsynet finn ikkje at klaga inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 12

       NN, fødd 1943, har søkt om rettferdsvederlag for fysiske og psykiske problem ho har hatt etter ein slankeoperasjon i 1973. Helsetilsynet viste til at søkjaren har hatt komplikasjonar som ein må rekne med og som ho var gjort kjent med før ho samtykte til operasjonen. Ho hadde fått adekvat og forsvarleg behandling, og Helsetilsynet fann ikkje grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsverderlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 13

       NN, fødd 1959, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho vart feiloperert i 1974. Søkjaren er operert på nytt i 1991, og er etter dette kvitt plagene. Helsetilsynet la til grunn at den typen operasjon søkjaren hadde hatt var ein akseptert behandlingsform i 1974, og at komplikasjonane var slike som ein måtte rekne med. Helsetilsynet fann ikkje at søkjaren hadde vore uheldig i møtet med det norske helsestellet, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 14

       NN, fødd 1959, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner seg feilbehandla for ein medfødd hofteleddsluksasjon. Helsetilsynet fann ikkje at sjukehuset kunne lastast for at diagnosen ikkje vart stilt ved fødselen. Den seinare behandlinga var i samsvar med gjeldande behandlingsprinsipp. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 15

       NN, fødd 1932, har søkt om rettferdsvederlag for skadar i svelg og slimhinner samt psykiske problem etter strålebehandling av svulst i 1987. Helsetilsynet la til grunn at strålebehandlinga utan tvil har ført til ein reduksjon av livskvaliteten til søkjaren. Behandlinga var likevel den einaste som kunne redde livet hans, og biverknadene var ein nødvendig konsekvens av behandlinga. Det var grunn til å tru at søkjaren i fullnøyande grad var gjort kjent med biverknadene. Helsetilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til tilrådinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet kan ikkje sjå at saka inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 16

       NN, fødd 1956, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho har vore utsett for feilbehandling. Søkjaren fekk i 1980 transplantert ei nyre som seinare vart fjerna. I 1984 fekk ho transplantert ei anna nyre utan komplikasjonar. Helsetilsynet fann ikkje at helsestellet kunne kritiserast. Helsesituasjonen til søkjaren var knytt til søkjaren sin kroniske nyresvikt, og ikkje til behandlinga av denne. Tilsynet tilrådde ikkje vederlag i saka. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til tilrådinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at det ikkje er grunnlag for å hevde at søkjaren vart feiloperert i 1980, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 17

       NN, fødd 1933, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho fekk for dårleg informasjon då ho fjerna ein vondarta kreftsvulst i andletet i 1984. Helsetilsynet fann det vanskeleg å avgjere om det var gitt manglande informasjon, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet viste til at sjølv om det er grunn til å seia seg lei for feilinformasjon, skal det heilt spesielle tilhøve til før ein gjev rettferdsvederlag på dette grunnlaget. Den påståtte feilinformasjonen i denne saka hadde ikkje hatt noko å seie for sjølve behandlinga av sjukdommen. Rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til desse vurderingane, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 18

       NN, fødd 1970, har søkt om rettferdsvederlag fordi han meiner han har vorte feilbehandla av helsestellet. Då søkjaren var 7 1/2 månad fekk han ein poliovaksine medan han var forkjøla. Han meiner denne har ført til øyrebetennelse og hjerneblødning, og at han vart liggjande for lenge på det lokale sjukehuset. Han har seinare utvikla epilepsi. Helsetilsynet fann ikkje at det var samanheng mellom hjerneblødninga og poliovaksinen, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet finn det godt dokumentert at søkjaren var sikra eit systematisk og godt fysioterapiopplegg, og rår til at klaga vert avslått. Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 19

       NN, fødd 1933, har søkt om rettferdsvederlag etter at ho fekk påvist ein kreftsjukdom i tjukktarmen i 1985. Søkjaren meiner at dersom lækjarane ikkje hadde gitt så dårlege livsutsikter ville ho ha disponert verdiane sine annleis, og dermed hatt større økonomisk tryggleik. Helsetilsynet la til grunn at det var rett av lækjarane å gje søkjaren opplysningar om at framtidsutsiktene var lite positive, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet meinte at søkjaren sjølv måtte bere ansvaret for dei økonomiske disposisjonane ho hadde gjort i sjukdomsperioden, og slutta seg elles til Helsetilsynet si vurdering. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 20

       NN, fødd 1924, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av mangelfull diagnose og undersøking i samband med livmorkreft i 1971. NN har tidlegare fått avslag på søknad om rettferdsvederlag på same grunnlag. I avslaget vart det vist til at ho allereie har motteke kr 300.000 gjennom eit rettsforlik. Helsetilsynet viste til at søkjaren har hatt til dels vesentlege plager, og at ein del av desse plagene kunne tilskrivast behandlinga i 1971. Helsetilsynet kunne likevel ikkje sjå at det var kome fram noko nytt i saka, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at det ikkje kjem fram nye medisinske opplysningar i klaga, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 21

       NN, fødd 1945, har søkt om rettferdsvederlag for påstått mangelfull diagnose av hovudskadar han fekk etter ei bilulukke i 1968. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren fekk den behandlinga som var aktuell på skadetidspunktet og i åra etterpå. Tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler m.a. at søkjaren sine helseskadar må sjåast i relasjon til den opprinnelege skaden søkjaren fekk, og ikkje som følgje av den behandlinga søkjaren fekk av helsevesenet. Tilsynet finn ikkje at klaga inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 22

       NN, fødd 1954, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho er kome særskilt uheldig ut av den behandlinga ho har fått for ei medfødd misdanning. Ho hadde eit stort fødselsmerke i ansiktet og har sidan hatt om lag 40 operasjonar. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde fått adekvat behandling, og at dei skadane som hadde oppstått vart sett på som påreknelege. Tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsverderlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 23

       NN, fødd 1950, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho er kome særskilt uheldig ut etter at ektemaken var utsett for ei trafikkulukke i 1977. Han fekk store fysiske og psykiske problem etter behandling av eit armbrot han vart påført og tok sitt eige liv i 1992. Helsetilsynet la til grunn at komplikasjonen som ektefellen fekk etter armbrotet oppstår svært sjeldan. Det var likevel ein pårekneleg følgje, og sjukehuset kunne ikkje klandrast. Rettferdsverderlag til etterlatne vert berre gitt under heilt spesielle omstende, og tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet viste til at den vanskelege livssituasjonen til søkjaren ikkje i seg sjølv gav grunnlag for rettferdsvederlag. Ektemaken hadde tidlegare søkt om rettferdsverderlag utan at søknaden var blitt handsama før dødsfallet. Departementet la til grunn at avdøde var komen særskilt uheldig ut av sitt møte med helsestellet. Han hadde fått ei forsikring på kr 285.000 etter trafikkulukka og departementet viste til at rettferdsvederlag blir gitt der det ikkje ligg føre andre grunnar for erstatning. Departementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til departementet si vurdering, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 24

       NN, fødd 1950, har søkt om rettferdsvederlag som følgje av at gangsynet hans skal ha blitt varig svekka etter ein operasjon for netthinneavløysing i 1991. Helsetilsynet la til grunn at den reduserte gangfunksjonen ikkje var forårsaka av feil ved operasjonen, og rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 25

       NN, fødd 1939, har søkt om rettferdsvederlag grunna eit lite drypp (hjerneslag) ho fekk i samband med ei undersøking ved Kvinneklinikken på Å sjukehus i 1980. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde fått korrekt behandling utan særskilde komplikasjonar. Tilsynet fann ikkje grunnlag for å tilrå rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 26

       NN, fødd 1913, har søkt om rettferdsvederlag som følgje av smerter etter ein ryggoperasjon i 1988. Helsetilsynet fann at ein ikkje kunne kritisere grunnlaget for eller utføringa av ryggoperasjonen, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 27

       NN, fødd 1952, og MN fødd 1963, har søkt om rettferdsvederlag fordi dei meiner dei vart utsette for seksuelle tilnærmingar frå ein lækjar under plastiske brystoperasjonar. Forholda vart melde til politiet, og tiltalte vart frifunnen både i byretten og lagmannsretten. 12 andre kvinner hadde meldt same lege. Helsetilsynet såg seg bunden av frifinninga til lagmannsretten når det galdt det strafferettslege. Tilsynet la likevel til grunn at søkjarane ikkje hadde forklart seg usannferdig. Dei hadde reint subjektivt opplevd operasjonane som om overgrep hadde funne stad. Helsetilsynet tilrådde vederlag med kr 50.000 til kvar av søkjarane. Justisdepartementet slutta seg til denne vurderinga, medan Rettferdsvederlagsutvalet ikkje ville gi vederlag fordi inngrepa ikkje var medisinsk indiserte. Det vart vist til folketrygdlova kap. 2 § 1 der det er slått fast at ein ikkje yter medisinsk stønad ved kosmetiske inngrep som ikkje hovudsakleg er medisinsk indisert.

       Søkjarene har påklaga avslaget. Helsetilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si, medan Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 28

       NN, fødd 1934, har søkt om rettferdsvederlag for ryggsmerter og skade i venstre arm ho skal vere påført som følgje av feilbehandling. Helsetilsynet la til grunn som lite sannsynleg at det var årsakssamanhang mellom den mislukka ryggmargsprøven søkjaren hadde hatt i 1978 og dei noverande ryggplagane. Vidare var det tvilsamt om søkjaren hadde unngått den feilstillinga som oppstod etter eit armbrot i 1988, sjølv om ho hadde vorte sendt til spesialist. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 29

       NN, fødd 1970, har søkt om rettferdsvederlag fordi han meiner han vart feilbehandla i samband med ein lårbeinsoperasjon etter ei trafikkulukke i 1986. Etter operasjonen har han fått feilstilling av foten. Han er tidlegare tilkjent kr 100.000 frå eit trygdelag. Helsetilsynet la til grunn at det ikkje var gjort noko aktlaust under operasjonen, og at komplikasjonen ikkje var upårekneleg. Tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Retteferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at dei har vurdert saka på nytt og finn det usannsynleg at årsaka til den aukande rotasjonsfeilstillinga skuldast det operative inngrepet. Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen meiner at søkjaren er komen uheldig ut, og tilrår etter ei samla vurdering av saka at rettferdsvederlag vert innvilga med kr 60.000.

Sak nr. 30

       NN, fødd 1937, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho vart feilbehandla i samband med ein fødsel i 1967. Barnet fekk cerebral parese. Helsetilsynet meinte det var usikkert, men ikkje usannsynleg at det var årsakssamanhang mellom for tidleg fødsel og cerebral parese hjå barnet. Ein hadde likevel ikkje det same høvet til nøyaktig diagnose for fødsel som ein har i dag, og tilsynet fann ikkje grunnlag for å tilstå rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet finn ikkje at det har kome fram nye medisinske opplysningar i klaga, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 31

       NN, fødd 1974, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho vart feilbehandla ved ein operasjon då ho var nyfødd. Ho fekk blodforgiftning og beinbetennelse, noko som førte til stygge arr og funksjonsnedsetjing. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren fekk ei forsvarleg behandling. Under tvil fann likevel Helsetilsynet å kunne tilrå rettferdsvederlag med kr 20.000. Det vart vist til at følgjene av blodforgiftninga var alvorlege og sjeldne. Justisdepartementet viste til at søkjaren var blitt redda frå ein livstruande situasjon, og kom under tvil til at søkjaren ikkje var komen spesielt uheldig ut. Departementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si, medan Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen viser til Helsetilsynet si grunngjeving og tilrår at rettferdsvederlag vert innvilga med kr 30.000.

Sak nr. 32

       NN, fødd 1946, har søkt om rettferdsvederlag etter at ho i 1967 kom ut for ei trafikkulukke og fekk ein nakkeslengskade. Samanhangen mellom ulukka og skaden vart ikkje klarlagt før i 1990. Helsetilsynet meinte det var tvilsamt at det var årsakssamanhang mellom skaden etter bilulukka og dei plagene søkjaren har i dag. Tilsynet la til grunn at den behandlinga søkjaren fekk var adekvat på behandlingstidspunktet, og rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at kunnskap om nakkeslengskadar og prognosane for desse er framleis lite kjende. I tillegg har søkjaren sukkersjukekomplikasjonar som gjer vurderingane vanskelege. Tilsynet held fast ved den tidlegare tilrådinga si, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 33

       NN, fødd 1964, har søkt om rettferdsvederlag grunna ein kjeveleddsskade han fekk etter at han fekk operert inn eit proplastinnlegg i 1987. Søkjaren meiner sjukehuset skulle ha fulgt opp med kontrollar. Han har utvikla eit rusproblem grunna stort inntak av smertestillande medikament. Helsetilsynet la til grunn at den behandlinga søkjaren fekk var tilfredsstillande etter datidas kunnskap. Sjølv om søkjaren hadde vore uheldig med resultatet, fann Helsetilsynet ikkje grunnlag for å innvilga rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at søkjaren har fått ei nødvendig behandling for plagene sine og at han ikkje har vore særskilt uheldig i sitt møte med helsestellet. Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 34

       NN, fødd 1957, har søkt om rettferdsvederlag for feilbehandling og komplikasjonar i samband med at han fekk diabetes etter BCG-vaksine i 1971. Søkjaren er i dag blind og har psykiske problem. Helsetilsynet uttalte at det vanskeleg kunne påvisast årsakssamanheng mellom diabetesen og BCG-vaksina. Tilsynet fann ikkje at søkjaren hadde kome særskilt uheldig ut av sitt møte med helsestellet i høve til andre det var naturleg å samanlikne med, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederslagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 35

       NN, født 1984, har søkt om rettferdsvederlag fordi han meiner sjukehuset utviste aktløyse då han ved fødselen vart smitta av ei mikrobe og fekk hjernehinnebetennelse. Han er 100 % arbeidsufør. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde utvikla vannhovud og hørselsskade som følgje av hjernehinnebetennelsen, og viste til at dette er kjente komplikasjonar ved denne typen sjukdom. Søkjaren hadde ikkje kome særskilt uheldig ut av sitt møte med helsestellet samanlikna med andre i tilsvarande situasjon, og tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga vedtaket. Helsetilsynet finn ikkje grunnlag for å gjere om det tidlegare standpunktet sitt, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 36

       NN, fødd 1924, har søkt om rettferdsvederlag for medisinsk feilbehandling. Søkjaren meiner ho fekk ein brotskade i ein halsvirvel etter manipulasjonsbehandling hos legen i 1972 og at ho ikkje fekk rett behandling då det vart påvist ein liten osteoporose (beinskjøyre) i 1979. Søkjaren fekk diagnosen langt framskreden osteoporose i 1989. Helsetilsynet uttalte at ein ikkje kunne vite nøyaktig kva slags behandling søkjaren fekk i 1972, då legen var død og arkiva makulerte. Ein fann det likevel ikkje truleg at feilbehandling var årsaka til brotet i halsvirvelen og tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar som har verknad for saka, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 37

       NN, fødd 1962, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av påstått feilbehandling etter ei mopedulukke i 1978. Helsetilsynet fann at det ikkje var utvist aktløyse ved sjukehuset. Det var uklårt om sjukehuset hadde fullt oversyn over skaden og det burde ha vore gjort grundigare røntgenundersøking. Tilsynet la likevel til grunn at plagene til søkjaren først og fremst hadde si årsak i sjølve skaden, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet uttalte mellom anna at det kunne truleg rettast noko kritikk mot sjukehuset, men at det var eit vilkår for å få rettferdsvederlag at det låg føre årsakssamanhang mellom den mangelfulle behandlinga og skaden. Rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til departementet si vurdering, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 38

       NN, fødd 1953, har søkt om rettferdsvederlag for feilbehandling i samband med ei motorsagulykke i 1971. Han fekk stivkrampe etter behandlinga, og vart uføretrygda som følgje av lidingane. Helsetilsynet meinte at sjukehuset hadde gitt søkjaren adekvat og god behandling. Forklaringa på søkjaren sine plager måtte søkjast i andre tilhøve enn stivkrampeepisoden. Tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet finn at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 39

       NN, fødd 1930, har søkt om rettferdsvederlag for feilbehandling i samband med eit lårhalsbrot i 1985. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde fått ein sjeldan, men påkrekneleg komplikasjon etter operasjonen, og at det ikkje var grunn til å kritisere dei operative prosedyrane. Tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at det ikkje ligg føre nye moment i saka, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen viser til at søkjaren har kome uheldig ut, og tilrår etter ei samla vurdering at rettferdsvederlag vert innvilga med kr 40.000.

Sak nr. 40

       NN, fødd 1947, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho meiner ho vart feilbehandla då ho i 1993 fekk påvist galleblærebetennelse og stein i galleblæra. Helsetilsynet fann at det ikkje var grunnlag for å kritisere sjukehuset si behandling av søkjaren. Dei komplikasjonane søkjaren fekk var påreknelege med den operative metoden som vart nytta. Tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 41

       NN, fødd 1946, har søkt om rettferdsvederlag for komplikasjonar etter ein operasjon for overvekt i 1983. Helsetilsynet la til grunn at ved ekstrem overvekt er faren for infeksjon og brokkutvikling alltid stor. Dette er derfor påreknelege komplikasjonar. Helsetilsynet merka seg påstanden om at søkjaren ikkje vart følgt opp på tilfredsstillande vis frå sjukehuset, men kunne ikkje sjå at dette hadde hatt innverknad på resultata av behandlinga, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Helsetilsynet uttaler at ein ikkje finn det kritikkverdig at sjukehuset valde å avvente ein reoperasjon, fordi ein slik operasjon ville vore komplisert og ikkje ufarleg. Det er likevel grunn til å seie seg lei for at denne avgjerda ikkje vart formidla til søkjaren tidlegare. Tilsynet held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 42

       NN, fødd 1971, har søkt om rettferdsvederlag fordi han meiner han har blitt feilbehandla etter eit brot i høgre olboge i 1975. Brotet grodde i feil stilling og ein ny operasjon gav dårleg resultat. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren hadde kome særleg uheldig ut av sitt møte med helsestellet, og tilrådde vederlag med kr 30.000. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til tilrådinga, og vederlag vart tilkjent med kr 30.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Helsetilsynet uttaler at klaga ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen viser til at søkjaren har kome særleg uheldig ut av sitt møte med helsestellet og tilrår at rettferdsvederlag vert innvilga med totalt kr 50.000.

Sak nr. 43

       NN, fødd 1947, har søkt om rettferdsvederlag fordi han fleire gonger vart urettvist tvangsplassert på psykiatrisk sjukehus på 60-talet. Helsetilsynet fann ikkje at opphaldet på X sjukehus var årsak til søkjaren sine vanskar eller at han hadde lidd overlast under sjukehusopphalda. Det var komen fram til at det ved to av tre sjukehusopphald ikkje låg føre tilstrekkelege indikasjonar for tvangsinnlegging av søkjaren, men Helsetilsynet fann likevel ikkje å kunne tilrå vederlag.

       Justisdepartementet viste til at ca halvparten av innleggingstida ved X sjukehus ikkje vart heimla i lov. Departementet meinte søkjaren hadde kome særleg uheldig ut og tilrådde rettferdsvederlag med kr 30.000. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til departementet si vurdering, og tilkjende kr 30.000 i rettferdsvederlag.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen meiner som Justisdepartementet at søkjaren har kome særleg uheldig ut, og tilrår at rettferdsvederlaget vert sett til kr 50.000.

Sak nr. 44

       NN, fødd 1946, har søkt om rettferdsvederlag for plager ho har fått etter tannbehandling i 1986. Søkjaren har prøvd å forfølgje saka rettsleg, men har ikkje nådd fram fordi dei sakkunnige meinte at tannlegen ikkje hadde vore aktlaus. Saka vart heva som forlikt. Helsetilsynet la til grunn at det sannsynlegvis var årsakssamanhang mellom tannbehandlinga og dei plagene søkjaren hadde fått. Søkjaren var uføretrygda som følgje av smerter og plagene lot seg ikkje behandle. Helsetilsynet foreslo vederlag med kr 35.000. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart tilkjent med kr 35.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Helsetilsynet uttaler at det ikkje ligg føre nye medisinske opplysningar i klaga, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 45

       NN, fødd 1928, har søkt om rettferdsvederlag for plager ho har etter at ho i 1962 fall og slo venstre kne. Søkjaren har elles hatt ryggplager i mange år, og ho er i dag arbeidsufør. Helsetilsynet la til grunn at operasjonane ikkje var i samsvar med vanleg kirurgisk praksis på det aktuelle tidspunktet, og tilrådde eit rettferdsvederlag med kr 30.000. Justisdepartementet slutta seg til Helsetilsynet si vurdering, medan Rettferdsvederlagsutvalet tilkjende vederlag med kr 50.000.

       Søkjaren klagar over storleiken på vederlaget og hevdar at kr 100.000 vil vere ein meir passande sum etter 30 år med plager og invaliditet. Helsetilsynet viser til at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 46

       NN, fødd 1935, har søkt om rettferdsvederlag på grunn av kroniske ryggsmerter etter bruk av kontrastmidlet Dimer-X i ein røntgenundersøking. Helsetilsynet la til grunn at søkjaren blei påført skade i samband med røntgenundersøkinga og meinte at over 50 % av dei kroniske smertene var ein følgje av denne. Rettferdsvederlag vart tilrådd med kr 50.000. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart tilkjent med kr 50.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget og ber om eit vederlag på kr 250.000. Helsetilsynet legg til grunn at klaga ikkje inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår etter ei samla vurdering av saka at rettferdsvederlaget vert sett til kr 70.000.

Sak nr. 47

       NN, fødd 1950, har søkt om rettferdsvederlag på bakgrunn av skadar etter ein komplisert fødsel i 1982. Ved eit tidlegare vedtak er søkjaren tilkjent rettferdsvederlag med kr 40.000. Ho meiner at dette beløpet er for lite og viser til at ho i ettertid har fått utlagt tarm. Helsetilsynet fann at søkjaren hadde vore utsett for ytterlegare påkjenning og tilrådde eit tilleggsvederlag på kr 30.000. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og rettferdsvederlag vart tilkjent med eit tilleggsbeløp på kr 30.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget og viser til at situasjonen igjen er forverra etter nye operasjonar. Helsetilsynet viser m.a. til at søkjaren har fått ein avansert og optimal behandling for sine plager og at ho til saman er tilkjent kr 70.000 i vederlag. Tilsynet finn ikkje grunnlag for å tilrå ytterlegare vederlag. Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 48

       NN, fødd 1923, har søkt om rettferdsvederlag på bakgrunn av nerveskadar ho har fått etter behandling med medikamentet Flagyl. Skadane gjer at ho har fått svekka føling, sterke smerter, redusert evne til å røre på seg og nedsett kraft i armar og bein. Helsetilsynet uttalte mellom anna at søkjaren hadde kome spesielt uheldig ut av sitt møte med helsestell og tilrådde rettferdsvederlag med kr 150.000. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart tilkjent med kr 150.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget som ho meiner bør aukast til kr 500.000. Helsetilsynet finn ikkje at klaga inneheld nye medisinske opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 49

       NN, fødd 1958, har søkt om rettferdsvederlag som følgje av påstått feilplassering på ein barnevernsinstitusjon frå 1972 til 1976. Barne- og familiedepartementet la til grunn at plasseringa var forsvarleg. Departementet meinte et søkjaren ikkje hadde kome særleg dårleg ut samanlikna med andre barnevernet hadde omsorg for på same tid, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Barne- og familiedepartementet viser til at det ikkje er kome fram nye opplysningar i klaga, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 50

       NN, fødd 1950, har søkt om rettferdsvederlag som følgje av at barnevernet har overteke omsorgen for dei fire barna hennar. Barne- og familiedepartementet viste til at barnevernet overtok omsorgen for barna med samtykke frå søkjaren. Søkjaren har seinare trekt samtykket attende, men departementet meinte sakshandsaminga til barnevernet har vore tilfredsstillande og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Sosial- og helsedepartementet meinte at søkjaren ikkje hadde vore utsett for urettmessig handsaming frå det offentlege og rettferdsvederlag vart ikkje tilrådd. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til desse vurderingane, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Barne- og familiedepartementet og Sosial- og helsedepartementet uttaler at saka ikkje inneheld nye opplysningar, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 51

       NN, fødd 1936, har søkt om rettferdsvederlag fordi han har fått mangelfull skulegang og har hatt vanskelege sosiale tilhøve i oppveksten. Søkjaren slutta skulen etter tredje klasse. Barne- og familiedepartementet viste til at det ikkje har vore mogleg å dokumentere opplysningane til søkjaren. Departementet meinte likevel at situasjonen hans burde ha vore fanga opp av verjeråd eller skulestyre og tilrådde rettferdsvederlag med kr 20.000. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet la til grunn at tilhøva i heimen var så vanskelege at søkjaren måtte slutte på skulen. Det offentlege kunne lastast for at søkjaren ikkje hadde fått oppfylt retten sin til opplæring. Rettferdsvederlag vart tilrådd med kr 75.000. Justisdepartementet slutta seg til desse vurderingane, men tilrådde vederlaget sett til kr 50.000. Rettferdsvederlagutvalet tilkjende vederlag med kr 75.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Barne- og familiedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet viser til at det ikkje er kome fram nye opplysningar i klaga, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 52

       NN, fødd 1929, har søkt om rettferdsvederlag fordi han er påført løysemiddelskade etter å ha arbeidd i møbelindustrien i mange år. Han vart uføretrygda i 1985. Kommunal- og arbeidsdepartementet viste til at søkjaren var komen uheldig ut i høve til yrkesskadeerstatningsreglane, avdi det tok tid før sjukdomsårsaka vart påvist. Departementet tilrådde vederlag med kr 100.000. Justisdepartementet viste til at rettferdsvederlag berre kunne tilkjennast når søkjaren hadde kome særleg uheldig ut i høve til andre løysemiddelskadde. Uføretrygd etter særreglane for yrkesskade vart tilkjent med tilbakeverkande kraft frå november 1985, men det vart ikkje fastsett tilbakeverknad for dekning av utgifter til medikament. Å tilkjenne rettferdsvederlag for utgifter til medisinar, ville derfor vere ei overprøving av trygdekontoret si avgjerd. Departementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og rettferdsvederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Kommunal- og arbeidsdepartementet held fast ved si tidlegare tilråding, medan Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen meiner søkjaren er komen særleg uheldig ut og tilrår rettferdsvederlag innvilga med kr 70.000.

Sak nr. 53

       NN, fødd 1927, har søkt om rettferdsvederlag for økonomisk tap som følgje av løysemiddelskade han er påført gjennom arbeidet sitt. Han vart uføretrygda i 1988. Søkjaren har ikkje fått erstatning frå tidlegare arbeidsgjevar. Kommunal- og arbeidsdepartementet la til grunn at søkjaren hadde fått yrkesskadetrygd etter vanlege reglar, og fann ikkje å kunne tilrå rettferdsvederlag. Sosial- og helsedepartementet meinte at det ut frå trygdemessige tilhøve ikkje var grunnlag for å tilkjenne rettferdsvederlag. Justisdepartementet uttalte at det avgjerande var om søkjaren hadde kome særleg uheldig ut i høve til andre løysemiddelskadde. Søkjaren hadde fått dekning etter reglar i folketrygdlova og hadde avstått frå å søkje erstatning frå tidlegare arbeidsgjevar. Departementet tilrådde etter dette ikkje rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til departementet si vurdering, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Han viser m.a. til at han ikkje har gått til sak mot arbeidsgjevaren fordi han ikkje var tilkjent fri rettshjelp. Kommunal- og arbeidsdepartementet viser m.a. til at den enkelte sjølv i utgangspunktet må dekkje omkostningar ved å gå til sak mot skadevaldar. Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 54

       NN, fødd 1926, har søkt om rettferdsvederlag fordi uførepensjonen hennar ikkje vart fastsett med tilbakeverkande kraft. Ho vart uføretrygda i 1964 og meiner trygda skulle vore fastsett med verknad frå fire år tidlegare. Rikstrygdeverket uttalte at saka hadde vore forsvarleg handsama og vurdert at Trygderetten, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Rikstrygdeverket held fast ved si tidlegare tilråding, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 55

       NN, fødd 1928, har søkt om rettferdsvederlag for tap han vart påført etter å ha skadd høgre arm og hand under avtening av den militære førstegongstenesta. Han er tilstått 50 % uførepensjon. Forsvarsdepartementet la til grunn at søkjaren hadde fått ein skade tilsvarande 15-35 % medisinsk invaliditet, og at han hadde hatt smerter etter ulukka. Han hadde likevel fått dei ytingane han hadde krav på etter gjeldande reglar, og departementet tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Forsvarsdepartementet viser til at dei plagene søkjaren har fått allereie er økonomisk kompensert, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 56

       NN, fødd 1963, har søkt om rettferdsvederlag for økonomisk tap han har hatt etter at staten v/Forsvarsdepartementet eksproprierte ein eigedom der det vart dreve steinbrot. Som følgje av ekspropriasjonen mista søkjaran ein 5-årig transportkontrakt han hadde i samband til steinbrotdrifta. NN har tidlegare reist søksmål mot eigaren av steinbrotet og mot staten, men har ikkje vunne fram. Han er i dag ruinert med ei gjeld på 2,6 mill. kroner. Forsvarsdepartementet uttalte m.a. at ein hadde forståing for at søkjaren fann det urimeleg at ekspropriasjonen førte til full erstatning for dei som hadde rettar i steinbrotsdrifta, medan det for NN førte til økonomisk tap. Det var likevel ikkje rimeleg at staten dekte tap som sprang ut av forretningshøve, og departementet tilrådde ikkje rettferdsverderlag. Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget og fører m.a. fram at Forsvarsdepartementet er inhabil i saka. Forsvarsdepartementet kan ikkje sjå at det ligg føre nye moment i saka og held fast ved si tidlegare tilråding. Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 57

       NN, fødd 1927, har søkt om rettferdsvederlag fordi han er 100 % arbeidsufør etter ein hørselskade han fekk under teneste i Forsvaret. Han vart uføretrygda i 1982. Forsvarsdepartementet viste m.a. til at reglane om erstatning for varig medisinsk invaliditet pga. yrkessjukdom vart sett i kraft berre eitt år etter at skaden vart vurdert som yrkessjukdom. Departementet tilrådde rettferdsvederlag med kr 25.000. Justisdepartementet viste til at søkjaren hadde fått den økonomiske dekninga han hadde krav på etter reglane som gjaldt den gongen. Av omsyn til likskap med andre søkjarar tilrådde ikkje Justisdepartementet rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til Justisdepartementet si vurdering, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Forsvarsdepartementet held fast ved si tidlegare tilråding, medan Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 58

       NN, fødd 1960, har søkt om rettferdsvederlag fordi han har fått psykiske plager etter teneste i UNIFIL-styrkane i Libanon i 1982. Forsvarsdepartementet la til grunn at UNIFIL-tenesta var medverkande til søkjaren sine psykiske plager. Sjukdommen var under utvikling før han reiste til Libanon, og det var mogeleg at Forsvaret si vurdering av om søkjaren var skikka for tenesta ikkje var grundig nok. Departementet tilrådde rettferdsverderlag med kr 65.000. Justisdepartementet viste til at søkjaren var tilkjent økonomisk kompensasjon etter gjeldande reglar, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg under tvil til Justisdepartementet si vurdering, men fann at søkjaren ikkje burde vore teken ut til teneste og tilkjente rettferdsvederlag med kr 30.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Forsvarsdepartementet held fast ved si tidlegare tilråding, medan Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 59

       NN, fødd 1956, har søkt om rettferdsvederlag for psykiske skadar som følgje av seksuelle overgrep i perioden 1970 til 1972. Skadevaldar er dømd for brot på straffelova ' 196 første ledd. Justisdepartementet la til grunn at søkjaren hadde vore utsett for seksuelle overgrep og at ho var påført skadar som følgje av misbruket. Søkjaren var 14 år då misbruket starta og hadde frivillig gått med på samleie. Departementet tilrådde vederlaget sett til kr 40.000. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til denne vurderinga, og vederlag vart tilkjent med kr 40 000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Justisdepartementet viser til at det ikkje kjem fram nye opplysningar i klaga og rår til at ho ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 60

       NN, fødd 1956, har søkt om rettferdsvederlag grunna seksuelle overgrep og mishandling i oppveksten. Justisdepartementet la til grunn at far til søkjaren hadde forgrepe seg på henne frå ho var 8 til bortimot 10 år gamal. Departementet tilrådde eit vederlag på kr 70.000. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderinga, men sette vederlaget til kr 90.000.

       Søkjaren har klaga over storleiken på vederlaget. Justisdepartementet uttaler at det ikkje er kome fram nye opplysningar i klaga som gjev grunn til å endre avgjerda og rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 61

       NN, fødd 1929, har søkt om rettferdsvederlag fordi ho vart seksuelt misbrukt av fosterfaren frå ho var 3 til ho var bortimot 11 år gamal. Fosterfaren var onkelen hennar. I staden for å få den hjelpa ho trong, vart ho behandla med vanedanande medikament. Helsetilsynet la til grunn at den behandlinga søkjaren hadde fått var vanleg på den tida. Tilsynet tilrådde ikkje rettferdsvederlag i saka. Justisdepartementet fann at søkjaren hadde vore utsett for alvorlege seksuelle overgrep og tilrådde eit vederlag på kr 80.000. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til vurderingane frå Helsetilsynet og Justisdepartementet, men tilkjende vederlag med kr 90 000.

       Søkjaren klagar over storleiken på vederlaget. Helsetilsynet viser til at det ikkje er kome fram nye medisinske opplysningar i klaga og held fast ved den tidlegare tilrådinga si. Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen tilrår at klaga vert avslått.

Sak nr. 62

       NN, fødd 1923, har søkt om rettferdsvederlag fordi han i 1985 vart nekta helseattest for arbeid til sjøs pga. dårleg hørsel. Han fekk medhald etter fleire klager, og fekk helseattest i 1990. I mellomtida mista han levebrødet sitt fordi han vart hindra frå å ta jobb som sjømann. Søkjaren hevdar at Sjøfartsdirektoratet burde ha orientert han om at han likevel kunne gjort teneste på mindre båtar. Direktoratet viste til at sakshandsaminga har vore i samsvar med god forvaltningsskikk, og tilrådde ikkje rettferdsvederlag. Utanriksdepartementet, Justisdepartementet og Rettferdsvederlagsutvalet sluttar seg til denne vurderinga, og vederlag vart ikkje tilkjent.

       Søkjaren har påklaga avslaget. Sjøfartsdirektoratet uttaler m.a. at « Forsømmelse av å veilede om en lite praktisk mulighet synes ikke å falle inn under sjømannslegens alminnelige veiledningsplikt », og opprettheld si tidlegare tilråding. Utanriksdepartementet sluttar seg til direktoratet si vurdering, og Justisdepartementet rår til at klaga ikkje vert teken til følgje.

       Komiteen meiner at søkjaren har kome uheldig ut, og tilrår etter ei samla vurdering rettferdsvederlag innvilga med kr 40.000.

4. Komiteen si tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

       Følgjande vert tilstått rettferdsvederlag av statskassa:

Sak nr. 1 NN kr 250.000

II.

       Klaga frå følgjande vert teken til følgje og innvilga rettferdsvederlag:

Sak nr.29 NN kr 60.000
Sak nr.31 NN kr 30.000
Sak nr.39 NN kr 40.000
Sak nr.42 NN kr 50.000
Sak nr.43 NN kr 50.000
Sak nr.46 NN kr 70.000
Sak nr.52 NN kr 70.000
Sak nr.62 NN kr 40.000

III.

       Klaga frå følgjande vert ikkje teken til følgje:

Sak nr.2 NN
Sak nr.3 NN
Sak nr.4 NN
Sak nr.5 NN
Sak nr.6 NN
Sak nr.7 NN
Sak nr.8 NN
Sak nr.9 NN
Sak nr.10 NN
Sak nr.11 NN
Sak nr.12 NN
Sak nr.13 NN
Sak nr.14 NN
Sak nr.15 NN
Sak nr.16 NN
Sak nr.17 NN
Sak nr.18 NN
Sak nr.19 NN
Sak nr.20 NN
Sak nr.21 NN
Sak nr.22 NN
Sak nr.23 NN
Sak nr.24 NN
Sak nr.25 NN
Sak nr.26 NN
Sak nr.27 NN og MN
Sak nr.28 NN
Sak nr.30 NN
Sak nr.32 NN
Sak nr.33 NN
Sak nr.34 NN
Sak nr.35 NN
Sak nr.36 NN
Sak nr.37 NN
Sak nr.38 NN
Sak nr.40 NN
Sak nr.41 NN
Sak nr.44 NN
Sak nr.45 NN
Sak nr.47 NN
Sak nr.48 NN
Sak nr.49 NN
Sak nr.50 NN
Sak nr.51 NN
Sak nr.53 NN
Sak nr.54 NN
Sak nr.55 NN
Sak nr.56 NN
Sak nr.57 NN
Sak nr.58 NN
Sak nr.59 NN
Sak nr.60 NN
Sak nr.61 NN

IV.

       Beløpa vert førte til utgift under kap. 2309 Tilfeldige utgifter, post 11.

Oslo, i justiskomiteen, den 6. mars 1997.

Lisbeth Holand, Anita Apelthun Sæle, Olav Akselsen,
leiar. ordførar. sekretær.