1. Samandrag

       I proposisjonen vert det føreslått at løyvinga under kap. 440 Politi- og lensmannsetaten, postane 01 Løn og godtgjering og 11 Varer og tenester, vert auka med til saman 150 mill. kroner og post 45 Store nyanskaffingar vert redusert med 23 mill. kroner. Vidare vert det foreslått at rettsgebyret vert auka med 6 % frå 1. juli 1997 og at satsane for enkle førelegg vert auka med ca 25 %.

       Under kap. 440 er det ei auke i budsjettet for 1997 med 200 mill. kroner samanlikna med 1996. Dei faste utgiftene har likevel hatt ei større auke, og dette har ført til at dei variable midla er reduserte, noko som igjen vil føre til at innsatsen innan ein del prioriterte område må reduserast. På bakgrunn av dette føreslår Justisdepartementet ei tilleggsløyving på 150 mill. kroner.

       Som inndekning av tilleggsløyvinga vert det føreslått at ein del innkjøp vert utsette, og post 45 vert difor redusert med 23 mill. kroner. Ein føreslår vidare at grunnsatsen for rettsgebyret vert auka frå 505 kroner til 535 kroner i frå 1. juli. Dette vil gi ei meirinntekt på årsbasis på totalt 64 mill. kroner. Endringa av rettsgebyret fører til ei auke på kap. 410 Herreds- og byrettane post 21 Spesielle driftsutgifter med 0,1 mill. kroner. Vidare vert kap. 3410 Rettsgebyr post 01 Rettsgebyr auka med 24,8 mill. kroner, og post 04 Lensmennene sine gebyrinntekter med 2,9 mill. kroner. Kap. 3440 Politi- og lensmannsetaten post 01 Gebyrer vert auka med 4,5 mill. kroner. Regjeringa tek vidare sikte på å auka satsane for enkle førelegg med ca 25 %. Ein reknar førebels med at dette vil gje ein auke i inntektene under kap. 3449 Statens innkrevingssentral post 81 Bøter - inndragingar med om lag 63 mill. kroner.