Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om utviding av kostnadsramma for nytt Polarmiljøsenter i Tromsø

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 156 (1996-1997)
  • Kildedok: St.prp. nr. 35 (1996-97)
  • Dato: 15.04.1997
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

1. Samandrag

       I tilknyting til Polarmiljøsenteret (senter for miljø og samarbeid i polarområdene og Barentsregionen i Tromsø) blir det bygd ein publikumsattraksjon for ytterlegare å fokusere på senteret si rolle for Noregs aktivitetar i polarområda. Til Polarmiljøsenteret høyrer Norsk Polarinstitutt, Akvaplan-NIVA og Tromsø-avdelinger av Norsk institutt for naturforskning, Norsk institutt for luftforskning, Statens kartverk og Statens forurensingstilsyn. Polarattraksjonen er organisert som ei stifting og blir bygd ved sida av senteret. For å kunne utnytte turistsesongen 1998 skal bygget etter planane stå ferdig våren 1998. Attraksjonsbygningen er avhengig av tekniske anlegg i senterbygningen og kan difor ikkje sjåast isolert i byggjeprosessen. Dette gjer oppføring av Polarattraksjonen avhengig av framdrifta i byggjinga av Polarmiljøsenteret.

       Det er stor aktivitet i bygge- og anleggsbransjen i Tromsø-regionen med tilhøyrande prispress. Dei innhenta tilboda syner at nybygget ikkje lar seg realisera innanfor den godkjende kostnadsramma på 228,4 mill. kroner pr. 1. juli 1997, jf. Administrasjonsdepartementet sin St.prp. nr. 1 (1996-1997). Regjeringa foreslår difor at kostnadsramma blir justert etter prisnivået. Kostnadsramma blir auka med 40,0 mill. kroner til 268,4 mill. kroner pr. 1. juli 1997.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen meiner det er rett å realisera Polarmiljøsenteret etter dei opphavlege planane. Komiteen merkar at prisnivået i byggjebransjen i Tromsø er høgt, men vil ikkje utsetje prosjektet på dette grunnlaget. Komiteen stør framlegget frå Regjeringa om ei tilleggsløyving på 40 mill. kroner.

3. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget samtykker i at kostnadsrammen for nytt Polarmiljøsenter i Tromsø utvides med 40,0 mill. kroner og fastsettes til 268,4 mill. kroner pr. 1. juli 1997.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 15. april 1997.

Grethe G Fossum, Inge Staldvik, Eli Sollied Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.