Innstilling frå samferdselskomiteen om vurdering av den gjennomførde nedlegginga av vakthaldet på fyr.

Dette dokument

1. Samandrag

Bakgrunn

       Fyrtenesta har dei seinare åra vore gjennom store endringar. Ei heilskapleg fagleg vurdering har vist at krava til god navigasjonsdekning kan oppfyllast ved hjelp av automatiserte fyrstasjonar utan vakt. Dette har lege til grunn for dei avgjerdene Fiskeridepartementet tidlegare har teke om automatisering og nedlegging av vakthaldet.

       I meldinga søkjer Fiskeridepartementet å gi ei utgreiing om den vaktnedlegginga som er gjennomført har påverka tryggleiken på sjøen.

       Likeins kjem Regjeringa i meldinga med tilrådingar om vidare politikk på området på bakgrunn av evaluering som er gjennomført.

       Den fremste oppgåva for Fyrtenesta er å tilby skipsfarten og dei sjøfarande tilfredsstillande navigasjonsdekning, slik at tryggleiken blir god både for sjøtrafikken og for miljøet.

Gjennomføringa av automatiseringa og nedlegginga av vakthaldet

       I meldinga vert det gjeve ein omtale av utviklinga når det gjeld automatisering og nedlegging av vakthaldet på fyrstasjonane.

       I perioden 1976 til 1995 har Fiskeridepartementet gjennomført tre planar for automatisering av fyr og nedlegging av vakthald. Meldinga omtalar mellom anna den såkalla Moderniseringsplanen av 1990 (MP-90), som Stortinget gav sin tilslutnad til ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (1989-1990). Denne planen (MP-90) vart deretter sett ut i livet.

       Vi har i dag i alt 110 fyrstasjonar; 31 av dei har vaktmannskap, og alle er automatiserte. Langs kysten finst det òg om lag 4.060 fyrlykter og dessutan 13.480 faste og 2.065 flytande merke, medrekna lysbøyer.

Vurdering av den vaktnedlegginga som er gjennomførd

       I samband med gjennomføringa av MP-90 har det etter kvart vorte stilt spørsmål ved om det er lagd nok vekt på kva nytte samfunnet elles har av å oppretthalde vakthaldet på fyrstasjonane. Dette har særleg kome fram i lokalsamfunn som meiner å kjenne verknadene av vaktnedlegginga. Men spørsmålet om ei eventuell revurdering av vaktnedlegginga på fyrstasjonar er òg teke opp av brukarorganisasjonar og i det politiske miljøet. Mellom anna med bakgrunn i handsaminga av Dok.nr.8:23 (1992-1993) og St.prp. nr. 1 (1993-1994) fann Fiskeridepartementet ut at det var tenleg å få utarbeidd ein rapport om dei ymse synspunkta på kva følgjer automatiseringa og vaktnedlegginga har hatt, jf. rapporten « Vurdering av foretatt avbemanning av fyr, » som vart overlevert til Fiskeridepartementet 1. februar 1996.

       Meldinga omtalar nærare mandatet for utgreiinga og om nedsett referansegruppe. I referansegruppa sine konklusjonar vert det mellom anna sagt:

       « Ut fra utredningen er rebemanning av fyr viktig for bl.a:
Værvarslingstjenesten
Miljøovervåkingen
Vedlikehold av fyr som er vernet
Overvåkingen generelt (Forsvaret, Politiet, Tollvesenet, Redningstjenesten)
Fiskerioppsynet
       Samtidig er de berørte etater lite innstilt på å inngå avtaler om økt betaling for fyrtjenestens bidrag.Referansegruppen antar at følgende løsning på manglende finansiering kan være:
Økte avgifter på skip og båter
Utvidede betalingsordninger fra berørte etater
Rammeoverføring fra andre berørte departementer til Fiskeridepartementet.
       Så lenge nytten ved rebemanning av fyr er større enn kostnadene, burde alternativ b)  og c) være akseptable. Referansegruppen vil ut fra praktiske hensyn anbefale at alternativ c) legges til grunn.
       Referansegruppen vil for øvrig tilrå at spørsmålet om rebemanning av fyr også vurderes i lys av erfaringene med etableringen av det stående indre kystoppsyn. »

       Rapporten har vore ute på høyring, og samandrag av høyringsfråsegnene går fram av meldinga.

Fyra og trygginga av sjøtrafikken

       Eit viktig og naturleg utgangspunkt for å vurdere nedlegging av vakthaldet på fyra har vore om det har hatt noko å seie for tryggleiken for sjøtrafikken og miljøet, eller om det har påverka tilgangen på fyrsignal.

       Fyrstasjonar, fyrlykter og anna merking er oppretta og blir haldne i drift ut frå nasjonale og internasjonale kriterium. Føremålet er å oppnå så trygg sjøverts ferdsel som råd. Kostnadene med denne delen av infrastrukturen er det dels staten og dels brukarane som dekkjer. Gjennom det allmenne kystgebyret betaler skipsfarten 20 % av dei totale kostnadene med denne tenesta.

       På grunnlag av vurderingar Kystverket har gjort, ser Fiskeridepartementet det slik at kvaliteten på dei navigasjonstenestene som dei sjøfarande får tilbod om i norske farvatn, fullt ut tilfredsstiller dei krav Noreg har bunde seg til å oppfylle i samsvar med internasjonale avtalar og konvensjonar.

       Kystdirektoratet har sett opp desse fire resultatmåla for kvaliteten på Fyrtenesta:

1. Det skal ikkje skje uhell eller ulykker som kan førast tilbake til sviktande fyr- og merketeneste eller manglande navigasjonsvarsling.
2. Fyrinstallasjonar og elektroniske hjelpemiddel skal vere i full drift minst 99,8 % av tida.
3. Fyrlamper og lanterner skal vere i full drift minst 99 % av tida.
4. Lysbøyer skal vere i full drift minst 97 % av tida.

       Eit samandrag av statistikken over feiltid for lyssignalet syner at fyra med vakt i åra 1990-94 hadde ein pålitingsgrad på 99,95 %, som er svært tilfredsstillande. For fyra utan vakt er pålitingsgraden på 99,59 %, dvs. noko under det målet Kystdirektoratet har sett. I gjennomsnitt vil fyra utan vakt vere ute av drift 0,41 % av tida, rekna på grunnlag av heile døgn, medan målet er at dei ikkje skal vere ute av drift i meir enn 0,2 % av tida.

       Også når ein ser fyr med og utan vakt under eitt, blir resultatet litt dårlegare enn det målet Kystverket har sett for tilgangen på fyrsignal. For 1994 vil tilgangen målt under eitt for alle fyr liggje på 99,75 %, dvs. litt under målet. Samla er tilgangen på fyrsignal betre i dag enn før. I 1990 låg tilgangen på fyrsignal målt under eitt for alle fyr på 99,54 %.

Hovudoppgåvene til fyra og fyrvaktene

       Saman med andre navigasjonshjelpemiddel er ei effektiv og oppdatert fyrteneste eit heilt sentralt ansvarsområde for Fiskeridepartementet i arbeidet med infrastrukturen for sjøtransporten.

       Det ordskiftet som har gått om nedlegging av vakthaldet på fyra, har i svært stor grad teke utgangspunkt i andre oppgåver som fyrvaktene har utført, altså oppgåver ut over dei som klårt er blant dei fremste gjeremåla til fyrpersonalet.

       Spørsmålet om å utføre oppgåver for andre etatar var ein del av mandatet for utgreiinga. Tidlegare arbeidsgrupper og utval har òg sett på dette spørsmålet, både i budsjettsamanheng og som eit vidare samfunnsspørsmål. I meldinga vert det gjeve ein omtale av dei navigasjonstekniske oppgåvene som fyrvaktene er pålagde, og eit oversyn over oppgåver som dei utfører for andre.

       Etter kvart som fyra har vorte automatiserte, tek dei fyrfaglege oppgåvene mindre og mindre tid. Dei fyra som ikkje lenger har vakt, viser at det stort sett er mogleg å halde lyset i tilfredsstillande drift jamvel om det ikkje er fast tilsette folk på fyret.

       Det viktige er at fyret er i drift, og det må derfor sikrast nok ressursar til drift og vedlikehald. Fiskeridepartementet er klår over at manglande vedlikehald kan skade til dømes elektronisk utstyr. Det er eit klårt mål at vedlikehaldet skal vere så godt at ein ikkje svekkjer tryggleiksnivået i farleiene. Regjeringa vil kome tilbake til dei økonomiske rammene for vedlikehaldet i meldinga til Stortinget om hamner og kystforvaltning.

       I dag utfører fyrvaktene oppgåver for desse etatane og institusjonane: Forsvaret, redningstenesta, vêrvarslingstenesta, miljøvernetatane, tollstellet, kysttrafikken, yrkesfiskarane, oppgåver for politiet, oppgåver for småfly og helikopter og oppgåver for private eller offentlege institusjonar.

Moglege nye oppgåver

       Fiskeridepartementet har ikkje vurdert nedlegging av vakthaldet på fleire fyrstasjonar. Budsjettsituasjonen er i dag svært stram, med sterk vekt på effektiv ressursbruk. Dette er òg ein av faktorane bak den nedlegginga av vakthaldet på fyrstasjonar som alt er gjennomførd.

       Dersom fyrvaktene skal tildelast fleire oppgåver, må dei vurderast nøye i høve til arbeidsoppgåvene i dag, medrekna vedlikehaldsoppgåver, som truleg kjem til å auke i omfang i tida framover. Fiskeridepartementet har derfor merka seg med interesse korleis rapporten vurderer grunnlaget for å tildele fyrvaktene « nye » oppgåver innanfor det ansvarsområdet Kystverket har.

       Det er arbeid i gang med å frede nye område langs kysten. Rapporten peikar på at Kystverket derfor bør vere aktivt overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmennene og tilby oppsynstenester.

Fyra og lokalmiljøet

       Totalt sett er det eit faktum at busetnaden ytst i skjergarden minkar. Fyrvaktene er såleis på lange kyststrekningar dei einaste som kan kallast fastbuande, og som dermed kan vere kontaktledd for andre som er i området meir sporadisk.

       I rapporten er det vist til at ein ikkje kan seie noko sikkert om at sjøtrafikken har blitt mindre trygg, dvs. at det har hendt uhell eller ulykker, som følgje av manglande fyrvakter.

       Det blir likevel sagt at fyr med vakt er eller kan opplevast som ein viktig tryggingsfaktor i lokalmiljøet. Dette er ei side av tryggingsspørsmålet som det er vanskeleg å kvantifisere og dokumentere med statistikk eller liknande. Tryggleik som folk kjenner på denne måten, er ikkje lett å prissetje, og det er dermed heller ikkje heilt enkelt for Fiskeridepartementet å be andre om å betale for ein slik tryggingsfaktor.

Avhending av fyr

       Fiskeridepartementet sit i dag med ansvaret for å forvalte ein stor eigedomsmasse i kystsona som ikkje lenger er i sin opphavlege bruk. Dette gjeld ein del fyrstasjonar og fiskerihamner.

       Det er no arbeid i gang med planar for systematisk avhending av eigedomar og materiell som Kystverket ikkje lenger treng til eigen bruk, medrekna fyrstasjonar utan vakt.

       Fiskeridepartementet har i brev av 25. april 1985 til Kystverket fastsett administrative føresegner for disponering av nedlagde fyrstasjonar. Det ligg i desse føresegnene at nedlagde fyrstasjonar så langt som råd skal disponerast til nytte for ålmenta.

Riksantikvaren si verneplan for fyr

       Riksantikvaren har laga ei Nasjonal verneplan for fyrstasjonar. Dette framlegget omfattar i alt 84 stasjonar. Ni fyrstasjonar er i dag freda.

       Fiskeridepartementet legg stor vekt på at det både gjennom statleg aktivitet og lokal forankring blir gjort noko for å ta vare på den spesielle kystkulturen, i denne samanheng særleg fyrstasjonane.

       Kystdirektoratet har laga eit overslag som viser at det trengst om lag 5 mill. kroner til å dekkje eit oppsamla etterslep med omsyn til midlar til vedlikehald på verna fyrstasjonar. Årleg kjem ein deretter til å trengje om lag 2 mill. kroner for å halde ved like desse stasjonane.

       Alt no er det klårt at ei fullgod gjennomføring av verneplanen for alle dei nemnde fyrstasjonane kjem til å krevje vedlikehaldsmidlar av eit omfang som Kystverket i dag ikkje har tilgang på. Men planen er ikkje formelt lagd fram for Fiskeridepartementet, som dermed heller ikkje har teke stilling til framlegget frå Riksantikvaren. Fiskeridepartementet legg likevel til grunn at spørsmålet må kunne leggjast fram for Stortinget, til dømes i dei ordinære budsjettproposisjonane.

Vurdering og konklusjon

       Rapporten om avbemanning av fyr konkluderer med at i det store og heile har den innsatsen Kystverket har gjort for å modernisere fyr og fyrlykter, gitt betre tilgang på lyssignal til navigasjonsrettleiing. Dette står fast jamvel om tilgangen på lyssignal frå dei avfolka fyra ikkje heilt ut svarar til det målet som er sett. Hovudføremålet med fyra er nettopp å gje slik navigasjonsrettleiing.

       Å vere til hjelp i samband med andre oppgåver, til dømes vjrobservasjonar og tenester for politi og tollstell osv., kan i liten grad vere styrande for graden av vakthald på fyra i ei tid med svært stramme budsjettrammer.

       Regjeringa ser det slik at dei ønskja som er komne om igjen å få vakthald på visse fyr, ikkje er sterke nok til at det kan forsvarast å gjere framlegg om det.

       Framlegget om ambulerande fyrlag bør kunne vurderast vidare, så fremt det er mogleg å kome fram til nye arbeidsavtalar med tenestemannsorganisasjonane. Det er ein føresetnad at ei slik løysing ikkje fører til større utgifter på budsjettet til Kystverket.

       Slik Regjeringa ser det, er det mogleg å drive ei forsvarleg fyrteneste utan fyrstasjonar med vakt dersom det er nok vedlikehaldspersonell i Kystverket. Regjeringa rår likevel til at vakthaldet ikkje blir nedlagt på fleire fyr i tida framover. Likevel bør det på nytt vurderast om det er dei rette fyra som har vakt. Ei slik vurdering bør omfatte spørsmålet om å flytte fyrpersonell frå distrikt med relativt kort avstand mellom fyr med vakt til fyr i særleg vêrharde område.

       Det er ei hovudoppgåve for Fyrtenesta å gje skipsfarten og dei sjøfarande tilstrekkeleg navigasjonsdekning. Fiskeridepartementet vil møte behov som andre departement/institusjonar måtte ha for oppsyn eller andre tenester så langt råd er. Dersom det krevst auka vakthald for å gje ytingar ut over dei reint fyrfaglege, dvs. ei utviding av ansvarsområdet til fyrtenestemennene, må det vere ein klår føresetnad at Fiskeridepartementet får tilført rammeoverføringar frå dei departement dette vedkjem. Dette spørsmålet må avklårast gjennom dei vanlege budsjettprosessane.

       Når det gjeld tryggleiken og det at personell er til stades i kystsona, vil Regjeringa òg peike på at det er oppretta ei indre kystvakt, som Forsvaret har ansvaret for. Denne indre kystvakta er òg med på å gjere sjøovervakinga betre.

       Regjeringa kjem tilbake til spørsmålet om eit nasjonalt fyrmuseum på Lindesnes i samband med statsbudsjettet for 1998. Det samarbeidet som er i gang med Riksantikvaren om ein verneplan for fyr, bør førast vidare.

       Regjeringa kjem tilbake til økonomiske rammer for mellom anna vedlikehald av fyr og merke i stortingsmeldinga om hamner og kystforvaltning, som blir lagd fram seinare i vårsesjonen.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Ragnhild Barland, Aud Blattmann, Johan M Nyland, Ola Røtvei, Magnar Sætre og Solveig Torsvik, frå Senterpartiet, leiaren Magnus Stangeland, Johanne Gaup og Terje Sandkjær, frå Høyre, Ole Johs Brunæs, Oddvard Nilsen og Thorhild Widvey, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll og frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad, har merka seg at vi i Noreg i dag har totalt 110 fyr, og at 31 av desse er bemanna, og at i tillegg til fyr har slike hjelpemiddel for navigasjon: 4.060 lykter, 13.480 faste og 2.065 flytande merker. Komiteen har vidare merka seg at avbemanninga på fyra våre har skjedd over ein periode på 20 år.

       Komiteen vil peike på at den framlagde meldinga med vurdering av den gjennomførde nedlegginga av vakthaldet på fyr, byggjer på ein uavhengig rapport som er laga av Innovasjonsmiljø A/S.

       Komiteen har merka seg at denne rapporten har vore sendt ut på brei høring og at mange at dei høringsinstansane som har kome med merknader til rapporten, legg vekt på den store tryggleiksfaktoren som fyrstasjonane er.

       Komiteen ser det som viktig å ta utgangspunkt i tryggleik for sjøfart og nærmiljø når ein skal vurdere betydninga av nedlegging av vakthald på fyr. Det er her viktig å sjå på omgrepet tryggleik meir utvida enn berre om ei fyrlykt lyser eller ikkje.

       Komiteen vil peike på at fyrbetjeninga si viktigaste oppgåve er å sjå til at fyra lyser. Komiteen har merka seg at tilgangen av fyrsignal på betjente fyr er på 99,95 % og 99,6 på ubetjente fyr. Dette kan sjå ut til å vere særs små skilnader. Trass i reduksjonen på fyr i perioden 1990-94, er tilgjenge til lys betre i 1994 enn i 1990.

       Komiteen vil likevel peike på at det her er viktig å sjå på kva det kan føre til, når det er fyr som ikkje lyser. Eit ubemanna fyr som sloknar når det er uver, kan ofte ikkje rettast opp før veret er betre. Det er eit mål for Kystverket at ingen ubemanna fyr skal vere sløkt i meir enn I døgn. Manglande tilgang på lyssignal kan føre til vanskelege situasjonar.

       Komiteen vil understreke at for å oppnå sikker drift av fyra, vil ein vere avhengig av godt vedlikehald. Manglande vedlikehald kan skade til dømes elektrisk utstyr. Komiteen har merka seg at Regjeringa vil kome tilbake til dei økonomiske rammene for vedlikehald i meldinga til Stortinget om hamner og kystforvaltning. Komiteen vil peike på at ein bemanna fyrstasjon gir auka tryggleik både for kysttrafikken og for yrkesfiskarane ved at ein m.a. kan ringe til fyrstasjonen og få sjekka vind og vertilhøve. Komiteen er kjend med at det er mange førespurnader om vertilhøva til dei bemanna fyrstasjonane.

       Komiteen vil peike på at bemanninga på fyra i tillegg til å ivareta fyrmessige oppgåver, òg ivaretek mange tilleggsoppgåver både for Kystverket og for andre.

       Komiteen vil vidare peike på at fyrbemanninga òg tek hand om mange andre oppgåver slik som meteorologiske verobservasjonar, klimamåling, kontaktledd for sjøredningstenesta, oppgåver for miljøvernmyndigheitene og Forsvaret, observasjon for politi og tollvesen.

       Komiteen har merka seg at dei verobservasjonane som i dag vert tekne på bemanna fyrstasjonar ofte er visuelle, som m.a. måling av bølgjehøgde, retning på bølgerørsla, høgda på skylag m.v. Ved rapportering om nødrakettar vil politiet kontakte fyra for å undersøke om noko er å sjå frå fyret. Ved leiteaksjonar over større område vil fyrbetjeninga bidra med observasjonar. For miljøvernmyndigheitene bidrar fyrbetjeninga med m.a. oppsyn med freda areal, vedlikehald av verneverdige bygningar og meldingar om oljeforureiningar. Komiteen viser til høringsfråsegn frå Utanriksdepartementet der det går fram at fyrbetjeninga var første observatør ved uhella med Arisan og Murmansk.

       Komiteen har vidare merka seg at fyrbetjeninga samarbeider med Forsvaret, politiet og tollvesenet ved at dei observerer båttrafikken og kan bidra med opplysningar. Dei har og særs god lokalkunnskap.

       Komiteen har merka seg at rapporten peiker på nye oppgåver som fyrbetjeninga kan ta seg av både innafor og utafor Kystverket sitt ansvarsområde. Komiteen vil peike på at det er viktig at Regjeringa har ei offensiv haldning og søkjer å sjå etter kva samarbeidsmoglegheiter som kan finnast. Komiteen har merka seg at det i rapporten m.a. vert peika på at Kystverket aktivt bør tilby sine tenester til fylkesmannen si miljøvernavdeling. Nye oppgåver må vurderast opp mot oppgåver i dag.

       Komiteen er samd med departementet i at ved utviding av ansvarsområde til fyrtenestemennene, må Fiskeridepartementet få tilført rammeoverføring frå dei departement dette vedkjem.

       Komiteen har merka seg arbeidet med planar for systematisk avhending av eigedommar og materiell som Kystverket ikkje lenger treng til eige bruk, medrekna fyrstasjonar utan vakt.

       Komiteen har merka seg at økonomien innan Kystverket er særs stram, og at det difor vert lagd vekt på auka effektivitet.

       Komiteen vil peike på at det er viktig å sikre at avbemanna fyr vert tilgjengelege for allmennheita. Komiteen ser det som positivt at avbemanna fyr vert tekne i bruk som kystkultursenter, museum og overnattingsstad.

       Komiteen har merka seg gjeldande regelverk for avhending av eigedom. Komiteen ber om at departementet kjem tilbake til Stortinget dersom gjeldande regelverk gjer det vanskeleg å avhende eigedommar som i dag ikkje er i bruk.

       Komiteen ser det som særs positivt at Riksantikvaren arbeider med ein nasjonal verneplan for fyrstasjonar og at ein gjennom denne vil ivareta m.a. vedlikehald av avbemanna stasjonar. Komiteen har merka seg at Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med nærare opplysningar om kva for økonomiske midlar som er nødvendig for å gjennomføre verneplanen.

       Komiteen har vidare merka seg at Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppretting av nasjonalt fyrmuseum på Lindesnes i statsbudsjettet for 1998.

       Komiteen meiner at meldinga ikkje i tilstrekkeleg grad set fokus på om vaktnedlegginga på fyrstasjonar som er gjennomført har påverka tryggleiken på sjøen.

       Komiteen viser til at Regjeringa vil vurdere på nytt om det er dei rette fyra som er bemanna. Komiteen sluttar seg til ei slik vurdering.

       Komiteen ber i samband med dette om at rebemanning av Bjørnsund, Folda, Vestfjorden, Skomvær, Kjølnes og Vardø fyr vert utgreidd spesielt, og viser til at mange høringsinstansar har gått inn for rebemanning.

       Komiteen ber vidare om at ei eiga sak om dette vert fremma for Stortinget så snart dette er mogleg.

       Komiteen vil òg vise til at det er store manglar innafor vedlikehald av stakar og merker, og at ei betre utnytting av fyrbetjeninga til dette arbeidet kan betre tryggleiken langs kysten.

       Komiteen viser til møte i komiteen med Fiskeridepartementet og Kystverket der det kom fram at det er eit arbeid i gang i 2. distrikt, og at dette gir god utnytting av økonomiske investeringar og av personell.


3. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 33 (1996-1997) - Vurdering av den gjennomførde nedlegginga av vakthaldet på fyr - vert lagd ved protokollen.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 7. mai 1997.

Magnus Stangeland, May-Helen Molvær Grimstad, Solveig Torsvik,
leiar. ordførar. sekretær.