2. Økonomiske og administrative konsekvensar

Samandrag

       Tilslutning til avtalen inneber at Noreg får ein skyldnad til å stille ei kredittramme på 383 millionar SDR eller vel 3,5 mrd. kroner til rådvelde for IMF.

       Så lenge IMF ikkje trekkjer på NAB, er det ikkje knytte kostnader til ordninga. Om IMF under ordninga låner 3,5 mrd. kroner av Noreg, vil ein kunne rekne kostnadene til omlag 7 mill. kroner årleg. Løpetida på NAB-lån til IMF er inntil 5 år.

       I medhald til sentralbankloven kan Noregs Bank inngå avtalar om kredittordningar med internasjonale økonomiske organisasjonar og institusjonar, « forutsatt at det foreligger betryggende sikkerhet for dens tilgodehavende ». Ved lån til IMF ligg det føre « betryggende sikkerhet ».

       Lån til IMF oppfyller kravet i sentralbanklovens § 26 om « betryggende sikkerhet » i samband med Noregs Banks avtaler om kredittordningar med internasjonale økonomiske organisasjonar og institusjonar. Ved trekk under NAB er det institusjonen IMF - og ikkje dei landa som tek imot lån frå IMF - som står som låntakar overfor deltakarane i NAB.

       Det følgjer ingen spesielle administrasjonskostnader med deltaking i NAB. Det beløpet Noreg stiller til rådvelde for IMF under NAB er ikkje stort målt i forhold til Noregs samla valutareservar. Det bør derfor ikkje vere noko problem å oppfylle dei finansielle pliktene som Noreg tek på seg som medlem i NAB.

       I følgje Noregs Bank tilseier ikkje erfaringane til G-10-landa med bruken av GAB at det er behov for endringar av plasseringspolitikken for valutareservane for å kunne møte moglege trekk under NAB.

       Noregs Bank tilrår i brev av 5. mars 1997 til Finansdepartementet at Noreg sluttar seg til NAB-avtalen. Dersom Noreg deltar i NAB og Noreg etter oppmoding frå IMF er budd på å stille finansielle midlar til rådvelde for IMF, vil Noregs Bank etter § 25 i sentralbanklova stille delar av valutareservane til rådvelde for IMF innanfor den fastsette kredittramma.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar redegjørelsen foran vedrørende økonomiske og administrative konsekvenser til etterretning.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til sine generelle merknader under pkt. 1.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til egen merknad under pkt 3.