5. Andre viktige spørsmål for IMF i perioden 1995-96

5.1 IMF sin tilgang på finansielle ressursar

Samandrag

       I samsvar med statuttane i IMF går ein gjennom behovet for justeringar av kvotane kvart femte år. Det krevst 85 % fleirtal i styret og samtykke frå minst 60 % av medlemslanda for all endring av kvotar. Arbeidet med den ellevte revisjonen av kvotar tok til i 1995 og skal etter planen avsluttast i 1998. Ved den ellevte revisjonen skal det nyttast data opp til 1993. Det er no drøftingar om kor mykje medlemslanda sine kvotar i alt skal aukast og korleis fordelinga skal vere. Saman med den nordisk-baltiske valkrinsen har Noreg gått inn for ein snarleg og vesentleg auke av kvotane for å sikre at IMF har tilstrekkelege finansielle ressursar til å møte finansielle behov hos medlemslanda. Valkrinsen har meint at det på grunn av rask vekst i verdsøkonomien er behov for opptil ei dobling av ressursane til IMF.

       Noreg og valkrinsen har akseptert at hovudtyngda i den ellevte kvoteauken skjer ved ei forholdsmessig fordeling på medlemslanda. Frå valkrinsen, og særleg frå norsk side, har ein likevel meint at ein ikkje uvesentleg del av den totale auken skal setjast av for selektiv auke i kvotar. Fleire land har framleis kvotar som samsvarar dårleg med det den økonomiske situasjonen skulle tilseie. Dette gjeld særleg for land som har hatt stor økonomisk vekst dei seinare åra.

       I 1969 fekk IMF fullmakt til å skrive ut spesielle trekkrettar, SDR, for å hjelpe til å dekkje eit pårekna behov for internasjonal likviditet og internasjonale reservar.

       SDR er IMF sitt instrument for å tilføre internasjonal likviditet dersom ein skulle få ein langsiktig, global mangel på likviditet. I dei seinare åra har det vore delte oppfatningar i styret om kva som skulle forståast med langsiktig global mangel på likviditet. Somme har meint at globalt behov ikkje treng innebere at ein stor majoritet av medlemslanda på samme tid har mangel på likviditet. Dei har meint at regionale problem kan tolkast inn i dette. Andre meiner derimot at dagens effektive kapitalmarknad vil forsyne verdssamfunnet med naudsynt likviditet så lenge medlemslanda fører ein fornuftig økonomisk politikk. Slike motsetningar har gjort det vanskeleg å få oppslutning om nye tildelingar av SDR. Det har òg vore delte oppfatningar innan den nordisk-baltiske valkrinsen om behovet for ei generell tildeling. Frå norsk side har ein gått inn for ei moderat generell tildeling.

       Styret i IMF har vore av den oppfatning at det er urettferdig at nye medlemsland, inkludert transformasjonsøkonomiane, ikkje har fått tildelt SDR, og då heller ikkje får same tilgangen som andre til dette reservesystemet. På bakgrunn av dette er det gjort framlegg om at det skjer ei målretta tildeling av SDR, i første rekkje bestemt for nye medlemsland. Tildeling på denne måten blir ein eingongsoperasjon, som har som føresetnad at det blir gjort ei endring i statuttane for IMF. For dette formålet har leiinga i IMF gjort framlegg om ei tildeling på 26,6 mrd. SDR (om lag 250 mrd. norske kroner). Fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen har slutta seg til ei slik målretta tildeling.

       Den økonomiske krisa i Mexico i 1994/1995 viste at det kan komme situasjonar der det er behov for store utlån frå IMF. Røynslene frå handteringa av krisa i Mexico indikerte at det var behov for å auke dei ekstraordinære midlane som blei stilte til rådvelde for IMF. Med dette som bakgrunn er det etablert ei utvida ordning som aukar IMFs tilgang på ekstraordinære midlar til eit samla beløp på opp til 34 mrd. SDR (om lag 320 mrd. norske kroner). Styret i IMF har godkjend NAB-ordninga (New Arrangements to Borrow). I alt er 25 land med ordna økonomi inviterte til å ta del i NAB-ordninga, jf. vedlegg 2. Før NAB kan komme i funksjon, må ordninga godkjennast av desse kreditorlanda.

       Noreg er anmoda om å vere med på den utvida ordninga NAB. Noregs del er sett til 383 mill. SDR eller vel 3,5 mrd. kroner. I St.prp. nr. 50 (1996-1997) har Regjeringa gjort framlegg om at Stortinget samtykker i at Noreg sluttar seg til NAB-avtalen.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til etterretning.

       Flertallet viser for øvrig til komiteens innstilling til St.prp. nr. 50 (1996-1997) som er avgitt samtidig med denne innstilling.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader i Innst.S.nr.196 (1996-1997) (jf. St.prp. nr. 50 (1996-1997)) hvor disse medlemmer gikk mot at Norge bevilger 3,5 mrd. kroner til NAB-avtalen.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse tar redegjørelsen i meldingen til orientering.

5.2 Bruken av ressursane til IMF

Samandrag

       Ved utgangen av finansåret 1996 (30. april) var IMF sine uteståande lån på 42,04 mrd. SDR (om lag 395 mrd. norske kroner).

       Lån til Mexico og Russland har lagt særleg belastning på dei finansielle ressursane til IMF dei siste to åra.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for dette.

       Uteståande restansar på medlemslanda sine lån frå IMF utgjorde ved utgangen av september 1996 2,2 mrd. SDR. Nivået på uteståande restansar er redusert over dei siste åra. Dette er eit resultat av ein eigen strategi som blei utforma i 1990. Strategien inneheld tre nøkkelelement: førebygging, intensivert samarbeid og tiltak gjennom sanksjonar.

       Avhengig av kor lenge restansane er blitt ståande, kan ulike sanksjonstiltak setjast i verk. Røysteretten landet har i IMF kan bli suspendert, og i siste omgang startar IMF ein prosedyre som kan føre til at landet blir tvinga til å trekkje seg som medlem. Sudan er døme på eit land der denne prosedyren tok til, fordi restansane til IMF hadde vore uteståande i mange år, samtidig som landet ikkje gjorde teikn til at det ville ta opp att samarbeidet med IMF. Periodevis har Sudan seinare vist vilje til å samarbeide med IMF for å løyse problema. Men samarbeidsviljen har svinga så sterkt over tid at spørsmålet om avslutning av medlemskapen på nytt kan komme opp til behandling i styret for IMF. Tvungen tilbaketrekkjing av medlemskap i IMF krev vedtak med 85 % fleirtal i Guvernørrådet.

       Noreg og dei andre landa i den nordisk-baltiske valkrinsen har sett det som sers viktig at problem i samband med restansar må taklast på ein effektiv måte ettersom restansar elles kan undergrave det finansielle grunnlaget til organisasjonen og viljen til medlemslanda til å gjennomføre avtalte program med Fondet.

       I samband med klarering av Zambia sine restansar til IMF blei Noregs Bank saman med styresmakter i andre land oppmoda av IMF om å yte eit kortsiktig SDR-lån til Zambia. Det galdt eit såkalla « brubyggingslån. » Arrangementet gjekk ut på at Zambia lånte til saman 830 mill. SDR (ca 7,8 mrd. norske kroner) frå fleire land, inklusive Noreg. Pengane blei deretter overført til IMF som oppgjer for betalingsrestansar. Dermed fekk Zambia på nytt status som medlem med rett til lån og betalte med ein gong tilbake brubyggingslånet ved å trekkje på SAF/ESAF-lån i IMF. Alle transaksjonane skjedde såleis ved interne overføringar mellom konti i IMF og ved ein operasjon innanfor same dagen. På bakgrunn av at Noreg har ein sterk utanriksøkonomi, fekk Noregs Bank spørsmålet om å bistå i operasjonen med eit lån på 50 mill. SDR (ca 470 mill. norske kroner). Lånet frå Noregs Bank blei gitt og innfridd 6. desember 1995 etter tidlegare godkjenning frå Finansdepartementet. Transaksjonen førte ikkje til kostnader for Noregs Bank i form av gebyr eller rentetap.

       Denne typen lån er gjennomført fleire gonger tidlegare med andre deltakarland og med norsk deltaking. At Noregs Bank er med her, må ein sjå i lys av interessa frå norsk side for å yte bidrag til at operasjonar i regi av IMF kan gjennomførast på ein smidig måte.

       Operasjonar som denne blir styrte direkte frå IMF og inneber ein minimal risiko for Noreg. På bakgrunn av dette har Finansdepartementet gitt Noregs Bank fullmakt til å yte denne typen av mellombels lån.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til etterretning.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til orientering.