2. Kommuneplanlegginga

       Departementet understrekar i meldinga komuneplanen si rolle som eit verkty for strategisk utvikling av kommunen, og at arbeidet med kommuneplanen vil bli styrkt. Det vil bli sett i gang arbeid for å gjennomgå korleis kommuneplanlegginga faktisk vert brukt i kommunane, med vekt på samanhengen mellom dei langsiktige strategiane (10-12 år), dei fireårige handlingsprogramma og økonomiplanen, og den årlege budsjetthandsaminga. Departementet syner til at som ein lekk i arbeidet med å kvalitetsikre og å følgje opp nasjonale mål i kommunane sitt utviklingsarbeid, vil det bli sett i gang arbeid med resultatvurdering av planlegginga. Eit slikt utviklingsarbeid vil bli gjort i samarbeid mellom dei ansvarlege departementa for kommunale plansystem og Kommunenes Sentralforbund. Det vil i denne samanhengen bli stilt klårare krav til kommunane om å revidere kommunale planar i høve til nasjonale mål, ny kunnskap, nye regionale føringar frå fylkesplanar og ikkje minst i høve til nye lokale behov.

       Departementet syner til at dispensasjonspraksis kan føre til at arealplanlegginga gjennom kommunale planar vert svekka og kan føra til behov for revisjon av planar. Departementet vil vurdere dispensasjonspraksisen nærare, og syner til at det spesielt er behov for verkemiddel for å skjerpe praksisen.

       Når det gjeld den vidare utviklinga av kommuneplanlegginga vil Regjeringa særleg leggje vekt på følgjande punkt:

- Styrkje arbeidet med kommuneplanlegginga som verkty for strategisk utvikling av kommunane,
- stille klåre krav til kommunane om å revidere kommunale planar i høve til nasjonale mål, ny kunnskap, nye regionale føringar og nye lokale behov,
- leggje auka vekt på å betra kunnskapsgrunnlaget om praktisering av plansystemet,
- auka bruken av informasjonsteknologi og digitale kart for å gjennomføre auka tilgjenge, oversyn og forståing av kommunale planar,
- opne for sterkare og breiare medverknad i planlegginga frå folk, grupper og næringsliv,
- medverke til vidareutvikling av miljøkonsekvensvurderingar i kommunal arealplanlegging, medrekna behov for regelendring i plan- og bygningslova som legg til rette for drøfting av miljøspørsmål på eit tidleg stadium i arealplanlegginga.

       Departementet syner elles til at utfordringane i Lokal Agenda 21 vil innebere ei politisk og fagleg vitalisering av kommuneplanlegginga med vekt på samarbeid mellom sektorar, forvaltingsnivå og mellom offentleg forvalting, næringsliv, lokale organisasjonar, individ og hushald.

Komiteen sine merknader

       Komiteen strekar under at kommuneplanlegginga som strategisk verkty for utvikling av den einskilde kommunen er eit viktig verkemiddel, og er samd i at det vert lagt til rette for ei vidareutvikling av miljøkonsekvensvurderingar i den kommunale arealplanlegginga. Komiteen meiner at det utvalet Regjeringa vil oppnemne for å gjennomgå planleggingsreiskapen bør få i oppgåve å arbeide med endringar i plan- og bygningsregelverket som legg til rette for at omsynet til miljøspørsmål kjem inn på eit tidleg stadium i arealplanlegginga. Dette inneber mellom anna klargjering av krav til alternativ-vurderingar og dokumentasjon av konsekvensar, samstundes som ein legg til rette for ei effektivisering og forenkling av planprosessen.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, oppmodar om at utvalet vurderer spørsmålet om krav om miljøkonsekvensanalysar i samband med relevante politiske avgjerder i kommunane.

       Komiteen vil vidare presisere at kommunane har det primære ansvaret for å sikre ei arealforvalting som sikrar grunnlaget for ei målretta ressursforvalting og næringsutvikling. Komiteen ser det som viktig at det vert sett i gang eit arbeid for å klårleggje den faktiske bruken av kommuneplanen med særleg vekt på samanhengen mellom den langsiktige strategien, (10-12) år, og dei 4-årige handlingsprogramma og økonomiplanen, og den årlege budsjetthandsaminga.

       Komiteen er samd i at det bør stillast klårare krav til kommunane om å revidere dei kommunale planane i høve til mellom anna nasjonale mål og nye regionale føringar frå fylkesplanar og nasjonale behov. Komiteen vil presisere at slike mål og føringar må utformast på ein måte som gjev kommunane betre høve til å ta vare på og vidareutvikle sin eigenart, særlege kvalifikasjonar og satsingsmål. Praktiseringa av nasjonale målsetjingar må ta omsyn til mangfaldet i kommune-Noreg og at problema og utfordringane er ulike i tettfolka kommunar, kommunar nær dei store folkekonsentrasjonane og kommunar med spreidd busetnad lokalisert i tuntfolka regionar. Eit eksempel i den samanhengen kan vere praktiseringa av plan- og byggjelova sitt byggjeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen, der konsekvensane for mellom anna friluftslivet vil variere sterkt frå område til område.

       Komiteen syner til at det er høve til å søkje og få dispensasjon frå så vel vedtekne planar som plan- og bygningslovas når særlege grunnar ligg føre. Komiteen meiner at kravet til sakshandsaming og grunngjeving må innskjerpast når slike særlege tilhøve vert hevda å liggje føre og dispensasjon vert vurdert. Dette gjeld særleg Oslofjorden og Skagerrakkysten.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, ser mot denne bakgrunnen positivt på at Regjeringa vil sjå nærare på dispensasjonspraksisen, og støttar at ein vurderer åtgjerder for å skjerpe praksisen.

       Komiteen vil understreke at det overordna prinsipp må vere at det er planane som skal bestemme det faktiske utbyggingsmønstret, ikkje dispensasjonspraksisen. Det er difor viktig at kommunane i praksis får nytte plan- og bygningslova til å styre spreidd busetnad på ein måte som stør opp under utviklinga av lokalsamfunna og med det gjer det mindre naudsynt å dispensere frå vedtekne planar.

       Komiteen har merka seg at etter måten få kommunar legg til rette for brei medverknad ved utforminga av den langsiktige delen av kommuneplanen. Komiteen vil streke særleg under det verdifulle ved at barn, unge og funksjonshemma vert dregne aktivt inn i planprosessane.

       Komiteen peikar på at i Agenda 21, eitt av dei fem sluttdokumenta frå SN's konferanse for miljø og utvikling i Rio i Brasil 1992, vert alle kommunane i verda oppmoda om å gå i dialog og samhandle med innbyggjarane, organisasjonane og private føretak om å vedta ein lokal Agenda 21. Dette vil vere ei naturleg vidareutvikling og utviding av arbeidet som alt er starta opp gjennom « Miljøvern i kommunane »-reforma, slik at ein ser dette i lys av dei globale utfordringane. Komiteen vil streke under Regjeringa sitt oppfølgingsansvar her.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen Hillgaar, viser til Innst.S.nr.114 (1995-1996) der fleirtalet i komiteen ba om at kommunane skulle utarbeide lokale miljø/klimaplanar. Tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar lokalt bør difor inn i arbeidet med lokal Agenda 21.

       Komiteen viser til at om lag 1 % av dei arkeologiske kulturminna og den eldre bygningsmassen går tapt kvart år. Dei fleste slike kulturminne vil ikkje vere verna etter særlovgjevinga.

       Regjeringa vert oppmoda om å vurdere særskilt om kommunane har tilgang til den kompetansen som er naudsynt for å ivareta omsynet til kulturminnevernet i kommuneplanlegginga og i forvaltinga av arealressursane.

       Kommunane får dermed eit særleg ansvar her gjennom ansvaret sitt for arealplanlegginga og byggjesakshandsaminga. Kulturmiljø og kulturminne vil ha ein naturleg plass i arbeidet med lokal oppfølging av Agenda 21.

       Komiteen viser til at planlegging er ein nødvendig føresetnad for god ressursutnytting, såvel arealmessig som økonomisk. Komiteen går difor ut frå at kommunane ivaretek planleggingsoppgåvene, vidareføring av MIK-reforma og Agenda 21 på ein tilfredsstillande måte innafor dei ressursrammer som til ei kvar tid vert stilt til rådvelde for kommunesektoren. Planlegging må til ei kvar tid vere ein integrert del av kommunen sine gjeremål innafor alle sektorar, for å sikre eit fullverdig og kostnadseffektivt tenestetilbod.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti vil streke under at planlegging er ressurskrevjande og denne oppgåva må sjåast i samanheng med dei mange tenestene som kommunane er pålagt å yte. Kommunane må sikrast ressursar slik at planleggingsoppgåvene og utviklingsarbeidet kan ivaretakast, og MIK-reforma så vel som Agenda 21 kan vidareførast på ein god måte utan at det går ut over eit fullverdig kommunalt tenestetilbod.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sine generelle merknader, herunder anførte reservasjoner til i all for stor grad å vektlegge sentraldirigerte plan- og detaljstyringsinstrumenter som styringsverktøy.

       Komiteens medlem Hillgaar vil peke på at sentrale og detaljerte planer tross alt har avgrenset nytte i et land som Norge med så store forskjeller i klima, geografi og befolkningstetthet.