1. Kap. 1322 Statens veganlegg (jf. kap. 4322)

1.1 Sammendrag

Rassikring av fv  344 Stamnes - Eidslandet.
Forskottering frå Hordaland fylkeskommune

       Samferdselsdepartementet går inn for at Hordaland fylkeskommune får høve til å forskottere 20,0 mill. kroner til fv  344 Stamnes-Eidslandet mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2001.

       Prosjektet er ein del av eit framtidig riksvegsamband mellom E  16 ved Dalseid og rv  1 ved Romarheim.

       Den totale kostnaden for strekninga Stamnes-Eidslandet er på 70,0 mill. kroner. Første byggetrinn er rekna ut til å koste 41,0 mill. kroner. Denne etappen vil bli finansiert med forskottet frå fylkeskommunen på 20,0 mill. kroner, eit fylkeskommunalt tilskott på 11,0 mill. kroner og eit tilskott frå Modalen og Vaksvik kommunar og Bergenhalvøens kommunale kraftselskap (BKK) på 10,0 mill. kroner.

       Det er ein føresetnad at vegen mellom Stamnes og Mo blir omklassifisert til riksveg når prosjektet til 41,0 mill. kroner er fullført.

       Forskotteringssaka er handsama og godkjend av fylkestinget i Hordaland.

       Tidspunktet for refusjon vil bli avgjort i samband med arbeidet med handlingsprogrammet for perioden 1998-2001.

1.2 Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.