1. Samandrag

1.1 Bakgrunn

       Stortinget gjorde 21. juni 1996 under handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 1996 følgjande vedtak:

       « Stortinget ber Regjeringen i løpet av inneværende stortingsperiode legge fram en melding om SNDs virksomhet, hvor en bred evaluering foretas. »

       Regjeringa har no lagt fram ei stortingsmelding om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) der verksemda til SND vert evaluert.

       Meldinga byggjer m.a. på ei ekstern evaluering som er utført av Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF). Rapporten frå SNF følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

       Meldinga handsamar SND si verksemd frå etableringa i 1993 og fram til i dag. Forholdet til andre institusjonar er berre omtala i den grad den direkte har noko å seie for SND.

1.2 Evalueringsrapporten

       Utgangspunktet for den eksterne evalueringa av SND var eit grunnlagsnotat utarbeidd av Nærings- og energidepartementet i samråd med Kommunal- og arbeidsdepartementet. I tilbodsdokumentet vart det presisert at evalueringa skulle ta utgangspunkt i dei måla og retningslinene som var trekte opp da SND vart etablert.

       Tidsramma og omfanget av evalueringa gjorde evalueringa til ei svært krevjande oppgåve. Oppdraget vart gjeve til SNF i Bergen.

       Som ei samanfattande vurdering får SND god karakter. Evalueringa gjev ifylgje SNF, ikkje grunnlag for å foreslå omfattande reformer eller reorganisering av SND.

       Den stramme tidsfristen på arbeidet førte til at berre dei partane det mest vedkom fekk høve til å kome med synspunkt til evalueringsrapporten.

1.3 Regjeringa sine hovudkonklusjonar

       Etter Regjeringa sine vurderingar har SND si verksemd i perioden 1993-1996 halde seg innanfor dei rammene og retningslinene som er trekte opp. Fusjonsprosessen er gjennomført på ein god måte, og i vidareutviklinga av næringslivet er det nådd monalege resultat.

       Regjeringa vil vidareutvikle SND som styresmaktene sitt sentrale verkemiddel innan nærings- og distriktspolitikken. Dei einskilde verkemidla skal framleis ha ein sterk småbedrifts- og distriktsprofil.

       Hovudtyngda av SND si verksemd i dag og i åra framover, skal konsentrerast til område med marknadssvikt og til område kor det er nødvendig med ein særleg innsats for å ta vare på samfunnsmessige omsyn i næringsutviklinga.

       Mellom dei samfunnsmessige omsyna i næringsutviklinga som SND skal ta vare på, står distriktsomsyna i ei særstilling. Distriktspolitikken skal vere ei prioritert oppgåve for heile SND sin administrasjon og ved forvaltinga av samtlege verkemiddel. Regjeringa vil spesielt leggje vekt på at innsatsen andsynes kvinnene i distrikta vert styrkt.

1.4 SND sine verkemiddel

Grunnfinansiering

       I distrikt med liten konkurranse på tilbodssida vil grunnfinansieringsordninga vere eit viktig korrektiv som medverkar til betre finansieringsutsikter for verksemdene. Regjeringa går inn for at grunnfinansieringsordninga vert vidareført med ei sterkare prioritering av små- og mellomstore verksemder, bransjar og distrikt med svikt i tilbodet av grunnfinansieringslån. Nivået på utlåna vil verte tilpassa konjunktursituasjonen.

Risikolån

       Den landsdekkande og distriktsretta risikolåneordninga vil Regjeringa føre vidare som SND sitt hovudverkemiddel på kredittsida. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om visse endringar i budsjetteringa ved at overskotet på ordninga etter dekning av eigne administrasjonskostnader, vil gå inn i tapsfondet.

Garantiordning

       SND si landsdekkande garantiordning skal halde fram. Ordninga vil òg dekkje dei høgst prioriterte føremåla som høyrde inn under den distriktsretta ordninga.

Utviklingstilskot

       Regjeringa ser SND sine ordningar med utviklingstilskot som eit særs viktig verkemiddel for kompetanseheving i små- og mellomstore verksemder. Ordningane skaper nettverk mellom verksemdene, knyter kontaktar mellom næringslivet og tyngre forskingsmiljø og fører til kompetansemessige og teknologiske nyvinningar i næringslivet.

Nettverkskreditt

       Regjeringa går inn for at verkemidlet nettverkskreditt vert bygd ut vidare ved at ein del av utviklingstilskotet vert øyremerkt. Ein føreset at midla skal prioriterast kvinneretta prosjekt.

Distriktsutviklingstilskot

       Distriktsutviklingstilskotsordninga kan både nyttast for å stimulere til gjennomføring av utviklingsprosjekt/kompetanseheving og for å stimulere til realisering av investeringar i distrikta.

Forsknings- og utviklingskontrakter

       Forskings- og utviklingskontrakter er eit tenleg verkemiddel for å få fram nye, betre produkt i eit forpliktande samarbeid med krevjande kundar. Særleg i høve til små- og mellomstore verksemder er ordninga eit godt verkemiddel.

Eigenkapitalordninga

       Regjeringa går inn for at eigenkapitalordninga framleis skal vere ein del av SND sitt verkemiddelsett. Ordninga bør likevel skiljast ut frå SND og bli ei eiga juridisk eining eigd av SND. Styret for den nye kapitaleininga skal oppnemnast av styret i SND. Dei føreslegne endringane vil synleggjere at ordninga skal ha ein sterk småbedrifts- og distriktsprofil og at SND skal framstå som ein langsiktig investor for denne bedriftsgruppa.

       SND har sidan opprettinga i 1993, hatt høve til òg å bruka midlar frå eigenkapitalordninga til investeringar i ventureselskap. Dette høvet er ei vidareføring av Venturefondet si verksemd.

Såkornkapital

       Stortinget slutta seg til Regjeringa sitt framlegg om å etablere ei såkornkapitalordning ved salderinga av statsbudsjettet for 1997. Ordninga inneber at staten ved SND yter ansvarlege lån til private såkornfond som i sin tur investerer i enkeltprosjekt.

       Den breie røynsla som SND har med utbyggings- og risikoprosjekt, venturemarknaden, fondet sitt samla tilbod av låne- og tilskotsordningar, samt den pågåande utbygginga av distriktskontora gjer at SND er særleg skikka til å forvalte såkornordninga slik at ein kan få realisert nyskapingsprosjekt i alle delar av landet.

Investeringsfond Nord-Vest Russland og Øst-Europa

       Regjeringa fremja i St.prp. nr. 62 (1995-1996) Om A/S Sydvaranger og omstillinga i Sør-Varanger framlegg om etablering av eit investeringsfond for Nordvest-Russland.

       Departementet har lagt til grunn at SND legg opp til eit samspel med andre finansieringsinstitusjonar som har kompetanse knytt til næringsutvikling mot og som foreslår investeringar i Russland.

Invest in Norway

       Investeringane over landegrensene har auka kraftig dei seinare åra. For å gjere dei norske rammeføresegnene kjende, vart Invest in Norway (IIN) vedteke oppretta i desember 1993. IIN er eit eige verksemdområde innan SND. Organisasjonsmessig er IIN plassert i ein eigen divisjon.

       Departementet ser på IIN som eit verkemiddel i arbeidet med å marknadsføre Noreg som eit attraktivt land å investere i. Forankringa i SND inneber at IIN kan spele på SND sitt breie verkemiddelsett og dra nytte av den bransjekompetansen som SND har i arbeidet med å kanalisere utanlandske investeringar til Noreg.

1.5 Habilitet

       Det har ved fleire høve vorte reist spørsmål om habilitet knytta til at SND kan gå inn både på eigarsida i ei verksemd samstundes som fondet har til handsaming søknader om stønad til verksemda og til konkurrentar. Nærings- og handelsdepartementet strekar under at det ikkje kan påvisast at SND i slike saker har brote habilitetsreglane. Debatten om dette spørsmålet har likevel hindra SND i å ta ut fusjonsgevinstar, samstundes som den har medverka til å så tvil om SND si rolle i fleire prosjekt.

       Departementet vil streke under at SND ved handsaming av saker kor det kan reisast habilitetsspørsmål, skal ha for auge dei samfunnsmessige måla som ligg til grunn for institusjonen og dei rammeføresetnadene som er gjevne for ordningane.

       For å unngå at sammanblanding av roller oppstår, gjer departementet framlegg om at Kredittilsynet vert tilsynsorgan for SND.

1.6 Omstilling og utvikling

       SND si handtering av kriser i einskildføretak, omstilling av stader og omstilling av bransjar, er særs krevjande oppgåver. Nærings- og handelsdepartementet har merka seg at evalueringa syner at SND i all hovudsak innan dette området har gjort ein tilfredsstillande innsats.

       Etter Regjeringa si vurdering vil gode resultat frå omstilling av stader i tida framover i endå større grad enn til no, vere avhengig av at ein lukkast med å etablere nye arbeidsplassar i privat sektor. SND si hovudoppgåve i omstillingarbeidet må difor framfor alt vere å stimulere det bedriftsretta arbeidet.

1.7 Organisering av SND

       Det er inngått avtalar mellom SND og 11 fylkeskommunar om oppretting av distriktskontor.

       I avtalane er det føresett at tilhøva skal leggjast til rette for ei løpande evaluering av forsøka med distriktskontora. Nærings- og handelsdepartementet vil i samarbeid med dei andre departementa dette vedkjem, følgje desse evalueringane nøye slik at ein kan få ei samla vurdering av korleis omorganiseringa slår ut.

       Etableringa av distriktskontor er ei klår styrking av arbeidet med næringsutvikling på det regionale nivået. Fylkeskommunane og distriktskontora utgjer saman eit sterkt miljø på fylkesnivå i arbeidet med kompetanseheving, omstilling og nyskaping i næringslivet.

       Distriktskontora forvaltar eit breitt spekter av verkemiddel for næringslivet. Etter at Fiskarbanken vart integrert i SND, vil òg verkemidla retta mot fiskeflåten få ei sterkare og meir samordna regional forankring i høve til anna næringsfinansiering.

       Det desentraliserte apparatet som SND nå byggjer opp, legg grunnlaget for ei desentralisering også av verkemiddel som andre statlege etatar har hand om.

       Distriktskontora skal ikkje utføre informasjonsoppgåver og oppdrag som naturleg høyrer inn under arbeidsområdet til private konsulentfirma. Departementet vil kome nærare attende til samspelet mellom SND og vegleiingstenesta i samband med den meldinga som vil bli lagt fram om næringspolitikken.

       Med unnatak av eigenkapitalordninga, vert det i meldinga ikkje gjort framlegg om monalege endringar i SND sin administrasjon. Verkemidla vil med dei justeringane som det er gjort framlegg om under risikolåneordninga og i eigenkapitalordninga, verte førde vidare innan dei gjeldande økonomiske rammevilkåra.

1.8 Samspel med andre

       Ein gjer ikkje noko framlegg om endring i forvaltinga av bygdeutviklingsmidla. Nærings- og handelsdepartementet vil syne til at den forvaltingsmodellen som ein har i dag i store trekk tek vare på behovet for ei effektiv og føremålsretta forvalting av BU-midla. Departementet føreset at nogjeldande samordning mellom bruken av BU-midla og ordningane under SND vert vidare utbygde.

       Regjeringa føreset at SND samarbeider med private kredittinstitusjonar i saker kor dette er føremålstenleg, og kjem fram til sams finansieringsløsningar. Finansiering av verksemder som er i konsolideringsfasen og som ikkje opplever marknadssvik på kredittmarknaden, er ikkje ei naturleg oppgåve for SND. Sparebankforeningen og Den norske Bankforening meiner at SND er konkurrent til det private bankvesenet når det gjeld grunnfinansiering.

       SND har høve til å skyte inn kapital i private investerings-/såkornfond. Gjennom desse disposisjonane er det lagt til rette for ei kopling mellom kompetanse, kapital og lokalt eigarskap.

       Regjeringa ser det som viktig at SND i tida framover kan vidareutvikle kompetansen innan fondsforvalting for å sikre nødvendig avkasting og nyskaping av investeringsaktiviteten i regionale fond.