17. Olje- og energidepartementet

17.1 Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

17.1.1 Post 11 Varer og tenester

Samandrag

       Ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 vart det etablert auka lønns- og driftsutgifter i samband med skipinga av nye stillingar i Olje- og energidepartementet som følgje av endringar i departementsstrukturen. Det vart ikkje teke omsyn til meirutgifter i tilknyting til endra lokalisering og deling av departementa.

       Det vil bli meirutgifter, både eingongsutgifter og årleg auka driftsutgifter, som følgje av at administrative funksjonar som edb, arkiv og bibliotek blir splitta. Det vil òg kome utgifter i tilknyting til ombygging og flytting av ovannemnde funksjonar og kontor elles. Eingongsutgiftene er totalt rekna til 1,5  mill. kroner. Vidare har departementet lagt til grunn at årlege driftsutgifter knytte til edb, bibliotek og andre fellesfunksjonar aukar med om lag 1 mill. kroner som følgje av at stordriftsfordelane for fleire administrative funksjonar blir borte.

       Rokeringsprosjektet i regjeringskvartalet i 1996 førte til ein årleg husleigeauke på 2,9 mill. kroner for det daverande Nærings- og energidepartementet. Budsjettverknaden for 1996 (2. halvår) vart innarbeidd i St.prp. nr. 15 (1996-1997). Ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 vart heilårsverknaden på 2,9  mill. kroner lagd inn i inntektsbudsjettet for Statsbygg utan at utgiftsløyvinga under det daverande Nærings- og energidepartementet vart tilsvarande justert. Endringa av departementsstrukturen fører til ytterlegare rokering internt i regjeringskvartalet. Ein gjer derfor framlegg om at husleigeauken på 2,9 mill. kroner som følgje av rokeringsprosjektet i 1996 inntil vidare blir lagd inn i budsjettet for Olje- og energidepartementet for 1997.

       På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at kap. 1800 post 11 Varer og tenester, blir auka med 5,4 mill. kroner, frå 29,3 til 34,7  mill. kroner, i 1997. Av dette utgjer husleigeauken 2,9 mill. kroner.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 1800 post 11 med 5,4 mill. kroner.

17.1.2 Post 22 (ny) Utgifter ved forlik

Samandrag

       Olje- og energidepartementet og AS Norske Shell (heretter kalla Shell) har med atterhald om samtykkje frå Stortinget vorte samde om eit forlik som resulterer i ei utbetaling frå staten til Shell på 47,5 mill. kroner. Saka gjeld spørsmål om frådrag i produksjonsavgifta for betalt arealavgift. Tilsvarande tvistemål var eit viktig element i forliket med rettshavarane i utvinningsløyve nr. 006, jf. St.prp. nr. 15 (1996-1997). Utbetalinga fører til ei endeleg avslutning på saka, som departementet i lengre tid har prøvd å finne ei løysing på.

       Utvinningsløyve nr. 011 er gitt med heimel i 1965-resolusjonen. Det følgjer av 1965-resolusjonen § 27 første ledd at rettshavarane som hovudregel har krav på fullt frådrag i produksjonsavgifta for betalt arealavgift. Da petroleumslova tok til å gjelde i 1985, vart føresegna om frådrag i produksjonsavgifta for betalt arealavgift ført vidare. I forskrift til petroleumslova § 50 nr. 5 er det likevel gjort ei endring i høve til 1965-resolusjonen § 27. Etter forskrifta § 50 nr. 5 tredje ledd kan det berre givast frådrag for dei blokkene som dekkjer førekomsten.

       På bakgrunn av at løyvet er gitt med heimel i 1965-resolusjonen, godtek ikkje Shell at forskrifta § 50 nr. 5 tredje ledd skal gjelde. Det er derfor sett fram krav om fullt frådrag i samsvar med 1965-resolusjonen § 27 første ledd.

       Forliket fører til at staten innan 1. juli 1997 betaler til Shell eit kontant oppgjer på 47,5  mill. kroner. Dersom forlikssummen blir utbetalt etter 1. juli 1997, vil det inntil betalinga skjer, bli lagt til renter i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forseinka betaling m.m.

       Forliket har til følgje at Shell gir avkall på kravet om frådrag i samsvar med 1965-resolusjonen, og aksepterer at forskrifta § 50 nr. 5 blir lagd til grunn for framtidige oppgjer. Vidare fører forliket til at Shell gir avkall på eventuelle andre krav som gjeld spørsmålet om frådrag i produksjonsavgifta for betalt arealavgift.

       Kontantsummen på 47,5 mill. kroner til Shell blir tilrådd løyvd under kap. 1800 Olje- og energidepartementet, ny post 22 Utgifter ved forlik. Dei innbetalte avgiftene som forliket omfattar, er inntektsførte i statsrekneskapen under kap. 5507 post 73 Produksjonsavgift.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å bevilge 47,5 mill. kroner under kap. 1800 ny post 22.

17.2 Kap. 1810 Oljedirektoratet

17.2.1 Post 01 Lønn og godtgjersle

Samandrag

       Lønnsbudsjettet til Oljedirektoratet vart i salderinga av budsjettet for 1997 redusert med 6 mill. kroner. Oljedirektoratet har vurdert konsekvensane av eit slikt kutt og funne at det får store innverknader på vilkåra direktoratet har til å gjennomføre pålagde arbeidsoppgåver. Faste lønns- og driftsutgifter (postane 01 og 11), som er meir eller mindre bundne, svarar til om lag 87 % av den totale løyvinga.

       Petroleumsverksemda på norsk sokkel har vore i sterk vekst gjennom ein lengre periode utan at talet på tilsette i Oljedirektoratet (OD) er auka. Opp gjennom åra har forvaltningsoppgåvene til OD retta mot næringa vorte stadig fleire, meir omfattande og komplekse, mellom anna på grunn av auka volum, ny teknologi, felt i ulike fasar, aldrande innretningar og avviklingsproblematikk. Det er venta at denne utviklinga vil halde fram dei næraste åra. Oljedirektoratet har til no møtt denne utviklinga med ei streng prioritering og effektivisering. I tillegg til dei primære forvaltningsoppgåvene har Oljedirektoratet òg vorte pålagt nye oppgåver som direktoratet gjennom sin faglege kompetanse og relasjonar til petroleumsverksemda har særskilde føresetnader for å ta hand om på ein god og effektiv måte, og som kan gi ein høg samfunnsgevinst.

       Ein reduksjon på 6 mill. kroner i lønnsløyvingane til OD svarar til ei nedtrapping på om lag 15 stillingar, som det er vanskeleg å gjennomføre på eitt år. I budsjettilrådinga for 1997 frå energi- og miljøkomiteen strekar fleirtalet under kor viktig det er at OD har eit godt og stabilt personale for å kunne ta hand om oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte.

       På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at løyvinga under kap. 1810 post 01 Lønn og godtgjersler, blir auka med 5 mill. kroner, frå 124 til 129 mill. kroner, i 1997. Ein viser til framlegget om auka inntekter på 7,3 mill. kroner under kap. 4810 post 03.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 1810 post 01 med 5 mill. kroner.

       Komiteen viser når det gjelder kap. 4810 til avsnitt 8.7.1.

17.3 Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energiverk

17.3.1 Post 11 Varer og tenester

Samandrag

       Noregs vassdrags- og energiverk (NVE) treng meteorologiske data og prognosar frå Det norske meteorologiske institutt (DNMI) for å kunne gjennomføre vassføringsprognostisering og flaumvarsling. Flaumvarsling er svært viktig for å kunne setje i verk nødvendige beredskapstiltak lokalt og for å koordinere beredskapsinnsatsen regionalt og sentralt. Ein av dei viktigaste faktorane for å kunne gjennomføre flaumvarsling er kunnskap om den framtidige vêrsituasjonen, slik at ein på eit tidlegast mogleg tidspunkt kan varsle ein eventuell flaum. Dermed kan ein setje i verk tryggingstiltak for å berge liv og materielle verdiar og på den måten redusere skadeverknadene av flaumen.

       Sidan 1989 har det vore eit uformelt samarbeid mellom NVE og DNMI knytt til vassføringsprognosar og flaumvarsling. Før flaumen i 1995 tok mellom anna NVE imot kvantitative nedbør- og temperaturprognosar for utvalde vassdrag frå DNMI, i tillegg til vêrkart éin gong pr. dag. Desse tenestene var alt utvikla og etablerte på oppdrag frå vassdragsregulantar til bruk i driftsplanlegginga deira ved kraftproduksjon. For slike tenester betalte NVE 50.000  kroner pr. år, tilsvarande DNMIs faktiske utgifter. Seinare har det vorte klart at desse tenestene ikkje er tilstrekkelege for ei effektiv landsdekkjande flaumvarsling, og tenestene er derfor, i samarbeid med NVE, vidareutvikla av DNMI. I tråd med tilrådinga frå Flaumtiltaksutvalet (NOU  1996:16) er det no forhandla fram ein formell samarbeidsavtale mellom NVE og DNMI med sikte på å samordne varslinga og samstundes oppnå ei meir effektiv utnytting av allereie eksisterande informasjon i DNMI i tilknyting til flaumvarslinga. Årlege kostnader for data og andre produkt frå DNMI er rekna til 3  mill. kroner. Kostnadsauken følgjer i hovudsak av at DNMI no vil fakturere NVE for alle tenestene sine, i tillegg til at nye produkt inngår i samarbeidsavtalen. Det siste er for å stette tilrådinga frå Flaumtiltaksutvalet og NVEs spesifikasjonar og krav. Avtalen er tenkt gjord gjeldande i andre halvår 1997, og ein gjer derfor framlegg om å auke NVEs driftsbudsjett med 1,5 mill. kroner, tilsvarande dei auka driftsutgiftene NVE har ved underskrivinga av avtalen i andre halvår 1997.

       På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at løyvinga under kap. 1820 post 11 Varer og tenester, blir auka med 1,5 mill. kroner, frå 74,2 til 75,7 mill. kroner, i 1997. Auken på 1,5 mill. kroner skal dekkjast inn ved ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 1825 Energiøkonomisering post 21 Informasjon og opplæring m.v.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 1820 post 11 med 1,5 mill. kroner.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til Regjeringens forslag om å redusere kap. 1825 post 21 med 1,5 mill. kroner.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre går mot Regjeringens forslag til inndekning med den begrunnelse at Regjeringens satsing på dette området allerede er svært svak.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse mener bevilgningene til enøk i utgangspunktet er svært lave. Disse medlemmer mener det uforsvarlig å kutte disse ytterligere. Disse medlemmer vil derfor gå imot å redusere bevilgningene over kap. 1825 post 21 med 1,5 mill. kroner.

17.3.2 Post 61 (ny) Kompensasjon til kommunane Trysil og Engerdal for tapt fiske i Trysilelva

Samandrag

       Trysilelva/Klarälven har frå gammalt av vore kjend som ei svært god fiskeelv. Vasskraftutbygging i vassdraget har likevel ført til at fisket har gått sterkt tilbake.

       I tilknyting til konsesjonshandsaminga av Höljesanlegget, jf. St.prp. nr. 110 (1960-1961) og kgl.res. av 30. juni 1961, sette kommunane Trysil og Engerdal fram krav om at Noreg tok opp att spørsmålet om vänerlaksen. Dette med tanke på å få føresegner om laksetrapper forbi alle damanlegg i Sverige.

       Noregs vassdrags- og energiverk (NVE) fann det sannsynleg at bygging av kraftverk nedanfor Höljes på svensk side gradvis hadde redusert fisket av vänerlaks i Noreg. NVE gjekk likevel ut frå at når det gjaldt samtykke til Höljesutbygginga, kunne ein berre setje vilkår som tok sikte på at den same laksemengda som før skulle gå forbi dammen (eller grensa). Departementet slutta seg til desse synspunkta og rådde til å vidareføre forhandlingane mellom norske og svenske fiskeristyresmakter om vänerlaksens frie gang oppover dei svenske elvane til Noreg.

       22. juli 1969 gjorde Noreg og Sverige ein avtale om vänerlaksens frie gang. Desse hovudpunkta låg til grunn:

1. Undersøkings- og forsøksarbeidet som vart sett i gang samstundes med Höljesutbygginga, skulle halde fram i endå ti år. Dersom forsøksprogrammet på grunn av uventa vanskar ikkje kunne gjennomførast som avtalt, skulle forsøksperioden utvidast.
2. Kostnadene i tilknyting til forsøksarbeidet skulle i hovudsak dekkjast frå svensk side.
3. Straks undersøkings- og forsøksarbeidet var fullført, skulle ein ta endeleg stilling til spørsmålet om laksetrapper for å sikre laksetilgangen i den norske delen av Klarälven.

       Resultatet av forsøksprogrammet vart vurdert i 1988. Rapporten la til grunn at ei arbeidsgruppe skulle utarbeide program og materiale som grunnlag for ei endeleg vurdering av tiltak i samsvar med avtalen frå 1969. Arbeidsgruppa, som hadde representantar for norske og svenske fiskeriinteresser, la fram vurderingane og tilrådingane sine i ein rapport i 1990.

       Etter fleire forhandlingar mellom norske og svenske styresmakter vart ein i desember 1996 samd om ein svensk kompensasjon på 3  mill. NOK. Olje- og energidepartementet har fått ein bankgaranti på ein tilsvarande sum frå Klarälvens Kraft AB, ansvarleg drivar av kraftverka i Klarälven. Vilkåret frå svensk side er likevel at norske styresmakter opphevar pkt. 2 om vilkår for vänerlaksen, vedteke i kgl.res. av 30. juni 1961 om bygging av dam i elva. Samstundes fell dommen i Västerbygdens vattendomstol av 13. april 1962 bort, om omfanget av opptransportert laks på svensk side av vassdraget.

       Det er svært viktig at spørsmålet om kompensasjon til kommunane blir avgjort. Etter samråd med Utanriksdepartementet kan ikkje Olje- og energidepartementet sjå at det finst noko rettsleg grunnlag for ytterlegare krav frå norske styresmakter overfor Sverige i denne saka. Olje- og energidepartementet vil derfor rå til at det framforhandla tilbodet frå svensk side på 3 mill. kroner blir akseptert. Kompensasjonen frå svensk side er likevel ikkje stor nok til å gi kommunane Trysil og Engerdal full kompensasjon for det tapte fisket i Trysilelva.

       Olje- og energidepartementet gjer derfor framlegg om at kommunane får kompensasjon med ytterlegare 7  mill. kroner frå norsk side, slik at den samla kompensasjonen blir på totalt 10 mill. kroner. Olje- og energidepartementet går ut frå at summen blir brukt til å hjelpe opp fisket i Trysilelva etter nærare føresegner gitt av Direktoratet for Naturforvalting. Tilskotet frå norsk side skal dekkjast gjennom uttak frå Konsesjonsavgiftsfondet.

       På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at det blir løyvd 7  mill. kroner under kap. 1820, ny post  61 Kompensasjon til kommunane Trysil og Engerdal for tapt fiske i Trysilelva. En gjer framlegg om at dette blir dekt ved å auke uttaket frå Konsesjonsavgiftsfondet, jf. kap. 4829 post 01 Overføring frå fondet.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å bevilge 7 mill. kroner under kap. 1820 ny post 61 og tilsvarende forhøyelse av kap. 4829 post 01.

17.3.3 Post 71 Refusjon av dokumentavgift

Samandrag

       Staten gir refusjon av dokumentavgift ved samanslutning av energiverk og ved omgjering av kommunale energiverk til aksjeselskap. I St.prp. nr. 1 (1996-1997) vart ordninga med refusjon av dokumentavgift utvida til også å gjelde ved oppsplitting av energiverk eller ved omgjering til konsern. Dette gjeld når nettverksemda blir skild frå dei konkurranseutsette verksemdene (omsetning og produksjon) i sjølvstendige selskap, eller som eit eige selskap direkte styrt av eigaren. Slike oppdelingar er i tråd med intensjonane i energilova og medverkar til å lette monopolkontrollen. Det skjer ei særskild vurdering av kvar søknad, ut frå om oppdelinga i stor grad medverkar til å lette monopolkontrollen. Det er sentralt at organiseringa av selskapet faktisk fremmer sjølvstendig drift av nettverksemda.

       Etter at ordninga med refusjon av dokumentavgift vart innført, har Olje- og energidepartementet gitt refusjon i mindre saker innanfor ramma av vedteke budsjett. Større refusjonssaker er lagde fram for Stortinget med framlegg om særskild tilleggsløyving.

       Opning for refusjon av dokumentavgift ved fleire former for omskiping har, i samsvar med intensjonane i energilova, ført til ein positiv auke i talet på omorganiseringar innanfor energisektoren. Auken i saksmengda og omfanget av sakene har likevel gjort det vanskeleg for departementet å vurdere løyvingsbehovet for kvart år. Omorganiseringa skjer etter initiativ av energiverka sjølve. Olje- og energidepartementet påverkar derfor i svært liten grad kor mange og kva for energiverk som under ein budsjettermin søkjer om refusjon av dokumentavgifta. Så lenge energiverka fyller krava, får dei godkjent refusjon. I tillegg er det problem knytte til fastsetjinga av det nøyaktige refusjonsgrunnlaget i kvar av sakene på budsjetteringstidspunktet. Det gjer det igjen vanskeleg å fastsetje løyvingsbehovet. Den store mengda eigedommar som skal overførast, særleg ved omgjering til konsern, resulterer ofte i at tinglysinga av eigedomsoverføringane kan strekkje seg over fleire år. Dette påverkar i sin tur tidspunktet for refusjonsutbetaling, som dermed kan strekkje seg over fleire budsjetterminar.

       På bakgrunn av ovannemnde gjer Olje- og energidepartementet framlegg om ei budsjettomlegging og ei administrativ forenkling når det gjeld handsaminga av kurante saker som innfrir dei før nemnde vilkåra for refusjon av dokumentavgift. Departementet vil framleis gjere ei særskild vurdering av kvar søknad og granske om dei organisatoriske endringane er i samsvar med intensjonane i energilova.

       Olje- og energidepartementet foreslår at det ved framlegginga av statsbudsjettet kvart år blir lagt inn ei løyving for totale utbetalingar under denne ordninga i budsjetterminen basert på forventa utbetalingar. Så lenge løyvinga omfattar både uoppgjorde saker for tidlegare år og nye saker i budsjetterminen, er det ikkje lenger nødvendig at posten kan overførast. Vidare blir det gjort framlegg om at Finansdepartementet kan samtykkje i at løyvinga under kap. 1820 post 71 Refusjon av dokumentavgift, kan overskridast mot inntektsføring av tilsvarande beløp under kap. 5565 Dokumentavgift post 70 Avgift, jf. framlegg til vedtak.

       Olje- og energidepartementet vil i nysalderinga kvart år gjere ein korreksjon av løyvinga og gi ei utgreiing til Stortinget som syner kva for saker som er handsama gjennom året, og kva for saker som står uoppgjorde. Refusjonssaker av prinsipiell karakter blir framleis lagde fram særskilt for Stortinget.

       På bakgrunn av ovannemnde omlegging gjer ein framlegg om at løyvinga blir auka til 450 mill. kroner i 1997, ein auke på 272,7 mill. kroner, som er eit overslag over utbetalingar under ordninga i 1997. Framlegget endrar ikkje budsjettbalansen, ettersom utgifter til refusjon av dokumentavgift blir motsvara av tilsvarande inntekter under kap. 5565 Dokumentavgift post 70  Avgift.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemet fra Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye kap. 1820 post 71 med 272,7 mill. kroner. Flertallet slutter seg videre til forslag til vedtak XXV.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre slutter seg til Regjeringens forslag.

       Disse medlemmer viser imidlertid til merknader om problemstillinger knyttet til dokumentavgiften i Innst.S.nr.20 (1996-1997) og B.innst.S.nr.II (1996-1997), hvor det sies at Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti viser til at Regjeringen i sin budsjettproposisjon for 1997 har fremmet forslag om å utvide ordningen med refusjon av dokumentavgift til også å gjelde oppdeling av energiverk. Partiene støtter dette, men er uenig i at det fra departementets side skal stilles krav om valg av aksjeselskapsformen ved deling. Det avgjørende må være at selskapene er organiser som egne juridiske enheter med eget styre, egne ansatte og engen ledelse. Partiene viser videre til at eieren fritt må kunne velge selskapsform.

17.4 Kap. 1825 Energiøkonomisering

17.4.1 Post 21 Informasjon og opplæring m.v.

Samandrag

       For å dekkje inn løyvingsauken på 1,5 mill. kroner under kap. 1820 Noregs vassdrags- og energiverk post 11 Varer og tenester, gjer ein framlegg om at løyvinga under denne posten blir redusert tilsvarande, frå 41,6 til 40,1 mill. kroner i 1997.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til merknad under avsnitt 17.3.1.

17.5 Kap. 1861 Statkraft SF

17.5.1 Post 81 (ny) Tilbakeføring av renter

Samandrag

       Med bakgrunn i St.prp. nr. 26 (1996-1997) vedtok Stortinget å konvertere 3  mrd. kroner av Statkraft SFs ansvarlege lån til innskotskapital i 1996, jf. Innst.S.nr.95 (1996-1997). Konverteringa vart gjennomført 15. desember 1996.

       I statsbudsjettet for 1996 vart det budsjettert med 500 mill. kroner i avdrag på det ansvarlege lånet, men det vart ikkje budsjettert med renteinntekter fordi rentene på det ansvarlege lånet er knytte opp til overskot i foretaket, jf. St.prp. nr. 1 (1991-1992) og St.prp. nr. 20 (1992-1993). Den oppdaterte resultatprognosen som vart lagd til grunn i St.prp. nr. 26 (19..-..), gav likevel grunnlag for å budsjettere med 200 mill. kroner i renter på det ansvarlege lånet etter konvertering. Statkraft SF betalte inn rentene på det ansvarlege lånet 16. desember 1996. Rentene vart inntektsførte under kap. 5608 post 81.

       Innføringa av ny skattlegging av energiverk har ført til at Statkraft SFs resultat for 1996 er monaleg redusert i høve til resultatprognosen som vart lagd til grunn for budsjetteringa av renteinnbetalinga i St.prp. nr. 26 (19..-..). Dette som følgje av at foretaket har kostnadsført utrekna utsett skatt i resultatrekneskapen for 1996. Statkraft SF og Olje- og energidepartementet hadde ikkje oversyn over rekneskapskonsekvensane knytte til føring av utsett skatt da renteoverslaget vart budsjettert i St.prp. nr. 26. Som ein konsekvens av ovannemnde er overskotet i Statkraft SF etter skatt i 1996 redusert frå om lag 940  mill. kroner til 317 mill. kroner. Dei avtalefesta prinsippa som regulerer renteinnbetalinga, fører dermed til at Statkraft SF ikkje kjem i renteposisjon på det ansvarlege lånet i 1996. Rentene som Statkraft SF betalte inn i 1996, må i staden tilbakeførast til foretaket.

       På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at totalt 205 mill. kroner, dvs. renteinnbetalinga i 1996 pluss renter, blir tilbakeført til Statkraft SF under nytt kap. 1861 Statkraft SF post  81 Tilbakeføring av renter.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å bevilge 205 mill. kroner under kap. 1861 ny post 81.

17.6 Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Samandrag

       Gjeldande løyvingar for 1997 under kap. 2440 og kap. 5440 baserer seg på B.innst.S.nr.III (1996-1997) og på framlegget til løyvingsendringar som regjeringa har lagt fram for Stortinget i 1997:

- St.prp. nr. 38 (1996-1997) Godkjennelse av ny plan for utbygging og drift av oljen i Troll vest gassprovins, kor kap. 2440 post 24 Driftsresultat, overskudd foreslås redusert med 60 mill. kroner post 30  Investeringer foreslås økt med 1445 mill. kroner og post 31 Utgifter, prosjekter under vurdering, foreslås redusert med 1505 mill. kroner. Videre er kap. 5440 post 80 Renter foreslått økt med 45 mill. kroner og post 81 Inntekter, prosjekter under vurdering, foreslått redusert med 45 mill. kroner.
- St.prp. nr. 53 (1996-1997) Utbygging og drift av petroleumsforekomster i Oseberg Sør, hvor kap. 2440 post 24 Driftsresultat, overskudd foreslås økt med 350 mill. kroner post  30  Investeringer foreslås økt med 620 mill. kroner og post 31 Utgifter, prosjekter under vurdering, foreslås redusert med 270 mill. kroner. Videre er kap. 5440 post 80 Renter, foreslått økt med 15 mill. kroner og post 81 Inntekter, prosjekter under vurdering, foreslått redusert med 15 mill. kroner.

       Framlegga til løyvingsendringar under kap. 2440 og kap. 5440 som blir lagde fram i denne proposisjonen, baserer seg på gjeldande løyvingar og ovannemnde framlegg i St.prp. nr. 38 og St.prp. nr. 53 (1996-1997).

       I gjeldande budsjett for 1997 er overslaget for kap. 2440 underpost 24.1 Driftsinntekter, basert på ein gjennomsnittleg oljepris på kr  125 pr. fat. Den same oljeprisen er lagd til grunn i framlegget til revidert budsjett for 1997. Auken på 6.225  mill. kroner kjem i hovudsak av høgre forventa produksjon av olje og gass for SDØE.

       Overslaget for kap. 2440 underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 675 mill. kroner. Auken kjem i hovudsak av høgre produksjon frå ei rad felt.

       Overslaget for kap. 2440 underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 300 mill. kroner. Årsaka er at ein ventar noko høgre leiteaktivitet for SDØE i 1997 enn tidlegare pårekna.

       Overslaget for kap. 2440, underpost 24.4, og kap. 5440 post  30 Avskrivingar er tilrådd redusert med 300 mill. kroner. Overslaget under denne posten blir rekna ut etter produksjonseiningsmetoden og er dermed påverka av både endringar i forventa produksjon og endringar i estimata for utvinnbare reservar for felt i produksjon. Reduksjonen på 300 mill. kroner i høve til det siste overslaget følgjer av at estimatet for utvinnbare reservar har auka meir enn endringa i produksjonsoverslaga for SDØE.

       Overslaget for kap. 2440 underpost 24.5 og kap. 5440 post 80 Renter er tilrådd auka med 40  mill. kroner. Auken følgjer av eit høgre overslag for SDØEs investeringar i 1997, men dette blir mykje motverka av at rentesatsen for utrekning av kalkulatoriske renter er redusert.

       Ovannemnde endringar fører samla sett til at SDØEs pårekna driftsoverskot under kap. 2440 post 24 Driftsresultat, aukar med i alt 5.510 mill. kroner, frå eit overskot på 29.890 mill. kroner til eit overskot på 35.400 mill. kroner for 1997.

       Kap. 2440 post  30 Investeringar, er tilrådd auka med 5.635 mill. kroner i 1997. Det kjem i hovudsak av at fleire prosjekt i utbyggingsfasen er forserte.

       Løyvinga under kap. 2440 post 31 Utgifter, prosjekt under vurdering, gir eit overslag over utgifter for dei prosjekta som ein reknar med blir vedtekne i budsjettåret. I St.prp. nr. 1 (1996-1997) vart denne posten sett til 5.700 mill. kroner. Samstundes streka ein under feilmarginen i overslaget. Pr. i dag er forventa netto utgifter for alle prosjekt som er venta vedtekne i 1997, på om lag 5.200 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg frå oppdatering av overslaget over utgifter for prosjekt som ein reknar med blir vedtekne i budsjettåret. Netto utgifter for dei prosjekta som er vedtekne, eller som er lagde fram for Stortinget, kjem totalt opp i 1.750  mill. kroner. Desse utgiftene blir omgrupperte frå post 31 Prosjekt under vurdering til andre relevante budsjettpostar under kap. 2440. Netto utgifter for prosjekt som er venta vedtekne ut året, er rekna til 3.500 mill. kroner. Ein gjer derfor framlegg om ei løyving på 3.500  mill. kroner under denne posten. I samsvar med tidlegare praksis vil ein kome tilbake med ei samla orientering om dei prosjekta som er vedtekne under fullmakta med forenkla handsaming i nysalderinga for 1997.

       Den årlege overføringa til Statens petroleumsforsikringsfond skal svare til det Statoil reknar med å betale i premie i forsikringsmarknaden, justert for skilnader i partar. I St.prp. nr. 58 (1995-1996) vart overføringa til Statens petroleumsforsikringsfond justert ut frå ei utrekna reell premieinnsparing for 1995 på kr 1.076  148.000. I ettertid har det synt seg at den korrekte premieinnsparinga for 1995 var kr 1.066  440.000. Ein gjer derfor framlegg om at differansen for 1995 på kr  9.708.000 blir justert ved å redusere løyvinga for 1997 tilsvarande. For 1996 vart premieinnsparinga for SDØE ved sjølvforsikring sett til 1.100 mill. kroner. Det endelege premieoversynet for Statoil i 1996 viser at den reelle premieinnsparinga for SDØE ved sjølvforsikring i 1996, basert på premiesummar Statoil faktisk har betalt, er kr  770.948.000. Ein gjer derfor framlegg om at differansen for 1996 på kr  329.052.000 blir justert i 1997 ved å redusere løyvinga tilsvarande. Samstundes reduserer ein overslaget over premieinnsparing i 1997 fordi ein no ventar lågare premiar i forsikringsmarknaden. På grunn av dei omtalte endringane gjer ein framlegg om at denne posten samla blir redusert til 600  mill. kroner i 1997, ein reduksjon på 600  mill. kroner i høve til det vedtekne budsjettet.

       Ovannemnde endringar fører samla sett til at SDØEs kontantstraum aukar med 400  mill. kroner, frå 33.500  til 33.900  mill. kroner. Dette gir isolert sett ein tilsvarande auke i overføringa til Statens petroleumsfond, jf. kap. 2800 post 50 Overføring til fondet.

Endring av løyvingar på statsbudsjettet for 1997 under kap. 2440 og kap. 5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:

          (i 1000 kr)
        Framlegg
  Post/   « Gjeldande til ny
  Under-   løyving løyving
Kap. post Nemning 1997 » for 1997 Endring
2440   Statens direkte økonomiske
    engasjement i
    petroleumsverksemda
  24.1 Driftsinntekter -68.475.000 -74.700.000 -6.225.000
  24.2 Driftsutgifter 12.125.000 12.800.000 675.000
  24.3 Leite- og
    feltutviklingsutgifter 1.900.000 2.200.000 300.000
  24.4 Avskrivingar 15.500.000 15.200.000 -300.000
  24.5 Renter 9.060.000 9.100.000 40.000
  24 Driftsresultat -29.890.000 -35.400.000 -5.510.000
  30 Investeringar 16.165.000 21.800.000 5.635.000
  31 Utgifter, prosjekt
    under vurdering 3.925.000 3.500.000 -425.000
  50 Overføring til Statens
    petroleumsfond 1.200.000 600.000 -600.000


Sum kap. 2440     -8.600.000 -9.500.000 -900.000
5440   Statens direkte økonomiske
    engasjement i
    petroleumsverksemda
  30 Avskrivingar 15.500.000 15.200.000 -300.000
  80 Renter 9.060.000 9.100.000 40.000
  81 Inntekter, prosjekt
    under vurdering 340.000 100.000 -240.000


Sum kap. 5440     24.900.000 24.400.000 -500.000
Kontantstraumen til SDØE:           
Innbetalingar     68.475.000 74.700.000 6.225.000
Utbetalingar     34.975.000 40.800.000 5.825.000

Nettoinntekt frå SDØE     33.500.000 33.900.000 400.000


Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens forslag til bevilgninger under kap. 2440 postene 24, 30, 31 og 50 samt kap. 5440 postene 30, 80 og 81.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet slutter seg til Regjeringens forslag under kap. 2440/5440 med følgende unntak: Disse medlemmer støtter ikke forslaget om å øke post 2440.24 med 350 mill. kroner, ei heller forslaget om å øke post 2440.30 med 620 mill. kroner, som en direkte konsekvens av Senterpartiets standpunkt om å utsette utbygging og drift av Oseberg sør. Disse medlemmer viser i den forbindelse til konkret omtale av partiets analyse og standpunkter i forbindelse med stortingsbehandlingen av de aktuelle prosjektene, samt omtale av Senterpartiets oljepolitikk i behandlingen av statsbudsjettet for 1997, omtale i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 1997 og behandlingen av langtidsprogrammet for perioden 1998-2001.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

Kap. 2440 Statens direkte økonomiske engasjement i
  petroleumsvirksomheten (SDØE)
   24 Driftsresultat,
        bevilges med kr 314.600.000
   30 Investeringer,
        forhøyes med kr 5.015.000.000
        fra kr 16.165.000.000 til kr 21.180.000.000


       Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre viser til behandlinga av B.innst.S.nr.9 (1996-1997) der disse medlemmer gikk inn for å begrense letevirksomheten på norsk sokkel, og tidsmessig forskyve prosjekter under utredning. Disse medlemmer har merket seg til at Regjeringen vil komme med en orientering om de prosjektene som er vedtatt under fullmakt i nysalderinga for 1997. Disse medlemmer mener på denne bakgrunn at Regjeringen har mulighet til selv å styre utgiftene knyttet til nye prosjekter for SDØE. På denne bakgrunn vil disse medlemmer foreslå å redusere lete- og feltutviklingskostnadene under post 24.3 med 400 mill. kroner ( der 300 mill. kroner mot Regjeringens forslag om å øke denne posten) og utgifter knyttet til prosjekt under vurdering, post 31 med 300 mill. kroner i forhold til Regjeringens opplegg. Dette innebærer en samlet reduksjon i investeringene på 700 mill. kroner. Dette øker nettoinntektene fra SDØE tilsvarende og kommer opp i 34,6 mrd. kroner.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

Kap. 2440 Statens direkte økonomiske engasjement i
  petroleumsvirksomheten (SDØE)
   24.3 Lete og feltutviklingsutgifter,
        nedsettes med kr 100.000.000
        fra kr 1.900.000.000 til kr 1.800.000.000
   31 Utgifter, prosjekt under vurdering,
        nedsettes med kr 300.000.000
        fra kr 3.925.000.000 til kr 3.625.000.000


       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.I (1996-1997) og B.innst.S.nr.9 (1996-1997). Disse medlemmer mener oljetempoet må reduseres dersom Norge skal ha noen realistisk mulighet til å oppfylle kravene i en forpliktende klimaavtale. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn foreslå å redusere bevilgningene over post 24,3. Lete og feltutvikling, med totalt 500 mill. kroner (der 300 mill. kroner er mot Regjeringens forslag om å øke denne posten) og over post 31 Utgifter til prosjekter under vurdering med 1.500 mill. kroner.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

Kap. 2440 Statens direkte økonomiske engasjement i
  petroleumsvirksomheten (SDØE)
   24.3 Lete og feltutviklingsutgifter,
        nedsettes med kr 200.000.000
        fra kr 1.900.000.000 til kr 1.700.000.000
   31 Utgifter, prosjekter under vurdering,
        nedsettes med kr 1.925.000.000
        fra kr 3.925.000.000 til kr 2.000.000.000


17.7 Kap. 4810 Oljedirektoratet

17.7.1 Post 03 Refusjon av kontrollutgifter

Samandrag

       Posten omfattar refusjon frå rettshavarane for utgifter Oljedirektoratet (OD) har hatt i samband med tryggings- og måleteknisk tilsyn med petroleumsverksemda. Desse inntektene er som tidlegare nemnt vanskelege å fastsetje, og OD har først i slutten av februar fått endeleg oversyn over planane for 1997.

       Refusjonsinntektene er venta å auke til om lag 58  mill. kroner i 1997, ein auke på 7,3  mill. kroner i høve til det vedtekne budsjettet. Meirinntektene heng saman med ei prisjustering av gebyrsatsane, etterslep i innbetalingane frå rettshavarane for 1996 og auka aktivitet i 1997, særleg på tryggingssida.

       OD har gått ut frå at det kan gjennomførast ein prisauke på 7,1 % frå 1. juli 1997. Dei nye satsane er baserte på justering i samsvar med endringane i konsumprisindeksen for perioden 1993-96. Ved innføring av nye satsar frå 1. juli 1997 blir OD tilført ei meirinntekt på om lag 1,5  mill. kroner i 1997. Vidare hadde OD om lag 2  mill. kroner i fakturerte refusjonskrav for 1996, som ikkje vart inntektsførte før i 1997. OD reknar vidare med at auka aktivitet på tilsynssida vil gi ei meirinntekt på om lag 3,8  mill. kroner.

       Inntektsløyvinga under kap. 4810 Oljedirektoratet post 03 Refusjon av kontrollutgifter, blir på dette grunnlaget tilrådd auka med 7,3  mill. kroner, frå 50,7 til 58  mill. kroner, på statsbudsjettet for 1997.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

17.8 Kap. 4829 Konsesjonsavgiftsfondet

17.8.1 Post 01 Overføring frå fondet

Samandrag

       Ein viser til omtale under kap. 1820 ny post 61 om kompensasjon til kommunane Trysil og Engerdal for tapt fiske i Trysilelva som følgje av ei vasskraftutbygging på svensk side av elva. Utbetalinga blir tilrådd dekt ved uttak av midlar frå Konsesjonsavgiftsfondet. Ein gjer derfor framlegg om å auke overføringa frå fondet med 7  mill. kroner, frå 99,5 til 106,5  mill. kroner, i 1997.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å forhøye post 01 med 7 mill. kroner.

17.8 Kap. 4860 Statnett SF

17.9.1 Post 80 Inntekter frå oppgjersordninga for utanlandshandelen med kraft

Samandrag

       I St.prp. nr. 1 (1996-1997) vart det budsjettert med 35  mill. kroner knytte til inntektsordninga frå oppgjersordninga for utanlandshandelen med kraft. Inntektsgrunnlaget i ordninga omfattar prioritetsavgifter og prisskilnader knytte til kortsiktig utveksling med Sverige, Finland og Russland. Med den organiseringa av utanlandshandelen med kraft Noreg har i dag, omfattar inntektsgrunnlaget prioritetsavgifter frå bilaterale avtalar med prioritet i overføringssambandet og Statnett SFs del av inntektene som skriv seg frå innskrenkingar i overføringane (flaskehalsinntekter) mellom Noreg og Sverige.

       Som følgje av meir frekvente innskrenkingar i overføringssambandet mellom Noreg og Sverige vart inntektsoverslaget monaleg høgre enn det som låg til grunn i St.prp. nr. 1 (1996-1997). Årsresultatet til Statnett SF for 1996 syner at dei faktiske inntektene knytte til ordninga er på om lag 101,5  mill. kroner. Ein gjer derfor framlegg om å auke løyvinga under kap. 4860 post 80, med 66,5  mill. kroner, frå 35 til 101,5  mill. kroner.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemet fra Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens forslag.

17.9.2 Post 90 Avdrag

Samandrag

       Stortinget har gitt samtykke til at departementet gjennomfører eit sluttoppgjer med Statnett SF for å dekkje det akkumulerte underskotet i oppgjersordninga for utanlandshandelen med kraft, jf. St.prp. nr. 37 og Innst.S.nr.162 (1994-1995). Sluttoppgjeret med Statnett SF vart gjort i 1996. Samstundes nedbetalte Statnett SF den statlege gjelda si med ein sum tilsvarande det akkumulerte underskotet i oppgjersordninga, jf. St.prp. nr. 1 (1995-1996). Statnett SF valde å la avdraget på 400,2  mill. kroner i serielånet, med forfall 15. desember 1997, gå mot sluttoppgjeret. Verknaden av dette vart ikkje innarbeidd i overslaget for avdrag i 1997 i St.prp. nr. 1 (1996-1997).

       Ein gjer derfor framlegg om å setje ned løyvinga under kap. 4860 post 90, med 400,2  mill. kroner til null. Løyvingsframlegget fører ikkje til endring i budsjetterte renteinntekter for 1997 under kap. 5608 Renter av lån til statsforetak under Olje- og energidepartementet post 80 Statnett SF.

Komiteen sine merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om å nedsette kap. 4800 post 90 med 400,2 mill. kroner.