Vedlegg 1

Brev fra Nærings- og handelsdepartementet til Stortinget, datert 5. desember 1997.

Statsbudsjettet 1997. Spørsmål i samband med St.prp. nr. 12 (1997-1998). kap. 947 post 70 og 71 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

       Eg viser til brev frå Næringskomiteen av 4. desember 1997 med spørsmål om tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk.

       Spørsmål: Når løyvinga under kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk har vorte overførbar, vil løyvinga for 1997 dekkja utbetalingane for siste termin i 1997 som vert effektuert i 1998?

       Svar: Tilskotsordninga er regelstyrt med to parallelle regelverk. Frå 1997 er ordninga basert på overslagsløyving. Samanlikna med utbetaling av refusjonar for 1996 som vart lagt til grunn for budsjetteringa av 1997-løyvinga under kap. 947, har dei terminvise utbetalingane auka fordi det er fleire sjøfolk som har kome inn under ordninga i 1997. På grunn av overførde midlar frå 1996 vil disponibel løyving for 1997 på postane 70 og 71 likevel vere stor nok dersom det omdisponerast 70 mill. kroner mellom postane, slik som det er foreslått i St.prp. nr. 12 (1997-1998).

       Etter som refusjonane blir rekna ut etter bruttoløn på grunnlag av lønsoppgåver til Pensjonstrygda for sjøfolk, vil refusjonane for siste og 6. termin 1997 først kome til utbetaling i februar 1998. Sjølv om det er vanskeleg å budsjettere nøyaktig forbruket på grunn av tidsforskyving i utbetalingar av slike refusjonar og aukande antal sjøfolk under ordninga, forventar departementet at det vil bli eit mindre forbruk i 1997. Derfor har departementet i St.prp. nr. 12 (1997-1998) foreslått å gjere løyvinga for 1997 under kap. 947 overførbar for at mindreforbruket i 1997 som først kjem til utbetaling i 1998. I tillegg er det i St.prp. nr. 1 Tl.03 (1997-1998) foreslått ei løyving på 51 mill. kroner som skal dekkje det resterande behovet for midlar som er nødvendig for å innfri refusjonane for 6. termin 1997 som først kjem til utbetaling i 1998.