Innstilling frå utanrikskomiteen om samarbeidet i Atlanterhavspaktorganisasjonen i 1996.

Dette dokument

1. Samandrag

       Kapittel 1 i meldinga inneheld eit samandrag. I kapittel 2 i meldinga blir det gjort nærare greie for det politiske samarbeidet i alliansen medan kapittel 3 tek for seg forsvarssamarbeidet.

       I vedlegg 1 til meldinga vert det gjort nærare greie for einskilde spørsmål i det politiske og forsvarsmessige samarbeidet. I vedlegg 2 til meldinga finn ein erklæringar og kommuniké frå ministermøta i NATO i 1996. Det ligg òg ved ei liste over aktuelle forkortingar.

       Det vert i meldinga synt til at 1996 var eit viktig år i omstillingsprosessen for NATO. Utanriks- og forsvarsministrane la på møta sine i juni og desember eit godt grunnlag for det vidare arbeidet fram mot toppmøtet i Madrid i juli 1997. På junimøta var det særleg merksemd kring spørsmål knytte til den framtidige militære organisasjon og til ønsket om ei sterkare europeisk rolle i NATO. Her var det mellom anna semje om at ein meir synleg europeisk tryggings- og forsvarspolitisk identitet skulle byggjast innanfor NATO. På desembermøtet dominerte spørsmål knytte til NATOs tilhøve til partnarlanda. Ministrane vedtok då å rå til at stats- og regjeringssjefane skulle møtast til eit nytt toppmøte året etter, der alle spørsmåla knytte til omformingsprosessen skulle handsamast.

       Etter desembermøta til utanriks- og forsvarsministrane var det naturleg nok størst merksemd kring tilrådinga om at toppmøtet også skulle invitere « eitt eller fleire » land til medlemskapstingingar. Det vart ikkje sagt noko om kven dette skulle vere.

       NATO offentleggjorde i september 1995 ein studie om utvidingsspørsmålet. Studien analyserte prinsipp og føresetnader for utvidinga. I 1996 vart denne studien følgd opp gjennom ein omfattande og individuell dialog med interesserte partnarland. Siktemålet med dialogen var å gi partnarane ei betre forståing av kva medlemskap ville innebere, og dei allierte meir kunnskap om kva potensielle nye medlemer ville tilføre NATO.

       Det var brei semje i alliansen om at toppmøtet i 1997 ikkje skulle vere eit utvidingstoppmøte. Alle spørsmåla knytte til omformingsprosessen måtte sjåast i ein større samanhang. Utvidinga var berre eit aspekt av tilhøvet mellom NATO og partnarlanda, og kunne heller ikkje sjåast isolert frå arbeidet med å restrukturere den militære organisasjonen i NATO.

       Det var også brei semje om at alle land som ønskjer det, måtte ha høve til å etablere eit nært samarbeid med NATO. Det vart derfor i 1996 gjort vedtak om at Partnarskap for fred (PFP) skulle styrkast. Det skulle bli meir operativt, og partnarane skulle få ei større rolle i utforming og gjennomføring av samarbeidsaktivitetane. Arbeidet skulle vere sluttført til toppmøtet i 1997.

       Samstundes vart det utover i 1996 meir og meir klårt at det etter kvart særs omfattande praktiske samarbeidet i PFP vanta eit politisk aspekt. Hausten 1996 tok den amerikanske utanriksministeren Christopher til orde for å skipe eit Atlantisk partnarskapsråd (Atlantic Partnership Council, APC). Dette rådet skulle samle alle PFP-landa i eit nytt forum for tryggingspolitiske drøftingar. Eit stort fleirtal av dei allierte støtta framlegget. I APC såg ein konturane av ein ny og samlande politisk overbygnad over PFP-samarbeidet. På utanriksministermøtet i desember var det semje om å gå vidare med den amerikanske ideen. I tråd med den nye tenkinga kring rolla til partnarane vart det vedteke at konseptet skulle utviklast i samråd med PFP-landa. Ministrane sette som mål at saka skulle vere ferdig handsama i tide til å bli lansert året etter anten på utanriksministermøtet i mai eller på toppmøtet i juli. Når APC blei oppretta, skulle NACC leggjast ned.

       Frå norsk side støtta ein både framlegget om eit styrkt PFP og eit nytt forum for politiske konsultasjonar. Under arbeidet med desse sakene vart det frå norsk side streka under at båe ville fungere best om ein gav større rom for regionale samarbeidsaktivitetar og konsultasjonar.

       Det vert vidare i meldinga synt til at Russland på grunn av sin storleik og si tryggingspolitiske vekt, står i ei særstilling blant partnarane. Dette har mellom anna synt seg ved at NATO og Russland har utvikla eit samarbeid også ut over det som finst i PFP, og at russiske utanriks- og forsvarsministrar jamleg har møtt sine allierte kolleger i såkalla 16 + 1-møte i samband med ministermøta i Rådet. I 1996 mogna tanken om å inngå eit charter med Russland om samarbeidstilhøvet. Ideen var at eit slikt charter kunne formalisere samarbeidet og gi det ei brei og forpliktande plattform. Det var lenge uvisst om Russland var interessert i eit slikt dokument. Den russiske motstanden mot utvidinga og valkampen i Russland våren og forsommaren 1996, og etterpå president Jeltsins sjukdom, gjorde at det ikkje var mogleg å få fortgang i saka.

       Etter grundige interne drøftingar og nye signal frå russisk side gjekk dei allierte utanriksministrane likevel ut med saka i kommunikeet frå møtet sitt den 10. desember. Her vart føremålet med eit charter og grunntrekka i innhaldet streka opp. Det skulle etablerast eit strategisk partnarskap med Russland, og landet skulle få betre høve til å gjere sitt syn gjeldande i tryggingspolitiske spørsmål. Samstundes gjorde utanriksministrane i kommunikeet frå møtet det klårt at utviding ikkje ville føre til utplassering av kjernevåpen i nye medlemsland. Dette gjorde sitt til å få framgang i saka, og rett over nyttår gjekk generalsekretær Solana og utanriksminister Primakov i gang med drøftingar om korleis charteret skulle utformast. Frå alliert side såg ein det som viktig at tilhøvet til Russland fekk like stor merksemd og framdrift som utvidinga og styrkinga av PFP. Tilhøvet til Russland var ein viktig del av dei nye banda mellom alliansen og landa i Sentral- og Aust-Europa.

       Det vert i meldinga synt til at konflikten i det tidlegare Jugoslavia også i 1996 var ei viktig sak for NATO. IFOR-operasjonen var særs vellukka. Krigshandlingane vart stogga, men operasjonen fekk dimensjonar som peika ut over det mandatet han hadde fått. Gjennom IFOR stod NATO fram i den nye rolla som krisehandterar med mandat frå FN. Operasjonen synte også at PFP-samarbeidet hadde bore frukter sidan allierte og partnarar no kunne verke saman under felles kommando. Ikkje minst hadde den russiske deltakinga stor verdi. Den norske styrken gjekk saman med nordiske og polske kontingentar i ein nordisk-polsk brigade.

       IFOR hadde mandat til å stå i Bosnia i eitt år. Seint i 1996 vart mandatet fornya. Styrken vart redusert og gitt namnet SFOR (Stabilization Force). Namnebytet reflekterte ei viss endring i oppgåvene til styrken. Hovudvekta låg no på stabilisering av den militære situasjonen i Bosnia.

       Dei allierte var i hovudsak samstemde om kva rolle NATO skulle ha i iverksetjinga av fredsavtala for Bosnia. I arbeidet om hausten med dei politiske retningslinene for SFOR var det i nokon mon ulikt syn på kva SFOR skulle kunne støtte eller utføre i gråsona mellom militære og sivile oppgåver. Noreg er av dei land som klårast har lagt vekt på at SFOR, i den grad ein har kapasitet til det, skal kunne nyttast til støtte i gjennomføringa av dei sivile elementa i fredsavtala.

       Då Frankrike føre jul i 1995 annonserte at landet var budd på å revurdere tilhøvet sitt til det militære samarbeidet i NATO, vart det fortgang i arbeidet med dei interne organisatoriske reformene. Frankrike streka under at vidare reformer var ein føresetnad for den nye franske politikken. I første rekkje måtte dei europeiske allierte få ei større rolle i det militære samarbeidet. Den nye franske politikken la grunnlaget for vedtaket på utanriksministermøtet i Berlin i juni 1996 om at den europeiske tryggings- og forsvarspolitiske identiteten (ESDI) skulle utviklast innanfor NATO.

       Vedtaket har fått mykje å seie for tilhøvet mellom NATO og VEU. VEU si rolle vart klårare definert, og ein kunne no ta til med å utforme prosedyrar for når og korleis VEU kunne låne NATO-ressursar i krisehandteringsoperasjonar der NATO ikkje ønskte å engasjere seg.

       Dette arbeidet avdekte usemje om kva status dei assosierte medlemmene i VEU skulle ha i førebuing og gjennomføring av operasjonar som vart gjennomførte med NATO-ressursar. Frå norsk, tyrkisk og islandsk side stod ein fast på at dei då måtte ha rettar på lik line med dei andre. Dette synet fekk ein fullt gjennomslag for i den løysinga ein kom fram til tidleg i 1997.

       På utanriks- og forsvarsministermøta i Berlin i juni fekk militærkomiteen i oppgåve å halde fram med arbeidet med å greie ut ein ny kommandostruktur. Dette arbeidet heldt fram i heile 1996, og eit førebels resultat vart lagt fram for ministrane i desember. På forsvarsministermøta i desember understreka forsvarsministeren at ein på norsk side ikkje var heilt nøgd med arbeidet med kommandostrukturen. Han framheva at den nye kommandostrukturen måtte vere innretta slik at NATO kunne planleggje, leie og iverksetje operasjonar frå ein liten regional konflikt eller ei lita regional krise til eit storangrep mot NATO. Kvart hovudkvarter måtte samstundes ha kollektivt forsvar som si viktigaste oppgåve. Ein måtte ikkje få fleire konkurrerande hovudkvarter i eit og same området. Han understreka at ein slankare kommandostruktur ville opne for reduserte kostnader, auka effektivitet og framhald av felles finansiering av alle hovudkvarter i kommandostrukturen. Arbeidet med den militære omforminga (Long-Term Study) held fram i 1997.

       Vedtaket om å etablere eit opplegg for fleirnasjonale og utskilbare styrkeeiningar (Combined Joint Task Forces - CJTF) vart gjort på toppmøtet i 1994. På ministermøtet i Berlin i juni 1996 fekk ein eit politisk gjennombrot i denne saka. Den militære utgreiinga om korleis CJTF-konseptet skal gjennomførast, vart utført hausten 1996. CJTF-konseptet inneber at NATO på førehand peikar ut og klargjer mobile kommando- og kontrollelement ved eitt eller fleire av sine permanente og stasjonære hovudkvarter. I tillegg identifiserer alliansen, både kollektivt og på nasjonalt nivå, ulike mobile militære einingar som kan inngå i fleirnasjonale skreddarsydde styrkepakkar frå fleire forsvarsgreiner ved behov. I ei eventuell krise der det ikkje er relevant å nytte den stasjonære kommandostrukturen til NATO, det vil primært seie ikkje-artikkel 5-operasjonar, vil det kunne skipast hovudkvarter og skreddarsydde militære styrkepakkar der det er trong for dei. Ein slik CJTF-operasjon utanfor det geografiske ansvarsområdet for NATO krev eit internasjonalt mandat frå FN eller OSSE.

       CJTF vil kunne nyttast i reine NATO-operasjonar, i VEU-operasjonar, eller stillast til disposisjon for ad hoc-koalisjonar der også partnarland kan ta del, slik som i Bosnia.

       Det vert i meldinga synt til at avtala om konvensjonell nedrusting i Europa (CFE) dei seinaste åra har stått heilt sentralt i det arbeidet NATO gjer på rustingskontrollfeltet. Tilsynskonferansen for CFE i Wien i mai 1996 handsama flankesaka og andre uløyste implementeringsspørsmål. Utover hausten vart det stadig klårare at Russland ville leggje særs stor vekt på resultata av tilpassinga av CFE i samband med utviklinga av forholdet til NATO og utvidinga av alliansen. Dette kom til å prege arbeidet med desse spørsmåla i alliansen. I samband med OSSE- toppmøtet i Lisboa aksepterte dei allierte å starte tingingar om ei tilpassing av CFE-avtala i januar 1997.

       Når det nærare gjeld forsvarssamarbeidet, vert det i meldinga mellom anna synt til at alliansen i 1996 heldt fram med arbeidet med ein ny styrkestruktur. Som ei naturleg følgje av dei endra tryggingspolitiske tilhøva i Europa har allianselanda halde fram med å redusere og omprioritere forsvarsbudsjetta sine. Som ein konsekvens av dei reduserte nasjonale forsvarsbudsjetta og omprioriteringane vil det i framtida kunne bli større konkurranse om dei gjenverande forsterkingsstyrkane. Dette vil kunne få konsekvensar for Noreg i ein krise- eller krigssituasjon.

       For første gong på tretti år møttest forsvarsministrane på rådsnivå i Brussel 13. juni 1996. I desse tretti åra har ikkje Frankrike vore med på forsvarsministermøta.

       Også innanfor ramma av Nuclear Planning Group (NPG) møttest forsvarsministrane i 15-landsformat. Hovudsakene var vidareføring av arbeidet for sikring av kjernevåpen og betring av overlevingsevna til både våpen og leveringsmiddel.

       Regjeringa gjev i meldinga uttrykk for at NATO-samarbeidet er fundamentet i norsk tryggingspolitikk. For Noreg er det derfor viktig at NATO held ved lag den sterke posisjonen alliansen no har. Dette er berre mogeleg om NATO tilpassar seg den endra tryggingspolitiske situasjonen i Europa. Frå norsk side har ein følgjeleg støtta det reformarbeidet som no går føre seg i NATO både når det gjeld dei organisatoriske sakene og når det gjeld tilhøvet til partnarland.

       Frå norsk side har ein samstundes streka under at tilpassinga ikkje må svekkje evna til kollektivt forsvar eller andre kjernefunksjonar. Dei transatlantiske banda må heller ikkje svekkjast.

       Noreg tek aktivt del i NATO sitt arbeid for å skape eit nytt, tryggare og meir stabilt Europa. Etter norsk syn er det i dette arbeidet viktig at alle høve til å knyte partnarlanda nærare til NATO blir utnytta. Utviding av alliansen står sentralt i denne samanhangen. Utvidinga vil bidra til auka stabilitet i Sentral- og Aust-Europa. Gjennom utvidinga stettar ein også mange av dei djupfølte tryggingspolitiske behova i denne regionen. Alternativet til NATO-utviding kunne bli renasjonalisering av forsvaret i desse landa, auka forsvarsutgifter og oppretting av regionale alliansar. Ei slik utvikling kunne føre til mindre stabilitet og auka fare for konfliktar.

       Nokre land er allereie no kvalifiserte til fullt medlemskap. Andre vil måtte vente, og må i mellomtida trekkjast med i samarbeidet på anna vis. Utvidinga må vere ein kontinuerleg prosess.

       Tilhøvet til Russland må ha høg prioritet. På norsk side er ein overtydd om at tryggleiken i Europa berre kan bevarast gjennom eit praktisk og politisk samarbeid som gjer NATO og Russland til verkelege partnarar. Tilhøvet til dei baltiske statane er òg særs viktig. Eit overordna mål for Noreg er at tryggleiken til dei baltiske statane ikkje blir svekt. Eit styrkt PFP vil vere det viktigaste instrumentet frå NATO si side. Gjennom dette samarbeidet vil ein også kunne styrke kontaktane med land som ikkje ønskjer medlemskap i NATO, men som ønskjer eit praktisk og nært samarbeid med alliansen, til dømes Sverige og Finland.



2. Komiteen sine merknader

      Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, viser til at NATO i 1996 tok viktige skritt fremover i arbeidet med å utvide alliansen og la et godt grunnlag for de avgjørelser som ble fattet på toppmøtet i Madrid i juli i år. Flertallet viser særlig til at utenriks- og forsvarsministrene i sine møter i desember tilrådet at alliansen skulle invitere et eller flere land til medlemskapsforhandlinger, og at dette i 1997 førte til at Polen, Tsjekkia og Ungarn ble invitert til forhandlinger. Flertallet ser utvidelsen av NATO som et viktig skritt i arbeidet for å bygge et sikrere Europa og er enig i den oppfatningen at utvidelsen må være en kontinuerlig prosess som ikke blir avsluttet etter toppmøtet i Madrid. Flertallet ser det som en naturlig oppgave for Norge å følge opp søknadene fra de baltiske land om medlemsskap.

       Flertallet har også merket seg den vekt alliansen tilla relasjonene med Russland og de viktige forberedelsene som i 1996 ble gjort for den avtale som i 1997 ble inngått mellom NATO og Russland.

       Flertallet vil understreke at Norge på viktige områder har særlige forutsetninger for å bidra til utviklingen av samarbeidet med Russland, bl.a. om de forsvarsrelaterte miljøutfordringene i nordområdene.

       Flertallet viser til at det ble gjort viktige avklaringer om Combined Joint Task Force (CJTF) - multinasjonale flerbruksstyrker - på utenriksministermøtet i Berlin i juni 1996. CJTF-modellen forhindrer en duplisering av de militære strukturer, og binder Den vesteuropeiske union (VEU) og NATO tettere sammen. Det åpnes for at VEU eller ad-hoc-koalisjoner av land i og utenfor NATO kan foreta militære operasjoner i tråd med Petersberg-erklæringen (fredsbevarende operasjoner, humanitære operasjoner og redningsoperasjoner) og benytte seg av NATOs militære apparat. CJTF bidrar også til å realisere målet om at europeerne tar et større ansvar for europeisk sikkerhet. Flertallet viser videre til at utenriksministermøtet i juni fastslo at den europeiske forsvars- og sikkerhetsidentitet skal utvikles innenfor NATO.

       Flertallet har videre merket seg at regjeringen peker på at som en konsekvens av de reduserte nasjonale forsvarsbudsjettene og omprioriteringer vil det i fremtiden kunne bli større konkurranse om de gjenværende forsterkningsstyrkene. Dette vil kunne få konsekvenser for Norge i en krise eller krigssituasjon. Flertallet vil peke på at denne utviklingen stiller store krav til Norges egen innsats.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at det viktigste sikkerhetspolitiske arbeid i Europa i dag må konsentrere seg om å trygge reformprosessen i Øst-Europa og i det tidligere Sovjetunionen. Europas sikkerhet avhenger av et godt samarbeid mellom gamle fiender. Dette medlem mener at samarbeidsavtalen mellom NATO og Russland er av stor betydning. Et nært og godt samarbeid som bygger på tillit og gjensidig forståelse mellom NATO og Russland, er nøkkelen til Europas framtidige sikkerhetsarkitektur. Samtidig er ikke samarbeidsavtalen forpliktende nok i et langsiktig perspektiv. En gradvis utvidelse av NATO fram til Russlands grense vil skape ny spenning i Europa, og ikke fremme avspenning og alleuropeisk samarbeid. Dette medlem mener at det langsiktige målet må være å trekke Russland med i det europeiske sikkerhetssamarbeid på alle plan. I dette arbeid må også OSSE benyttes, og dette medlem ser derfor fram til den debatt om OSSEs rolle som vil komme i forbindelse med det norske formannskapet i organisasjonen.

       Komiteen viser til NATOs innsats for å sikre fredsavtalen i Bosnia gjennom IFOR. Det lyktes den bredt sammensatte NATO-styrken å skille de stridende parter slik at fredsavtalen kunne settes ut i livet, slik mandatet for IFOR var utformet. Det lyktes også å komme til enighet om å videreføre tilstedeværelsen gjennom SFOR. Situasjonen er imidlertid fortsatt ustabil da få fremskritt er oppnådd i utviklingen av demokratiske institusjoner som sikrer en varig fred. En forlengelse av tilstedeværelsen bør derfor være naturlig når mandatet for SFOR går ut i juni 1998.


3. Komiteen si tilråding

     Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

     St.meld. nr. 59 (1996-1997) - om samarbeidet i Atlanterhavspaktorganisasjonen i 1996 - vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 10. desember 1997.

Haakon Blankenborg, Jan Petersen, Einar Steensnæs,
leiar. ordførar. sekretær.