1. Samandrag

       Departementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar under 29 utgiftskapittel og 17 inntektskapittel. Når det gjeld prosjektet om å skrive historia til departementet, jf. St.prp. nr. 10 (1995-1996) og kap. 200, vil departementet kome tilbake til ei vidareføring av dette på eit seinare tidspunkt.

       På grunnskulen sitt område har det i 1997 vore mindre forbruk enn venta. Under kap. 221 gjer departementet difor framlegg om å redusere post 60 Tilskot til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg med 12,5 mill. kroner, post 63 Tilskot til skulefritidsordningar med 10 mill. kroner, post 65 Tilskot til undervisning for framandspråklege elevar med 42 mill. kroner av di det har vore færre barn i asylmottak, og post 67 Tilskot til kommunale musikkskolar med 7 mill. kroner. Kap. 229 post 21 er auka med 1,5 mill. kroner av di det i budsjettet for 1997 ikkje var teke med utgifter knytta til sensur av eigne prøver i grunnskulen for vaksne. Kap. 229 post 60 Kompensasjon for investeringskostnader i samband med grunnskulereforma er ut frå tilsegner gjevne til kommunane auka med kr  2.434.000, jf. vedtak i Stortinget i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett for 1997 om å gi kompensasjon for investeringskostnader til alle kommunar som må gjere bygningsmessige tilpassingar for 6-åringar som ikkje utløyser nye klassar.

       På budsjettområdet for vidaregåande opplæring har det òg vore mindreforbruk. Departementet gjer difor framlegg om å redusere kap. 231 post 65 Tilskot til ekstra språkopplæring for framandspråklege elevar/lærlingar med 4 mill. kroner, kap. 234 post 11 med 1,4 mill. kroner knytta til system for å ta imot data om fagopplæring frå fylkeskommunane og post 71 Tilskot til drift av opplæringsråd med 1,4 mill. kroner. Kap. 235 post 11 vert redusert med i alt 4,3 mill. kroner i samband med at tidlegare statlege vidaregåande skular i landbruksfag og naturbruk er nedlagde eller førte over til kommunesektoren, kap. 239 post 21 med 7,1 mill. kroner grunna færre eksamenar i vidaregåande opplæring enn venta, og post 72 Tilskot til internasjonale utdanningsprogram med 2,3 mill. kroner.

       Departementet gjer framlegg om at stimuleringstilskotet for 1997 for å ta inn nye lærlingar blir rekna ut for kvar einskild bedrift, uavhengig av om bedrifta er knytta til eit opplæringskontor eller ikkje, i samsvar med vedtak i Stortinget 5. juni 1997. Tilskota til lærebedrifter vart styrkte med til saman 250 mill. kroner i 1997, og 208 mill. kroner av desse løyvde over kap. 234 post 70. Det er mogleg at ikkje alle fylkeskommunar maktar å rapportere i tide til at utbetalinga av stimuleringstilskotet kan gjerast i 1997 etter den nye registreringsmåten for lærekontraktar. Departementet gjer difor framlegg om at det vert gjeve fullmakt til at løyvinga under post 70 kan overførast.

       Grunna mindre forbruk under kap. 240 post 70 gjer departementet framlegg om ein reduksjon på 18 mill. kroner. Grunnen er m.a. at tre godkjende private grunnskular ikkje er komne i gang. Kap. 249 post 73 Tilskot til privateigde skule- og kyrkjebygg vert å auke med 12,6 mill. kroner grunna auka søknadstilsegn. Nedgangen i talet på flyktningar og asylsøkjarar gjer at kap. 250 post 60 Opplæring i norsk med samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar vert redusert med 38 mill. kroner.

       Når det gjeld budsjettområdet for høgre utdanning, gjeld endringane under kap. 260 og kap. 279 ei teknisk overføring, endringane på kap. 261 og 3261 Universitetet i Bergen gjeld samlokalisering der utgiftene blir dekte innafor budsjettramma, kap. 273 post 46 vert redusert med 2 mill. kroner og kap. 281 post 45 auka tilsvarande. Vidare gjer departementet framlegg om å redusere kap. 281 post 01 med 8,35 mill. kroner. Årsaka er at dei formelle sidene ved tilpassing av stillingskategori post doc. til tenestemannslova enno er under utgreiing, slik at ein ikkje har kunna opprette 46 post doc.-stillingar som føresett, jf. B.innst.S.nr.II (1996-1997) og St.prp. nr. 63 (1996-1997).

       På forskingsområdet gjer departementet framlegg om å auke kap. 287 post 50 med 0,9 mill. kroner og post 52 med 1,1 mill. kroner i samband med særskilte tilhøve m.o.t. feriepengar i samband med omorganiseringa av forskingsinstitutt, medan post 72 og post 73 under kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak har ei kontingentinnsparing på 6,8 og 35 mill. kroner.

       Når det gjeld studiestøtte og studentvelferd gjer departementet framlegg om å auke kap. 291 post 73 Tilskot til studentbarnehageplassar med 3,9 mill. kroner. For å kome raskt i gang med å styrkje innkrevjingsarbeidet i Statens lånekasse for utdanning, vert kap. 2410 auka med i alt 6 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, fordelt med 2 og 4 mill. kroner på post 01 og 11. Vidare foreslår departementet ei tilleggsløyving på 1 mill. kroner over post 72 Rentestønad. Bakgrunnen er vedtaket i Stortinget om at elevar som tar folkehøgskule som siste år i eit fireårig løp, skal ha rett til utvida minstestipend til dei er 20 år, jf. Innst.S.nr.91 (1996-1997). Departementet meiner at desse elevane ikkje berre skal ha utvida minstestipend, men at dei i tillegg skal kunne få lån utan behovsprøving mot foreldreinntekt- og formue på line med 19-åringar. Kostnadene vil utgjere om lag 10 mill. kroner pr. år.

       På kyrkja sitt område har Kyrkjerådet eit meirbehov i samband med kyrkjeleg registrering, og departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving under kap. 294 post 11 på i alt kr  2.110.000. I samband med krav til brukartilpassingar i dei rehabiliterte bygningane i Bispegata 11 i Trondheim gjer departementet framlegg om å auke kap. 297 post 31 Vestfrontplassen med kr  3.260.000.

       Departementet gjer rg framlegg om parallelle endringar i inntekts- og utgiftsløyvingar. Reduserte salsinntekter vert dekte inn over utgiftskapitla. Auka sals- og oppdragsinntekter gir tilsvarande auke i utgiftsløyvingane.