Til Stortinget.
Departementet legg i proposisjonen fram ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 1997 var på kr 28.239.178. Det er løyvd kr 60.635.000 på kap. 1541 post 01 Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 1998.
For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.
Komiteen har ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at pensjonar frå statskassa som gjeld mellombels, blir vedtekne i samsvar med framlegget til tilråding i St.prp. nr. 43 (1997-1998).
|
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 31. mars 1998.
|
May-Helen Molvær Grimstad, |
Ola T Lånke, |
Grethe G Fossum, |
leiar. |
ordførar. |
sekretær. |