1. Samandrag

Innleiing

       Regjeringa går i meldinga inn for å gjennomføre eit omfattande forprosjekt for ein skipstunnel gjennom Stadlandet for å sikre eit best mogleg avgjerdsgrunnlag for eit vedtak om ei mogleg realisering av prosjektet.

       Farvatnet utanfor Stad vert rekna som eit av dei mest utsette, både som følgje av at det er særleg vêrutsatt og av di botntilhøva utanfor skaper særlege bølgjeproblem. Som følgje av m.a. straumtilhøva og botntilhøva, kan det verte danna farlege bølgjetilhøve i nærleiken av land ved Stad, også i relativt godt vêr. Ein kan gå klar dei farlegaste bølgjene ved å segle lenger vestover, godt klar av Stadlandet. Kystverket har, med lyssektorar frå eksisterande fyr og fyrlykter, etablert ei farlei som går klar av det farlegaste farvatnet nær land. Denne leia er noko lenger og går over ope hav.

       Frå lokalt hald er det sett fram ønskje om at det vert bygd ein om lag 1.900 meter lang skipstunnel gjennom det smalaste partiet av Stadlandet, mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Sogn og Fjordane, ved grensa til Møre og Romsdal.

       Fylkestinga i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har fatta vedtak om at ein tunnel vert bygd. Fylkesutvalet i Hordaland og formannskapet i Bergen har stødd dette.

       Sogn og Fjordane fylkeskommune har på vegner av fylkeskommunane søkt staten v/Fiskeridepartementet om stønad til forprosjektering av teknisk og miljømessig art for ein skipstunnel gjennom Stadlandet (Stad skipstunnel). Fylkestinga sine vedtak om bygging av ein skipstunnel er nærare omtala i pkt. 2 i meldinga.

       Sogn og Fjordane fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune engasjerte seg tidleg som pådrivarar for å få realisert ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Bakgrunnen for fylkeskommunane sitt engasjement var, og er, at ein ser det slik at ein skipstunnel er viktig for å auke tryggleiken for småskipstrafikken som går forbi Stad. Vidare ser ein skipstunnelen som eit viktig bidrag for å styrkje næringslivet på Vestlandet, og som ein turvande føresetnad for å få til eit tilfredsstillande samband mellom Vestlandet og Nordvestlandet. Eit viktig moment i denne samanhengen er utsiktene for å kunne etablere eit gjennomgåande snøggbåtsamband forbi Stad.

       Spørsmålet om bygging av ein skipstunnel gjennom Stadlandet har vore teke opp i Stortinget ved fleire høve.

       Etter gjennomføringa av eit avgrensa forprosjekt, i tråd med utgreiinga i St.prp. nr. 51 (1994-1995), fann Regjeringa at dei midla som ein slik tunnel ville krevja ikkje stod i høve til den auken i tryggleiken som ein kunne oppnå. Regjeringa la deretter i St.prp. nr. 58 (1995-1996) Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 1996 fram spørsmålet om bygging av skipstunnel. Regjeringa gjekk ikkje inn for bygging av tunnel, men gjorde i staden framlegg om å stø eit bølgjevarslingssystem. Regjeringa la vekt på at det er dei spesielle bølgjetilhøva i området som skaper farefulle tilhøve for skipstrafikken. Regjeringa gjorde framlegg om at det vart løyvd 4 mill. kroner til vidareutvikling og implementering av eit prosjekt for bølgjevarsling.

       Under handsaminga av St.prp. nr. 58 (1995-1996) slutta finanskomiteen i Innst.S.nr.283 (1995-1996) seg til Regjeringa sitt framlegg om ei løyving på 4 mill. kroner til bølgjevarslingssystem, samstundes som eit fleirtal i komiteen bad Regjeringa om å leggje fram spørsmålet om bygging av ein Stad skipstunnel som eiga sak. Stortinget slutta seg til innstillinga frå komiteen.

       Fram til no er det gjennomført delutgreiingar for ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Desse er gjennomførte dels i statleg regi og dels i lokal regi. I pkt. 4.1 i meldinga er det gjeve ein kort presentasjon av dei mest sentrale delutgreiingane.

Førebelse kostnadsoverslag

       Kostnadsoverslaget som m.a. låg til grunn for nyttekostnadsanalyse i 1994 i rapport frå Transportøkonomisk institutt, har rekna med investeringar i anlegg og utstyr på til saman 353 mill. kroner og årlege driftskostnader på 5,5 mill. kroner.

       Kystverket har gjort overslag som tyder på at kostnadene vil vere om lag 50 mill. kroner lågare.

       Etter Fiskeridepartementet si meining er det likevel monaleg uvisse med omsyn til kostnadene ved prosjektet. Moglege auka krav til avtrekksvifter og kontrollutstyr vil føra til auka kostnader. Det er òg fleire andre moment som fører til uvisse i kostnadsoverslaget. Dette er m.a. dei geologiske tilhøva, dvs. ein føresetnad om at tunneldrifta ikkje fører til større kostnader enn det som er vanleg, om ein parallell rømmings-/servicetunnel er nødvendig, og overslaga på kva nødvendige tryggleikstiltak vil koste.

       Det er òg ei uvisse når det gjeld bruken av dei utsprengte steinmassane frå tunnelen som ikkje kan nyttast i samband med andre delar av prosjektet.

       Etter det som Fiskeridepartementet er kjend med, er det ikkje tidlegare vore bygd nokon skipstunnel tilsvarande ein Stad skipstunnel. Det ligg difor ikkje føre direkte overførbart røynslemateriale når det gjeld krav til tryggleikstiltak m.m. Etter Fiskeridepartementet si vurdering er dei føresetnadene og det talmaterialet som er kartlagt fram til i dag ikkje eit tilstrekkeleg grunnlag for å gjere noko endeleg vedtak om eit prosjekt av denne storleiken.

Behov for nærare dokumentasjon av dei ulike sidene ved ein skipstunnel

       Regjeringa legg vekt på at ein tunnel vil medverka positivt for tryggleiken for dei mindre fartya som går langs farvatnet ved Stad. Regjeringa ser det òg som viktig at ein slik tunnel vil vere positiv for utviklinga av samferdsle og næringsliv på Nordvestlandet og Vestlandet. For å sikre eit best mogleg grunnlag for å ta ei avgjerd ønskjer Regjeringa difor ei nærare utgreiing av avgjerdsgrunnlaget for ein skipstunnel, og meiner det er behov for ein omfattande gjennomgang og dokumentasjon av dei ulike sidene ved prosjektet.

       Regjeringa går inn for å gjennomføre eit utførleg forprosjekt, kor ein tek sikte på å kartleggje alle tilhøve ved ein Stad skipstunnel, så langt det er mogleg.

       Etter Regjeringa si vurdering bør eit slikt forprosjekt finansierast i fellesskap mellom staten og dei fylkeskommunane som har søkt om middel til prosjektering av ein skipstunnel. Når det gjeld løyvingar til forprosjektering og organisering, vil Regjeringa kome tilbake til dette i statsbudsjettet for 1999.