Statsbudsjettet for 1999, jf. St.prp. nr. 1
(1998-99), er gjort opp med eit overskot på 52,2 mrd. kroner
før overføringar til Statens petroleumsfond. Det
er foreslått å setje av heile dette beløpet
i Petroleumsfondet. Ein netto auke i utlån til statsbankane,
kjøp/sal av aksjar og utlån til andre
m.v. på 5,3 mrd. kroner, saman med avdrag på langsiktig
gjeld på 41,6 mrd. kroner, gjer at staten ut frå Statsbudsjettet
1999 har eit brutto finansieringsbehov på 46,8 mrd. kroner
i 1999.
Etter at arbeidet med Statsbudsjettet 1999 var
ferdig, har Finansdepartementet kjøpt tilbake statsobligasjonar
frå marknaden for pålydande på om lag
9,2 mrd. kroner, jf. avsnitt 2.1 i proposisjonen. Dette er obligasjonar
som elles i hovudsak ville ha forfalle i 1999. I tillegg har Folketrygdfondet
innløyst for pålydande på 10,8 mrd. kroner
i langsiktige kontolånsplasseringar som elles ville ha
forfalle i 1999. Desse transaksjonane verker til å auke
avdragsbetalingane i 1998 med om lag 20 mrd. kroner og å redusere
avdragsbetalingane i 1999 med om lag 11,5 mrd. kroner. Dette fører
isolert sett til at brutto finansieringsbehovet for staten i 1999 blir
redusert til 35,3 mrd. kroner.
Etter gjeldande opplegg for Statens petroleumsfond skal
overføringar frå fondet dekke det oljekorrigerte underskotet
i statsbudsjettet, jf. mellom anna omtale i Revidert nasjonalbudsjett
1997. Avdrag på statens gjeld og utlån til statsbankane
m.v. skal dekkast ved trekk på kontantbehaldninga eller
ved nye låneopptak. Overskot på statsbudsjettet
vil såleis ikkje gje grunnlag for ein reduksjon i statens
bruttogjeld.
Nivået på statskassens bruttogjeld
har sidan 1993 vore om lag uendra i nominelle storleikar, jf. figur
1.1 i proposisjonen. Ved utgangen av 1997 utgjorde statsgjelda i
alt vel 276 mrd. kroner, medan fordringane utanom kapitalinnskot
i forretningsdrifta, forskot og mellomrekneskap med ordinære
rekneskapsførarar og andre utgjorde vel 460 mrd. kroner.
Målt på denne måten hadde statskassen
netto fordringar på 184 mrd. kroner. Når ein reknar
med kapitalinnskot i forretningsdrifta m.v. og statskassens gjeld
og avsetningar utanom statsgjelda, utgjorde statskassens netto finansielle
fordringar ved utgangen av 1997 i bokførte verdiar om lag
295 mrd. kroner, jf. vedleggstabell 2.24 i St.meld. nr. 1 (1998-99).
Tabell 1.2 i proposisjonen gjev ei oversikt
over utviklinga i statens gjeld saman med ei oversikt over utviklinga
i statens kontantbehaldning og utlån til statsbankane.
Lån som i utgangspunktet bind staten for ein periode på meir
enn eitt år, blir rekna som langsiktige lån, medan
lån med løpetid på inntil eitt år
blir rekna som kortsiktige lån.
Statens kontantbehaldning var 81,1 mrd. kroner
ved årsskiftet 1997-98. Ved utgangen av september 1998 var
kontantbehaldninga redusert til 63,7 mrd. kroner. Dette har mellom
anna samanheng med at avdraga på utanlandsgjelda på 12,7
mrd. kroner i dei tre første kvartala i år hovudsakleg
blei dekte ved trekk på kontantbehaldninga.
Tabell 1.3 i proposisjonen gjev ei samla oversikt
over lånefullmaktene i 1997 og 1998 saman med forslag til fullmakter
for 1999.
Fullmakta for opptak av nye, langsiktige innanlandske
og utanlandske statslån blir foreslått sett til
50000 mill. kroner og 10000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta
for uteståande lån i form av kortsiktige mark-nadspapir,
herunder statssertifikat, blir foreslått halden uendra
på 150000 mill. kroner, og fullmakta for samla uteståande
i andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra
på 90000 mill. kroner. Grunnkjøpsobligasjonar
kan berre utferdast for oppgjer som er avtalt før utgangen
av 1991. Finansdepartementet legg til grunn at alle oppgjer som
er avtalte før denne fristen, no er gjennomførd,
og at det derfor ikkje vil vere behov for fullmakt til å utferde
nye grunnkjøpsobligasjonar i 1999. Det er i avsnitt 1.4
i meldinga gjort greie for målsetting for Statens gjeldsforvaltning
og for behovet for låneopptak i 1999.
Ved Stortingets vedtak 11.desember 1992, jf. St.prp.
nr. 25 (1992-93) og Innst. S. nr. 71 (1992-93), fekk Finansdepartementet
fullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale
marknadene innanfor ei samla ramme på 75000 mill. kroner.
Innanfor denne ramma fekk Finansdepartementet samtidig fullmakt
til å godkjenne at Noregs Bank kunne trekke på eventuelle
kredittlinjer med andre sentralbankar og med internasjonale økonomiske
organisasjonar og institusjonar. Fullmakta blei gjeven utan tidsavgrensing.
Finansdepartementet har ikkje nytta denne fullmakta til
ordinær opplåning, men departementet har på grunnlag
av fullmakta godkjent at Noregs Bank kan ta opp lån under
sine avtalar med nordiske sentralbankar. Under eiga fullmakt, jf.
Stortingets vedtak 9.april 1991, Innst. S. nr. 113 (1990-91), har
Finansdepartementet tidlegare godkjent at Noregs Bank trekkjer inntil
2000 mill. ecu under avtalar med sentralbankane i EU.
Desse avtalane med nordiske sentralbankar og
sentralbankane i EU går ut 31.desember 1998. Noregs Bank
arbeider med å fornye avtalane med sentralbankane i Danmark,
Island og Sverige og med å få ein avtale med Den
europeiske sentralbanken som erstattar avtalane med sentralbankane
i dei landa som innfører euro frå 1.januar 1999.
Finland vil ikkje lenger vere del i den nordiske avtalen etter som
landet, som det einaste i Norden, blir med i ØMU frå nyttår.
Det kan også bli aktuelt å inngå kredittavtalar
med sentralbankar i andre land. Finansdepartementet legg til grunn
at avtalar som Noregs Bank gjer med sentralbankar i andre land,
herunder Den europeiske sentralbanken, kan godkjennast i medhald
av den fullmakta Stortinget gav 11.desember 1992.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Dag Terje Andersen, Kjell Ivar Fossnes, Ranveig Frøiland,
Trond Giske, Frank Willy Larsen, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg,
fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen,
fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars
Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre,
Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra
Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein
Djupedal, fra Venstre, Terje Johansen, og fra Tverrpolitisk Folkevalgte,
Steinar Bastesen, slutter seg til forslagene I-IV i proposisjonen
vedrørende fullmakter til å ta opp innenlandske
og utenlandske statslån i 1999.
Komiteen er enig at eventuelle
kredittavtaler mellom Norges Bank og sentralbanker i andre land, herunder
Den europeiske sentralbanken, kan godkjennes i henhold til Stortingets
fullmakt 11.desember 1992.
Komiteen viser til
proposisjonen og til det som står foran og rår
Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I.
Finansdepartementet får fullmakt til å ta
opp nye, langsiktige innanlandske statslån til eit beløp
av 50000 mill. kroner i 1999.
II.
Finansdepartementet si fullmakt til å ha
uteståande kortsiktige marknadslån blir halden
uendra på 150000 mill. kroner.
III.
Finansdepartementet si fullmakt til å ha
uteståande andre kortsiktige lån blir halden uendra
på 90000 mill. kroner.
IV.
Finansdepartementet får fullmakt til å ta
opp nye lån i utlandet i 1999 til eit beløp motsvarande
10000 mill. kroner utrekna på grunnlag av valutakursane
pr. 30.september 1998.
Oslo, i finanskomiteen, den 8. desember 1998.
Lars Gunnar Lie, |
Hill-Marta Solberg, |
Siv Jensen, |
leder. |
ordfører. |
sekretær. |