2. Komiteen sine merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Sylvia Brustad, Odd Eriksen, Aud Gaundal, Leif Lund og Signe Øye, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Lodve Solholm, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og Ivar Østberg, frå Høgre, Sverre J. Hoddevik og Lars Arne Ryssdal, frå Senterpartiet, Inga Kvalbukt, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, viser til at etter § 1 i lov av 21. desember 1956 nr. 3 om endringar i kommunal inndeling, er det Kongen som har mynde til å gjere endring i den administrative inndelinga.

Komiteen viser vidare til at før ei sak om endring i kommuneinndelinga kan avgjerast skal kommunestyra og fylkestinga i kommunane og fylka som blir berørt av endringa få høve til å gi fråsegn, jf. lova § 1.

Komiteen vil òg vise til at dersom kommunane og fylkeskommunen er samde, så kan Kongen vedta ei grenseregulering, og at det berre er ved dei høve at ein ikkje er samde og at grensereguleringane ikkje er av mindre omfang at Stortinget skal handsame saka.

Komiteen viser til at i denne saka er kommunane usamde og at departementet meinar at dette ikkje er ei regulering av mindre omfang og derfor legg saka fram for Stortinget til avgjerd.

Komiteen vil peike på at området som blir foreslått ført over til Vannylven kommune utgjer ca. 33 pst. av Sande kommune sitt totale areal og får konsekvensar for 13 pst. av innbyggjarane i Sande kommune.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Stortinget i 1995 sa nei til å slå sammen kommuner med tvang mot den lokale folkevilje.

Flertallet vil peke på at man samtidig oppfordret til frivillige sammenslåinger. Videre vil flertallet vise til at ved utforming av kommunegrenser, og dermed størrelsen på kommuner, bør det først og fremst være innbyggernes behov som må stå i sentrum.

Flertallet viser til at i denne saken er ikke kommunene enige om grensereguleringen.

Komiteens medlemmer fra Høyre deler departementets oppfatning om at dette er en grenseregulering av betydelig omfang for de berørte kommuner.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti, ser det som naturlig at kommunegrensene er gjenstand for vurdering. Det må til enhver tid være innbyggernes muligheter for et best mulig tjenestetilbud som må være avgjørende for kommunegrenser og organisering.

Gjennom høringer i komiteen og annen informasjon er det avdekket at saksbehandlingen og konsekvensutredninger i denne saken ikke er av tilfredsstillende kvalitet. Særlig er konsekvensene for Sandsøy og Kvamsøy for dårlig belyst.

Flertallet mener at høringene i denne saken med all tydelighet har vist at bruk av folkeavstemning som kriterium i denne type saker stiller strenge krav til metode. Klare alternativer med kjente konsekvensanalyser må forlegges alle berørte parter ved slike folkeavstemninger. Dette var ikke tilfelle ved behandlingen av Åram krets i Sande kommune.

Flertallet mener at departementet må gå nye runder med de berørte kommunene, slik at konsekvensene av en grenseflytting kommer klart fram for både Sande og Vanylven. Flertallet mener at saken må sendes tilbake til departementet for ny behandling.

Flertallet viser til at regionen tidligere har takket nei til en overordnet vurdering av kommunestrukturen i regionen.

Flertallet har grunn til å tro at holdningen i regionen til en slik gjennomgang av kommunestrukturen nå har endret seg.

Flertallet ønsker derfor at regionen på nytt skal få tilbud om en slik gjennomgang av kommunestrukturen.

Flertallet forutsetter at også Vanylven kommune omfattes av et slikt tilbud.

Komiteens medlemmer fra Høyre mener at ny behandling må inkludere folkeavstemning i større omfang enn hittil avholdt. Sandsøy og Kvamsøy har særlig interesse av å bli hørt.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti er av den meining at kommunegrensene ofte generelt sett ikkje samsvarer med det ein i dag finn naturleg og tenleg, men som den gongen dei vart laga var det.

Desse medlemene meiner vidare at det generelt sett burde ha vore føreteke ein del grensereguleringar rundt om i landet mellom kommunar, som ville gje meir tenlege og naturlege grenser, sett ut frå dagens infrastruktur og kommunikasjonsliner.

Komiteen sine medlemer frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet meiner likevel at ein i slike saker må legge stor og mest vekt på kva innbyggjarane i dei grendene som vert berørt, har å seie. Desse medlemene viser til at det har vore halde ei folkerøysting i Åram krins der om lag 62 pst. var for den omsøkte grensereguleringa medan om lag 38 pst. var i mot ei slik grenseregulering.

Desse medlemene viser til at grensene mellom Vannylven og Sande for det som gjeld Åram krins synes å være unaturleg sett ut frå dagen sine vilkår til tenlege og naturlege kommunegrenser, til beste for innbyggjarane.

Desse medlemene ser sjølvsagt dei sterke band som er knyta mellom grendelag i ein kommune og at det i seg sjølv talar i mot ei regulering. På den andre sida er det òg ei kjensgjerning sidan Åram krins er einaste krinsen i Sande kommune som ligg på fastlandet, at det har blitt sterke band mellom innbyggjarane i Åram krins og innbyggjarane i Vannylven kommune.

Desse medlemene viser òg til at nærleiken til kommunesentret for innbyggjarane i Åram krins vert vesentleg betra dersom den omsøkte grensereguleringa vert gjennomført, sjølv om dette vil variere noko sett ut i frå geografi og val av kommunikasjonsmiddel.

Desse medlemene ser at for ein del reisande med kollektive transportmiddel, kan det likevel opplevast som meir praktisk å hente tenester på Larsnes grunna at ferja går direkte til kommunesentret. Ferja har fleire avgangar enn bussrutesambandet til Fiskåbygd truleg vil få. Men det er også slik at grunna ferjefritt samband til Vanylven vil ein stor del av innbyggjarane i Åram krins ha sine arbeidsplassar i Vanylven kommune og hente tenester i denne kommunen.

Desse medlemene har derfor forståing for dei som hevdar at det naturlege er at Åram krins tilhøyrer den kommunen dei grensar opp til på fastlandet.

Desse medlemene viser òg til handsaminga i dei berørte kommunane Vanylven og Sande, samt fylkesmannen sin utgreiing og fråsegna frå fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Desse medlemene vil særskilt vise til vedtak i Sande kommune gjort den 17. desember 1998 med 19 mot 10 røyster.

Desse medlemene har lagt merke til at fleire enn dei representantane som kjem i frå Åram krins stemde i mot framlegget om ikkje å godta ei overføring av Åram krins til Vanylven kommune.

Desse medlemene viser òg til fylkesmannen sitt brev av 12. februar 1999 der han konkluderer slik:

«Eg vil difor rå til at det bør leggjast vekt på den rådgjevande folkerøystinga og at Åram krins difor blir overført frå Sande kommune til Vanylven kommune.»

Desse medlemene viser dessutan til at det økonomiske oppgjeret ser ut til å verte eit nullspel. Desse medlemene vil i denne samanheng vise til Sande kommune sin konsekvensutgreiing som konkluderer med:

«Med dagens organisering synes det ikkje å være økonomiske driftsulemper ved ei grenseregulering.»

Desse medlemene kan ikkje sjå at Sande kommune vil tape noko vesentleg på at det vert ei grenseregulering. Desse medlemene viser elles til proposisjonen si utgreiing når det gjeld dei økonomiske konsekvensane for begge kommunane.

Desse medlemene er av den meining at det er mykje som talar for å regulere grensene som omsøkt.

Desse medlemene vil peike på dei fordelane innbyggjarane i krinsen får i høve nærleiken til kommunesentret og derfor nærleiken til dei kommunale tenestetilboda.

Desse medlemene legg likevel mest vekt på folkerøystinga som ein hadde i Åram krins 16. mars 1998 der vel 62 pst. av innbyggjarane røysta for ei regulering av grensene som omsøkt.

Desse medlemene er derfor samd med Regjeringa i at ei grenseregulering vert gjort mellom Sande og Vannylven kommunar slik at Åram krins frå og med 1. januar 2000 vert ein del av Vannylven kommune.

Desse medlemene meinar vidare at reguleringa for det som gjeld kommunevalet til hausten vert sett i verk snarast, slik at Åram krins sine innbyggjarar kan delta i valet i Vanylven kommune alt no til hausten.

Desse medlemene har ingen andre merknader og stør forslaget frå Regjeringa til vedtak.

Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet finn denne saka vanskeleg. På den eine sida står vi framføre to distriktskommunar som båe kunne ønskje eit auka folketal. Med framlegget til endring av kommunegrensene vil Sande kommune, som den minste av desse, miste omlag 400 av sine innbyggjarar, og den delen av kommunen der mellom anna vassverk og ein ungdomsskule ligg. På den andre sida har eit klart fleirtal av innbyggjarane i denne delen av Sande kommune gjennom ei folkerøysting sagt at dei ønskjer å verte knytte til Vanylven kommune.

Desse medlemer ser at geografisk er det ikkje unaturleg med ei slik regulering av grensene. Desse medlemer har vørdnad for folkerøystinga i Åram krins i Sande kommune. Når eit så stort fleirtal ønskjer å endre kommunegrensene, finn desse medlemer det rett å stø framlegget. Samstundes finn desse medlemer det naudsynt å streke under at Sande kommune har bygd mellom anna vassverk og ungdomsskule ut frå dei grensene som gjeld i dag. Dette må det takast omsyn til i framtida, slik at Sande kommune ikkje lid tap eller får problem i høve til vassverk eller skuletilbod.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti finner ikke grunnlag for å si at kommunegrensene i dag generelt ikke samsvarer med det som er tjenlig og naturlig.

Dette medlem har ikke prinsipielle motforestillinger mot å regulere grenser mellom kommuner der kommunenes innbyggere finner dette tjenlig, eller å slå sammen kommuner der befolkningen ønsker det.

Dette medlem vil vise til Innst. S. nr. 225 (1995-96), der flertallet sier:

«Flertallet mener lokale folkeavstemminger bør avholdes som et ledd i den lokale avgjørelsesprosessen.»

Når det dreier seg om sammenslåing av kommuner/fylkeskommuner, er fortolkningen enkel, men det er ikke avklart om kravet om lokale folkeavstemminger bare gjelder de innbyggerne som geografisk blir berørt av en eventuell grenseregulering, eller om det er hele kommunens befolkning som skal høres i slike saker.

Dette medlem vil hevde at det er stor grunn til å legge vekt på hva de som reiser et slikt krav ønsker. Imidlertid kan en grenseregulering få store konsekvenser for hele restkommunen og kanskje spesielt for deler av den. Dette er hensyn som ikke kan overses eller overhøres. Kommune- og fylkesinndelingen baserer seg på tilhørighet og historie, men er også geografiske enheter for utøvelse av demokrati, fordeling av plikter og goder og arenaer for utvikling av fellesskap og solidaritet på lokalplanet. Derfor kan det få svært store fordelingspolitiske konsekvenser for hele kommunen å ta vekk deler av den.

Dette medlem vil legge til grunn at det er kommunestyret i den eller de kommunene/fylkeskommunene som vil miste areal og befolkning, som skal ta stilling til hvem som skal høres i en lokal og rådgivende folkeavstemning.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Sosialistisk Venstreparti vil hevde at ved så store grensereguleringer som det her er snakk om, vil konsekvensene bli store og grunnlaget for den kommunen som må avstå areal kan bli svært lite robust. Konsekvensene av dette er lite utredet og kan føre til en "bit for bit"-regulering som blir svært uhensiktsmessig for små distriktskommuner.

Disse medlemmer mener at dersom befolkningen i de to kommunene dette gjelder mener kommunegrensene er uhensiktsmessige, må helhetlige løsninger utredes og foreligge til vurdering sammen med delløsningene.

Disse medlemmer konstaterer at det ikke er enighet mellom kommunene om den foreslåtte grensereguleringen.

Dissee medlemmer vil derfor gå imot at kommunegrensa mellom Vannylven og Sande kommune blir omregulert nå.