10. Økonomiske og administrative konsekvensar

10.1 Samandrag

Det blir peikt på at fleire av forslaga i meldinga inneber omfordeling innanfor dei gjeldande løyvingsrammene. Ei nærmare tilknyting av opptreningsinstitusjonane til fylkeskommunane gjennom eit endra finansieringssystem vil innebere ein ny måte å kanalisere ressursar på innanfor dei rammene som ein har i dag. Tilpassinga av systemet med innsatsstyrt finansiering i spesialisthelsetenesta slik at det betre reflekterer ressursbruken innanfor medisinsk rehabilitering på sjukehus, vil skje gjennom ei omfordeling innanfor ISF-systemet.

For nokre tiltak vil det bli gitt meir detaljerte pålegg i form av forskrifter. I desse tilfella vil dei økonomiske og administrative konsekvensane til dels vere avhengige av korleis forskriftene blir utforma.

Ei forskrift med funksjonskrav til rehabilitering med utgangspunkt i lova om helsetenesta i kommunane, vil gi ei presisering og klargjering av oppgåver som det er venta at kommunane utfører i medhald av lova. Det blir uttala at kommunen sitt ansvar for å stå for ein samordningsfunksjon i arbeidet ikkje nødvendigvis vil innebere at kommunen må etablere eller byggje opp nye administrative einingar. Departementet legg til grunn at det er eit vesentleg effektiviseringspotensial i kommunane og i ei betre samordning av dei kommunale tilboda med tilbod frå fylkeskommunen og andre offentlege instansar.

Forslaget om ei plikt til å utarbeide individuelle planar for personar med behov for langvarige og koordinerte tenester, er fremma i Ot.prp. nr. 10 (1998-99) Om lov om spesialisthelsetjenesten m.m. Det blir uttala at ein eventuell moderat auke av ressursinnsatsen i samband med meir systematisk individuell planlegging må vegast opp mot dei effektivitetsgevinstane som vil bli frigjorde, og opp mot konsekvensane av mangelen på slik planlegging. Det blir vist til nærmare vurdering av dei administrative og økonomiske verknadene i Ot.prp. nr. 10 (1988-99).

I samband med ei omstrukturering av fylkeskommunale, somatiske langtidsinstitusjonar blir kommunane sitt noverande ansvar for grunnleggjande pleie-, omsorgs- og rehabiliteringstenester understreka. Det blir sett som føresetnad at ein nyttar eksisterande statlege støtteordningar for å flytte ut dei bebuarane som ønskjer det.

Utvikling av eit sentralt FoU-miljø for heilskapleg rehabilitering vil i utgreiingsfasen bli finansiert over departementet si FoU-løyving. Vidare finansieringsbehov vil bli vurdert i samanheng med statsbudsjettet. Det same gjeld finansiering av etter- og vidareutdanningstiltak på rehabiliteringsfeltet. Dette vil departementet komme tilbake til når føreslåtte evalueringar og utgreiingar er gjennomførte.

Ei ny ordning med tilbod om utleige av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralane til kommunane er frå departementet si side føresett å vere kostnadsnøytral for folketrygda.

Det blir føreslått nærare utgreiingar av ei rad ulike spørsmål, til dømes når det gjeld kva rolle og oppgåver visse landsdekkjande institusjonar skal ha, sjukeheimane si rolle i det kommunale rehabiliteringsarbeidet, og om refusjonsordningane i folketrygda kan stimulere rehabiliteringsrelevant verksemd på ein betre måte. Konsekvensane av eventuelle forslag vil ein komme tilbake til når desse utgreiingane ligg føre.