Sosial- og helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg
om auke av løyvingane for 1999 under kap. 2711 post 70
Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp, under
kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar,
post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, post
70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi og under
kap. 739 post 61 Tilskot til driftsavtalar. Auken på i
alt 116,0 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den
norske lægeforening, Norske Fysioterapeuters Forbund og
Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er sett
av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap.
2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil
det seinare bli gjort framlegg om å setje ned. Eigenbetalinga frå pasientane
er halden uendra ved oppgjeret. Auken i takstane som følgje
av dei nye avtalene kjem difor fullt ut på refusjonsdelen.
Det blir òg gjort framlegg om auke
av løyvinga for 1999 under kap. 731 Rikshospitalet post
50 Statstilskot med 13,0 mill. kroner. Auken har samanheng med avtale
mellom staten og Cerebral Parese-foreningen om husleige for statens
bruk av Berg Gård i perioden 1. januar 1996 - 31. desember
1998.
I forhandlingsmøte 1. juni 1999 blei
Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde
om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot
og takstar for legar med avtale om drift av privat praksis. Avtalen
skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1999 - 30. juni 2000.
Det tilrådde framlegget inneber at
gjeldande driftstilskot, takstar og fondsavsetningar blir auka med
3,7 pst. frå 1. juli 1999. I tillegg blir takstane for
einskilde høgt prioriterte operasjonar auka med 15 mill.
kroner. Det gir ei samla ramme på 4,0 pst.
Den særskilte justeringa av visse kirurgitakstar
heng saman med problem som oppstod i samband med at det blei inngått
ei rekkje nye driftsavtalar med legespesialistar frå 1.
juli 1998. Nokre få av desse legane dreiv ein praksis med
meir omfattande kirurgiske inngrep, t.d. grå stæroperasjonar.
Takstane i normaltariffen er for låge til å finansiere
slike operasjonar fullt ut, men så lenge legane ikkje hadde
driftsavtale, kunne dei belaste pasientane med hovedtyngda av kostnadene. Når
dei har driftsavtale, er legane bunde av avtalen om takstar og driftstilskot.
For å halde oppe omfanget av denne verksemda, vil difor
nokre av dei mest prioriterte takstane bli monaleg oppjustert frå 1.
juli 1999 innanfor ei ramme på 15 mill. kroner. Det blir
vist til Stortinget si handsaming av Dokument nr. 8:32 (1998-99),
jf. Innst. S. nr. 179 (1998-99).
Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar
og fondsavsetnader i 1999 er rekna til 73,0 mill. kroner, delt med
26,0 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp
og 47,0 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.
Tilskotet til fastlønsstillingar var
i 1998 203 000 kroner knytt til minst 20 timar kurativt arbeid pr.
veke/1 600 konsultasjonar pr. år og 158 000 kroner
knytt til minst 14 timar/1 000 konsultasjonar. Departementet tilrår
at tilskota til fastlønsstillingar for allmennlegar blir
auka til respektive 206 000 kroner og 160 500 kroner for 1999 og
at kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar
blir auka med 8,0 mill. kroner. Det er teke omsyn til auken i eigendelane
frå januar 1999 ved reguleringa av fastlønstilskotet.
Den samla budsjettauken som følgje
av avtalen blir 81,0 mill. kroner.
I forhandlingsmøte 31. mai 1999 blei
Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten
samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot
og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet
1. juli 1999 - 30. juni 2000.
Avtalen føreset ei regulering av takstar
og driftstilskot med 4,0 pst. pr. 1. juli 1999. Takstar og driftstilskot
aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje
av 1,5 pst. av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Departementet tilrår at løyvinga
for 1999 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka
med 21,0 mill. kroner.
Fastlønstilskotet for fysioterapeutstillingar
var 109 000 kroner i 1998. Departementet tilrår at fastlønstilskotet
blir auka til 112 500 kroner for 1999, og at kap. 2755 post 62 Tilskot
til fastlønsordning fysioterapeutar blir auka med 4,0 mill.
kroner. Det er teke omsyn til auken i eigendelane frå januar
1999 ved reguleringa av fastlønstilskotet.
I forhandlingsmøte 31. mai 1999 blei
Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde
om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot
og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde
for perioden 1. juli 1999 - 30. juni 2000.
Avtalen føreset ei regulering av takstar,
driftstilskot og fondsavsetningar med 3,8 pst. pr. 1. juli 1999.
Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats.
Departementet tilrår at kap. 2711 post
71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 3,0 mill. kroner.
Staten gjev tilskot til driftsavtalar som er
oppretta med legespesialistar, spesialistar i klinisk psykologi
og fysioterapeutar i samband med endringar i lov om folketrygd pr.
1. juli 1998. Lovendringane inneber at det nå er ein føresetnad
for trygderefusjon at yrkesutøvaren har kommunal eller
fylkeskommunal driftsavtale, og det blei inngått rundt
1 380 nye driftsavtalar med statstilskot i 1998. Tilskotet er tidsavgrensa
til 5 år. Tilskotet blir regulert i samsvar med reguleringa
av driftstilskota. Departementet tilrår at kap. 739 post
61 Tilskot til driftsavtalar blir auka med 7,0 mill. kroner.
Det blir vist til at Cerebral Parese-foreningen
har fremja krav om husleige for statens bruk av Berg Gård frå det
tidspunkt Berg Gård blei ein del av Rikshospitalet, dvs.
frå 1. januar 1996, og fram til 31. desember 1998. Frå 1.
januar 1999 er det forhandla fram ordinær husleigekontrakt.
Staten har på si side kravd fullt frådrag
for statlege investeringar sidan 1970 i utrekninga av ein leigesum.
Det er nå forhandla fram ein avtale
mellom partane om ein eingongssum på 13 mill. kroner for
statens bruk av Berg Gård i perioden 1. januar 1996 - 31.
desember 1998. Som del av det samla oppgjeret seier staten frå seg
sitt potensielle tilbakebetalingskrav knytt til dekning av lån.
Det er semje mellom partane om at 7 mill. kroner av summen skal
nyttast til vedlikehald/oppgradering av bygget.
Sosial- og helsedepartementet gjer framlegg
om at løyvinga for 1999 under kap. 731 Rikshospitalet post 50
Statstilskot blir auka med 13 mill. kroner til dekking av husleige
for statens bruk av Berg Gård i perioden 1. januar 1996
- 31. desember 1998.
Det blir vist til at det i 1998 vart vedteke
ei løyving på 85 mill. kroner under kap. 739 post
73 Erstatning for stråleskader, kan
overførast. Utrekning av erstatningane viser at den
samla utbetalinga vil bli på i underkant av 70 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om at 13 mill. kroner av 85 mill. kroner
som blei overført frå 1998 til 1999 på denne
posten, blir drege inn og nytta til finansiering av kostnaden til
husleige for statens bruk av Berg Gård.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Arnesen, Gravdahl, Hildeng, Kristoffersen, Skogholt og Øyangen, medlemmene
fra Fremskrittspartiet, lederen og Nesvik, medlemmene fra Kristelig
Folkeparti, Næss og Woie Duesund, medlemmene fra Høyre,
Høegh og Sjøli, medlemmet fra Senterpartiet, Gløtvold,
og medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, Ballo, har merket
seg at det i forhandlingsmøte 1. juni 1999 mellom Den norske
lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten ble inngått
revidert avtale om driftstilskott og takster for leger med avtale
om drift av privat praksis for tidsrommet 1. juli 1999 - 30. juni
2000.
På samme måte er det inngått
revidert avtale mellom Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes
Sentralforbund og staten om driftstilskott og takster for fysioterapeuter
for samme tidsrom etter forhandlingsmøte 31. mai 1999.
Etter forhandlingsmøte 31. mai 1999
mellom Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten
er det inngått revidert avtale om driftstilskott og takster
for spesialister i klinisk psykologi for samme tidsrom som for de
ovennevnte grupper.
Komiteen har ingen merknader
til de inngåtte avtaler.
Komiteen har heller ingen merknader
til den inngåtte avtale om husleie mellom Cerebral Parese-foreningen
og staten for det tidsrom Berg Gård har vært en del
av Rikshospitalet.
Komiteen viser til
merknadene og til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere
følgjande
vedtak:
På statsbudsjettet for 1999 blir det
gjort følgjande endringar:
I.
Kap. | Post | Formål | Kroner |
731 | | Rikshospitalet | |
| 50 | Statstilskot, aukast med | 13 000 000 |
| | frå kr 1 201 900
000 til kr 1 214 900 000 | |
739 | | Andre utgifter | |
| 61 | Tilskot til driftsavtalar, aukast med | 7 000 000 |
| | frå kr 180 000
000 til kr 187 000 000 | |
2711 | | Diverse tiltak i fylkeshelsetensta
m.v. | |
| 70 | Refusjon spesialisthjelp, aukast med | 26 000 000 |
| | frå kr 580 000
000 til kr 606 000 000 | |
| 71 | Refusjon psykologhjelp, aukast med | 3 000 000 |
| | frå kr 120 000
000 til kr 123 000 000 | |
2755 | | Helsetenesta i kommunane | |
| 61 | Tilskot til fastlønsordning
allmennlegar, kan nyttast
under post 70,aukast med | 8 000 000 |
| | frå kr 200 000
000 til kr 208 000 000 | |
| 62 | Tilskot til fastlønsordning
fysioterapeutar, kan
nyttast under post 71,aukast med
| 4 000 000 |
| | frå kr 140 000
000 til kr 144 000 000 | |
| 70 | Refusjon allmennlegehjelp, kan nyttast under post 61, aukast med | 47 000 000 |
| | frå kr 1 450 000
000 til kr 1 497 000 000 | |
| 71 | Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62, aukast med | 21 000 000 |
| | frå kr 665 000
000 til kr 686 000 000 | |
II.
Stortinget samtykkjer i at kr 13 000 000 av
kr 85 000 000 som blei overført frå 1998 til 1999
under kap. 739 Andre utgifter post 73 Erstatning for stråleskader,
blir drege inn i 1999.
Oslo, i sosialkomiteen, den 10. juni 1999.
John I. Alvheim,
leiar. |
Asmund Kristoffersen,
ordførar. |
Are Næss,
sekretær. |