Departementet gir i meldinga ein statusrapport
for vidaregåande opplæring etter dei første
fire åra med Reform 94. Meldinga drøftar i kva
grad ein har nådd måla, og ulike tilpassingar
og justeringar for å gjere den vidaregåande opplæringa
betre. Departementet er oppteke av samfunnsutviklinga nasjonalt
og internasjonalt. Tilpassingar må vere i samsvar med framtida sine
krav til ei god vidaregåande opplæring. Grunnlaget
for departementet sin gjennomgang er dei prinsipielle føringane
Stortinget har fastsett, jf. Innst. S. nr. 200 (1991-92), Innst.
O. nr. 80 (1992-93) og Innst. O. nr. 70 (1997-98). For ny modell
for yrkesfagopplæringa viser departementet til Innst. S.
nr. 285 (1996-97), for dei med særskilde behov til Innst.
S. nr. 228 (1997-98). Med omsyn til kompetansereformen vert det
vist til St.meld. nr. 42 (1997-98) og for vurdering i skulen til St.meld.
nr. 28 (1998-99).
Ei rekkje forskingsmiljø har evaluert
reformen i innføringsperioden. I tillegg til dei ulike
forskingsprosjekta sidan 1994 og sluttevalueringa i 1998 byggjer meldinga
på tilstandsrapportane frå Statens utdanningskontor,
departementet sin eigen statistikk og omfattande tema- og høyringsmøte
hausten 1998 med alle berørde partar.
Departementet sitt utgangspunkt er at vidaregåande opplæring
må vurderast som del av eit heilskapleg utdanningsløp
i eit livslangt læringsperspektiv. Den nye opplæringslova
aukar og behovet for samarbeid på tvers av skuleslaga.
Det er også viktig å sjå grunnopplæringa
i nær samanheng med høgre utdanning.
Departementet oppsummerer status etter Reform
94 slik at det har vore ei positiv utvikling på dei fleste område
innafor vidaregåande opplæring. Reformen har ført
til at det store fleirtalet no oppnår studie- eller yrkeskompetanse.
Det har vore ei stor pedagogisk utfordring å ta nesten
hele ungdomskullet inn i vidaregåande opplæring,
og evalueringa viser at det er på dette området
mest står att. Fylkeskommunane har realisert dei nye rettane
for ungdom på ein god måte. Både den
individuelle retten til tre års vidaregåande,
retten til inntak på eitt av tre grunnkurs, moglegheita
til meir enn tre års opplæring etter sakkunnig
vurdering og rett til inntak på prioritert grunnkurs etter
sakkunnig vurdering har i det alt vesentlege verka slik dei var
tenkt. Omfangsforskriften (minimum 375 pst. av eit gjennomsnittleg årskull)
har ikkje fungert etter intensjonen. Den nye grunnkursstrukturen
har stort sett verka som føresett, medan talet på VK1
enno er for stort til å møte rekrutteringsbehov
og fagleg breidd i arbeidslivet i framtida.
Reformen har ført til at omval, vandring
på tvers og fråfallet er kraftig redusert. Rekrutteringa
til yrkesfaga har auka, og læreboksituasjonen her er blitt
mykje betre. Hovudmodellen for fag- og yrkesopplæringa
har verka etter føremålet, men det er behov for
større fleksibilitet. Det er framleis ikkje nok læreplassar
i alle fag, men likevel fleire plassar no enn nokon gong før.
Alternativt VK2 for dei som ikkje får læreplass,
fungerer gjennomgåande godt nok. Den tettare koplinga mellom fagopplæringa
i bedrift og skuleopplæringa har gjeve ei positiv utvikling.
Moduloppbygginga av læreplanane gir dei moglegheitene som
Stortinget føresette. Utdannings- og yrkesveiledinga er
det for tidleg å si noko om, men det vidare arbeidet har
høg prioritet. 6-7 pst. har behov for kontakt med den fylkeskommunale oppfølgingstenesta.
Erfaringane viser at oppfølgings-tenesta er viktig og jamnt
over fungerer godt, men at samarbeidet med andre instansar må styrkast.
Reformen vart finansiert innanfor den økonomiske rammen som
blei brukt til vidaregåande opplæring i 1992.
I tillegg har staten tilført over 700 mill. kroner øyremerka kroner
til utstyr og ombyggingar og om lag 262 mill. kroner til etterutdanning.
Departementet gjer framlegg om endringar og
justeringar i reformen på grunnlag av dei erfaringane som
er gjorde. Departementet meiner reformen ikkje er komen langt nok
når det gjeld innhaldsdelen og dei pedagogiske sidene,
og at ein no bør gje systemet ro til å kome vidare
med dette arbeidet framfor å gjere omfattande strukturelle
omleggingar.
Når det gjeld juridiske rettar og plikter,
gjer departementet framlegg om at elevane får utvida tidsramma for å fullføre
opplæringa. Uttaksramma for retten, som i dag normalt er
fire år for elevar og fem år for dei som følgjer
2+2-modellen, blir utvida med eitt år. Rettselevane
kan slik ta to kvileår. Retten gjeld i den tida som er
nødvendig ut frå læreplanen. Dei som
i dag kan få utvida tid inntil fem år etter sakkunnig
vurdering, får individuell lovfesta rett til fem år.
Elevar får juridisk rett til å fullføre
etter eitt omval. For minoritetsspråklege elevar
skal innføringskurset normalt ikkje verte definert som
del av retten. Vaksne som er teke inn på GK eller VK1,
får individuell rett på same vilkår som rettselevane
i dag.
Departementet ser ikkje no behov for eventuell
lovfesta plikt for bedrifter til å ta inn lærlingar,
men vil vurdere dette på nytt dersom talet på læreplassar
stoppar opp. Tilskuddssystemet til bedriftene vil bli forenkla.
Departementet vil behalde hovudmodellen (to år i skule
og to år i bedrift), men meiner at fylkeskommunar, skular
og bedrifter betre bør nytte ut dei moglegheitene for fleksibilitet
som allereie ligg innafor dagens rammer. Ein del elevar som treng
ein noko annan progresjon, må kunne veksle mellom skule
og bedrift. Departementet vil i samarbeid med berørde partar
arbeide vidare med dette og andre alternative organiseringsmåtar
for elevar som i dag har problem med hovudmodellen. Når
det gjeld retten til spesialundervisning, treng departementet fleire
erfaringar med dei presiseringane som er gjorde i den nye opplæringslova
og meir forskingsbasert vurdering før eventuelle endringar.
Dei to nye grunnkursa Stortinget har vedteke
(merkantile fag og media/kommunikasjon) blir oppretta frå 1.
august 2001. Utifrå erfaringane med innføringa
av Reform 94 meiner departementet at det er nødvendig med
minimum to år for å gjere ferdig det som trengst med
omsyn til struktur, utvikling av faget, læremiddel og etterutdanning.
Departementet drøftar om det er mogleg å slå saman
tekniske byggfag med byggfag, og kjemi- og prosessfag med mekaniske
fag. Grunngjevinga er i tillegg til faglege argument rekrutteringsmangel.
Dette vil blir drøfta nærare med dei involverte partane
før ein eventuelt gjer framlegg om endringar. For dei som
følgjer alternativt VK2 i skule, gjer departementet framlegg
om noko meir tid til praksis innafor den ramma for lærarressursar
som gjeld i dag, og betre tilrettelegging for at fleire av desse
elevane kan få arbeidstrening i bedrift. På lengre
sikt og i nært samarbeid med aktuelle partar gjer departementet
framlegg om at talet på VK1 vert redusert. Målsettinga
på lengre sikt bør vere i retning av 50 kurs for å sikre
tilstrekkeleg fagleg breidd og ei rimeleg rekruttering over heile landet.
I samarbeid med partane vil departementet òg gjere framlegg
om å redusere talet på lærefag. Føremålet
er å få til noko større breidd på lengre
sikt innafor fagområde som i dag synest å være
for smale i høve til arbeidslivet sine framtidige behov.
I det vidare arbeidet med innhaldet i og tilrettelegginga
av opplæringa vil departementet i hovudsak følgje
fastsette rammer og retningsliner frå 1992 og leggje eit
breitt kompetansesyn til grunn. Departementet meiner at den vidaregåande
opplæringa skal gi ein basis òg for seinare etterutdanning
i arbeidslivet. Departementet vil derfor leggje meir vekt på basiskunnskap
og ferdigheiter framfor spesialisert opplæring. Departementet
vil ikkje redusere talet på timar i felles allmenne fag i
dei yrkesfaglege studieretningane. Dette ville gi fleire taparar
i det teknologiske og internasjonale samfunnet som fagarbeidarane
skal ut i. Departementet vil i staden intensivere arbeidet med yrkesretting,
differensiering og tilpassing til den einskilde eleven sine behov. Læreplanverket
står framfor ein meir langsiktig revisjon, der m.a. detaljeringsgraden
vil blir vurdert. Eit nytt studiekompetansegjevande løp
innanfor delar av formgjevingsfaga ser departementet positivt på.
I samarbeid med partane vil ein sjå nærare på omfanget
av fag- og sveineprøvene i høve til tellande underveisvurdering.
Departementet vil arbeide vidare med dokumentasjonsordningar og
gjere nytte av erfaringane frå delkompetanseprosjektet.
Ein lovproposisjon om opplæring i arbeidslivet for dei
som skal ha delkompetanse vert vurdert.
For å gi arbeidet med yrkesretting,
differensiering og tilpassing til den einskilde eleven sine behov
eit særleg løft vil departementet i samarbeid
med dei berørde partane initiere eit omfattande utviklingsprosjekt
over ein 3-årsperiode. Dette skal gjelde alle vidaregående
skular, som sjølve skal vere med på å utvikle
og velje organisering og arbeidsmåte. Departementet går
inn for at det blir arbeidd aktivt vidare med kvalitetsutviklinga av
vidaregåande opplæring, med tilpassingar for minoritetsspråklege
og med å fastsetje realkompetanse og tilretteleggje for
vaksne som vil følgje eit ordinært opplæringsløp.
Vaksne må òg stimulerast til å nytte
ut dei dokumentasjonsordningane som finst både i fagopplæringa
(§ 20) og i skuleopplæringa (privatistordningane).
Departementet vil elles våren 1999
leggje fram ei melding om lærarrekruttering og ei om dimensjonering i
høgre utdanning, og framlegg til mellombels lov om teknisk
fagskule. Evalueringa av samisk vidaregåande opplæring
er ikkje ferdig enno. Departementet vil vurdere om det er behov
for særskilte tiltak når den ligg føre.
Evalueringa av studieretninga naturbruk vil bli lagd fram i Landbruksmeldinga.
Ein lovproposisjon vil bli vurdert som gjeld opplæring
i arbeidslivet for dei som siktar mot delkompetanse. Departementet
varslar òg at det vil sjå nærare på innhaldet
i det allmennfaglege påbyggingskurset og utprøve
andre modellar for rådgjevingstenesta.
Departementet planlegg å kome attende
til Stortinget med ei ny melding om vidaregående opplæring
om 4 år.
Når det gjeld økonomiske og
administrative konsekvensar, vil departementet i budsjettsamanheng
kome attende til kostnadene i samband med dei to nye grunnkursa
og endringar i VK1-strukturen. Eventuell samanslåing av
eksisterande studieretningar vil bli lagde fram for Stortinget.
Når det gjeld retten til vidaregåande opplæring
for vaksne, meiner departementet at overføringane til fylkeskommunane
ut frå omfangsforskrifta er tilstrekkelege. Kostnadene
med å leggje inn praksis og dra skuleåret ut i
tid ved alternativt VK2 er berekna til ca. 6 mill. kroner. Departementet
går ut frå at talet på dei som får
eitt år ekstra på grunn av omval, ikkje vil auke
monaleg, og at retten til dette derfor kan gjennomførast
innanfor noverande økonomiske rammer. Kostnadene ved å utvide
uttaksramma for retten til vidaregåande opplæring
er berekna til 8 mill. kroner. Framlegget om individuell rett til
5 år etter særskilt vurdering skal gjennomførast
utan ekstra løyvingar. Departementet tek sikte på å vidareføre
aktiviteten innafor etterutdanning og ser fortsett behov
for å satse på forsking og på forsøks-
og utviklingsarbeid. Departementet kjem attende til dette i samband
med dei årlege budsjettframlegga.