Departementet gjer framlegg om at kap. 800 Barne- og
familiedepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter aukast med
2,8 mill. kroner mot ei innsparing på kap. 800 post 01
Driftsutgifter med 0,406 mill. kroner, kap. 844 Kontantstøtte
post 21 Evaluering, informasjon m.v. med 0,138 mill. kroner, kap.
854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og
opplysningsarbeid m.v. med 1,300 mill. kroner, kap. 856 Barnehagar
post 64 Prøveprosjekt Oslo indre øst med 0,300
mill. kroner, kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79 Tilskot til
internasjonalt ungdomssamarbeid m.v. med 0,440 mill. kroner, kap.
865 Forbrukerpolitisk forsking, forbrukersikkerhet og internasjonalt samarbeid
post 21 Spesielle driftsutgifter med 0,260 mill. kroner.
Utgiftene i år vil i fylgje anslag
frå Rikstrygdeverket bli om lag 20 mill. kroner lågare
enn vedtatt løyving.
På grunn av dette blir det gjort framlegg
om å redusera løyvinga under kap. 845 Barnetrygd
post 70 Tilskot med 20 mill. kroner.
Det er eit meirbehov på 2 mill. kroner
for 1999. Meirbehovet skuldast mellom anna at saksvolumet i 1999
har blitt større enn ein tidlegare har rekna med. Loven
set fristar for når sakene må handsamast som òg påverkar
utgiftene. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving
på 2 mill. kroner for 1999.
Post 64 dekkjer det særskilde tilskotet
til kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar
og asylsøkjarar, samt refusjon av fylkeskommunane sine
barnevernutgifter. Meirbehovet skuldast at det for 1999 er eit avvik
mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske tilhøve.
I løpet av året har det vore ei vesentleg auke
i talet på einslege mindreårige flyktningar og
asylsøkjarar som er komen til landet. Samstundes har utgiftene ved
den fylkeskommunale refusjonsordninga auka frå 1998 til
1999. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving
på 21,5 mill. kroner for 1999.
Det ser ut til at etableringa av nye barnehageplassar blir
lågare enn det som vart lagt til grunn i RNB. Samstundes
ser det ut til at omlegginga av driftstilskot til barnehagar (nye
kategoriar for opphaldstid og auka satsar 1. august 1999) vil kosta
mindre enn venta.
Løyvinga til barnehagar skal sjåast
i samanheng med løyvinga til kontantstønad under
kap. 844 post 70. Anslag frå Rikstrygdeverket viser at
det vil vera eit meirbehov på om lag 212 mill. kroner på kap.
844 post 70. Dette kan såleis dekkjast over kap. 856 post
60. På bakgrunn av desse anslaga blir det gjort framlegg
om å redusera løyvinga under kap. 856 Barnehagar
post 60 Driftstilskot med 30 mill. kroer.
I statsbudsjettet for 1998 blei departementet
tilført 8 mill. kroner av overskotet frå Flaxlotteriet.
Av desse midlane vart 4 mill. kroner øyremerka til Utviklingsprogrammet
for styrking av oppvekstmiljøet og 4 mill. kroner vart øyremerka
barne- og ungdomsorganisasjonane.
I budsjettet for 1999 vart løyvinga
til organisasjonane og utviklingsprogrammet redusert m.a. i påvente av
handsaminga av "frivillighetsmeldinga". I den vart det lagt til
grunn at 8 mill. kroner av samordningsgevinsten ved samanslåinga
av statlege spel skulle gå til dei nemnde tiltak. I ettertid
har det vorte kjend at det ikkje vil bli nokon samordningsgevinst
til fordeling i 1999. På grunnlag av dette har departementet
sjølv sikra finansieringa av tiltaka for 2000 jf. St.prp.
nr. 1 (1999-2000). For 1999 har ikkje dette vore mogleg.
Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 8
mill. kroner for 1999.
Forbrukarrapporten er ein integrert del av verksemda til
Forbrukarrådet. På grunn av dei årlege
prisomrekningane, har inntektskravet under kap. 3860 auka med 1,3
mill. kroner frå 1995 til 1999. Talet på abonnentar
er i same tidsrom blitt redusert frå om lag 99 000 til
76 000. Økonomisk har Forbrukarrådet avgrensa
evne til å investere i bladet. Nedgangen i talet på abonnentar
fører til stadig større kostnader til vedlikehald
og nyteikning for å oppfylle kravet til eigeninntening
i statsbudsjettet.
I 1999 ser det ut til at mindreinntekta til
Forbrukarrådet vil bli på om lag 2,2 mill. kroner.
Tidlegare er mindreinntekter hos Forbrukarrådet blitt dekt
opp av departementet gjennom interne omdisponeringar. Dette er det
ikkje rom for i 1999. Departementet foreslår derfor at
inntektskravet på kap. 3860 blir justert ned med 2,2 mill.
kroner utan nokon tilsvarande utgiftsreduksjon.
I samband med rammefordelinga for 1999 blei
det gjort ein feil i fordelinga av inntektskravet på post
01 Sal av Forbrukarrapporten og post 02 Sal av opplysningsmateriell.
Denne er seinare ikkje blitt korrigert. For å rette opp
feilen, foreslår departementet at tilleggsforslaget blir
fordelt med 1,1 mill. kroner på kvar av dei to postane
01 og 02.
Komiteen har elles
ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
På statsbudsjettet for
1999 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
800 | | Barne og familiedepartementet | |
| 01 | Driftsutgifter, reduserast med
| 406 000 |
| | frå kr 70 456
000 til kr 70 050 000 | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, aukast med
| 2 844 000 |
| | frå kr 2 700 000
til kr 5 544 000 | |
844 | | Kontantstøtte | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, reduserast med
| 138 000 |
| | frå kr 6 800 000
til kr 6 662 000 | |
845 | | Barnetrygd | |
| 70 | Tilskot, reduserast med
| 20 000 000 |
| | frå kr 12 981
042 000 til kr 12 961 042 000 | |
854 | | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | |
| 01 | Driftsutgifter, aukast med
| 2 000 000 |
| | frå kr 53 554
000 til kr 55 554 000 | |
| 64 | Tilskot til einslege mindreårige
flyktningar og | |
| | asylsøkjarar, overslagsløyving, aukast med
| 21 500 000 |
| | frå kr 65 050
000 til kr 86 550 000 | |
| 71 | Forsking, utvikling og
opplysningsarbeid | |
| | m.v., reduserast med
| 1 300 000 |
| | frå kr 21 660
000 til kr 20 360 000 | |
856 | | Barnehagar | |
| 60 | Driftstilskot til barnehagar, overslagsløyving, | |
| | kan
nyttast under kap. 844 post 70, | |
| | reduserast med
| 30 000 000 |
| | frå kr 4 496 900
000 til kr 4 466 900 000 | |
| 64 | Prøveprosjekt
Oslo indre øst, | |
| | reduserast med
| 300 000 |
| | frå kr
10 000 000 til kr 9 700 000 | |
857 | | Barne- og ungdomstiltak | |
| 70 | Barne- og ungdomsorganisasjonar, | |
| | aukast med
| 4 000 000 |
| | frå kr 53 500
000 til kr 57 500 000 | |
| 72 | Utviklingsprogrammet for
styrking av | |
| | oppvekstmiljøet, aukast med
| 4 000 000 |
| | frå kr 100 000
til kr 4 100 000 | |
| 79 | Tilskot til internasjonalt
ungdomsarbeid, | |
| | reduserast,
med | 440 000 |
| | frå kr 13 710
000 til kr 13 270 000 | |
865 | | Forbrukerpolitisk forskning,
forbrukersikkerhet | |
| | og internasjonalt samarbeid | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter,
forsking, utviklings- | |
| | og opplysningsarbeid, reduserast med
| 260 000 |
| | frå kr 7 839 000
til kr 7 579 000 | |
| | | |
Inntekter |
3860 | | Forbrukerrådet | |
| 01 | Sal av forbrukerrapporten, reduserast med
| 1 100 000 |
| | frå kr 13 166
000 til kr 12 066 000 | |
| 02 | Sal av forbrukermateriell, reduserast med
| 1 100 000 |
| | frå kr 3 438 000
til kr 2 338 000 | |
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 7. desember 1999
Ågot Valle
fung. leiar og ordførar |
Grethe G. Fossum
sekretær |