Den Norske Bankforening (frå 1. januar
2000 Finansnæringens Hovedorganisasjon) klaga 7. november
1995 Husbanken inn for EFTA sitt organ for overvaking, European
Surveillance Authority (ESA). Foreininga la ned påstand
om at vilkåra for Husbankens utlån til nye bustader
var i strid med reglane i EØS-avtalen om konkurranse i
kredittmarknaden.
Saka vart avgjort av ESA 9. juli 1997. Klagemålet vart
avvist, men i september same året klaga Finansnæringens
Hovedorganisasjon avvisingsvedtaket inn for EFTA-domstolen.
Den 3. mars 1999 kunngjorde EFTA-domstolen dom i
saka. ESA sitt vedtak av 9. juli 1997 vart kjent ugyldig, og saka
vart sendt tilbake til ESA for ny handsaming. EFTA-domstolen tok
ikkje stilling til realiteten i saka.
Den 28. juni 2000 tok ESA ny avgjerd i saka.
Klagemålet vart på nytt avvist med den grunngjevinga
at Husbankens vilkår er omfatta av unntak i EØS-avtalen, såleis
at dei ikkje er i strid med dei generelle konkurransereglane i avtalen.
ESA avslutta med at Husbanken sitt system er rimeleg tilpassa måla
for bustadpolitikken, og at det ikkje er noko som tyder på at utlånsverksemda
til Husbanken påverkar marknadsutviklinga på ein
uheldig måte.
ESA si avgjerd av juni 2000 er ikkje påklaga,
og saka er såleis avslutta.
Komiteen tar til orientering
at ESAs beslutning ikke er påklaget og at saken er avsluttet.