Samandrag

Departementet legg fram ei melding om tekniske fagskular og andre utdanningar som i dag verken kan seiast å vere vidaregåande opplæring eller høgre utdanning, jf. NOU 2000:5 Mellom barken og veden, og vedtak i Stortinget 11. oktober 2000. Departementet tek opp einskilde spørsmål i samanheng med meir generelle framlegg i meldinga om reformer i universitets- og høgskuleutdanninga og i studiefinansieringa våren 2001.

Departementet meiner det er viktig å leggje til rette for å utvikle nye tilbod med dei statlege høgskolane som møter behovet for yrkesretta utdanning etter vidaregåande opplæring. Med dette utgangspunktet handsamar meldinga ein del konkrete offentlege og private utdanningstilbod, utvikling av nye tilbod i høgre utdanning, overgang til og innpassing i høgre utdanning og spørsmålet om studiestøtte til ulike utdanningar. Departementet meiner det ikkje er naudsynt å ha eit eige nivå i det norske utdanningssystemet mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning. Departementet ønskjer å tilpasse dei ulike tilboda til hovudstrukturen på ein slik måte at studentane unngår omvegar, blindvegar og parallelle løp i utdanningssy-stemet.

Departementet meiner at statlege høgskular i større grad må ta ansvar for kortare yrkesretta utdanningstilbod og aktivt utvikle desse som ein del av studietilbodet. Departementet vil vidare opne for avkorta løp i høgre utdanning på grunnlag av tidlegare utdanning og yrke. Avkorta løp for kandidatar med fagbrev eller annan yrkeskompetanse innafor vidaregåande opplæring vil bli vurdert inn mot relevante tilbod i høgskuleutdanninga. Kor mykje ein skal avkorte og korleis ein skal innpasse denne avkortinga, må vurderast frå utdanning til utdanning.

Når det gjeld opplæringstilbod med offentleg fullfinansiering, rår departementet til å oppretthalde teknisk fagskule som ein del av fylkeskommunen sitt ansvar og å vidareføre lov om teknisk fagskule. Departementet vil i føresegn til lova presisere at alle fylkeskommunar skal gi tilbod om teknisk fagskule. Departementet meiner det er viktig å oppretthalde rekrutteringsvegen frå fagbrev til sertifikatutdanning innafor maritime fag og vil behalde denne i teknisk fagskule.

Tre bransjeskular er i dag definerte på vidaregåande opplæringsnivå, men ikkje regulerte i opplæringslova. Departementet vil tilrå at grunnutdanninga ved Statens trafikklærarskole blir utvida og etter kvart bygd opp til høgskulenivå i tråd med satsinga i Nasjonal transportplan 2002-2011. Statens dykkarskole skal framleis vere organisert som ei statleg verksemd med landsdekkjande ansvar for utdanninga av yrkesdykkarar. Departementet vil vurdere om verksemda på sikt vert å knyte nærare opp til kursverksemda ved ein statleg høgskule. Overføring av Noregs brannskole til Kommunal- og regionaldepartementet sitt ansvarsområde kan eventuelt finne stad frå 1. januar 2002. Dei to departementa samarbeider om å utgreie dette og å vurdere skulen si rolle i ei samordning av dei samla utdanningsressursane på beredskapsområdet.

Når det gjeld opplæringstilbod med tilskot etter privatskulelova, vil departementet kome attende til Stortinget med framlegg til lovendring. Departementet gjer framlegg om å ta ut § 3 bokstav e i privatskulelova. Dette avsnittet gjeld privat yrkesretta utdanning som ikkje vert gjeven i vidaregåande opplæring, først og fremst utdanningstilbod som er relaterte til kyrkjelydane si verksemd, og kunstutdanningar. I tillegg kjem einskilde tilbod innafor fagområde som t.d. media og reklame. Departementet går inn for å oppretthalde tilskotet til dei opplæringstilboda som allereie er godkjende etter § 3 bokstav e.

Når det gjeld opplæringstilbod som berre er godkjende for studiefinansiering, vil departementet oppretthalde den ordninga ein har i dag med eit minimumsomfang på tre månader på full tid eller fem månader på halv tid for studiefinansiering. Det offentlege skal ikkje ta stilling til fagleg behov og relevans, berre stille nokre minimumskrav til dokumentasjon av rutinar og verksemd. Sjølvevaluering vil liggje til grunn for den faglege kvaliteten på tilboda.

Med omsyn til studiefinansiering rår departementet til at ein etter vidaregåande opplæring skal gi studiestøtte til eitt års utdanning som ikkje er høgre utdanning. For teknisk fagskule og andre utdanningar som i dag er godkjende for studiestønad i meir enn eitt år, skal ein framleis kunne gi studiestøtte for den tida dei er godkjende for.

Departementet vil i ei ny stønadsordning gjere framlegg om at all utdanning for unge utover ordinær vidaregåande opplæring i den perioden retten gjeld, skal sjåast som del av den same støtteperioden. Dei som bruker eitt år med støtte frå Lånekassen til anna utdanning enn høgre utdanning, må ta dette året av tidsbolken for høgre utdanning. Departementet vil følgje opp andre spørsmål knytte til blokkinndeling og lengd på stønadsperioden i den stortingsmeldinga som kjem på grunnlag av Mjøs- og Aamodt-utvala sine innstillingar.

Samla sett reknar ikkje departementet med nemnande økonomiske konsekvensar av meldinga.