Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

Stortinget ber Regjeringa leggje fram forslag til lov om fagskuleutdanning, som også inkluderer lovreglar om teknisk fagskule. Lova må ha eit perspektiv som sikrar stabile og gode arbeidsvilkår til yrkesretta utdanningar og utdanningar retta mot andre samfunnsbehov etter vidaregåande opplæring.

II

Stortinget ber Regjeringa kome med framlegg som gjer det klart at privatskulelova også skal gjelde for fagskuleutdanning.

III

St.meld. nr. 20 (2000-2001) - om korte yrkesretta utdanningar etter vidaregåande opplæring - vert lagd ved møteboka.