1.1 Innleiing

Det blir i meldinga vist til at etter eit svangerskapsavbrot kan eit foster anten takast hand om etter retningsliner frå Statens helsetilsyn om handtering av biologisk materiale eller setjast ned på ein kyrkjegard eller minnelund. Det finst i dag ikkje felles retningsliner på dette området, og praksis varierer mellom sjukehusa. I meldinga legg Sosial- og helsedepartementet fram prinsipp for slike retningsliner.

Om tidlegare politisk handsaming blir det vist til at Sosial- og helsedepartementet i 1993 oppnemnde ei arbeidsgruppe for å greie ut etiske, medisinske og juridiske spørsmål som forsking og bruk av vev frå aborterte foster reiser. Innstillinga frå arbeidsgruppa er offentleggjort i NOU 1994:22 Bruk av celler og vev frå aborterte fostre. I St.meld. nr. 16 (1995-1996) blei det lagt til grunn at Statens helsetilsyn skulle utarbeide retningsliner som sikra respektfull og lik handtering av aborterte foster. Sosial- og helsedepartementet gav i 1996 Statens helsetilsyn i oppdrag å utarbeide slike retningsliner, og i 1998 ba departementet Helsetilsynet sende retningslinene til departementet for godkjenning. I St.prp. nr. 1 (1998-1999) la den førre regjeringa fram forslag til prinsipp for retningsliner for handtering av aborterte foster. Eit forslag om å be Regjeringa fremje sak for Stortinget slik at Stortinget fekk høve til å drøfte retningslinene blei fremja i Dokument nr. 8:96 (1997-1998), og dette blei vedteke ved handsaminga av Innst. S. nr. 33 (1998-1999). Eit forslag til retningsliner blei lagt fram av den førre regjeringa som ein meldingsdel i Ot.prp. nr. 24 (1999-2000), men forslaget blei trekt attende gjennom Ot.meld. nr. 2 (1999-2000).

1.2 Rettsleg grunnlag osv.

Det finst i dag inga rettsleg regulering for handtering av aborterte foster. Lovreglar som er av interesse i høve til utforminga av retningsliner er lov om svangerskapsavbrot, lov om gravferd og lov om folketrygd, og det blir i meldinga gjort greie for dei rettsreglane i desse som er relevante. Det blir òg vist til at det i utgreiingsserie nr. 5 1991 frå Helsedirektoratet, Om destruksjon og bortskaffing av avfall fra helseinstitusjoner, m.a. er gitt generelle retningsliner for handtering av biologisk materiale.

1.3 Medisinsk bakgrunn

Om medisinsk bakgrunn blir det uttala at da spontanabortar før 12. veke ofte skjer utanfor sjukehus, er det sjeldan behov for retningsliner for sjukehuset si handtering av tidlege spontanabortar. Spontanabortar mellom 12. og 22. veke skjer oftast på sjukehus, og fosteret er som regel intakt og blir undersøkt for om mogleg å finne årsaka til spontanaborten.

Den vanlegaste metoden for svangerskapsavbrot fram til utgangen av 12. veke er at abortinngrepet blir utført som eit kirurgisk inngrep. Fosteret er ikkje intakt etter inngrepet, og abortmaterialet vil ikkje vere synleg for kvinna. Ved bruk av abortpille blir fosteret støytt ut som ved ein spontanabort, og fostervevet, morkakevevet og eventuelt fosteret kan bli synleg for kvinna. Auka bruk av medikamentelt utførte svangerskapsavbrot tidleg i svangerskapet fører til at fleire kvinner vil kunne sjå fosteret.

Svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke blir som hovudregel utført medikamentelt med metodar som fører til rieaktivitet i livmora, og fosteret er intakt etter inngrepet.

1.4 Noverande praksis

I 1999 blei det i alt utført 14251 svangerskapsavbrot. Av desse var det 469 svangerskapsavbrot etter 12. veke som det var gitt løyve til etter behandling i abortnemnd.

Det blir uttala at manglande retningsliner for handtering av aborterte foster eller vev frå foster har ført til at det i dag er svært ulik praksis.

Departementet blei i 1997 kjent med at eit sjukehus sendte lister over kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot, til ein kyrkjegard for at dei kunne identifisere dei aborterte fostra i samband med gravlegginga. Denne typen opplysningar kjem inn under teieplikta, og departementet bad sjukehuset om å endre rutinane.

Ei rundspørjing som 41 sjukehus har svart på, syner at dei fleste sjukehusa destruerer abortmateriale frå svangerskapsavbrot før den 12. svangerskapsveka. Ved svangerskapsavbrot, spontanabortar eller dødfødslar etter 12. svangerskapsveke er praksis svært ueinsarta. Variasjonen i praksis blir illustrert ved at eit fylkessjukehus set alle foster som er over 13-14 veker, i eigne kister på eit eige gravfelt på ein nærliggjande kyrkjegard, medan fylkessjukehuset i nabofylket handterer foster inntil 28 veker som biologisk materiale (i begge tilfella dersom foreldra sjølve ikkje ønskjer å ta hand om fostra for gravlegging).

1.5 Retningsliner i andre land

Det blir vist til at SOU 1991:42 Aborterade foster m.m. inneheld forslag til retningsliner for handtering av aborterte foster i Sverige som går ut på at eit foster som døyr etter 12. svangerskapsveke, alltid skal takast hand om for kremering før oska blir sett i jorda eller blir spreidd anonymt. Gravlegging eller andre seremoniar i samband med handteringa bør ikkje skje med mindre det ligg føre eit særskilt ønske sett fram av kvinna. Sjukehuset bør ikkje ha plikt til å underrette kvinna om dei rutinane sjukehuset har for handtering av døde foster. Slike rutinar blei gitt ut av Socialstyrelsen i 1990, og dei er stort sett samanfallande med forslaga i SOU 1991:42.

Den danske helseministeren opplyste i Folketinget våren 1999 at Sundhedsstyrelsen arbeider med rutinar for handtering av seine abortar og opplysning til foreldra om høve til å sjå det aborterte fosteret og å få sett det ned på ein kyrkjegard eller minnelund.

1.6 Vurdering og forslag frå departementet

På bakgrunn av tidlegare tilråding frå Statens helsetilsyn og handsaming i Stortinget foreslår departementet at desse prinsippa blir lagde til grunn for helsestellet si handtering av aborterte foster:

  • – Retningslinene gjeld for sjukehus og helsepersonell og skal vere retningsgivande.

  • – Retningslinene gjeld for alle aborterte foster inntil 22 fullgåtte veker. Ved svangerskapavbrot etter 22. veke gjeld reglane i gravferdslova.

  • – Ved svangerskapsavbrot før utgangen av 12. svangerskapsveke bør fostermaterialet bli handtert etter dei same retningslinene som gjeld for handtering av biologisk materiale.

  • – Kvinner som krev svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke, skal få standardisert skriftleg informasjon om handteringa av aborterte foster. Kvinnene bør få tilstrekkeleg tid til refleksjon, men dei bør ikkje spørjast.

  • – Ved provosert abort etter utgangen av 12. svangerskapsveke blir fosteret sett ned på ein kyrkjegard eller minnelund dersom kvinna ikkje gir uttrykk for at ho ønskjer handtering etter dei same retningslinene som gjeld for handtering av biologisk materiale. Tilsvarande gjeld ved spontanabortar som skjer på sjukehus etter utgangen av 12. svangerskapsveke.

1.7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget til retningsliner fører ifølgje meldinga ikkje til økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet foreslår at Statens helsetilsyn, i kraft av sin tilsynsrett etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten, utarbeider og formidlar dei endelege retningslinene i tråd med tilrådingane frå Stortinget. Det blir uttala at retningslinene ikkje skal gi kvinner juridiske rettar.