1. Samandrag

Departementet gjer i meldinga framlegg om ei kvalitetsreformav høgare utdanning. Meldinga byggjer på informasjonen i innstillingane frå Mjøsutvalet om høgare utdanning etter år 2000, jf. NOU 1999:17, NOU 1999:18, og NOU:2000:14, og Aamodtutvalet om utdanningsfinansiering, jf. NOU 1999:33. Departementet viser til desse utgreiingane for fleire bakgrunnsopplysningar.

Stortinget vert i meldinga invitert til å avklare dei viktigaste prinsipielle spørsmåla knytte til den omleggingsprosessen som kvalitetsreforma er meint å vere. Departementet vil følgje opp Stortinget si handsaming av meldinga i ein lovproposisjon for endringar i universitets- og høgskuleloven, og i framlegga til statsbudsjett.

Forsking er ikkje teke opp som eige tema i meldinga, ettersom Regjeringa sin forskingspolitikk nyleg er handsama i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 110 (1999-2000). Departementet vil elles kome attende til evalueringa av Noregs forskingsråd, som vil liggje føre ved årsskiftet 2001-2002.

Departementet teiknar opp breie målsettingar for Regjeringa sin kunnskapspolitikk og meiner universitet og høgskular må vere spydspissar i utviklinga av kompetansesamfunnet. Meldinga peikar på dei utfordringane ein står overfor, mellom anna kunnskapsbehova i arbeidslivet, verknadene av skulereformene, dei nye og meir varierte studentgruppene og konkurransen på utdanningsmarknaden. Universitet og høgskular står framfor store oppgåver når det gjeld å leggje til rette for brei deltaking i høgare utdanning, med meir effektive læringsløp og tettare oppfølging av studentane.

Departementet sine framlegg til strukturtiltak er meint å auke institusjonane sin evne og vilje til omstilling og til å utvikle kvalitet i undervisning og forsking. Styrka leiing, nytt finansieringssystem og større fullmakter i høve til økonomi, organisering og personale er verkemiddel til dette. Tilhøvet mellom institusjon og student skal styrkast. Målet er at studenten skal lukkast og kome raskare gjennom studiet. Departementet legg ut frå dette opp til endra studieordningar, med nye gradar og evalueringsformer, og gjer framlegg om ei enklare og meir resultatorientert studiefinansiering.

Departementet vil at institusjonane skal innføre nye studieordningarmed meir læringsorientert undervisning og evaluering og ei tettare oppfølging av studentane i heile læringsløpet. Dette føreset ei gjensidig plikt i tilhøvet mellom institusjon og student. Institusjonane må gjere avtaler med studentane om studieløpet der det klart går fram kva for plikter og rettar institusjonen og studenten har overfor kvarandre. Dette gjeld både heiltids- og deltidsstudentar.

Departementet gjer framlegg om at institusjonane i tillegg til einskildfag skal kunne tilby samanhengande 3-årige studieløp. For å styrke læringsutbyttet og progresjonen skal det leggjast vekt på studentaktive undervisningsformer og evalueringar som fremjar læring gjennom jamnlege tilbakemeldingar. Det må vere rom for ei viss individuell tilpassing og for justeringar undervegs. Særleg førstegongsstudentar må få hjelp og rettleiing til å planleggje studiet. Departementet meiner det er heilt sentralt at studieåret blir nytta betre enn i dag og ser det som føremålstenleg at studieåret blir delt i tre terminar i staden for to semester.

Det endra studieopplegget føreset fagleg og pedagogisk gjennomgang og fornying av innhald og oppbygging av studia, med sikte på å unngå overlapping og fremje fagleg progresjon. Nye undervisningsmetodar må takast i bruk. Når det gjeld digitale læremiddel, kjem departementet attende til tilrådingane frå ei arbeidsgruppe om mellom anna å etablere nasjonale koordinerings- og støttefunksjonar. Departementet strekar elles under at tilrettelegginga for funksjonshemma så langt det er muleg, bør byggje på prinsippet om universell utforming.

Departementet sluttar seg til Mjøsutvalet sitt framlegg om å gjere bruk av studentporteføljar/mappevurdering og deleeksamenar, slik at ein kombinerer undervisning og evaluering. Hyppige tilbakemeldingar til studentane vil gje ei jamnare arbeidsfordeling gjennom studieåret. Bruken av ekstern sensor som medsensor ved eksamen kan etter dette reduserast.

Departementet går inn for ei ny vekting av studia der eit fullt studieår tel 60 studiepoeng i staden for 20 vekttall som i dag. Departementet strekar under at dette ikkje bør innebere oppstykking i mindre studieeiningar enn det som er føremålstenleg i det einskilde studium. Karakterskalaen skal berre ha fem trinn, A-E, i tråd med Mjøsutvalet sitt framlegg og det europeiske systemet ECTS.

Departementet strekar under at institusjonane har det overordna ansvaret for studentane sitt heilskaplege arbeidsmiljø, og vil i den etterfølgjande lovproposisjonen kome attende til dette. Departementet meiner studentsamskipnadene framleis skal ha ansvaret for velferdstilbodet og det sosiale tilbodet til studentane. Ei arbeidsgruppe har gjeve tilrådingar om vertskommunane sitt ansvar for studentane sine velferdsbehov. Departementet vil kome attende med oppfølging seinare.

Departementet gjer framlegg om ein ny gradsstruktur, der den lågare graden bachelor (BA) er normert til tre år og den høgare graden master (MA) til 3+2 år. Føremålet er å fremje studentane si læring og internasjonal studentmobilitet. Framlegget inneber ei nedkorting av førstegongsutdanninga, medan dei fleste yrkesutdanningane og gradane beheld tidsnormeringa, einskilde óg som heilskaplege studieløp over fem år.

Etter framlegget skal den lågare graden BA i tradisjonelle universitetsfag femne om minst tre fag, der eitt skal svare til minst 80 studiepoeng. Ex. phil. og ex. fac. skal vere del av den nye 3-årige lågare graden og telje 10 studiepoeng kvar, uavhengig av kor institusjonane ønskjer å byggje dette inn i dei nye studieopplegga.

Departementet ønskjer å behalde ei fireårig allmennlærarutdanning. Når Noregsnettrådet har gjort si evaluering, vil departementet i ei eiga melding kome attende til innpassing av lærarutdanninga i den nye gradsstrukturen.

Departementet sitt framlegg til ny gradsstruktur skal på begge nivå gje yrkeskompetanse og/eller opptak til vidare studium. Den organiserte forskarutdanninga vil gå over tre år som i dag og få nemninga PhD. Graden høgskulekandidat skal vere for dei kortare yrkesretta studia og dei 2-årige høgskulestudia. Som universiteta må høgskulane leggje til rette for gode studieløp med betre yrkesinnretning enn i dag.

Ny gradsstruktur vert å innføre hausten 2002. Etter dette skal det ikkje takast opp studentar etter gamal ordning. Institusjonane har ansvar for overgangar frå gamal til ny studieordning.

Departementet vil fremje internasjonaliseringaved dei norske utdanningsinstitusjonane og legg vekt på deltaking i internasjonale program og anna internasjonalt forskingssamarbeid. Det er eit mål å leggje tilhøva til rette slik at institusjonane blir attraktive arbeidsplassar for utanlandske vitskaplege tilsette. Institusjonane må stimulerast til å inngå gjensidige samarbeids- og utvekslingsavtaler.

Departementet meiner det framleis skal være høve til å ta heile studieløp i utlandet, men ønskjer framover i første rekkje å gjere det muleg for langt fleire studentar å ta delar av studiet sitt i utlandet. Departementet meiner det bør stillast som eit krav at alle høgare utdanningsinstitusjonar kan tilby dei studentane som ønskjer det, opphald i utlandet som del av eit gradsstudium. Dette kan gjerast ved at ein eller fleire norske institusjonar inngår samarbeid med utlandet om utveksling og utplassering av studentar.

Departementet vil samtidig stimulere til at fleire utanlandske studentar tek høgare utdanning i Noreg, frå så vel industrialiserte land som utviklingsland. På bakgrunn av NUFU- avtala vil departementet vurdere særskilte incentiv for å stimulere norske utdannings- og forskingsinstitusjonar til å inngå gjensidige faglege samarbeids- og utvekslingsavtaler med tilsvarande offentlege institusjonar i utviklingsland.

Departementet ser det som viktig at norske universitet og høgskular held fram med å byggje opp fagtilbod på engelsk. Tilboda bør være opne óg for norske studentar og kunne inngå som ein del av norsk grad.

Departementet meiner ei klar arbeidsdeling og konsentrasjon av fagmiljøa er ein føresetnad for å nå høge kvalitetsmål. Dei fire klassiske universiteta skal vere kunnskapsinstitusjonar på høgaste akademiske nivå. Dei skal stå for hovudtyngda av den frie grunnforskinga, og forskinga skal vere framifrå. Departementet meiner at dei fire eksisterande breiddeuniversiteta framleis skal ha ei særstilling når det gjeld midlar til grunnforsking, slik at deira rolle som grunnforskingsinstitusjonar og institusjonar med særskilde føresetnader for brei og tverrfagleg utdanning og forsking vert styrkt. Departementet meiner det ikkje er rom for fleire breiddeuniversitet enn dei ein har i dag.

Departementet går inn for at dei vitskaplege høgskulane skal kunne kalle seg universitet dersom dei ønskjer det. Dei vitskaplege høgskulane har tilsvarande oppgåver som universiteta innafor dei faga dei forvaltar.

Departementet meiner at dei statlege høgskulane framfor noko skal vere dyktige profesjonsutdannarar. Dei skal spele ei hovudrolle i regional næringsutvikling, i samarbeid med forskingsmiljø, det offentlege og næringslivet. Departementet legg vekt på at høgskulane skal drive forsking som er nært knytt til eigen fagprofil og til oppgåva som sentrale aktørar i regional innovasjon.

Departementet gjer framlegg om at høgskular som har permanent rett til å tildele ein doktorgrad, kan søkje departementet om overgang til nemninga universitet. Plikter og arbeidsoppgåver som høyrer med til universitetsnemninga, skal berre gjelde innafor dei fagområda der institusjonane har rett til å tildele doktorgrad, og vil såleis ikkje direkte røre ved rammevilkåra for andre fagområde eller tidsressursen til anna forsking.

Departementet vil føreta ein brei gjennomgang av samisk utdanning og forsking både ved Samisk høgskule og ved andre institusjonar på ulike nivå og kome attende til Stortinget med dette.

Departementet gjer framlegg om at universitet og høgskular skal verte forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, og ikkje eigne rettssubjekt gjennom særlov. Dette gir eit klart statleg eigarskap og ansvar for institusjonane, som på si side skal få større fagleg, økonomisk og organisatorisk fridom. Departementet vil gje alle institusjonar meir handlingsrom til å utvikle nye studietilbod og til å omdisponere kapasiteten. Dei fire breiddeuniversiteta vil få fullmakt til å etablere og leggje ned studium på alle nivå. Andre institusjonar må søkje departementet om å få opprette utdanningar; for statlege berre når studietida er på meir enn to år, for private gjeld dette framleis alle nye studietilbod.

Departementet gjer vidare framlegg om nettobudsjettering også for høgskulane, slik at dei kan behalde overskot og stå friare til å dele kostnader mellom drift og investeringar. Eksternt finansiert verksemd ved universitet og høgskular skal framleis som hovudregel verte integrert i den ordinære verksemda. Men departementet meiner at institusjonane skal kunne søkje om å opprette eller delta i selskap for einskilde slag oppdragsverksemd der dette vil være ei føremålstenleg organisering. Departementet vil vurdere regelverket for eksternt samarbeid ut frå dette.

Departementet vil leggje opp til meir fleksibel bruk av personalressursar. Den faglege leiaren på grunnivået må i større grad kunne styre tidsressursen til forsking. Departementet legg òg opp til ein prosess for å sjå på lovverket i høve til å kunne gjere meir bruk av tilsettingar i prosjekt og engasjement. Departementet kjem attende til oppfølginga av slike tiltak på personalområdet.

Departementet vil avvikle ordninga med opprykk til professorstilling etter den einskilde sin kompetanse, og grunngir dette med institusjonane sine behov for å styre ressursane og prioritere mellom fagområde.

Effektive system for kvalitetssikring blir viktig når universitet og høgskular skal få meir fagleg fridom. Departementet legg til grunn at universitet og høgskular sjølv må ha hovudansvaret for kvaliteten i studietilboda. Alle skal utarbeide planar og system for kvalitetsarbeidet. Studentevaluering må inngå her, og nyttast langt meir enn i dag.

Departementet vil styrke Noregsnettrådet som kvalitetsutviklingsinstrument, og gjere rådet om til eit fagorgan med eige styre. Rådet skal gjennomføre evalueringar med hjelp frå adhoc-fagkomitear, gjerne med deltaking frå internasjonale fagmiljø. Rådet skal óg kontrollere at institusjonane følgjer opp arbeidet med kvalitetssikring. Ansvaret for å evaluere forsking skal framleis Forskingsrådet ha. Departementet vil kome nærare attende til spørsmålet om arbeidsdeling og mandat for Noregsnettrådet.

Departementet går inn for styringsordningar ved institusjonane som legg til rette for kvalitetsutvikling på alle nivå i utdanning og forsking, og for effektiv ressursutnytting. Departementet strekar under institusjonane sitt sjølvstendige ansvar i utforminga av eiga framtid, og gjer framlegg om eit sett av tiltak for å auke viljen og evnen til styring, ansvar og omstilling.

Departementet vil gje styret betre føresetnader for å verke som eit overordna, strategisk organ. Departementet meiner at styreleiar framleis skal være rektor, som øvste fagleg ansvarlege. Valperioden blir utvida til fire år for å sikre kontinuitet i styret. Eit fleirtal av styremedlemene skal vere frå institusjonen. Samstundes vert den eksterne representasjonen styrkt. Departementet gjer framlegg om at styra skal vere samansette av fire vitskapelege tilsette, ein representant frå gruppa av teknisk og administrativt tilsette, to studentrepresentantar og fire eksterne medlemer. Med dette vil inga einskild gruppering ha fleirtal i styret. Institusjonane bør gjere framlegg om eksterne styremedlemer for departementet, fylkeskommunen likeins. Sidan institusjonane er så ulike og det vil vere verdefullt å vinne erfaring med ulike organisasjonsformer, går departementet inn for at høgskulane skal ha høve til søkje om forsøk med eksternt styrefleirtal og tilsett rektor på åremål.

Departementet meiner styret må stå fritt i spørsmål om å opprette faglege organ og til å delegere vedtaksmynde til desse og til den administrative leiinga. Interne universitets- eller høgskuleråd vert avvikla. Etter lova i dag er det departementet som fastset inndelinga i avdelingar, noko som fører med seg ein omstendeleg og tidkrevjande prosedyre ved omorganisering. Departementet vil fjerne dette punktet i lova, slik at institusjonane sjølve kan fastsetje struktur på desse nivåa og sjølv fastleggje kompetanse- og oppgavefordelinga mellom ulike organ på ulike nivå.

Departementet vil styrke leiinga på instituttnivå og fakultets-/avdelingsnivå. Evalueringar har mellom anna peika på manglande fagleg leiing og fragmenterte forskingsprofilar. For å auke styringsevnen ved institusjonane gjer departementet framlegg om at leiarane på desse nivåa vert tilsette i åremålsstilling, og at dei skal vere både fagleg og administrativt ansvarlege. Dei tilsette må få styringsverkemiddel og meir attraktive løns- og arbeidsvilkår. Departementet strekar elles under at likestilling er ei sentral utfordring for institusjonane.

Departementet går inn for ein ny finansieringsmodell for universitet og høgskular, som premierer kvalitet i undervisning og forsking. Finansieringssystemet legg vekt på oppnådde resultat og vil innføre eit delvis skilje i korleis ein reknar ut budsjettmidlar til undervisning og forsking. Departementet meiner omsynet til langsiktig forskingsverksemd, breidd i fagtilboda og vidareføring av kostnadskrevjande fagområde tilseier at resultatorienteringa i finansieringsmodellen må balanserast ved at basisfinansiering vert innført som ein tredje budsjettkomponent. Basisfinansieringa skal dekkje delar av kostnadene både til undervisning og til forsking, slik at institusjonane blir mindre sårbare når studenttalet går opp og ned. Basisløyvinga bør óg gje grunnlag for særskilde prioriteringar og for å setje i gang eller vidareføre aktivitetar som ikkje er inkluderte i den resultatbaserte finansieringa.

Den delen av finansieringsmodellen som er knytt til studentane, skal reknast etter oppnådde resultat av undervisninga, målt i tala på avlagte studiepoeng og uteksaminerte kandidatar. Departementet meiner dette vil spore institusjonane til å setje studenten i sentrum og til å nytte studieåret effektivt. Denne finansieringsmåten vil óg stimulere evnen og viljen til omstilling og omdisponering av kapasitet. Departementet legg vekt på at institusjonane skal vere kjende med kva for faktorar som slår ut på budsjetta, slik at dei veit kva dei kan rekne med. Det vert samstundes understreka at institusjonane skal drive langsiktig kunnskapsutvikling og at gode fagmiljø ikkje må forvitre ved ein mellombels nedgang i studenttala.

Departementet gjer framlegg om at ein del av den noverande forskingsløyvinga blir knytt til ein kvantitativ berekningsmodell, sjølv om det kan verte måletekniske problem med dette. Denne delen av finansieringa må vere slik at institusjonane blir stimulerte til å utvikle seg i samsvar med den arbeidsdelinga som skal vere mellom dei: Universiteta skal ha eit særskilt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning, medan dei statlege høgskulane skal styrkje nasjonal kunnskapsutvikling, eigne profesjons- og yrkesutdanningar og FoU som tener regional utvikling. For å sikre naudsynt stabilitet og samstundes leggje til rette for omfordeling av forskingsressursar i sektoren vil denne delen av forskingsmidlane bli rekna ut frå gjennomsnittsresultata dei siste tre åra.

Departementet går vidare inn for at den andre delen av forskingsmidlane vert tildelt ut frå strategiske forskingsomsyn, med vekt på resultat frå evalueringar, nasjonale faglege prioriteringar og institusjonane sine eigne forskingsstrategiar.

Departementet vil kome attende til den endelege utforminga av finansieringsmodellen i samband med framlegg til statsbudsjett.

Departementet ser det slik at private høgskular utgjer eit supplement til dei statlege. Departementet meiner at finansieringa av godkjende studietilbod ved private høgskular bør vurderast på bakgrunn av kvalitet, behov i arbeidsmarknaden og studentsøknaden. Også for private høgskular bør ein leggje avgjerande vekt på å unngå for stor spreiing av ressursar mellom institusjonane. Departementet meiner at einskilde private høgskular som har rett til å tildele doktorgrad eller mottek budsjettmidlar til forskingsføremål, bør ha høve til å konkurrere om dei strategiske budsjettmidlane til forsking.

Departementet gjer i meldinga framlegg om ei ny studiefinansiering. Framlegget gjeld all utdanning med unnatak av rettighetsbasert vidaregåande opplæring, som departementet vil kome attende til.

Det er eit viktig mål i meldinga å auke studieprogresjonen i høgare utdanning. Departementet ønskjer å gje studentane vilkår som gjer det mogleg å konsentrere seg om studia på heiltid, og at studentane på si side nyttar studietida effektivt og bruker meir tid på studia. Departementet gjer framlegg om at den ordinære utdanningsstønaden over aldersskillet vert auka med om lag kr 1 000 pr. månad (frå om lag kr 7 000 til om lag kr 8 000 pr. månad). Heile auken i studiestønad skal kome som stipend. Stipendandelen vil etter dette gå opp frå 30 pst. i dag til eit gjennomsnittleg nivå på om lag 39 pst. Auka stipendandel vil saman med redusert studielengd som følgje av ny gradsstruktur, føre til at gjeldsbøra for studentar med høgare utdanning vil bli mindre enn i dag.

Departementet går inn for at studiestønaden først vert utbetalt som lån, og at ein del av beløpet så vert gjort om til stipend etter kvart som studiet blir gjennomført. Stipendelen kjem trinnvis etter avlagte vekttall. Lånet skal framleis vere rentefritt under utdanninga. Ei slik ordning vil stimulere til å gjennomføre studiet på normert tid.

Departementet legg vekt på å vidareføre dei sosiale ordningane i det systemet vi har i dag, t.d. ordninga med fødselsstipend. Stønadsordninga skal òg leggje til rette for at ein kan ta særlege omsyn til dei som blir forseinka i utdanninga som følgje av sjukdom eller sterk funksjonshemming. Heile forsørgjartillegget skal gjevast som stipend uavhengig av studieprogresjonen. Forsørgjartillegg for ektefelle vert avvikla.

Departementet gjer framlegg om ein ny og enklare modell for å berekne vanleg utdanningsstønad. Modellen går ut på at ein slår saman dagens grunnbeløp, butillegg og tillegg for bøker og materiell til ein basisstønad som alle studentar kan få. Basisstønaden kan gjevast som lån og stipend etter ein fast fordelingsnøkkel. Fribeløpet skal gjelde samla årsinntekt og auke til kr 100 000 pr. år.

Departementet gjer framlegg om å samordne kostnadsnormen i Noreg og i utlandet. Departementet vil vidare vurdere å nytte midlar som i dag blir gjevne som kunstfagstipend, til ein styrka etableringsstønad til særskilde grupper av nyutdanna kunstnare.

Etter departementet sitt framlegg skal ein ikkje lenger operere med eit aldersskille, men setje eit skille mellom rettighetsbasert vidaregåande opplæring og all anna utdanning. Normalramma for tildeling av utdanningsstønad skal vere 8 år, inkludert eventuell forseinking.

Departementet gjer framlegg om at det vert etablert ei meir fleksibel og moderne tilbakebetalingsordning i Statens lånekasse for utdanning.

Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar, meiner departementet framlegga om å endre gradsstrukturen og auke studieintensiteten vil gjere høgare utdanning meir effektiv og slik frigjere arbeidskraftressursar. På sikt vil framlegga få stor innverknad på omfanget av arbeidsstyrken.

Departementet reknar med at dei framlegga som gjeld utdanningsstønad, alt i alt vil føre med seg budsjettverknader på 650 mill. kroner i 2002, med ein heilårsverknad på 1 264 mill. kroner. Heilårsverknaden av endra kostnadsnorm er rekna til 1 304 mill. kroner. Over eitt år gir avviklinga av forsørgjartillegget for ektefelle ei innsparing på 40 mill. kroner og avviklinga av stipend til studentar ved nordiske institusjonar om lag kr 100 000. I tillegg kjem eventuelle verknader av at inntektsgrensa for behovsprøving blir heva.

På sikt reknar departementet med store innsparingar. Dette gjeld ordninga med stipendtildeling etter studieprogresjon, rekna til om lag 330 mill. kroner, og innsparinga i studiestønad i kjølvatnet av ny gradsstruktur, rekna til om lag 190 mill. kroner.

Lånekassa vil i ein overgangsperiode få ei administrativ meirbelastning, med endra tildelingssystem og omfattande modernisering på IT-sida. Departementet vil kostnadsvurdere dette nærare i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Departementet meiner at kvalitetsutvikling og effektivisering av høgare utdanning krev at institusjonane har tilstrekkelege ressursar til å makte vidareutvikling av kvalitativt gode og effektive studieløp. Departementet vil kome attende til dette i samband med dei årlege framlegga til statsbudsjett.

Departementet meiner at framlegga om ny finansieringsmodell for universitet og høgskular kan gjennomførast innafor eksisterande budsjettrammer. For at modellen skal ha effekt, må ressursar og aktivitetsnivå verte overførte frå institusjonar med svake resultat til institusjonar med god gjennomføring og tilstrekkeleg søkjartilgang. Departementet vil kome attende til endeleg utforming av finansieringsmodellen i samband med framlegga til statsbudsjett.

Departementet vil følgje opp meldinga med framlegg til endringar i lov om universitet og høgskular, mellom anna knytte til å gje universiteta og høgskulane større fullmakter, innføring av ny styringsmodell ved institusjonane og kva for nemning dei skal ha. Departementet vil óg gå igjennom føresegner, regelverk og retningsliner med sikte på forenkling og større fridom for institusjonane.