Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, meiner at Statnett framleis skal vere organisert som eit systemansvarleg nettselskap. Utøvinga av systemansvaret og trongen for samfunnsmessig effektive investeringar i overføringssystemet må stå sentralt i Statnett sitt arbeid. For å kunna vere systemansvarleg, er det heilt avgjerande at Statnett viser nøytralitet i alt arbeidet sitt. Dette er spesielt viktig i høve til investeringar i overføringssystemet.

Komiteen meiner Statnett skal syte for ei rasjonell arbeidsdeling med regionalnetta.

Komiteen ser ingen grunn til å endra Statnett SF si organisering som eit statsforetak, med den oppgåva selskapet har fått i tråd med energilova.

Komiteen vil understreka at det er særs viktig at Statnett opptrer ryddig i høve til rollene som netteigar og systemansvarleg.

Av omsyn til nøytralitet overfor sluttbrukar, meiner medlemene i komiteen frå Framstegspartiet det vil vere føremålstenleg med ei reindyrking av desse rollene.

Desse medlemene vil streke under at produkt som vert nytta til balanseregulering og systemtenester må vere marknadsbaserte.

Sentralnettet si utstrekning

Komiteenviser til at departementet ser det som viktig å legge til rette for større sammenhengende nettområder under sentralnettet, og derigjennom en mer effektiv nettorganisering og utjevning av tariffene innenfor nettområdet. Komiteenmener at et Statnett som fokuserer på eierskap i sentralnettsanlegg vil bidra til denne prosessen. Statnett skal derfor konsentrere sin oppgave som netteier til sentralnettet, men kan i begrenset grad eie underliggende nett. Statnett skal i utøvelsen av sitt eierskap i nettanlegg bidra til at oppgaven som systemansvarlig kan løses på en effektiv og ikke diskriminerende måte. Et Statnett som konsentrerer sitt eierskap om sentralnettet, og kun i begrenset grad eier regionalnettslinjer, legger til rette for dette.

Større nettområder forutsetter imidlertid ikke at alle nettanlegg som er involvert er eid av samme netteier, men kan også oppnås gjennom innleie av nettanlegg fra andre netteiere. Regionalanlegg eid av Statnett trenger således ikke være til hinder for etablering av større sammenhengende nettområder.

Komiteen er samd med departementet i at sentralnettet skal fastsetjast på grunnlag av funksjonelle kriterium. Statnett skal ha ansvar for at det er nødvendig linekapasitet både til knutepunkta innanlands og til overføring av elektrisitetmellom Noreg og utlandet som ein integrert del av sentralnettet.

Komiteen meiner det er viktig at sentralnettet har ein samanhengande og landsdekkjande funksjon.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet ser likevel behovet for å vurdere Statnett si framtidige rolle også ut frå utviklinga på eigarsida på underliggjande nett. Om det skulle kome ein situasjon kor store delar av det underliggjande nettet kan bli innlemma i store utanlandske selskap, må Statnett få høve til å by på også regional- og lokalnett som vert lagde ut for sal, eller delar av slike nett. Dette for å sikre fri konkurranse og nasjonal planlegging og utbygging.

Nordisk samarbeid

Dei nordiske ministrane blei i Nordisk Ministerråd i 2000 mellom anna samde om at det er behov for å vidareutvikle samarbeidet mellom dei nordiske systemansvarlege, slik at systemansvaret i større grad sjåast i nordisk perspektiv.

Komiteen vil vise til samarbeidet i det nordiske kraftmarknaden som er utvikla gjennom opprettinga av Nord Pool, og komiteen ser positivt på det viktige samarbeidet som dei nordiske systemansvarlege nettselskapa i dag driv gjennom Nordel.

Komiteen vurderer det slik at ei nordisk koordinering av nettdrift og utvikling er ein grunnleggjande føresetnad for ei effektiv utnytting av det nordiske elmarkedet.

To nettnivå

Komiteen viser til at strukturen for distribusjons- og regionalnetta har blitt vesentleg endra dei siste åra gjennom m.a. samarbeidsavtaler og oppkjøp. Dei regionale selskapa har generelt god kompetanse, og dei går i dag inn i eit naturleg og forpliktande samarbeid og samvirke med Statnett.

Komiteen meiner at omsynet til sikker kraftforsyning, vedlikehald og samfunnsøkonomi og eit lågast mogleg kostnadsnivå for sluttbrukaren tilseier at det bør vurderast om det vil vere mest tenleg med eitt nettnivå i tillegg til sentralnettet.

Komiteen er positiv til å få dette utgreidd, også verkemiddel som vil vere tenlege for å oppnå dette.

Komiteen ser det som naturleg om Statnett etter ei omorganisering har det som mål å eiga heile sentralnettet for å gjennomføre den nasjonale strategien og å fylle dei funksjonane som selskapet er pålagt, (jf. St.prp. nr. 100 (1990-1991) og Innst. S. nr. 28 (1991-1992)).

Komiteen legger til grunn at Statnett har minst samme eigardel som i dag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har merket seg at Statnett har øket sin andel i sentralnettet, og har nå 87 pst. av dette. Disse medlemmer ser positivt på denne utviklingen og håper denne fortsetter, samtidig som Statnett i større grad bør ut av regionale nett.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at det ikke er foretatt noen konsekvensanalyse av å omorganisere til to nettnivåer. Disse medlemmer ser med uro på spesielt konsekvensene for små nettselskap i distriktene. Disse medlemmer mener derfor det er nødvendig med en bred utredning av saken som viser virkningene ved å redusere fra tre til to nettnivåer.

Komiteens medlemmer fra Framskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen foreta en konsekvensanalyse av å redusere fra tre til to nettnivåer - og fremme en egen sak om dette for Stortinget i løpet av 2003."

Utrekning av straumprisar og tariffar

Komiteenviser til Statnetts initiativ til en gjennomgang av sentralnettstariffen etter de prinsipper som er nedfelt i tidligere stortingsvedtak (jf. St.prp. nr. 100 (1990-1991), St.meld. nr. 29 (1998-1999) og St.meld. nr. 46 (1992-1993), om langsiktig kraftutveksling med utlandet).

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til Innst. S. nr. 122 (1999-2000), der fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, uttalte følgjande:

"Flertallet legger vekt på distriktshensyn i kraftoverføringen. Det gjelder både å sikre fordelene ved kraftforbruk i nærheten av kraftproduksjon og utjevning av overføringstariffene mellom områder med ulikt befolkningsgrunnlag og ulike geografiske forhold. Det legges vekt på å ha en strømforsyning for fastboende og næringsvirksomhet med tilfredsstillende leveringskvalitet i alle deler av landet."

På denne bakgrunnen meiner desse medlemene at det må utgreiast ulike modellar for nett-tariffering.

Komiteen gjer følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa utgreie og fremje ei sak for Stortinget om ulike modellar for nett-tariffering."

Nye energikjelder

I lys av den raske utviklinga av ny energiteknologi vil fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, peike på at Statnett, i forståing med NVE, til ei kvar tid må vere orientert om nye alternative energikjelder (biobrensel, vindkraft, naturgass eller andre energikjelder) som kan verka inn på behovet for elektrisk kraft. I utbygginga av ein infrastruktur på elektrisitet er det viktig å ta omsyn til ny miljøvenleg energiteknologi som kan få innverknad på behovet for overføring av elkraft.

Eigarskap til transformatorane

Komiteen ser at det kan argumenterast for at Statnett m.a. ut frå si rolle som systemansvarleg, skal eige desse anlegga, samstundes som det er argument som talar for at eigarskapet kan liggje til regionale aktørar, der desse har vilkår for det.

Komiteen føreset her at Statnett syter for at alle delar av landet får tilfredsstillande straumforsyning.

Komiteen meiner at desse omsyna framleis må leggjast til grunn for Statnett sitt eigarskap til transformatorane, samtidig som Statnett sitt eigarskap fører til utjamning av priser av transformatortenestene på landsbasis uavhengig av om transformatorane ligg i sentral- eller regionalnettet.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner at transformatorane bør vere ein viktig del av sentralnettet.

Komiteen meiner at nedtransformeringa bør dimensjonerast ut ifrå behovet i det lågaste nettnivået, dvs. den regionale/lokale belastninga. Komiteen vil også peike på at dimensjonering og utforming av nedtransformeringa påverkar leveringstryggleik i underliggjande nett.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at transformatorane mellom sentral- og regionalnettet i dag ikkje inngår i sentralnettet. Desse medlemene meiner at det ikkje er avgjerande kven som eig transformatorane. Av omsyn til samordninga bør det overordna ansvaret likevel liggje hos Statnett som ansvarleg for heile det norske kraftsystemet.

Komiteen meiner at alt kjøp og sal av transformatorar må vere basert på friviljug medverknad frå alle partar og skje på marknadsvise vilkår.

Tilhøvet mellom dei som eig transformatorane og den systemansvarlege må organiserast på ein slik måte at det sikrar den nødvendige stabilitet i straumleveransane med omsyn til beredskap.

Komiteen viser til at bransjen har etablert samarbeidsorganet Kraftforsyningens Beredskapsorganisasjon (KBO), som utvekslar reservemateriell på tvers av selskaps- og nettnivågrenser. I tillegg til dette har dei fleste selskap formelle og uformelle avtaler med naboselskap om reservebytte.

Komiteen ser det som ein fordel at ein regionalt har plan- og systemdriftkompetanse som utfyller den sentrale kompetansen.

Brukarrådet

Komiteen gir si tilslutning til departementet sine vurderingar i høve til oppgåver og samansetjing av eit utvida brukarråd for Statnett. Dette er ei ordning som må evaluerast etter ei tid. Komiteen vil vidare peike på at brukarrådet må få eit klårt mandat. Brukarrådet skal vere eit rådgjevande organ.

Komiteen meiner at Forum for Strategisk Nettutvikling (FSN) skal delta i brukarrådet.