På grunn av at Post- og teletilsynet
skal ha eit særskilt ansvar for teletryggleik og -beredskap,
jf. St.meld. nr. 47 (2000-2001) Telesikkerhet og -beredskap i et telemarked
med fri konkurranse og Innst. S. nr. 329 (2000-2001), gjer departementet
framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380
post 1 Driftsutgifter med 1,2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon
på kap. 1360 post 1 Driftsutgifter.
Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg
om endringar i løyvingane på kap. 1380 og 4380
som følgje av at laboratorieverksemda i Post- og teletilsynet
blir skilt ut i eit aksjeselskap eigd av Post- og teletilsynet og
Nemko AS.
Comlab har i dag 15 tilsette. Det nye selskapet, Nemko
Comlab AS, vil vere operativt seinast frå 1. juni 2002.
Post- og teletilsynet og Nemko AS vil kvar eige 50 pst. av aksjeselskapet.
Bakgrunnen for etableringa av selskapet er m.a. at ein ønskjer
eit klarare skilje mellom oppgåvene som styresmakt og utføring av
måleoppdrag i ein konkurransemarknad.
Post- og teletilsynet tek sikte på å overdra
heile selskapet til Nemko etter 2 års drift.
I samband med etableringa gjer departementet
framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380
Post- og teletilsynet post 1 Driftsutgifter, med 1,2 mill. kroner. Departementet
gjer også framlegg om å redusere løyvinga
på kap. 1380 post 1 Driftsutgifter med 0,5 mill. kroner
som følgje av utskiljinga av Comlab. Netto vil dette medføre
ein auke av kap. 1380 post 1 Driftsutgifter med 0,7 mill. kroner.
Vidare gjer departementet framlegg om å redusere kap. 1380
post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald med
0,7 mill. kroner og redusere kap. 4380 post 1 Diverse avgifter og
gebyr med 1,2 mill. kroner.
I tillegg vil eigenkapitalinnskottet og overføringa
av anleggsmiddel på 4 mill. kroner måtte løyvast
på respektive kap. 1380 ny post 90 Innskott eigenkapital
i Nemko Comlab AS og kap. 4380 ny post 90 Overføring av
eigedelar til Nemko Comlab AS.
Komiteen tek den nye organiseringa
til orientering og føreset at endra løyvingar
gjer det mogleg å etablera og driva det nye systemet på ein
tilfredsstillande måte.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre,
Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, støttar
Regjeringa sitt forslag og har elles ingen merknader.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet saknar ei vurdering
av føremoner og ulemper av overgang til aksjeselskap og
seinare overdraging av heile selskapet til Nemko etter 2 års
drift. Desse medlemene har elles ingen merknader
til framlegget.
I proposisjonen blir det orientert om anbodsutsetjing av
tungtransporten i Posten. Formålet for Posten med å setje
tungtransporten ut på anbod er å få ein
meir effektiv transport, redusere transportkostnadene og betre utnytte
drifta i Postens heileigde dotterselskap Wajens AS og Nettlast AS.
Det var berre transportverksemda til Posten
som etter utløp av anbodsfristen hadde lagt inn eit totaltilbod.
I tillegg hadde 23 aktørar lagt inn bod på mindre oppdrag.
For å oppnå reell konkurranse om totaloppdraget,
har Posten vedteke å avlyse første anbodsrunde. Selskapet
vil lyse ut anbodet på nytt i løpet av våren 2002.
Posten har opplyst at anbodsutsetjinga kan få følgjer for
om lag 225 tilsette i Posten.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene
frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, meiner
at Posten Norge BA må ha fridom til å organisere
si drift på ein kostnadseffektiv måte og er positive
til at Posten sitt kjøp av tungtransporttenester blir sett
ut på anbod.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet saknar også her
ei vurdering av føremoner og ulemper ved omgjeringa av
systemet. Desse medlemene føreset at det
vert lagt til rette for at Posten sine dotterselskap Wajens AS og
Nettlast AS kan konkurrera med private aktører på like
vilkår, og at det i prosessen er eit nært samarbeid
med leiing og tilsette i Posten sine dotterselskap.
Departementet orienterer i proposisjonen om
sal av Posten Servicepartner AS.
Posten har forhandla ferdig ein avtale med ISS
Norge om sal av Posten sin gjenverande eigardel på 51 pst.
i Posten Servicepartner AS.
Posten Servicepartner AS leverer tenester som
reinhald, kantine og bygningstenester (drift og vedlikehald) til
heile postkonsernet. Posten ønskjer å selje selskapet
for å fokusere drifta i konsernet om hovudverksemda.
I dag er det 922 tilsette i Posten Servicepartner
AS. Bemanninga vil etter Posten si meining i alle høve
bli redusert til om lag 380 i løpet av 2002. Dei tilsette
frå Posten Servicepartner AS vil ha rett til ein omstillingspakke
dersom ISS Norge ikkje kan tilby dei tilsette høveleg arbeid.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene
frå Høgre, Framstegspartiet og Kristelig Folkeparti, meiner
at Posten Norge BA må ha fridom til å organisere
si drift på ein kostnadseffektiv måte for å nå målet
om at heile landet skal ha gode og rimelege posttenester.
Fleirtalet konstaterer at verksemda
i Posten Servicepartner AS ikkje går inn i Posten Norge
BA sin kjerneverksemd. Fleirtalet har difor ikkje
innvendingar mot at Posten Norge BA vil selje sin gjenverande eigardel
på 51 pst. i Posten Servicepartner AS.
Komiteen sine medlemer frå Arbeiderpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartietsaknar
også her ei nærare vurdering av føremoner
og ulemper ved endringa. Desse medlemene har merka
seg at det her dreier seg om 922 tilsette i dag, og at talet på tilsette
vil verta redusert til 380 i løpet av 2002. Desse
medlemene ser på dette som ganske dramatisk for
dei tilsette, og føreset at arbeidsgjevar på ein
anstendig måte tek ansvar for dei som mistar arbeidet som
fylgje av dette. Desse medlemene finn på desse
vilkår å kunne godta endringa.